Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"Jeg holder ditt hode" av Stein MehrenSkriv ut Utskrift
Tolking av diktet ”Jeg holder ditt hode”.
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:


Diktet, ”Jeg holder ditt hode” er skrevet av den norske forfattaren Stein Mehren, diktet er henta frå ”Mot en verden av lys” som kom ut i 1963. Stein Mehren nyttar mange metaforar og baserer mykje av dikta sine på filosofi. Diktet har ei strofe med 12 verslinjer.

 

Eg tolkar det som at temaet i diktet handlar om livet. Temaet i diktet er det livet vi alle lever. I starten av diktet er handlinga ganske enkel. Det handlar om ”jeg” og ”du” og det er ganske tydeleg at det handlar om ein nært forhold. ”Jeg holder ditt hode i mine hender, om du holder mitt hjerte i din ømhet”.

 

Diktet virke til å begynna veldig enkelt, men så kjem linjene ”Slik allting holder og blir holdt av noe annet enn seg selv”. Då får diktet ein mykje breiare vinkel og diktet går mot å bli meir komplisert. Eg tolkar diktet til å handla om livet til eit menneskje. Frå man blir født til man døyr. Det startar med at ”Jeg holder ditt hode i mine hender, om du holder mitt hjerte i din ømhet” som kan handla om ei mor eller ein far som held sitt nyfødde barn i sine hender og tenkjer over kor høgt dei elskar den vetle skapningen. ”Slik havet løfter en sten” kan kanskje handla om korleis ein veks opp og blir forma utifrå dei menneskja ein omgås med.

 

”Holder høstens modne frukter”, handlar kanskje om at ein enten har fått barn eller ein belønning i sitt liv. ”slikt kloden løftes gjennom kloders rom” kan tolkas som at universet er i bevegelse, det same er livet. ”Slik holdes vi begge av noe” tolkar eg som at universet sørgjer for at livet går i normal gange og at det ikkje er noko vi kan gjøra for å få det til å gå raskare eller saktare, dermed ”holdes vi av noe”. Til slutt er verslinja ”Dit gåte holder gåte i sin hånd”, er ein svært mystisk og gåtefull slutt. Min tolking av denne handlinga er at det handlar om himmelen, eller livet etter døden. For det er akkurat det livet etter døden er, ei gåte. Diktet poengterer at alt heng saman.

 

Blant virkemidla i diktet er det to verb som skil seg ut. Det ”å holde” og ”å løfte”. Desse to verba dukkar opp fleire stadar i diktet og er to sentrale verb i diktet. Vi får fleire eksempel på noko som held eller løfter noko anna. Først har vi havet som løfter steinar, treet held frukter og universet som løftar kloden. Forfattaren har ikkje nytta noko enderim, men har brukt fleire bokstavrim. For eksempel: ” Jeg holder ditt hovud i mine hender”- ”slik havet løfter en sten til sine strender”

 

Mehren har bevisst nytta seg av metaforar for å beskriva ting, og for å gjøra diktet meir samanhengande. Diktet har heile og fine verslinjer, heilt til verslinje 11. Der står det kunn ”og løftes”. Fram til denne linja held diktet ein fin og jamn rytme, og eg trur denne korte verslinja er blitt plassert der for å sakke ned lesehastigheita og det er også med på å utheva dei to orda og gir dei meir meining.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish