Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
TeltturSkriv ut Utskrift
Spenningsnovelle om en uvanlig telttur
Nynorsk - NovelleForfatter:




Det heile begynte ein tidleg morgon i juni. Kalle, Silje, Kristoffer og Mari, som alle gjekk i 9. klasse på Valderøy ungdomsskule, hadde bestemt seg for å reise på telttur ved vatnet inne på Valderøyfjellet. ”Dette skal bli kult!” sa Kristoffer. ”Men søren heller, eg gløymde alle Donaldblada mine heime på skrivepulten!” ”Ta det heilt med ro, eg har med meg ein heil haug med blad” svara Kalle og smilte lurt.

”Endeleg framme!!” sukka Kristoffer. Han klødde seg fortvila på alle myggstikka han allereie hadde fått. Etter ei stund fann dei ein fin plass å sette opp telta, heilt nede ved vasskanten. Dei hadde med seg to telt, eit til gutane og eit til jentene. ”Her skal vi ha det kjekt!” ropa Kalle energisk. Han og Kristoffer kasta seg over teltet dei skulle ha, og begynte å sette det saman. Teltplassen dei hadde funne, var ein fin plass. På den eine sida stod dei store, mørke trea og markerte vegen innover mot skogen, på den andre sida låg det stille vatnet. Midt på plassen stod dei to telta som etterkvart vart sett opp. Gutane vart først ferdige. ”Kom , så går vi ein tur og ser oss litt rundt!” sa Kalle til Kristoffer.

Dei gjekk rundt vatnet. Kalle hadde ned seg ei fiskestong. Med eit stoppa Kristoffer brått.” Eg har gløymd å ringe mamma” sa han. ”Eg må fortelje at vi er komne vel fram.” Han tok opp den nye Nokia 3310 mobiltelefonen som han hadde fått for berre nokre veker sidan. Då Kristoffer hadde ringt heim sette dei seg ned på ei bergskrent som halla nedover mot vatnet. Kalle kasta eit kast med fiskestonga. Kristoffer tok fram eit Donaldblad og sette seg til å lese i den herlege, varme sommarsola.


I teltleiren var jentene akkurat ferdige med å setje opp teltet. ”No må vi gå og samle saman kvistar viss vi skal få til noko bål i kveld. Typisk gutane å stikke av slik at vi må gjere alt arbeidet!” sukka Silje irritert. Dei sette kursen mot skogen.

Kristoffer hadde lest ut Donaldbladet og sat og såg utover det stille vatnet då Kalle brått hoppa opp. ”Eg har napp!” ropa han stolt. Dei blei skjelvane då dei såg kva som kom opp frå djupet. Det var noko heilt anna enn ein fisk. På den rusta sluken hang det ein hovudskalle!” Eg trur kanskje vi bør gå tilbake til leiren!” stamma Kristoffer fram. Dei slengte både hovudskallen og fiskestonga inn i nokre buskar og la på sprang mot teltleiren.

Silje og Mari var komne eit godt stykke inn i den mørke skogen. Dei store trea stod og svaia over dei, og stengte for mesteparten av solstrålane som ville inn i den mørke skogen. ”Eg trur vi har nok ved no” sa Silje og såg seg nervøst omkring. ”Eg likar meg ikkje her, kan vi ikkje gå tilbake til leiren?” ”Er du redd?” sa Mari og smilte ertande til Silje. Med eit gjekk det eit kaldt gufs gjennom skogen. Plutseleg høyrde dei noko: aæææææææææææææouuuuuuuuu!!!!!!! Det høyrdest ut som eit menneskeskrik. Ikkje eit slikt vanleg skrik som du tenkjer på når du høyrer ordet `skrik`, nei , det var eit så forferdeleg skrik at det kunne fått det til å gå kaldt nedover ryggen på Arnold Schwarseneger!! No vart Mari og redd. ”Eg er einig, kom så spring vi tilbake til leiren” sa ho med ei skjelvande stemme. Dei la på sprang mot telta.


Kalle og Kristoffer kom først til leiren. Der møtte ein uhyggeleg overaskelse dei. Telta var revne ned og all bagasjen låg strødd utover bakken. ” Kanskje vi ikkje burde overnatte her allikevel!?” sa Kristoffer og såg redd bort på Kalle. Etter nokre minuttar kom Mari og Silje springande ut av skogen. Dei var likbleike i ansikta og såg ut som om dei hadde sett eit levande lik. Det hadde dei kanskje og. I alle fall høyrd noko som høyrdest ut som eit…

”Vi får først rydde opp i leiren, så får vi heller bestemme om vi skal reise heim igjen etterpå.” sa Kalle. Då dei endeleg var ferdige med å pakke og hadde bestemt seg for å reise heim, oppdaga dei at alle syklane var pungterte. ”Det ser ut til at nokon vil at vi skal bli værande her!” sa Kalle og lo kjekt. Han prøvde å skjule kor redd han eigentleg var. ” Vi greier aldri å gå heim med all den bagasjen vi har!” sukka Mari. Kristoffer såg plutseleg heilt fortvila ut. ”Eg har plutseleg ikkje dekning på mobilen, så vi kan ikkje ringe heim heller!” sa han oppgitt. Dei kunne ikkje anna enn å bli værande.

Dei prøvde å gløyme alt det mystiske som hadde hendt og laga eit bål, satt seg rundt det og grilla pølser og kotelettar. "Bra stemning til å fortelje spøkelseshistoriar no!” sa Kristoffer. Dei andre såg berre dumt på han. ”Ja men kanskje ikkje verdas beste tidspunktet å fortelje dei på ,akkurat no” sa Kalle. Han såg tankefullt inn i flammene som slikka oppover dei tørre kvistane dei hadde samla. Mari såg redd ut. Ho flytta seg nærare Kalle. Kalle la armen rundt henne. Han sa kjekt: ”Skal sterke, modige og ikkje minst tøffe Kalle passe på vesle Mari?!” Med eit spratt han opp som ei kanonkule. Han utførte ein vill krigsdans rundt bålet. ”Kva er det??!” spurte Silje forundra. ”Ein maur, ein ekkel, ufyseleg, liten maur!!!!!” skreik han fortvila. ”Den beit meg i stortåa, og eg som eg hatar maur!” ”Den sterke, modige og ikkje minst tøffe Kalle er utslått av ein ekkel, ufyseleg, liten maur!” sa Kristoffer hånleg. Det var berre Kalle som ikkje lo.

Snart bestemte dei seg for å gå i telta sine. Dei hadde bestemt seg for å byte på å sitte vakt ved bålet. Først skulle Kalle sitte, så Kristoffer, etter det Silje og til slutt Mari. Alle gjekk og la seg unnateke Kalle. Han vart sitjande ved bålet og haldt vakt. Då klokka var 2.00 bytte han med Kristoffer. Alt var stille og fredeleg og Kristoffer kjende han var trøtt. Med eitt ser han noko nede ved vatnet. Er han berre veeeeeldig trøtt eller er det verkeleg ein person han ser der nede ved vasskanten. Jau, det er ein person. Ein ekkel person som står og ser opp mot telta. Skapningen har eit merkeleg lys rundt seg. Kalle blir redd. Han klatrar opp i eit tre og gøymer seg.

Mari vaknar med eit rykk. Ho set seg opp i soveposen. Ho har ein merkeleg følelse av at noko ikkje er som det skal være. Ho ser bort på Silje som ligg djupt nede i soveposen sin og mumlar i søvne. Ho kryp bort til teltopninga, drar opp glidelåsen og stikk hovudet ut i den kjølige nattelufta. Bålet er slokna og ingen sitt vakt. Ho kjenner ho blir redd. Med eit ser ho ein skapning som står og ser på ho i mørket utanfor teltet. Han står heilt stille og seier ikkje eit ord. Rundt seg har han eit slags merkeleg lys. ”Er det deg Kristoffer?” spør ho forsiktig. Da ser ho noko merkeleg; skapningen har ikkje noko hovudet, der hovudet skulle ha vore er det berre eit stor gapande, svart hol!” Kom dykk vekk og forstyr aldri meir dei døde!” seier skapningen med ei djup, grufull røyst. Ho kvepp til; det er eit gjenferd som står framfor henne!! Ho skrik alt ho maktar. Gjenferdet snur seg og går sakte i retning av vatnet. Kalle og Silje kjem stormande ut av telta. Kristoffer kjem klatrande ned av treet. Dei kan alle sjå det lysande gjenferdet som hoppar ut i vatnet, i handa har det ein hovudskalle. Ute på vatnet er det no store bølgjer, vatnet er ikkje stille lenger. Dei pakkar saman telta og all bagasjen, og spring heimover så fort som dei aldri har sprunge før. Syklane let dei stå att....



annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish