Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Å le av er noko heilt anna enn og le med

Å le av er noko heilt anna enn og le med

Nynorsk dagbok-fortelling.

Karakter: 5+ :)

Sjanger
Annet
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
29.05.2010


13 februar.

I morgen er det valentinsdag. Eg gruar meg til det. Kvart år er det det samme styret. Mamma og pappa drar ut, storesøstera mi drar til kjærasten, og eg blir att heime. Og rett før dei alle drar så masar de på at eg burde dra ut også. Det hadde dei likt, alle dei andre. Og få litt latter i kvardagen. Dei veit ikkje korleis eg har det. Dei trur eg har mange vennar, for dei pleiar og stå rundt meg på skula. Syster trur og det, sjølv om hu ser meg kvar dag på skula. Men ho er aldri så nærme at ho skjønar kva som eigentleg skjer. Ho høyrar bare at dei ler, og trur dei ler med meg. Ikkje av meg, som jo eigentleg er sanninga. Viss eg berre hadde sagt noko morosamt, eller gjort noko som eg også hadde syns var moro, da hadde det ikkje gjort noko om dei hadde ledd, men når dei ler av meg, så sårar det. Det gjer vondt heilt innerst inni meg.

 

15 februar.

Helga var eit helvete. Mamma og pappa fant ut at dei skulle vere heime i år. Dei bestilla mat, og lagde det ordentlig i stand. Men dei ville vere aleine. Så eg fikk to hundre kronar, og beskjed om å komme igjen om eit par timar. Så eg gikk rundt da, og så i butikkane. Og så klart møtte eg Silje og Morten ifrå klassa. Dei satt på den nye kafeen, og med ein gong dei såg meg, så ropte de. Eg gikk bort då, for kva skulle eg elles gjere? Dei lurte på om eg ville vere med dei, så eg bestilte meg mat. Vi satt der og prata kjempelenge. Dei var eigentlig veldig koselige. Men så lurte dei på kvifor eg var åleine, så eg fortalte dei at eg ikkje var saman med nokon. Då fikk Silje eit ”hoste anfall,” rett etter gikk ho inn på badet. Då ho kom ut at visste alle at eg var åleine! Så det kommer til og bli ein morosam veke. Nå har dei fått noko nytt og le av. Men det er kanskje like greitt, for elles ville dei vel gjort noko som hadde fått dei til og le.


 

28 februar.

Eg skjønar ingenting! Vi har fått ein ny gut i klassa. Han heiter Sander. Han er veldig… uvanleg. Han er stille og roleg, og eigentleg litt kjekk. Han har smilt til meg fleire gonger i dag, og prata med meg. Men det er andre som også likar han. Så etter matfri så er det nokon (Ine og Silje) som har sagt ting om meg. Så når han ser meg no begynnar han berre og le, og så går han vekk. Eg skjønar ikkje kvifor dei gjer dei dette med meg? Eg er då ikkje meir uvanleg enn andre eg! Hadde eg berre hatt nokon og prate med, eller nokon å vere med på fritida. En venn kanskje, så eg også kunne ha ledd av ting ein gong i blant. Det går jo ikkje ann og si noko til mamma eller pappa heller då. Eg har prøvd! Men då svarar dei berre at eg er i ein fase der eg overdriv litt på situasjonane, og at det ikkje er så ille som eg trur. Dei skulle berre visst dei! Dei har ikkje peiling på korleis det er å alltid vere midtpunkt. At det alltid er nokon som ser på deg, bare for å se når du gjer ein feil.

 

8 mars.

I klasserommet i dag skulle eg gje folk tilbake prøvane, for eg er ordensmann denne uka her. Då begynte Ine og si at eg såg på alle karakterane, og at det var feigt! Men eg gjorde jo ikkje noko. Men så vart alle einige om at eg hadde gjort det. Så læraren sa at så lenge eg hadde sett på dems så skulle dei få sjå på mi. Det er jo berre rettferdig? Så eg måtte vise fram den lusne trearen min framfor alle. Då eg skulle gå tilbake til plassen min spente Morten bein på meg, så eg datt oppå pulten til Silje. Ho fikk vondt i armen. Det var også min skuld. Så eg måtte sitte igjen i friminuttet. Når eg kom ut, flokka alle seg rundt meg. Dei lurte på korleis eg kunne vere så dum, for eg satt jo bare heime og leste heile døgnet. Dette skapte stor latter rundt i klassa. Då eg såg at Sander var med på det, blei eg lei meg. Eg løp inn på do, og satt der resten av dagen. Eg skjønar ikkje kvifor alt må vere så vanskeleg. Mamma seier at ting alltid må vere ille før dei kan bli betre, men viss det blir verre no, da klikkar eg!

 

23 april.

I går hadde eg bursdag. Mamma og pappa lagde eit stort selskap for meg, og eg skulle invitere alle venane mine. Eg tok jo med meg invitasjonane på skulen. I friminuttet delte eg dei ut til alle saman. Nokon såg faktisk veldig interesserte ut, men Silje og Ine fant ut at dei også skulle ha fest då, men dei skulle ha med drikking og alt. Og alle blei invitert. Unntatt eg. Eg skulle jo ha min eigen fest, så eg kunne jo ikkje komme eg då! Så eg hadde ein ordentleg artig bursdag åleine. Eg blei veldig lei meg. Men eg kan ikkje si noko til mamma, sjølv om eg trur ho har ein fornemming om at noko er galt, men ho tør ikkje prata om det. Ho meiner at ting alltid løysar seg opp til slutt. Eg har no mine tvil. Mine problema vil ikkje løyse seg, med mindre Ine og Silje mistar stemmane sine. Då hadde eg kanskje blitt betre.

 

2 mai.

I dag kom det nokon folk på skulen. Dei prata om mobbing, og kvifor det er så galt. Eg har ikkje skjønt det før no at det er mobbing dei drivar med. Ine lot meg vere med dei i dag, men med disse ord i forkant: viss du seier noko i dag, så blir det verre! Mykje verre! Men eg hadde ein fin dag. Det var eigentleg ganske artig og for eingongs skyld få vere med å le med dei, og ikkje bli ledd av, sjølv om det bare var for ein dag. Eg skjønar jo det eg og, at det blir det same helvete i morgon, men eg syns det var verdt det. Eg fekk jo ein heil dag med latter. Ekte latter! Der eg og kan le med dei. Men det kan hende at det blir verre og gå tilbake etter at eg har sett korleis alt kunne ha vært.

 

17 mai.

Det meste av dagen i dag har vært greitt, unntatt underholdninga. Vi har øvd ganske lenge på ein dans, vi jentene, og i dag skulle vi framføre den. Eg gleda meg, for eg elskar og danse. Men då vi kom ned til garderobane for å skifte så var ikkje kleda mine der! Dei andre hadde det travelt, så dei skifta og gikk opp. Tilslutt så fant eg dei då, dei låg i dusjen. Klissblaute! Så eg gjekk berre opp, og såg på dei. Etterpå blei læraren sur på meg fordi eg ikkje hadde vært med på underholdninga, mens Ine og Silje sto og lo like bak han. Mamma lurte på kvifor eg ikkje hadde vært med, så eg sa at eg hadde vondt i hovudet og ikkje orka. Derfor drog vi heim tidlegare enn det vi eigentleg skulle, for eg var jo dårleg. Eg gruar meg til i morgon. Då kommer eg til og få høyre om korleis eg øydela alt saman med danse i går, og at eg gjer alt eg kan for å øydelege alt.

 

21 juni.

Sommarferie! Det er det beste ordet som finnast! I år skal vi til Sverige. Mamma og pappa har leid ei hytte. Vi skal vere der i ei uke. Eg gledar meg. Der er det ingen Ine og Silje til og øydelegge alt! Det er ingen der som kommer til og le av meg! Ingen som vil gjere narr. Heile to månader utan mobbing. Kanskje det blir betre til hausten også. Kven vet det? Kanskje vi kan flytte? Kanskje vi kan dra langt vekk, frå alle problema og alle folk. Vekk frå all den hånlege latteren, og kanskje komme til ein stad der det bare er ein type latter, den vennlege.

 

15 juli.

Eg har hatt det så morosamt i Sverige. Eg møtte ei jente, Lina, som er norsk. Ho bur eit par timers kjøring unna meg. Ho var koseleg! Og eg har fått meg kjærast! Han heiter Kristian. Han er eit år eldre enn meg, og bur langt unna meg, men vi ringar kvarandre og pratar på MSN, så det blir ikkje så ille i lengda. Det einaste problemet er at skulen snart begynnar. Men no er det siste året da, så eg slippar snart unna alle saman. Eg gruar meg veldig. Kvart år er det det same. Dei har hatt heile ferien til og finne på nye ting, og dei er fullstendig utlada. Så la skolen begynne! No har eg i alle fall ein venn. Det kan hende det hjelper meg.

 

13 august.

Det er rart med det. Det virke som om alle har gløymt kva dei gjorde med meg i fjor. No er alle hyggelege mot meg. Eg veit ikkje kvifor. Men eg let dei drive på. Det varar ikkje evig. Snart er det tilbake ved sine normale omstendighetar, bare vent og sjå. Eg og Kristian er framleis saman. Vi pratar kvar dag. I haustferien skal eg kanskje dit. Eg og Lina pratar berre innimellom. Det blei ikkje eit ordentleg vennskap, men det gjer ikkje noko. Ho er der for meg viss noko skjer. Det veit eg.

 

15 september       

Det var som eg sa. Det ble snart normalt. No har det komme ut at eg og Kristian slo opp, så det er den store nyheita no. Alle seier at det ikkje var overraskande, for kven kan vel like meg? Eg prøvar og oversjå dei vonde orda og den hånlege latteren, men det er ikkje så lett når dei berre gjentar det eg alt har tenkt og sagt. Det må jo ligge noko i det då, når alle seier det? Da må det vere eit lite snev av sannleik i det, eller? Det er så forvirrande! Eg veit ikkje kva eg skal si og gjere for at dei skal slutte. Eg giddar i alle fall ikkje meir snart. Mamma og pappa driv berre og ertar meg for at eg liksom har kjæraste og likar den og den guten, og at den og den likar meg. Det er vondt. Det gjer kjempevondt når dei seier det, for kven vil vel vere saman med meg? Ingen. Eg ville ikkje ha vært det ein gong!


 

3 oktober.

Eg har tatt tablettane no. Eg veit ikkje kor mange det var, men det var ein del. Eg orkar berre ikkje dette her lengre, og fant ut at dette var det luraste. No kommar eg til og komme til ein plass der vi bare ler med, alle saman. Ingen blir ledd av. Ein plass utan vonde ord, og hånleg latter. Eg kan kjenne at dei begynnar og virke. Det kjennes som om hovudet er fylt med bomull. Eg kan ikkje huske kva som var så ille. Eg huskar ingenting. Eg håpar mamma og pappa skjønar litt då, at det ikkje var dems feil.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil