Soga om Lars Jarle

En moderne saga i gammel stil.

Karakter: 4

Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2011.09.25
Tema
Humor

Lars Jarle heitte ein mann. Han var son til Per Gunnar, son til Kåre, og son til Magne, son til Sigurd, begge frå Bergen. Lars Jarle hadde ikkje noko mor, men han hadde to fedrar, som begge jobba som blomsterdekoratørar i sin eigen butikk ikkje langt ifrå sentrum. Lars Jarle heldt til på Bergen prestegard, der han jobba som prest og preika om «rett og gale» kvar søndag. Han var ikkje som prestar flest; Han abonnerte på «For Him Magazine», var mager og bleik, og ikkje minst var han sonen til to homofile menn. Mange såg ned på han, og meinte at ein som kom frå ein slik familie ikkje burde preike Guds ord.

 

Sonen til Lars Jarle var den unge guten Daniel, og det var ikkje godt å seie kva det skulle bli av han. Det gikk rykte om at han stamma frå eit gammalt forhold med ei eldre kvinne, men ingen visste heilt kva som var sanninga, og godt var det, for det var ikkje utan grunn at han blei kalla «Daniel den ufyselege».

 

Lars Jarle drøymde om at Daniel ein dag skulle fortsette prestekallet til faren, men Daniel var meir oppteken med TV-spel og kvinner, enn han var med preiker om Gud og bibelske vers. Lars Jarle hadde til og med prøvd å kjøpe han det nyaste Jesus-spelet på PC, utan at det gav noko effekt.

 

På fritida var Lars Jarle oppteken av det han kalla friluftsliv, men som eigentleg gjekk ut på å rusle seg ein tur ned til den lokale puben og ta seg ein dram. Ein dram blei ofte til to, og to blei ofte til ti. Han var kort fortalt stamkunde i fyllearresten, men det gjekk aldri utover prestetenesta.

 

No tek soga veg nordover, til nonneklosteret «Fløyelsnonner» som ligg på Kvitmarka, ikkje langt ifrå Bergen. Nonna Petra, dotter av Dagfinn «den fyldige», son av Niklas, som stamma frå Herøy på Vestlandet, var godt i gong med å planleggje ein fest til ære for Jomfru Maria, som hadde vist seg i ei skål med graut som dei hadde ete til middag dagen før. Festen skulle starte i klosteret, og om Gud tillet det, skulle den fortsette på ein pub eller eit diskotek i Bergen sentrum.

 

No hoppar soga tilbake til Bergen prestegard, der Lars Jarle gjorde seg klar til langhelg og ein tur på puben saman med Gud og Jesus, som han alltid hadde med, seg ifølge han sjølv.

 

Om det er reint tilfeldig, eller om det er «pubkameratane» hans som står bak, er det ikkje lett å seie, men han kom til puben akkurat på same tid som nonnene. Og det kan nemnast at dei var i slaget, for dei reiv nesten med seg døra på veg inn.

 

Lars Jarle sette seg ved baren og såg rundt seg mens nonnene dansa, og sjølv om han ikkje var ute etter noko, fekk han fort augekontakt med nonna Petra. Ho vagla seg bortover golvet og smilte så vakkert som ei full nonne kan smile, men det skulle ikkje mykje til før Lars Jarle var på hogget. Han presenterte seg som prest, og kvad ei vise som han hadde øvd inn i tilfelle Gud ville at han skulle møte den rette. Og slik gjekk visa:

«Ein dram var det eg sikta på

men deg var det eg skulle få

Du fagre nonne

som til min pub har komme

Eg har Jesus i blodet

og deg i mitt hjerte

Saman skal vi vere

om du vil gje meg den ære»

 

Petra tok handa til panna og fall nesten om, men Lars Jarle tok henne i armane sine, og sa: «Bli med til min prestegard, så skal eg gjere deg til min». Petra svara utan å nøle: «I hjartet mitt har eg har alltid vore din».

 

No reiser soga to vintrar fram i tid, der Lars Jarle og Petra levde saman utan å gjere noko anna enn å elske kvarandre og Gud. «Daniel den ufyselege» var no son av Lars Jarle, presten frå Bergen, og son av Petra, nonna frå Herøy på vestlandet, og han var ikkje lengre slett så ufyseleg. Lars Jarle og Petra hadde stått på og samla inn pengar på basar i kyrkja, slik at Daniel fekk ta den plastiske kirurgien han trong. Augene var no plassert på rett side av andletet, og han fekk bytta ut dei to tennene som han hadde med eit topp moderne gebiss. Alle bitane fall på plass, vintrane susa forbi, og livet gjekk som det skulle for alle saman.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst