Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Vald i mediaSkriv ut Utskrift
Tankar og spørsmål om det med vald og rasisme i media
Nynorsk - TemaoppgaveForfatter:



VALD OG RASISME - i filmar og dataspel

Vald i media er i dag eit aukande problem. Det blir framstilt som ein naturleg faktor i dagens media. At vald blir brukt i film eller dataspel som ein hovuddel av handlinga, er det nesten ingen som reagerar på lenger. Og kanskje spesielt ikkje ungdommen.
Er det i dag slik at ungdom blir påverka av all den valden som blir utøvd i massemedia? Har dataspel eller filmar noko å seie for den aukande valdsbruken i samfunnet?
Desse problemstillingane vil eg prøve å drøfte her…eller finst det eigentleg noko fasitsvar på desse spørsmåla?

Blir barn og unge påverka?

I USA innrømmer fleire kjende Hollywood – selskap at dei testar ut valdlege filmar på barn heilt ned i niårsalderen. Filmane er eigentleg berekna på vaksne, men selskapa prøvar å selje filmane til grupper dei sjølv meiner ikkje bør sjå desse. Då kan ein spørje seg sjølv om ikkje dette er heilt riv ruskande gale. Mange vil svare ja på det spørsmålet, men kva kan ein eigentleg gjere for å få bukt på desse problema?
I dag finst det aldersgrenser på både kinoar og videoar, men problemet er at desse grensene blir overskridne heile tida. Nesten kven som helst, kvar som helst får eit barn låne dei filmane vedkomande vil, eller sleppe inn på dei kinoane han/ho har lyst til å sjå. Også valdsfilmar med 18 – års aldersgrense.

Barn og unge kan då bli påverka på den måten at dei går ut, etter å ha sett ein valdsfilm, og utøvar ei valdshandling. Sjølvsagt er ikkje dette noko som skjer med alle unge som ser valdlege filmar, men at desse media har ein viss negativ effekt på nokon, er eit faktum.
Dataspel har etter kvart utvikla seg til å bli nokså like valdsfilmar. Dei inneheld no meir vald, har betre grafikk og dei har meir spesialiserte effektar enn tidlegare. Og når små barn, som ikkje heilt klarer å skilje mellom fantasi og røyndom, spelar desse spela, seier det seg sjølv at det vil ha ein viss påverknad på nokre.
Nokre bruker knep frå desse spela, for eksempel skyteepisodar ved skular i USA, der vi for berre ei veke sidan kunne høyre om ein 15 – år gamal gut som skaut og drap to medelevar og såra rundt 15 andre personar. Eit eksempel på eit spel med mykje valdsbruk, kan vere ”Tomb Raider”, der den kjende figuren Lara Croft er hovudpersonen, og når mottoet hennar er: ”Have gun, will travel – And proud of it”, seier det litt om handlinga og temaet i desse spela.

”Det kan virke som om grensene mellom fiction og faction – fantasi og virkelighet – gradvis blir visket ut, og at barn rett og slett blir blaserte og kyniske i forhold til alvorlige hendelser som krig og mord”.

Smitteeffekt fra dataspill – www.alu.hist.no


Dette sitatet, som eg fann på ei internettside, beskriv ganske godt det inntrykket mange har om dette temaet. At ein går over grensene og ikkje tenkjer på dei alvorlege konsekvensane som følgjer med ei valdshandling. Berre det at ein i nokre spel kan ”mose” folk utan at det blir nokon reaksjonar kan vere med på å gi eit verklegheitsbilete fjernt frå realiteten.


”Hjemmet som drivhus for følelser, preget av ”fritidens tomhet” uten noe å gjøre og uten fasthet, mål og mening, gjør dermed barnet til et lett bytte for tilfeldige sekundære sosialiseringsagenter. En av konsekvensene av slike tilstander er fremedgjøring”.

Frå boka ”Elevens verden” av Imsen


Eit anna problem som har auka siste åra er rasisme. Ein høyrer stadig vekk om gjengoppgjer, både mellom nordmenn og innvandrarar eller innvandrarar seg imellom. Ein høyrer om knivdrap, mishandling og ei rekkje andre valdshandlingar utøvd mot innvandrarar, og då spesielt dei med farga hud.
I grunnen er det ikkje vanskeleg å tenkje seg til kvar dei som gjer dette får ideane sine ifrå. Når ein ser filmar der det er brukt sterke scener for å beskrive ei rasistisk undertrykking, forstår ein lett kvar dei valdshandlingane som blir brukt til dagleg mot innvandrarar kjem frå. Eit eksempel på slike filmar er ”American History X” , som eg har sett to gongar, og begge gongane verka den like sterkt på meg. Den blir meir og meir grufull for kvar gong eg ser den fordi eg skjønar betre at det verkeleg er slik det fungerar nokre stader i verda, ja til og med her i Noreg finst det slike harde, ny – nazistiske miljø.
Det har ein fått oppleve no i seinare tid, der myndigheitene trur at minst to drap det siste året har kome av direkte rasistiske grunnar. Eit av dei seinast i januar d.å.

Korleis løyse desse problema?

Ja, kva skal ein seie om dette? På kva måte skal kvar einskild person kunne gjere noko for å forbetre denne situasjonen, som i dag, dessverre, er i sterk vekst?
For i det heile tatt å kunne ha nokon sjanse til å minske den påverkinga ein har i dag, må alle film forhandlarar og kinematografar bli meir obs på å sjekke kven som slepp inn på, og får låne div. filmar. Ikkje berre selje til kven som helst berre for å tene pengar, men også tenkje på dei konsekvensane desse ”lovbrota” kan føre til.
Foreldre spelar òg ei stor rolle i denne nedkuttinga av negativ mediepåverking. Dei må lære seg til å følgje betre med på det barna deira driv med til vanleg, og sjølv om det kanskje ikkje er like enkelt til ei kvar tid, i og med at dei fleste foreldre er på jobb, må dette kunne gå ann på ein eller annan måte. Passe på at ungane deira ikkje leiger filmar som har ei høgare aldersgrense enn det barna har lov til å sjå, oppdra ungane til at alle er like, og at hudfarge og andre ulikheitar ikkje spelar noka rolle.

Kjelder:

www.altavista.no : diverse ”søkesider”
www.kak.net/americanhistoryx/
www.sol.no: søkeord : vald, vald i media, rasisme
www.filmklubb.no
www.alu.hist.no



annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish