Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
ForlattSkriv ut Utskrift

En avslørt hemmelighet splitter vennskapet til to jenter.

Karakter: 6 (tentamen i sidemål, 10. klasse)

Nynorsk - NovelleForfatter:



Det var fleire veker sidan eg hadde skrive det. Eg hadde fått ut alle kjenslene mine og skrivi om hendinga. Verkeleg letta på hjartet. Så hadde eg lagt arket i ei flaske og kasta ho så langt eg berre kunne ut på havet. Eg var litt redd for at flaska skulle knuse i dei skarpe steinane, så arket kunne ha komme inn til stranda att, men ho kom langt nok ut til at bølgjene tok ho. Dei tok flaska og hendinga med seg. Løyndommen var mellom meg og havet no. Det som hadde skjedd var ikkje lenger min bør, no hadde havet teke over, og sånn skulle det vere i all tid. Det var i hvertfall det eg hadde trudd.

 

Astrid var min beste ven og hadde fortent å få vete det. Sjølv om ho hadde blitt vonbrote og trist, veit eg at ho hadde forstått og tilgjeve meg. Likevel hadde eg ikkje tort å fortelje noko til ho.

 

Plutseleg hadde eg fått ein melding frå ho om at eg måtte kome til stranda med ein gong, fordi ho hadde funne noko ho måtte prate med meg om og ho skreiv at det var veldig viktig. Pulsen blei hyppig og hendene klamme, i laupet av nokon få sekunda. Eg kunne kjenne nervøsiteten og redselen komme, og det føltes som at nokon hadde gitt meg eit veldig slag i magen. Likevel tok eg på meg sandalane og håpa på det beste.

 

Ho hadde stått på stranda og venta på meg. Eg kunne sjå ho langt vekke, der ho sto ved byrjinga av skogen. Da eg kom nærare så eg tydeleg at ho hadde gråti. Mascaraen, som vanlegvis var perfekt sminka på augevippene hennar, hadde gjort seg om til små bekker nedover kinna og som til slutt trefte resten av den tårevåte dammen på brystet hennar. I handa hadde ho eit ark og føre føtene hennar låg det ein flaske. Flaska var heilt lik som den eg hadde kasta på havet. Den flaska eg hadde lagt arket med kjenslene og tankane, om det løynlege som hadde skjedd, i. Havet hadde ikkje halde sin del av avtalen. Det hadde gjeve attende løyndomen, men til heilt feil jente. Og det var som eg trudde.

 

«Korleis kunne du gjere noko slik mot meg!?» skreik ho rasande.

 

Eg vart forskremd. Astrid hadde aldri skrike til meg på denne måten før. Sjølvsagd visste eg at ho kom til å værte sint, men dette hadde eg ikkje forventa. Eg angra veldig på at eg ikkje hadde sagt det til ho med ein gong. Likevel var eg framleis ikkje heilt sikker på at ho hadde funne flaska, så eg gjorde eit tafatt freisnad på å vri meg unna.

 

«Kva snakkar du om?» sa eg, så mildt og overraska som i det heile muleg.

«Det veit du veldig godt» svarte ho med ein skarp tone, «eg har funni flaskeposten din skjøner du vel!» Auga hennar var smale og uvenelege.

«Kva for ein flaskepost?» prøvde eg.

«Den kor du skriv om deg og Martin, og om kva dere gjorde for to månedar sidan. Hadde du ikkje tenkt å seia noko til meg, kanskje? Berre la det gå og håpe på det beste?»

 

Alt inni meg falt sammen og eg brast ut i gråt. Både fordi eg angra på at eg ikkje hadde sagt noko til Astrid, og på grunn av måten ho tok det på no.

 

«Eg visste ikkje korleis eg skulle få sagt det, Astrid!» ropte eg.

«På ein anna måte enn å skrive ein flaskepost og kaste den på havet, hadde vore greit» svarte ho. «Og eg skjøner ikkje at du kunne gjere noko slikt med Martin? Vi var saman i over ett år, Christina!»

«Det berre blei sånn. Orsak! Eg angrer som ein hund for det. Kan du ver så snill å tilgi meg, Astrid? Du er det einaste eg har!» sa eg og håpa, meir enn noko anna, på eit ja.

«Nei, det kan eg ikkje. Og det kjem eg aldri til å gjere heller. Ha det, Christina» sa ho, og gjekk vekk frå meg. Eg kunne se at ho gråt, der ho gjekk bortover strandkanten. Det var ikkje noko meir 'meg og Astrid' nå, aldri meir.

 

Eg sat meg ned på ein stein like ved og tok meg på magen. No var vi heilt åleine. Eg og den vesle kulen på magen. Han skulle eg ikkje dele med nokon anna. Han var berre min løyndom.

 

Vi sat på steinen og så etter Astrid som gjekk fra oss med sola i ryggen. Vi var forlate.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish