Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Skriket

Skriket

En jente vil passe inn, men det hele ender i tragedie.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
16.03.2011


Eg høyrde skriket, det var høgt og smertefullt. Eg lukka augne i håp om at alt ville forsvinne. At alt ville bli borte, fordampe og sveve opp til skyane. Men da er åpna dei igjen, var ikkje en einaste ting borte. Det var uverkeleg det eg såg, at noken blei påkjøyrde på grunn av meg, eg kunne ikkje tru det. Vi skulle jo berre tulle, men det hjelper ikkje no. Eg klarte ikkje tenke klart, det einaste som stod i hodet på meg var at eg ville forsvinne. Eg ville grave meg sjølv ned i eit hull under bakken og bli der til verden var blitt så teknologisk at ingen ville kjenne meg igjen.

 

Ho var den nye jenta, Susann. Ho var usikker på seg sjølv og visste ikkje kor ho passa inn. Derfor gjekk vi til henne. Vi tok ho imot med opne armar og lot ho bli ein del av gjengen. Ho blei med oss på festar og hang ute med oss. Ho var faktisk ganske kul. Pen har ho også, mange av guttane har betatt av henne. Ho hadde ein hud som man berre sjår på reklamar, ho hadde nydelige og brune auge og ho hadde dei lengste augevippane eg noken gong har sett. Håret hennar var langt og lysebrunt og det skinte i sola. Ho var rett og slett vakker, det kan eg seie. Ikkje at eg veit så mykje om skjønnhet. Eg er ikkje så pen sjølv, men eg sjår at Susann, ho er pen.


 

Etter noken dagar var vi blitt bestevenner, trodde ho. Eg skulle jo eigentlieg berre spille med, men eg blei etter kvart litt glad i henne. Vi gjorde alt i samans, lekser, shopping og festing. Eg begynte å like henne meir og meir. Ho spurde ofte korleis vi hadde blitt så gode venner og eg svarte alltid at det var sjebnen. Men ho visste lite om kva som eigentleg lå bak vennskapet. Ho var naiv og såg ikkje kva som foregjekk.

 

Vi hadde lenge planlagt dette. Vi skulle be ho med ut på fest, putte noke i drinken hennar, få ho til å gjere dumme ting, filme og legge ut på nettet. Det var sånn vi var, slemme og ondskapsfulle. I underbevisstheita nølte eg på dette, eg hadde blitt så god venn med ho, og eg har glad i ho.

 

Da det endelig kom til fredag var vi alle klare. Vi hadde skaffet kamera og esctasy.

 

Etter skolen blei Susann med meg hjem. Vi lo og skravla som vanleg, men denne dagen hadde eg ein dårleg følelse i magen. Eg trur det kalles dårleg samvittigheit. Vi tok eit langt og herleg bad før vi holdt inn magen og fikk dratt på oss dei tettsittande kjolane. Etter kvart som vi ordnet oss, såg vi eigentleg gankse fine ut. I alle fall Suann, ho såg heilt nydeleg ut. Ho var blitt skikkelig babe.

 

Da vi kom inn til festen var det fullt av liv. Høy musikk og fulle folk som dansa. Eg merket at eg blei ganske sjalu på kor mange guttar som kom løpande bort til Susann. Dei sa ikkje hei til meg, dei såg ikkje på meg engang og eg blei irritert. ”Eg må på do” sa eg irritert og løp bort. Susann så merkeleg på meg ”kva er det du seier? Eg høyrer ikkje. Kor skal du Linn?” Eg var så irritert at eg ikkje orket å svare. På do satt eg lenge og funderte på om eg skulle vere med på dette, eg hadde jo eigentleg ikkje lyst. Men eg kunne ikkje droppe ut nå, så eg gjekk tilbake til Susann. Ho var i full gang med å danse, ho dansa heilt inntil to gutter. To gutter som eg visste berre var ute etter ein ting. Men Susann hadde nok fått litt innabords, for hun brydde seg ikkje i det heile tatt. Akkurat i det eg blei tilbyde ein shot kom Eirk løpende mot meg. ” Linn, alt er i boks, dopet er puttet i drinken hennar, så om ein liten stund er ho nok heilt borte.” Eg smilte, men innvendig følte eg meg helt forjæveleg. Korleis kunne eg vere så slem? Samtidig var eg så sjalu på ho og utseende hennar, så på ein måte så ønsket eg litt at ho skulle drite seg ut.

 

Det tok ikkje lange tida før ho var borte. Eg dansa og koste meg mens eg såg i augekroken at ho sleit med å stå på beina. Eit stikk av dårleg smavittigheit spredde seg utover i heile kroppen min, plutseleg var det ikkje så gøy lenger. Og i samme sekund bestemte eg meg for at eg skulle hjelpe ho med å komme seg heim. Eg tok tak i armen hennar og drog ho ut i kulden. Det hadde begynt å snø, store snøflak samlet seg i håret hennar og smeltet iløpet av ein brøkdel av eit sekund. Ho såg ikkje like bra ut nå som ho pleier, augne hennar var nesten svarte og ho klarte ikkje fokusere på noken verdens ting. Ho var definetivt borte. Kjolen hennar var dratt ned til magen og bhen skult ikkje mykje. Eg kledde på ho og vi begynte å gå. På vegen sa ho masse rart, masse morosamt, men eg fant det ikkje morosamt, eg var berre lei meg for at kvelden hadde endt slik.

 

Da vi var kommet halvveis såg eg guttane komme. Dei hadde eit billig filmkamera i hånda. Eg ropte:” Nei, ikkje film, dette er ikkje morosamt lenger” Men dei høyrde ikkje på meg. Dei tok tak i Susann og sa: ”kom igjen da, Susann, gjer noke morsosamt eller vis oss noke” Eg prøvde å dytte dei vekke, men dei var for sterke. Dei heiv ho ut på vegen og sa ” Kor lenge klarer du å stå der før ein bil kjem og kjøyrar deg ned?” Susann sto å stirra på oss, ho klarte ikkje å feste blikket.” Eg kan stå her så lenge eg vil eg” sa skrek ho uklart, så lo ho, ho lo og lo. Og guttane filma alt. Dei holdt meg fast, så det var ingenting eg kunne gjere, eg var hjelpelaus. Eg gråt mens eg skrek til Susann at eg var lei for det og at hun måtte pelle seg vekk frå vegen. Men ho høyrde ikkje, ho bare lo. Og idet ho skulle trekke pusten for å le meir skjedde det. Det kom ein bil, ho berre stod der og eg skrek. Så gjekk alt i sakte film. Snøen dalte sakte nedover, bilen kjøyrde sakte og plutseleg blei Susann påkjøyrde. Ho blei slengt opp i lufta og landet på panseret, det var blod overalt. Eg skrek og gråt.” Neeeei!” Guttane slapp meg, alle var i sjokk. Så løp de mens de skrek ” Å. fy faen!”

 

Eg løp bort til Susann og holdt rundt ho, eg håpet på et mirakel. Eg ville spole tiden tilbake, eg visste ikkje kva eg skulle tro eller tenkje. Hele kroppen min var lammet og følelsen av å ikkje kunne hjelpe var heilt forferdeleg. Eg tenkte at dette berre var min feil, eg var ein dårleg venn. Hadde eg berre sett pris på vennskapet så hadde eg aldri blitt med på dette, eg var dum. Det verste av alt var skriket, det skriket Susann skrek akkurat i det bilen traff ho som eit skudd i magen. Skriket var fullt av smerte og det var eit rop om hjelp. Ho døyde denne snøfylte kvelden, i beruset tilstand og med armane til sin bestevenn rundt seg.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil