Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Å le av er noko heilt anna enn å le medSkriv ut Utskrift
Relle problemstillinger knyttet opp mot en fiktiv historie om ei jente som tok sitt eget liv.
Nynorsk - ArtikkelForfatter: Anonym



14. juli 2007 døydde ei jente på 14 år. Ho vart påkøyrd av toget. Ingen viste kva som hende med ho, eller kva ho gjorde på jernbaneskinnene. Foreldra hennar var sikre på at ho var forelska, og at ho hadde det greitt før dette skjedde, så politiet hadde ingenting å gå etter. Saka vart aldri oppklart.

 

No, fire år seinare har foreldra funne ny informasjon, som skal brukast til å åtvare andre foreldre mot og ikkje vere oppmerksame på kva ungdommen gjer, og kvifor dei gjer det.

 

Jula 2010 hadde foreldra til den avdøde jenta endeleg tatt mot til seg og rydda gjennom sakene hennar. Då hadde dei funne ei dagbok frå 2006, året før ho døydde. Begge to blei usikre på om dei ville opne boka, eller om dei skulle la bakgrunnen til døden hennar vere ein hemmelegheit. Dei fann ut at dei skulle vente til etter jul med å opne ho…

 

1. januar 2011 opna dei boka. Det var masse tekst og teikningar i ho, men det var berre ei side som var interessant, det var den aller siste sida, som vart skriftet 13. juli 2007, den inneheldt lite tekst, men likevel nok, meir enn nok.

 

"Pappa hadde ledd av meg då eg stod og ordna meg framfor spegelen i dag tidleg. Han trudde eg var forelska… Lite visste han om korleis det var å kjenne seg utanfor, bli kviskra om og ledd av."

(Eit utdrag frå dagboka hennar)

 

Foreldra innsåg at det hadde vore ein masse teikn på at jenta deira ikkje hadde hatt det så bra, men at dei aldri hadde vert oppmerksame på det. No seier dei begge to at fordi dei berre hadde ledd av dei små tinga som dotera gjorde, så førte det til at dei mista ho…

 

”Eg huskar svært godt den eine gonga då vi åt frukost, og ho heiv maten og sa at ho ikkje var svolten. Ho sa at ho hadde tenkt å ete mindre, og trene meir… Eg lo berre av ho og tenkte ikkje så mykje over det der og då, men no i etterkant, så skjønner eg jo at ho sjølv trudde ho var tjukk, noko ho verkeleg ikkje var!”, seier mor til jenta i eit intervju med VG.

 

Viss foreldre var meir oppmerksame på kva ungdommen gjer, så hadde det vore færre ungdommar som har det vondt og slitar.

 

Ungdommar og vaksne har utroleg forskjelleg humor og dei har ikkje same meining om kva som er ironi. Noko som førar til at ungdommen kanskje tar nokon ting som vaksne vil sjå på som humor, personleg.

 

I teksten ”Den hårfine streken mellom humor og helvete” kommer spørsmålet ”Er det lov å spøkje med alt?” fram. Viss det er lov å spøkje med alt, er det da lov å le av alt?

 

Viss vi ser på dagbok innlegget som den 14 år gamle jenta skreiv dagen før ho døyde, så skreiv ho: ”Pappa hadde ledd av meg”, på ei anna side i boka hennar står det: ”Ho lo berre når eg kom heim, blå rundt auga. Ho sa at eg måtte slutte med så mykje sminke.”

 

Altså det er lov å le av alt, men eg trur ikkje ein bør le av noko, utan å vite kva ein ler av og før ein har tenkt seg nøye om: ”Er dette verkleg morsamt?” Ein bør hellar ikkje le av noko, men med!

 

Foreldra til jenta som døyde har lenge prøvd å finne ut kva som skjedde med datera deira. Nå som dei har funnet ut kva som skjedde, er dei flaue over seg sjølv.

 

”Eg skjønnar berre ikkje kvifor eg ikkje klarte å sjå teikna som var der. Eller kvifor eg ikkje berre var ein god far og stilte opp for henne. Ho trengte meg jo… Eg er faktisk flau over meg sjølv.” Sa faren hennar etter at dei hadde funnet dagboka.

 

Resten av dette året reisar faren og mora til den avdøyde jenta rundt om i landet, og forteljar andre foreldre om kva dei gjorde feil, og kva som var resultatet av det. Ei doter mindre…

 

I går fortalde dei historia for fyste gong. Den vart  fortald i Oslo. Heile 300 foreldra frå heile Oslo møtte opp for å høyre denne historia, etterpå kunne dei kjøpe boka som innehaldt historia til foreldra og historia til datera (Dagboka hennar) og stille spørsmål.

 

Eit spørsmål som vart tatt opp fleire gangar var: ”Var ho ikkje ute blant andre ungdommar? Eller var ho heime i helgane?”

 

Foreldra svarte kvar gong: ”Vi trudde ho var som alle andre ungdommar… Ho var ute på fredagar og laurdagar. Ofte på ungdomsklubb, andre gongar på kino. Men det vi ikkje viste var at ho var på ungdomsklubb åleine, og at ho var på kino åleine. Ho var også ofte på besøk hos venninner etter skoletid, men kor ho eigentleg var, veit vi ikkje. Muliges var ho på eit bibliotek eller noko liknande”.

 

Men uansett kor ho var den gong, så veit vi i kvart fall at ho ikkje er i denne verda no, og det på grunn av folk som lo av henne, utan å vite alvoret.

 

Så om du ikkje gjer dette for di eiga skyld, gjer det for ungdommane si skyld: Følg med på kva de gjer, og ver oppmerksam på kvifor dei gjer det. Spør dei om kor de skal hen på kveldane og kven dei skal vere saman med. Kven veit? Kanskje det er di doter eller din son som er den neste som tek sitt eige liv, utan at du eller nokon andre får greie på kvifor.

 

Ikkje le med mindre noko faktisk er morsamt…

 

Ein ting til, viss du ønskjer å høyre resten av historia til foreldra til den unge jenta som døyde, så fortel dei historia si i Stavanger på måndag, 17. januar 2011.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish