Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
KlokkaSkriv ut Utskrift
Om å miste nokon, og korleis det kan kome noko godt ut av det.
Nynorsk - FortellingForfatter:



”Hei”. Ho kikka utover forsamlinga med skuletrøytte elevar. ”Kanskje eg skal starte med å fortelje litt om meg sjølv. Eg heiter Anne Bergland. Har akkurat gjeve ut ei bok om far min. Ja, det er eigentleg grunnen til at eg er her i dag”. Nokon hosta langt bak i salen. Det var hennar første foredrag. Ho svelga nervøst. Fikla med boka ho haldt i hendene. Jukselappen låg framfor ho. Halsen var som sandpapir, og ho måtte svelgje mange gonger før orda klarte å trengje seg ut. ”Eh, kvar skal eg starte? Detta foredraget heiter ”Klokka”. Eg har kalla foredraget det, rett og slett fordi det som skjedde kunne ha vore forhindra viss det ikkje hadde vore for tida. Alt gjekk så fort. Ingen av oss skjøna vel eigentleg kva som kom til å skje, eller kva som skjedde”. Augo glei nedover jukselappen. ”Og litt fordi klokka er rundt og det var far min og…”. Ho lo nervøst. Elevane kikka oppgitt på kvarandre. Ho beit latteren i seg. Det tok seg visst betre ut på arket.

 

Nokon prikka ho på skuldra. Det var ein av lærarane som sto bak ho. Han peka på klokka og minna ho på at dette gjekk utover mattetimen hans. ”Klokka ja! Alt dreier seg visst om klokka ennå”. Orda kima i høgtalarane. Læraren heva augnebryna og sette seg høgtideleg ned igjen på første rad. ”Boka mi, forresten er den vel eigentleg ikkje min, men forl-”. Læraren peka morskt på klokka igjen. ”Ja, då skal eg lese litt frå boka mi. De får berre…prøve å halde ut”. Ho tok på seg lesebrillene og bladde opp der den gule lappen med tillykkehelsingane var. Andletet mjukna opp. Det måtte gå bra. Det var jo berre skuleelevar!           

 

Eg hugsar framleis nyhetsopplesarens ord som om det var i går: ” I går ettermiddag kl 15.10 blei et offentlig lokale i utkanten av Oslo oversvømt og angrepet med steiner. Motivet var trolig at Noregs døve- og stummeforbund hadde møte der. Sju personer ble lettere skadet, og to personer er sendt til Ullevål Sjukehus. Det er ikke påvist livstruende skader hos noen av dem. Politisjef ved Oslo politidistrikt sier saken ikke er ulik saken som skjed…klikk”

 

Det var vinter. Eg hadde akkurat fylt 17 år. Far hadde vore inn og ut av sjukehuset. Mor hang etter han og knaska tablettar som sukkertøy. Heime var det eg og mine to søstrer som måtte ordne. Viss det berre var noko eg kunne ha gjort, slik at dei kunne få ein verdig barndom… Den kvelden då nyheita på radioen dempa stemninga rundt middagsbordet, fekk far eit alvorleg anfall. Korleis kunne eg vita at det var nyheita som fekk begeret til å renne over? Eg var jo berre barnet! Eg kan endå sjå han for meg. Skjelvande medan han helte innpå med vatn for å svelgje medisinane. Dei triste og tårefylte augo som kikka sørgmodig på meg, nett som om han visste kva smerte han ville påføre meg. Andletet hans, det utmagra andletet hans som var prega av år med tablettar og mental smerte. Leppene hans som skalv medan orda kom hikstande: ”det…det var…det var meg”. Eg hugsar mor. At ho kikka skremt på han. At ho pusta tungt og gjekk nervøst rundt i rommet. At ho skreik mot han. Tårene som trilla nedover kinnet. Det var eit mareritt. Eit mareritt ein aldri kunne vakne frå. Eit mareritt  som forfølgjer deg resten av livet. Og setninga han sa. Den som gjorde at klumpen i magen kom. Knytte seg. Gjorde det vanskeleg å puste. Setninga som avgjorde det som skulle skje. ”Har de tenkt på at livet er som eit timeglas? Ein dag har alt saltet rent igjennom, og då…då er vårt liv fullført, i mål, ferdig… Saltet i mitt timeglas har rent fort. Og veit de kvifor? Fordi… fordi…”. Augo hans vart slappe og leppene skalv. Han trakk pusten og sa: ”fordi det var meg”.

 

Det varma inni ho då ho møtte blikka til elevane som sat med spente augo og lytta. Ho skumma over sidene og stoppa der ho hadde markert teksten med gult. Eigentleg kunne ho jo historia. Det var jo hennar fars liv som blei lest opp! Orda kom lettare denne gongen. Dei liksom flaut utover i ein mjuk straum, og bilda passerte henne som om ho sat ved middagsborde på det limegrøne kjøkenet i det blå huset i den litt for grå byen.

 

”Dagane gjekk. Far var ofte på sjukehuset. Mor vart dårleg fordi far vart dårleg. Og eg, eg mista ein bit av meg sjølv for kvar dag som gjekk. Redsla var der. Frykta. Angsten. Nervøsiteten. Men også håpet. Håpet om at ein dag ville alt bli bra. At me ein dag kunne leve som ein lukkeleg familie på fem. Reise på hytta ved sjøen om sumaren. Besøke bestemor og bestefar på Kongsberg i feriane. Feire jul slik som dei andre gjorde. Men eg visste at det aldri ville bli slik. Me kunne aldri bli ein slik familie som alle andre. Om kvelden, då eg skulle synge godnattsong for systrene mine, måtte eg synge ekstra høgt så dei ikkje skulle høyre mor som gret. Det var hjarteskjærande å sei til dei at mamma ikkje kunne sei god natt fordi ho ikkje følte seg heilt frisk. Eller å stryke dei over kinnet når dei gret og lura på kvar pappa var. Når eg la meg om kvelden, kunne eg høyre fars stemme. Eg kunne sjå andletet hans. Eg kunne føle frykta han hadde kjent då han sa det.  Setninga som aldri ville forsvinne frå hukommelsen min. Kva meinte han? Søvnen tok meg alltid før eg rakk å finne svaret.

 

”Ein dag  rasa alt for meg innvendig. Mor hadde blive flytt til psykiatrisk avdeling og tante fekk ansvaret for oss. Eg hadde blanda følelsar for det. På den eine sida, var eg sliten av å vera barnevakt for familien, men på den andre sida følte eg at eg mista retten til å sei og meine noko. Tante meinte at det var best for oss om me var fullt klar over at mor og far faktisk ikkje klarte å passe på oss. At dei ikkje ein gong klarte å passe på seg sjølve. Det var vanskeleg å sjå at dei to små for første gong forsto kva som eigentleg hadde skjedd. Då dei forsto at dei ikkje hadde foreldre som var glad i dei. Det tok livsgleda frå meg”.

 

Framfor ho sto veska med den grøne posen i. Posen med det som hadde øydelagt hennar liv, og også tatt ein annans. Elevane klarte ikkje å ta blikket vekk frå posen ho haldt i handa. Utanpå smilte ho iherdig for å halde spenninga oppe, men på innsida verka det. Tanken slo mot ho. Korleis kunne ho stå her og smile når det som hadde øydelagt så mange liv låg i hendene hennar?

 

Skapet sto framfor meg. Sjølv om eg ville at alt skulle bli som før, at far skulle bu heime, at mor kunne bu med oss, og at eg kunne forsette å sove på det rosa rommet med barbiegardiner som hadde hengje der sidan tredjeklasse, så visste eg at det ville ende her. Når dei siste søppelsekkane med klede skulle bli bert ut, og når den siste flyttebilen skulle køyre rundt svingen og ut på den store vegen, ja, då ville ei kapittel i mitt liv vere slutta. For det var her eg hadde vekst opp. I det blå huset i den litt for grå byen. Så sto eg der, framfor det store skapet. Skapet som var fylt av fars saker frå hans alt for korte liv som Arvid Bergland.

 

Elevane verka bergtatte av orda som vart lest opp frå boka. Historia var kanskje litt dramatisk for dei yngste. Tankane for gjennom hovudet hennar. Tankar om at det ikkje var bra nok skrive, ikkje passande for skuleelevar, for langdrygt, for alvorleg, for kjedeleg, ja, eigentleg alt negativt ein kan tenke seg. Men når ho såg andleta til elevane, då skjøna ho at ho hadde treft noko hjå dei. Noko som gjorde at dei vart fascinerte. Noko som rørte ved sjela. Ho smila for seg sjølv. Dei var ein herleg følelse.

 

Posen låg endå i henda hennar. Ho tok handa ned i den og løfta forsiktig opp objektet. Folk gispa. ”Denne” sa ho. ”Denne- har øydelagt mange liv”. Ho kikka seg rundt i salen. ”Den tok eit. Øydela for mange. Reiv vekk livsgleda”. Ho vifta den iherdig rundt medan ho snakka engasjert og rasande om korleis ein så liten ting kan øydeleggje. Orda rant ut som ein foss. Jukselappen låg der til ingen nytte, for no visste ho kva ho skulle sei. Ho skulle banke dei inn i kvar einaste lille hjerne at dette, dette var alvorlege saker. Dei sat med bakoversveis og store augo som om orda hadde blåst dei bakover. Ja, elevane og lærarane. ”Beklagar. Eg er verkeleg ikkje så…så voldsom til vanleg. Eg vil berre at de skal forstå kva alvor som ligg i denne historia. Dette er viktige saker. Ting som skjer med mange”. Med ei skjelvande hand førte ho pistolen mot hovudet og trekte av. ”Klikk”. ”Slik som dette. Det var slik han gjorde. Den regntunge vårdagen me sto på t-banestasjonen og venta på toget”.

 

”Det var april. Ute ulte vinden, og regnet piska kaldt mot dei såre kinna. Eg sto utanfor Oslo Hospital avd. Psykiatrisk Sjukehus. Den tunge lukta av medisinar og blomar, slik det ofte luktar på sjukehus, trengde inn i nasen då eg opna den tunge betongdøra. Kvalmen steig oppover. Magen vrengte seg alltid når eg var her. Dama i resepsjonen løfta ikkje ein gong blikket då eg stilte meg framfor disken. ”Og det var?”. Ho gjespa og kikka uinteressert på meg. ”Eg skal hente pa- eg meiner Arvid Bergland”. Resepsjonisten bladde sakte gjennom papira i bunken og sa enda meir uinteressert enn førre gong ”jaha, han sitter i tvstuen på gang 15” og pekte i retninga der eg kom frå. ”Og du, ver forsiktig. Sånne som han er ikke akkurat eg fornøyelse å være med”. Det knytte seg i magen. Det var like før ho fekk seg ein midt i andletet, og sint som eg var snudde eg meg fort rundt så veska trefte ho i hovudet, og gjekk med bestemte steg mot gang 15. Eg tok eit djupt drag og opna døra til stova. Der, i ein mørk krok sat han med eit ullteppe tulla rundt seg. Han løfta forsiktig opp hovudet då eg gjekk mot han. Augo vart tomme. Andletsuttrykket viste ingen følelsar. Det var som om han ikkje hadde noko sjel. Døra smalt igjen bak meg. Ein sjukepleiar kom ut frå ingen steder og spurde kva det gjaldt. Eg skvatt til. ”Eh, me skal- eg er- han er- eg snakka med- ”. Ho kikka mildt på meg. ”Du er datteren hans?”. Eg nikka. ”Dere ligner”. De liknar, det var ikkje ofte nokon sa det til meg. Eg smila beskjedent. Ho gjekk inn på rommet ved sidan av og kom tilbake med yttertøyet hans og begynte å kle på han. Rommet dufta fiolar og nytrekt kaffi. Frå ein krok høyrdes svak summing frå ein radio. På tven vart gamle episodar av Dharma & Greg vist gang på gang. Eg sukka og kikka meg rundt i rommet for å finne noko å feste blikket på.

 

”Bergland? Nå er han klar”. Eg tok eit fast grep om far og fylgde han ut av den triste murbygningen. Regnet trengde seg gjennom alt av klede og sko, og gjennomfrosne sto me på perrongen og venta på toget. Det var ein ubehagleg stillet der. Dresskledde menn sto tett under taket med kofferten i den eine handa og mobilen i den andre. Eit eldre par sto under ein gul KrF-paraply og hadde festa blikket på ein sjuskete uteliggjar medan dei diskret diskuterte politikken i landet. Far sto ved sidan av meg og glodde stivt på dei brune skinnskone sine. Han sukka. ”Korleis gjeng det med deg?”. Den var klassisk, men det var ikkje dagen for filosofiske spørsmål. Han glodde enda stivare på skone sine. Kva forventa eg eigentleg av han? Han var innlagt på psykiatrisk avdeling, hadde alvorlege problem, og no sto me på stasjonen ein regntung dag, og eg forventa at han skulle brette ut om korleis han hadde det? Eg dytta meg vekk og traska bortover, langt vekk frå der far sto. Eg måtte lufte tankane. Korleis kunne den tida då me skulle ha det fint saman, bli eit slikt styr? ”Brrr, brrrr, brrrr, brrrr”. Mobilen ulte og vibrerte. Det var mor som ringte. Tilstanden var betre. Ho fortalde at no såg ho ikkje tredobbelt, men dobbelt. Eg lo. Ein skal vere svært optimistisk og langt frå klar i hovudet om ein meiner det er ein forbetring. Heldigvis hadde ho dagar då ho var som før. Dagar då eg kunne snakke med ho om alt. Men det var få av dei. Det gjaldt å nyte dei dagane.

 

”Pang”. Det smalt bak meg. Mobilen trefte den harde asfalten og knuste. På eit sekund vart hjernen fylt av dei verste tankar. Luftrøyret tetta seg og eg heiv etter pusten. Armane rista og skjelettet vart som gele. Kva skjedde? Kva skjedde? Kroppen sto som spikra fast i bakken. Toget kom susande inn på stasjon. Eit tital av folk kom hastande av. Nokon skreik. Ein mann sprang bort til meg og spurde om kva som hadde skjedd. Kven mannen på bakken var. Men eg høyrde ikkje kva han sa. Eg såg berre munnen som bevega seg. Andletet som skremt kikka seg fram og tilbake. Han peka. Peka mot der far låg. Det var som om han berre hadde dette saman og sovna inn. Men det var ikkje slik det var. For det låg noko ved sidan av han. Noko som fekk det til å gå kaldt nedover ryggen. Eg rista fortvila på hovudet. Nei, nei! Det var ikkje slik det var! Far var ikkje død! Det kunne berre ikkje vere sant! Mannen kikka på meg og vifta fortvila med armane. Tårene som trilla nedover kinnet mitt rann vekk med regnet som pøsa ned. Eg kikka mot himmelen. Mot dei tusen regndråpane som datt mot andletet mitt. Det var ikkje slik det skulle vere!

 

Ho klappa forsiktig igjen boka og svelga. Det var alltid vanskeleg å lese den siste delen. Å bli minna på den dagen, gjorde at klumpen i magen kom. ”Og slik var det!”. Ho nikka mot læraren på første rad. Han reise seg opp og greip mikrofonen. ”Me vil takke for at du kom hit i dag. Det var interessant, og ikkje mist lærarrikt og viktig å få høyre dette. Eg er sikker på at det kjem til å svirre mange tankar og meiningar om dette blant elevane i dei neste dagane. Ja, eh, gje ein applaus for Anne Bergland!”. Elevane klappa. Dei klappa og klappa. Nokre plystra, andre reiste seg og gav ståande applaus. Anne takka og bukka. Ho harka og bøygde seg fram mot mikrofonen for å sei ein siste takk. ”Det har vert veldig sterkt å vere her i dag, og det har faktisk vert svært lærarrikt for meg og. Eg er heilt mållaus over den responsen eg har fengje frå de. De har vore heilt fantastiske! Men ein siste ting: når de gjeng herifrå og tilbake til timen, så vil eg at det skal huske på dette: ver glad i dei de har, for ein dag er dei ikkje der”.

 

Flokken av skuleelevar pressa seg ut gjennom inngangsdøra til gymsalen og forsvann. Då dei siste ungdomsskuleelevane hadde gjenge, sette ho seg sliten ned på stolen. Ho kikka på boka. Følelsen av at ho hadde gjennomført sitt første foredrag om boka var verkeleg ubeskriveleg. Med god samvit pusta ho letta ut. Læraren, som både hadde mast på ho, og gjeve ho ståande applaus, kom forsiktig gåande gjennom salen. ”Eg… ja, eg ville berre sei at det var utruleg bra. Kjempeflott foredrag, altså. Lærarrikt for barna, veit du. Men eg og syntes det var bra, du må ikkje tru noko anna. Så, ja, eg…lurte bare på om me kanskje skulle ta ein kaffe på lærarrommet? Ja, berre viss du vil då. Og har tid selvfølgeleg. Eg meiner, ja, berre fem minutt”. Han svelga nervøst. Ho smilte forsiktig og sa ”kven er eigentleg du-?”. Ho myste mot namneskiltet på skjorta hans, ”-Martin Lund?”. ”Eg, eg er berre ein gamal mattelærar som er lei av å drikke kaffien min aleine…”




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish