Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
Kåseri om det norske språkSkriv ut Utskrift
Kåseri om hvordan det norske språk blir påvirket av andre språk.
Nynorsk - KåseriForfatter:

Del A) Kortsvarsoppgåve

 

«Det tornede tre», Johan Sebastian Welhaven, 1838

Diktet «Det tornede tre» blei skrivne av Johan Sebastian Welhaven i 1838. Temaet i dette diktet er ein tornebusk som ikkje har det særleg godt med seg sjølv. Diktet er skrive i ei tradisjonell form med fast rim og rytme, og linjene rimar, som vi ser, på kvarandre med enderim i denne rekkjefølgja: AABBA

 

«(...)må du ei ade

(...)mellom blomster og bladde

(...) med den blødeste hud

(...) forkommet sett

(...) der har du taget skade» (Grip teksten s.346)

 

Teksten i diktet er særs skildrene, og får godt fram korleis tornebusken har det og føler seg. Vi får vite at tornebusken har hatt ein tøff oppvekst. Diktaren bruker også kontrastar, der han skriv om blomar og tornebuskar. Ein blom er eit teikn på noko vakkert, mens ein tornebusk ofte blir forbundet med vondskap. Eg synest diktaren kunne brukt litt annleis ordval, slik at det kunne vore mogeleg å forstå heile innhaldet i teksten.

 

Kjelder:

«Det tornede tre», Johan Sebastian Welhaven, 1838,

s.346 i «Grip Teksten, VG2», Aschehoug forlag, Dahl & Co., 2007.

 

 

Del B) Langsvarsoppgåve oppgåve 2

 

LOL             

Det norske språket blir den dagen i dag påverka av andre typar språk i svært stor grad, og det er heller ingen grunn til å tru at påvirkninga vil minke i åra som kjem. I mediet blir det for det meste snakket om påvirkninga av engelsk, noko eg forsåvidt kan seie meg einig i at er ei stor påverknadskjelde. Men her vil eg ikkje berre snakke om engelsk som påverknadskjelde, men også dei mange andre språka som er med på å bestemme korleis vi utrykkjer oss, både munnleg og skriftleg.

 

Det har lenge vore kjent at det norske språket inneheld tallause engelske utrykk, anten vi er klare over det eller ei. Om nokon spør deg kva du skal ein fredagskveld, og du ikkje har nokre spesielle planar, så skal du antakeligvis «chille». Altså engelsk utrykk for berre å slappe av. Svaret du får igjen da, kan for eksempel vere «smud». Igjen engelsk utrykk, visstnok fornorska frå «smooth» til «smud», men framleis eit eksempel på korleis nordmenn, først og fremst ungdommar i dette tilfellet, bruker engelske ord og utrykk når dei kommuniserer. For å ta eit siste eksempel angående fredagskvelden, så er «dunno» eit forholdsvis vanleg svar dersom du ikkje aner kva du skal bedrive kvelden med. Igjen fornorska frå engelsk, «don't know», til «dunno». Når vi er på engelske forkortingar så må eg dess tilslutta nemne eit par svært kjende blant dagens ungdom. «Lol», forkorting for «laughing out loud» blir brukt dersom nokre har fortalt noko morosamt, mens dersom du skriv/fortel om ei historie som har hendt deg kvar du verkeleg har tråkka i salaten, blir denne gjerne avslutta med FML Engelsk for «fuck my life».

 

Kebabnorsk er også ei stor påverknadskjelde i dagens samfunn, eit språk som verkeleg har skoten fart dei siste åra. Språket er i utgangspunktet ein samlig av arabiske ord og utrykk som settes inn i det daglege norske språket. Eg trengjer ikkje tenkje lenger tilbake ein gårsdagen, for å finne eit godt eksempel på korleis kebabnorsken har påverka det norske språket. På danskebåten på veg heim frå Danmark, støtte eg på eit fotballag frå Lier. I det dei gjekk forbi meg sa han eine til ein annan på laga, «Øh lø, sjekk den schmø kæba der a bridd» og peikte bort på ei vakker dame i enden av gongen. Visstnok var nok mest sannsynleg ikkje denne personen ein 100% norsk statsborgar, men anyways.(Engelsk utrykk igjen). Det denne guten frå Lier meinte var da omsett til norsk «Ojoj, sjekk den fine dama der a. kompis». «Schmø» betyr altså fin, «kæbe» betyr dame, mens «bridd» er eit utrykk for kamerat eller kompis. Som om dette ikkje skulle vere nok, har kebabnorsk naturlegvis også ei rekkje andre liknande utrykk for «bridd», dersom «bridd» ikkje skulle vere tilstrekkeleg nok. Brimi, bromso, brishmø, brahman og brims er eksempel på liknande utrykk.

 

Dersom det kan kallast eit språk, må eg også ta med det eg vel å kalle «talspråket». Dette er eit språk som berre påverkar det skriftlege i norsken, og som, ganske naturlege, byte ut bokstavar i ord med tal. Hef10, r8 og 39ng er eksempel på dette, sjølvom det siste eksempelet ikkje akkurat er grammatisk korrekt. Dei to første betyr forståeleg nok henholdsvis heftig og rotte, mens det siste står for trening. Ettersom 3 og 9 i dette eksempelet er rett etter kvarandre, blir ordet bokstavleg talt «trettining», men slikt må ein tenkje seg til kva som er logisk i dette talspråket. For å få eksempelet enda meir «tallifisert» kunne ein utvida ordet frå trening til treninga, altså frå «39ng» til «39ng1».

 

Nå som eg har teke for meg engelsk, kebabnorsk og talspråk, må dess også dei vanlege orda vi bruker i det daglegdagse språket som vi ikkje tenkjer over, også inkluderast. Ord som «baguett», «resturant», «kurrong» og «pizza» er dess sjølvsagt ikkje norske. Utan internetttilgang for å dobbeltsjekkarar, vel eg å påstå at både «baguett» og «resturant» samt «kurrong» stammar frå fransk, mens «pizza» er eit italiensk ord som blir brukt dagleg i det norske språket.

 

Om denne utviklinga av det norske språket er positiv eller negativ, er ikkje opp til meg å bedømme. For å vere heilt ærleg bryr eg meg ikkje noko særleg heller. Synest det er smud nok som det er, nå skal eg i kantin1 og chille med briddsa og 1 schmø baguett. d1ne t1tam1 held nok ikkje til noko betre 1n 3 anyways. FML.


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish