Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Synnøve SolbakkenSkriv ut Utskrift
Grundig analyse av både miljø, personer, og språkeleg verkemiddel i Bjørnson boka Synnøve
Nynorsk - SæremneForfatter:




1. Synnøve Solbakken blei påbegynt i 1857. Det var i nasjonalromantikken, noko boka også ber preg av. Emnet boka tek opp og settinga rundt det inneheld alt det som var høyrer heime i den perioden. Skrivemåten derimot, hellar meir mot realismen. Forfattaren har ikkje lange utgreiingar og språket er heller ikkje spesielt detaljert. Ein må lese ein del mellom linjene og forfattaren fortel ikkje kva han sjølv meiner om det som skjer. Boka er skrive relativt tidlig i Bjørnson sitt forfattarskap. Det var den første skikkelige boka han skreiv, og vart skrive før han byrja å skrive bøker som med innehald frå realismen. Først skreiv han nemleg bøker med nasjonalromantiske sørpreg.

2. Det hovudpersonar i forteljinga, Synnøve Solbakken og Torbjørn Granlien. Historia byrjar medan dei er små. Torbjørn har ein veldig streng far, som ofte slår guten. Medan Torbjørn enno er liten får dei ein ny tenestegut på garden, Aslak. Han lærer Torbjørn å slost, stygge songar og regler, og å plage søstera. Etter kvart finn faren ut at det er Aslak som lærer Torbjørn all styggedommen, og jagar han frå Granlien. Foreldra til Synnøve er haugianarar, og går ofte i kyrkja. Det er der Torbjørn og Synnøve treff kvar andre for fyrste gong. Torbjørn, som er ein villstyring, byrjar å slost, og Solbakkefolket nektar Torbjørn å komme på besøk. Torbjørn si lillesøster, Ingrid, og Synnøve blir gode venner. Etter kvart som ho blir eldre, blir Synnøve så snill og vakker at det går gjetord om henne langt utanfor Solbakken. Mange i bygda blir forelska i ho, også Torbjørn, men han får ikkje komme til henne før han har slutta å slost og feste. Synnøve får mange friarar, men ho seier nei til alle. Til sommaren fer Ingrid og Synnøve på setra i lag. Torbjørn prøvar så godt han kan å slutte å slost å feste. Han blir beden i bryllaup, men takkar nei fordi han er redd for å komme opp i trøbbel. I staden for vill han hjelpe faren på garden. I det han er ute å kjører med hesten, blir den vill og lasset hans veltar ned i skogen. Der nede treff han Aslak. Saman gjeng dei to opp til den nærmaste garden, Nordhaug, der det er bryllaup. Torbjørn vil berre skaffe hjelp og så fare igjen, men brudgommen, Knut, eglar seg inn på. Han snakkar stygt om både Synnøve og familien til Torbjørn. Dei byrjar å slost og Torbjørn blir stokke ned. Torbjørn blir frakta heim og det er lenge tvil om han noko sinne vil få helsa si tilbake. Etter kvart for dei også vite om dette oppe på setra. Ingrid fer då ned att for å sjå etter bror sin, medan Synnøve blir att åleine. Ho blir skikkelig redd for han og skjønnar først då kor mykje ho eigentleg elskar han. Utpå hausten blir Tobjørn betre og Synnøve kjem ned att frå setra. Foreldra til Synnøve snakkar stygt om Torbjørn og Synnøve må snike seg til Granlien for å treffe Torbjørn. Ho ber om å få stelle for han, men får i staden ein lapp frå han der det står att dei ikkje kan vare i lag. Synnøve blir veldig lei seg, men Torbjørn overbeviser henne om det er det beste. Etter kvart som han blir betre blir han med resten av familien til kyrkja. Der treff han Knut og dei blir venner igjen. Solbakken folket ser dette og nikkar blidt til han. Etter kyrkja møtes Ingrid, Torbjørn og Synnøve i skogen. Der blir Synnøve og Torbjørn vennar igjen, og Torbjørn får med seg faren sin til Solbakken, der han frir. Han får ja og då sluttar forteljinga.


3. Boka handlar om korleis ein må kjempe for kjærleiken og ikkje gje opp. Både Torbjørn og Synnøve må kjempe mot foreldra, samfunnet og i Torbjørn sitt tilfelle, seg sjølv, for at dei skal få kvar andre. Sjølv om det ser svart ut gjer dei aldri opp. Boka viser at ein må kjempe for kjærleiken.

4. Torbjørn Granlien var Ingebjørg og Sæmund sin eldste son. Namnet Torbjørn hadde han etter sin bestefar. Det var nemmeleg tradisjon at den eldste sonen i kvar ny generasjon heite anten Sæmund eller Torbjørn. Viss faren hadde heit Sæmund skulle sonen heite Torbjørn og omvendt. Problemet var det at anna kvar mann i Granlien hadde uhell med seg, og det var ikkje den som heite Sæmund. Faren til Torbjørn var derfor veldig skeptisk til å gi han det namnet, men greidde ikkje å bryte familie tradisjonen. Når Torbjørn var 3 år fann Sæmund ut att han skulle banke ulykka ut av guten. Han slo Torbjørn ofte, men dei andre ungane rørte han ikkje.
Medan han var liten gleda Torbjørn seg ofte over den fine solglansen på Solbakken, og han skjønte fort att han sjølv sto utan for den.
Då han var om lag 8 år kom Aslak til garden. Han var den nye tenesteguten. Det viste seg att Aslak hadde veldig dårlig innflytselse på Torbjørn. Han lærte han å slost og å banne. Faren fann i midlartid ut dette, og Aslak måtte rømme frå Granlien. Etter dette slutta faren å slå Torbjørn.
Første gongen Torbjørn var i kyrkja byrja han å slost. Dette var berre ein av mange slosskampar. Han festa mykje og kom ofte opp i trøbbel. Opprøra hans virka kanskje harmlause, men hadde nok farlige undertonar. Blant anna når han i tredje kapitel fantaserar om furua som renn einsam til vers og om ørnene som skremmer vekk alle småfuglane, kan ein ane att han har mest lyst å gje blaffen i alle andre og berre tenke på seg sjølv. Det hadde han også truleg gjort, hadde det ikkje vore for Synnøve. Ho seier at Torbjørn ikkje kan få den kjærleiken han vil før han lærer å kontrollere seg. Han bestemmer seg for at han skal ha ho og tek opp kampen mot sinne trassige natur. Det er ein hard kamp, og han greier ikkje å halde seg då Knut eglar seg på han. På sjukeleie får far hans han til å skrive eit brev til Synnøve der han slår opp med henne. Dette kostar han utruleg mykje og han forstår at kjærleiken til henne betyr meir for han enn noko anna. Også det å ta Knut i handa i kyrkja og unnskylde seg, var vanskeleg for han, men han skjønte att han måtte gjere det for å få Synnøve. Når dei endeleg kan gifte seg skjønnar han at det var vert det.

Sjølv om han var ein villstyring var Torbjørn alltid snill mot familien sin. Spesielt audmjuk var han overfor faren. Då dei konkurrerte om å bere flest sekkar bøygde Torbjørn av, sjølv om han kunne greidd fleire, fordi han hadde så stor respekt for faren.

Synnøve Solbakken er det einaste barnet til Karen og Guttorm Solbakken. Ho hadde ei bror, Syvert, men han døydde før ho var født. Foreldra var haugianarar, tilhengjarar av Hans Nielsen Hauge. Dei var veldig opptatt av Gud og Kyrkja, og heilt frå Synnøve var lita tok faren hennar ho med seg til kyrkja, for att ho skulle få vanen. Der traff ho, som tidligare nemnt, Torbjørn for første gong. Han gjorde neppe eit godt inntrykk på henne med slostinga si og ho sa til han att han ikkje fekk komme på besøk til ho før han slutta å sloss. Ingrid derimot fekk komme så mykje ho berre ville. Dei to vart veldig gode venner og av og til var Torbjørn også i lag med dei. Etter kvart som Synnøve vaks vart ho både snill og vakker. Ho hadde mange friarar, men takka nei til alle. Dette var delvis fordi ho likte Torbjørn. Kva han syntest om ho var ho fult klar over, men likevel kunne dei ikkje være i lag, fordi han drakk og slost. Synnøve sa til Torbjørn att han ikkje fekk komme til henne før han hadde lært seg å kontrollere sinne sitt. Etter det for ho på setra saman med Ingrid. Der fekk ho vete at Torbjørn vart hardt skada i eit slagsmål. Ingrid for då ned att for å stelle for bror sin og Synnøve vart att åleine. Sjølv om a veldig redd for han, vart ho nok ganske skuffa over att han ikkje hadde greidd å kontrollere seg, slik han hadde lova. Når ho kom ned att var foreldra hennar sinte på Torbjørn og ho måtte lure seg unna for å få prate med han. Då han gav henne lappen der sto at det var slutt mellom dei vart ho veldig lei seg. Ho hadde streva mykje for å få Torbjørn til å forandre seg, kanskje litt for hardt. Det trassige sinne hans var ikkje lett å bli kvitt, same kor hardt han prøvde. Kanskje var ho naiv som trudde att han skulle kunne forandre seg. Likevel skuffa det henne att han gav opp.
Då ho ser att han tok Knut i handa i kyrkja skjønnar ho at Torbjørn har forandra seg . Ho visste kor vanskeleg det var for han å gjere det. Dei møttes i skogen etterpå og der vart dei vener igjen.
Synnøve var veldig lydig mot foreldra og det vart nok mest derfor ho ville at Torbjørn skulle forandre seg. Det var veldig viktig for ho at foreldra godtok Torbjørn, slik at ho kunne fortsette å være vener med dei. Synnøve såg at bakom all slostinga og fylla til Torbjørn var han veldig snill, men for å få foreldra til å skjønne dette måtte ho lære han å beherske seg.

5. Når Torbjørn var liten prøvde faren Sæmund og banke sinne ut av han, ved både å slå og kjefte på han. Sidan faren aldri slo søskena til Torbjørn, lurte Torbjørn ofte på kva faren hadde i mot han. Han var veldig redd faren og viste ikkje heilt korleis han skulle oppføre seg medan han var i nærleiken. Då faren kom heim den dagen Aslak hadde lurt Torbjørn til å hive snøball på moren og søstera, vart han ikkje sint på Torbjørn. Han hjelpte Torbjørn å kle av seg og strauk han over kinnet når han låg i senga. Det var første gongen faren viste følelsar for Torbjørn, og Torbjørn vart veldig lykkeleg, for han skjønna då at faren tross alt var glad i han. Etter dette slutta faren å slå Torbjørn, truleg fordi han endeleg greidde å fatte att Torbjørn ikkje var skuld i att han hadde arva slekta sitt trasige sinne. For å få forlating for at han hadde gjort mot Torbjørn byrja faren å ta han med seg til kyrkja. Etterkvart vart forholdet deira mykje betre, og Torbjørn fekk respekt for faren. Det er det BB skildrar i sekkeberar seansen. Torbjørn veit at han kan slå faren, men bøyer unna fordi han faren ville ta tapet tungt. Han viser at han både er glad i faren og har respekt for han.
Torbjørn sit forhold til faren blir betre etterkvart, men Sæmund sit forhold til Torbjørn varierar veldig. Sjølv om faren slo Torbjørn då han var liten, gjorde han det i beste meining. Han slo ikkje Torbjørn for å være stygg med han, men for å forhindre at han skulle få det vanskelige temperamentet som gjekk i arv i slekta. Sjølv om dette var ein ganske teit teori, trudde Sæmund heilt og fult at han gjorde guten ein teneste ved å slå han. Då han etterkvart skjønna at dette ikkje hjelpte angra han seg veldig. Han skjønna at han hadde gjort urett mot Torbjørn og har store problem med å tilgi seg sjølv. Dette er noko av grunnen til at han blir med Torbjørn for å fri til Synnøve. Sjølv om han risikerar å dumme seg ut blir han med, fordi han føler at han skylder Torbjørn det.

6. Solbakken ligg bada i solskin frå morgon til kveld. Husa låg høgt oppe i dalen med fin utsikt på bygda nedanfor. Det var ingen store tre eller bergknausar som skapte skugge over garden, sjølv om den sansyneligvis ikkje låg langt i frå skogen. I heimen var det full idyll. Eigarane, Karen og Guttorm Solbakken, var haugianarar og i mot all festing og drikking. Dottera deira, Synnøve, var så snill og god at folk gje henne dyr som ikkje var friske, slik att ho kunne lege dei med si godheit. Dei fleste dyra som vart bra att fekk ho behalde sjølv, og garden vart etterkvart nokså stor. Solbakken er som henta utifrå eit Tidemann og Gude bilde. Den inneheld alt som var viktig i nasjonalromantikken, sol og varme, idyll og lykkelege bønder i bunad. Den var eit symbol på det perfekte, og det grødde ikkje eit vond grasstrå på Solbakken.

Granlien låg rett under eit stort fjell og midt inni ein stor granskog. Skogen var eigentleg ei samling av tresortar frå framande land, som ein av forfedrane hadde tatt med seg, men no var det berre vanlige grantre igjen. Både fjellet og trea førte til at Granlien for det meste låg i skuggen. Denne mørke dysterheita hadde tydelegvis gått over på dei som budde inne i husa, for Granlien folket var kjent for sitt dårlige sinnelag. Eigarane av garden, Sæmund og Ingebjørg Granlien, hadde mange ungar. Dei hadde dårleg råd, fordi avlinga gjekk dårleg på grunn av at alle markene låg i skugge. Torbjørn brukte ofte å sitte og sjå opp på solglansen på Solbakken.
Granlien var Solbakken si strake motsetning. Alt det som var positivt på Solbakken var negativt i Granlien. Granlien er symbolet på det mørke og litt skumle.

7. Forteljinga endar med at Torbjørn greier og kontrollere seg. Når han tar Knut i handa i kyrkja, viser han att han vil legge det bak seg og ikkje starte nokon stor krangel. Solbakken-folket skjønnar att Torbjørn har forandra seg og ser for første gong positivt på han. Når han har greidd dette har han fått mot til å fri til Synnøve. Han får med seg faren sin og går til Solbakken. Det faren som spør for Torbjørn, og han får ja. Det siste som hender er at Torbjørn står ved glaset på Solbakken og ser heim på Granlien. Boka handlar mykje om Torbjørn sin kamp med seg sjølv, for å bli slik at han kan få Synnøve. Slutten viser at Torbjørn vinn den kampen og også får Synnøve, slik som han ville. Det er ei veldig ”happy ending” og det heile minner litt om ein amerikansk b-film, men slutten må være sånn for att det skal bli nokon samanheng i teksten. Torbjørn streva lenge med å forandre seg, og hadde boka slutta med att han gav opp og Synnøve gifta seg med nokon andre, ville han ha gjort alt utan nytte. Boka ville ikkje få noko meining og den ville være usamanhengande om den hadde slutta annleis. Slik som slutten er no blir det meining i alt det Torbjørn har gjennomgått, og ein skjønnar kvifor han måtte gjere det. Slutten bind teksta saman og gjer den meining.

8. Handlinga byrjar når Torbjørn og Synnøve er små og varer til dei er omlag 18 år. Forfattaren fortel forholdsvis kort om tida medan dei er små. Det ein høyrer mest om er forholdet mellom deira frå dei er omlag 15 og oppover. Ein kan dele boka opp i tre delar. Del 1 føregjeng medan Torbjørn og Synnøve er små. Den fortel om historia til plassane dei bur på, slekta deira og kva personlegheit dei har. Ein får vite at Solbakken er lys og fin, medan Granlien er mørk og dyster. Dei fleste personane blir presentert i denne delen, og ein får skaffe seg eit lite overblikk over situasjonen. Det kjem også fram at det er noko på gang mellom Torbjørn og Synnøve. Del 2 er konfliktdelen. Delen inneheld først og fremst konfliktar i alle variantar. Torbjørn kjem opp i mange situasjonar der det er vanskelig for han å kontrollere seg. Synnøve får problem fordi ho ikkje veit korleis ho skal få Torbjørn til å roe seg. Ho vil nødig gå i mot foreldra si vilje, men ho vil heller ikkje gje slepp på han. Får Ingrid er det ganske vanskelig å vite korleis ho skal førehalde seg til Synnøve og Torbjørn, når forholdet mellom dei forandrar seg heile tida. Først blir Torbjørn og Synnøve i lag, men så skadar Torbjørn seg og slår opp med, før dei blir i lag igjen. Denne delen kan til tider være forvirrande fordi ting forandrar seg heile tida. Del 3 er den lukkelege slutten. Her lærer Torbjørn å kontrollere seg og han får Synnøve. Solbakken-folket godtek Torbjørn, og folka frå Granlien, som alltid har hatt eit dårlig rykte, blir tatt inn i varmen. Ein veldig lukkeleg slutt med andre ord.
Eg synes boka er veldig bra oppbygd. Først presenterar forfattaren alle som er med i boka og forklarer situasjonen, slik at ein kan skaffe seg eit lite overblikk. Ein får vite kven som er i slekt med kvarandre, kven som er uvenner og kven som er venner. Ein for også eit innblikk i hovudtemaet i forteljinga, førehaldet til Torbjørn og Synnøve. Delen som kjem etterpå, konfliktdelen, er litt vanskeligare. Det er veldig mange forviklingar der og av og til kan det vere litt vanskelig å henge med, særlig når språket er så vanskelig som det er. Så kjem slutten å ryddar opp i alt.
Den ordnar alle konfliktane, alle blir vennar igjen og Synnøve og Torbjørn får kvar andre. Forfattaren gjer deg følinga av at no er alle venner igjen, og du kan trygt legge frå deg boka.
Boka er delt opp i kapittel. Også denne inndelinga er veldig bra. Det hender som regel noko nytt i kvart kapittel, og ofte tar historia ei anna vending.

9. Forfattaren blandar seg aldri inn i forteljinga. Han gjer ikkje utrykk for kva han sjølv meiner bør skje. Vi får heller ikkje vite kva hovudpersonane tenkjer, men ein kan forstå det ut i frå handlingane og reaksjonane deira. Bjørnsson brukar mange symbolske virkemiddel. Namna på personane er ikkje tilfeldig. Torbjørn kjem frå Norrønt, Tor-sint og Bjørn-sterk, altso sint og sterk. Dette symboliserar Torbjørn sitt lynne godt. Synnøve kjem av St. Sunniva, lysgudinna. Det symboliserar at ho er lys og fager. Han brukar også mange kontrastar, spesielt mellom Torbjørn og Synnøve.
Torbjørn er eit bilete på den trauste bonden, nordmannen, som ikkje kan oppleve kjærleiken før han har blitt meir moden og lært seg å roe seg. Før han kan få den han elskar må han lære seg å sette ord på det han føler. Det er blant anna denne manglande emna til å sette ord på følelsar Bjørnson vil vise med denne boka.



annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish