Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
KjærleikSkriv ut Utskrift
Søt liten historie om ekte kjærlighet
Nynorsk - FortellingForfatter:



”Ei god sjokoladekake stykkje og eit glas cola”. Er som ein kjærleik for meg. Eg sette meg ved det vanlege bordet i kroken. Han var der i dag og. Sat og koste seg med kaka og leste nyheitene i avisa. Han var den kjekkaste guten eg nokon gong hadde sett. Eg måtte komma i kontakt med han. Men korleis? Å komme i kontakt med folk var noko av det vanskelegaste eg visste. Eg åt eit stykkje av kaka mi og venta til han var ferdig med å lese nyheitene.

Han brukte nesten alltid ti minutt, med å lesa ferdig dei viktigaste nyheitene. Eg reiste meg opp frå stolen og i det samme reiste han seg også. No visste eg akkurat kva han skulle. Han ville sette seg ned i parken på den vanlege krakken. Eg fulgde etter i parken. Han sette seg på krakken og tok opp avisa. Skulle eg sette meg ved sia av han og byrje prate med han? Eg gjekk sakte mot han. Skulle eg? Ja! Eg skulle. Eg bestemte meg for sette meg ned.

Eg gjekk rakt forbi krakken og ut av parken. Kvifor torde eg aldri sette meg ned? Eg visste akkurat kva eg skulle seie. Eg skulle seie ”hei”, han ville seie ”hei” . Så skulle eg seie: ”fint ver i dag ja?”. Og etterpå ville samtalen gå lett som ingenting. Eg gjekk heim.

”Ei god sjokoladekake stykkje og eit glas cola”. Eg sette meg ned ved det vanlege bordet i kroken. Han var der i dag og. I dag skulle eg gjere det. Eg skulle setje meg ved seie av han på krakken. Nei, eg fekk ein betre ide. Eg tok kaka og brusen min og gjekk bort til bordet hams. ”er det ledig her?”. ”Ja berre sett deg ned” sa han. Det vert stille. Eg tenkte meg om. Kva skulle eg seie? Han redda meg. ”bor du i nærheten eller har du berre kontor her?”. ”Eg bur rakt ned nedi gata her”, sa eg, ”enn du?” Eg visste alt svaret. Fekk ikkje med meg kva han sa, sat berre å stirra på han.


Vi prata om mykje rart. Han fortalde meg at han hadde ein hund, og sa mykje andre ting om seg sjølv . Eg likte han meir og meir. Etter en stund sa han: ”Eg må nok byrja å bevege meg”. Slår du følgje eller? Eg reiste meg. ”Gjerne” sa eg.

Vi gjekk mot parken. Eg kjende kor varm eg vert inni meg når eg såg på han. Dei brune auga hans var verkeleg noe av dei finaste eg har sett! Eg kjende kor forelska eg var. Eg fortalde han at eg hadde sett på han den siste månaden. At eg ikkje hadde tora å snakka med han, men at eg hadde vore hodestups forelska i han. Det såg ikkje ut som han trudde meg.

Plutseleg spurde han meg: om eg ville vera med ut å eta middag neste dag!
Eg svara ja, med ein gong. Etter ein månad var med saman, det er det beste forholdet eg har hatt med ein gut. Eg er glad eg turte og setje meg ved sidan av han. Han er ein aller tider gut, ei drøyme mann for meg. Lykkeleg ble vi begge saman. Dette er noe eg kallar ekte kjærleik, når ein møter mannen i sitt liv.

Kjærleik er at kjenslene kjem fram. Eg føler meg glad og lykkeleg. Ein blir heit og har lett for å begynne å rødme. Noko som ein ikkje klarer å kontrollere. Kjenslene bare flyter over! Men til slut får ein den man er forelska i. Da er det ekte kjærleik, det er snakk om.



annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish