Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Skræmande utviklingSkriv ut Utskrift
Temaoppgave om dagens narkotikamisbruk.
Nynorsk - TemaoppgaveForfatter:



Det er allment kjend at ikkje all ungdom finn seg til rette i dei etablerte frivillige lag og foreiningar. Overgangsåra frå barn til vaksen er av mange nemnd som dei vanskelegaste åra i eit menneske sitt liv. I denne alderen leitar dei fleste etter sin eigen identitet, etter faste og gode haldepunkt som skal vere grunnlaget for resten av livet. Trongen for å ha ein stad å høyre til, ein stad der ein kan kjenne seg trygg, kjenne at ein betyr noko, er framtredande i desse åra.
Ikkje alle kjenner denne tryggleiken som eg nemnde innleiingsvis. Mange er på leit etter eit sosialt fellesskap, der ein kan kjenne seg heime. Kjenne at ein høyrer til og at ein betyr noko for dei andre i ”gjengen”.
For mange er dette kanskje vanskeleg. Ein føler at deltakinga ikkje strekk til, at ein i det heile teke ikkje betyr noko særleg for samfunnet. Sannsynet for at heimen er grunn til at situasjonen er slik for mange, er stor, men det er slett ikkje berre dette som påverkar desse tilhøva. Det at ein rett og slett er usikker på seg sjølv og dei rundt ein, kan like godt vere årsaka.
Etter mi meining er det her narkotikabruken kjem inn i biletet. Fleire og fleire unge i dag tyr til rusmiddel. Kva som er årsaka til dette veit ein ikkje sikkert, men at det kan ha ein samanheng med det eg har nemnd ovanfor, er eg ikkje i tvil om. Det er i samanheng med dette påvist at unge som har eller har hatt problem i heimen, har lettare for å hamne på skråplanet, både når det gjeld kriminalitet, narkotika og sosiale tilhøve. Med det meinar eg at ein lett kan hamne i feil miljø, ofte det som blir kalla byane eller bygdene si ”underverd”, der det meste skjer. Ikkje akkurat nokon trygg plass for ungdom, eller alle andre for den saks skuld. Problemet er at verken politiet eller resten av hjelpeapparatet finn gode nok tiltak for å hindre dette. Det er ikkje like enkelt å ha oversikta over alt som skjer i dei ulike gater og bygningar, og spesielt ikkje når dei økonomiske ressursane er knappe.

I det siste har det vorte sett mykje fokus på akkurat dette temaet, og i avisene har vi kunne lese om foreldregrupper mot narkotika, og ulike andre tiltak. Det at foreldre engasjerar seg, trur eg har positiv verknad. Det er viktig for ungdommen å vite at dei vaksne bryr seg, at dei har nokon å vende seg til, sjølv om det kan vere vanskeleg å ta mot til seg å oppsøkje ei slik gruppe.
Foreldregruppene prøver òg å få med ungdom i idrett og andre organiserte fritidssysler. Då kan det vere lettare å halde dei unge vekk frå skadelege miljø der dei lett blir påverka og utfordra til å prøve både det eine og det andre. Likevel er ikkje deltaking i frivillige organisasjonar nokon garanti for at ein også her ikkje kan kome i kontakt med rusmiddel.
Det er eit paradoks at mange av dei som tyr til narkotika, er ressurssterk, skuleflink ungdom. Då kan ein godt stille seg spørsmål om kva som har gått gale, kva som må til for å gjere dagens ungdom tilfreds.
Mange ungdommar påstår at narkotika er sosialt akseptert, og at dei har eit inntrykk av at det byrjar å bli like vanleg som alkohol. Mange unge har ein eller fleire gongar opplevd å bli tilbydd rusmiddel som ecstasy, GHB og andre stoff, men det er hasj som er mest utbreidd. Ein 16 åring har i dag ingen problem med å skaffe seg hasj eller kva som helst anna narkotikum. Dersom ein vel å seie nei takk om ein blir tilbydd narkotika, blir ikkje dette oppfatta som ”ukult”. Ein blir ikkje pressa heilt til ein seier ja, så sånn sett er det berre eit spørsmål om å vere sterk nok.

Men kan foreldre og føresette stole såpass på ungdommane sine?
Når ein 17. oktober 2000 kan lese i Dagbladet at ein 10 år gamal gut vart teken av politiet med eit visst tal narkotiske tablettar på seg, kan ein verkeleg byrje å lure.
Utviklinga er skremmande, og helsestasjonane i dei ulike byar og bygder kan vise til ein sterk auke i bruken av rusmiddel siste året. Dei opplever stadig vekk at ungdom heilt ned i 16 års alderen oppsøkjer dei for å få hjelp. Nokre ungdommar festar i helgene, andre også midt i veka. Det finst til og med dei som kan fortelje at dei har halde på i 3-4 dagar i strekk.
Eit fåtal av desse ser på seg sjølve som narkomane, ”berre” misbrukarar av dei livstrugande stoffa. (Sunnmørsposten 19. januar d.å.).
Ungdomen vurderer ikkje hasjbruk som veldig farleg, og det blir difor akseptert i dei fleste miljø. Men faktum er at hasj kan vere eit springbrett til sterkare og farlegare narkotikum.
Det er ikkje tvil om at rusmiddelbruk blant ungdom har vorte eit aukande samfunnsproblem også på våre kantar av landet, og er slett ikkje lenger noko byfenomèn.
Det er neppe slik at verkemidla for å redusere narkotikabruken er knytta til prioritering av økonomiske ressursar åleine. Like viktig vil det vere å skape haldningar alt frå barndommen av, der verdsetjing og aksept av menneska som ulike individ står sentralt.
Det er viktig at dei sosiale møteplassane er inkluderande i staden for fråstøytande, skapar tillit og omsorg.



annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish