Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
SmåsyskenSkriv ut Utskrift

Om forskjellsbehandling mellom de største og minste i søskenflokken.

Stil til tentamen 2010, fra eksamen 2004.

Nynorsk - EssayForfatter:

Om du har ein litlebror eller ei litlesøster, har du vel sannsynligvis opplevd å bli urettferdig behandla; ”Det fekk jo ikkje eg lov til da eg var åtte år.” Småsøsken får alltid lov til å gjer ting me eldre sysken ikkje fekk lov til. Foreldre forgudar småungane. Men det er berre fordi ungane er flinke til å manipulera.

 

For to år sidan, då du var 11-13 år, måtte du væra inne før klokka halv ni for ikkje å bli kjefta på så håret fyk til alle kantar av mor og far. No, når litlebror er 9 år, kan han væra ute til 9 allereie, utan å måtte sei ifrå ein gong. Du, som no er blitt heile 13 år gammal, og snart voksen, får ikkje være ute lengre enn til halv elleve. Du protesterer og spør mor og far kvifor litlebror blir behandla så mykje betre enn deg. ”Vi er da like strenge med litlebror som vi var med deg,” svarer dei og smiler. ”Nei, han får være mykje lengre ute enn det eg fekk,” protesterer du småirritert. ”Jaja, det er bare slik det er,” svarer de og går.

 

Ein anna dag har både du og litlebror fri frå skulen, mens mor og far er på jobb. Huset har så godt som blitt bomba, og sidan dei aller største er på jobb og tener pengar, får den nest største beskjed om å ordna opp i alt dritet. Mens litlebror er ute med vener i det flotte været, må du bruke den velfortjente fridagen til husarbeid. Rydding, støvsuging og vasking. Du får ansvaret for alt, heilt åleine!. Du protesterer igjen, og spør kvifor ikkje litlebror må hjelpe til. ”Han er bare 8 år, kjære deg, han er ikkje stor nok,” svarer mor. Du sukker, og begynner med støvsuginga.

 

Søskenkjærleiken er ikkje alltid like stor, og ein av litlebrors største interesser er å terge storesysken. Ein sein haustkveld sit du stille og fredelig foran pc-en og speler dataspel. Litlebror sit på golvet bak deg og bygger med lego. Plutselig finner litle bror på at å rive ut strømkabelen hadde vore veldig gøy. Skjermen blir svart, og du blir sint. Den litle drittungen begynner å grina, og mor kommer opp og kjeftar. Du forklarer, men mor seier som vanleg; ” Han er mykje yngre enn deg, skjerp deg.” Dette blir du selfølgeleg svært irritert over, men set deg berre ned igjen.

 

Småbrødre er rett og slett berre grufulle, og gjer alt for at du skal få kjeft, og bli skjelt ut av foreldra dine. Er du orti han, hiver han seg ned på golvet, og begynner å grina. Ein anna ting som er irriterande med småungar som han, er at die begynner allereie i den alderen å bry seg aaaaaaalt for mykje om korleis han ser ut. To kilo hårgele eller voks, og buksa oppi sokkane. Det er æsj sjølv i vår alder, og eg skjemst over at han er bror min.

 

Men innerst inne er eg glad i han, og du er nok glad i din. Det er mykje du kann gjer med die og, som å spela fotball, eller spela tv-spel. Og så er die letttente pengar i alderen 0-8 år, pga barnevakt :)

 

Og slik er det. Storebror og storesøster blir behandla som små prinsar og prinsesser, mens litlebror og litlesøster blir varta opp som store, flotte kongar og dronningar. Urettferdig? Det er bare sånn det er, og du bør bli vant med det.


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish