Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Klovnar er då ikkje morosame!Skriv ut Utskrift

Et traumatisk klovneshow.

Karakter: 5+

Nynorsk - FortellingForfatter: Anonym



Sirkusklovnar. Korleis kan nokon assosiere dei med noko morosamt? Det einaste eg kan tenkje på når eg høyrer ordet sirkus, er desse skumle, maniske menneska. Kvifor ønskjer nokon å arbeide som sirkusklovn eigentleg? Klovneyrket går ut på å gjere folk glade. Når ein tenkjer på dette, er det jo utruleg store kontrastar til korleis det eigentleg er. Kva er det som skjuler seg bak det påmåla smilet, det spøkjelsesaktige andletet og den oppsvulma raude nasen? Kvar einaste gong familien min skal på sirkus, prøver eg å finne ein eller annan måte å sleppe unna. Den første røynsla mi med ein klovn, var då eg var seks år gammal, eller skal eg seie ung? Uansett så hugsar eg det som om det var i går! Eg hadde gledd meg i lang tid til at sirkuset skulle kome til byen. Gleda blei fort erstatta med angst.

 

Det var ein onsdag ettermiddag. Sirkuset var komme til byen, og eg gledde meg til å kjenne angen av sukkerspinn og nylaga popkorn. Aller mest gledde eg meg til å møte ein klovn for første gong i mitt liv.

 

Eg såg ofte på Walt Disneys klovnekarakterar i teikneseriane. Dei var morosame, og eg lo meg ofte i hel. Faktisk såg eg på ein av desse uhyrleg morosame seriane, då det var på tide å gå til borna sitt eventyrland. I bilen kunne eg ikkje sitje i ro på grunn av all spenninga som kribla rundt om i den vesle kroppen min. Det var som om turen til sirkuset varte i fleire timar, men til slutt kom me fram.

 

Dei raude og kvite stripene gjekk så langt auga kunne sjå. Teltet var omringa av småfolk som lett kunne passa inn i rollene som Ompa Lompaer i Charlie og Sjokoladefabrikken. Trommehinna mi dundra av bongotrommene og dei elles så høge ljodane som kom frå andre, like begeistra dvergar som meg sjølv. Plassane var nesten fylt til randa, og eg hadde nok ikkje fått nokon sitjeplass om faren min ikkje hadde funne plassar til oss eit kvarter før showet byrja.

 

Det var då eg såg han for første gong. Han kom sprettande inn med ein ape på skuldra og ønskte alle velkomne. Skorne hans var heilt sikkert ti størrelsar for store, og håret var raudt, grønt og krøllete. Eg hadde aldri sett eit slikt menneske før!

 

Klovneshowet starta, og eg følgde, med stor begeistring, nøye med. Han spurde om ein friviljug ville kome og hjelpe han med å utføre eit “magisk” triks. Ei lita jente gjekk motviljug opp, etter å ha vorte tvinga av mor si. Ho lå seg ned i kista og var ikkje klar over den lagnaden som venta ho. Den høge klovnen byrja å sage jenta, som var yngre enn meg, i to! Mens han gjorde det, svor eg på at eg høyrde huda hennar bli rive av med den ''magiske'' saga. Eg såg opp på den vondsinna klovnen. Han bar eit manisk smil om munnen. Deretter høyrde eg eit skrik! Eg prøvde å fortelje han at han måtte slutte å sage med den ''magiske'' saga, men han ville ikkje! Då han trekte ho opp, draup blodet ned frå gjenstanden. Ulempa var at eg var den einaste som kunne sjå det! Eg prøvde å fortelje mamma at den vesle jenta hadde vondt, men ho ville ikkje høyre.

 

Etter å ha høyrt meg rope og hyle, såg dei blodskotne auga på meg. Klovnen slapp saga og kom i mi retning. Han gjekk heilt opp til andletet mitt. Eg kunne sjå skjeggstubbane under det påmåla, kvite andletet og den raude munnen. Han stinka sveitte og ostepop, og var slettes ikkje noko blid. Han bar med seg ein liten boks og spurde meg: ''Har du lyst til å sjå kva som gøymer seg inni denne boksen?''. Eg svarte sjølvsagt: “Ja”. Synet eg blei møtt med var skrekkeleg! Det var hovudet til den vesle jenta! Berre eitt sekund var gått før eg stod opp og sprang inn på foreldra mine sitt soverom.

 

Den maniske klovnen heimsøkjer draumane mine den dag i dag. Og kvar einaste gong det skjer, lurar eg på kva for nokre mørke sider som gøymer seg bak det påmåla smilet, det spøkjelsesaktige andletet og den oppsvulma, raude nasen.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish