Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Kjærleik gjer blindSkriv ut Utskrift
Novelle om kjærlighet, kriminalitet og svik.
Nynorsk - NovelleForfatter:



Me hadde vært i samen i to år. Det var eit fast og fint forhold. Men det var noko under skorpa som låg å lurte. Men eg greidde ikkje å sjå kva det var, eg visste ikkje at det var der eingong. Sandra såg det, det var ho som var problemet. Eg stolte jo på ho. Men, nei, ho sveik meg.

 

Alt starta med at ho var venn med Ragnhild. Ho var ein av dei verste på heile skulen, ho hadde rana butikker og gamle damer. Banka opp småunger og mykje anna. Men det såg ut som ikkje Sandra brydde seg noko om det. Sandra hadde heilt sidan eg vart kjend med ho fortalt meg at ho synest Ragnhild var ei flott og spennande jente. Sandra var glad i sånne problemfolk. Ho var blant anna stor fan av Eminem og Finn Kalvik. Eminem er jo den idioten, han spring rundt på scena, viser rumpa si der og då. Bannar litt og leiker tøff.

 

Men eg likte henne, tross musikksmaken hennar. Ho var ei drivande flott jente som alltid var positiv og glad. Ho var og søt, ikkje minst. Men musikksmaken var eit av hennar to minus. Det andre minuset var at ho var så interessert i folk med psykiske problem, eller folk som berre ikkje oppfører seg normalt. Ho hadde alltid hadde lyst til å snakka med dei og vera med dei. Og no hadde ho greidd det, Ragnhild var hennes beste venn.

 

Når eg kom bort til Sandra ein dag, så var Ragnhild der. Ho sa at ho var opptatt og hadde mykje lekser å gjera. Men eg såg jo skoa til Ragnhild stå der i gangen, og eg visste korleis dei såg ut - store svarte sko, med skrifta Black Sabbath på. Pøh, Black Sabbath, for noko tøv, også var det skreve med den fæle skrifta, eg hadde aldri sett noko styggare skrift. Men etter kvart fann eg ut at det ikkje var Ragnhild som hadde skreve det, neidå det var Sandra. Ragnhild kunne jo ikkje skrive.

 

Så no var Sandra ”ein av gjengen” samtidig som ho var satanist. Eller ho skreiv i alle fall satanistiske ord på skoa til andre. Men det verste var ikkje det, det verste var at ho satte Ragnhild framfor meg. Men eg elska Sandra like høgt framleis. Ho var den finaste, flottaste og søtaste jenta i verda.

 

Dagen etter starta som ein heilt vanleg dag, eg stod opp, laga meg sjølv mat, ga katten mat, og sprang så fort eg kunne dei hundre meterane bort til skulen før ringeklokka ringte. I dag vart eg litt sein, eg storma inn i klasserommet og avbrøyt rektor som stod å snakka i klasserommet. Eg unnskyldte meg og gjekk raskt til plassen min. Sandra sin plass, som var på sida av min, var tom. Imens eg hadde sprunge om kapp med klokka, hadde visst rektor sagt noko veldig alvorleg. Eg fekk tak i det siste han sa ”…om nokon veit noko om det, kom opp til meg å gje beskjed, eg reknar med att bl.a. du har noko å fortelje meg” sa han og peika på meg. Eg vart stum, eg visste ikkje kva eg skulle svara, eg hadde jo ikkje idé om kva han snakka om. ”Ja, kanskje det” svara eg nølande.

 

Timen gjekk sin gang med ein uvanleg stille klasse. Ikkje eit pip kom det ut frå kjeftane på oss. Til og med ikkje eg, eg hadde funne ut at her måtte noko vera gale og det var det. For i friminuttet fekk eg høyra om det som var hendt. Ragnhild hadde rana ein kiosk, og tatt med seg mange pengar. Vitnar hadde sett at også Sandra hadde vært med på det. Ho hadde venta på Ragnhild utanfor kiosken og kjørt ho vekk på den lyserosa mopeden sin. Eg nekta å tru det. Det kunne ikkje vere sant, Sandra, ein tjuv? Sandra som var den snille, koselege jenta? Nei, det kunne det ikkje vere. Eg gjekk rett opp til rektor for å snakka med han, eg hadde jo vært hos Sandra i går, ho hadde jo alibi. Rektor sa at tjuveriet hadde hendt rett før stengetid klokka ti i går kveld. Eg sa at eg hadde vært borte hos Sandra kvelden før, og fortalde at ho dermed hadde alibi. Rektor spurte meg om kor tid eg var borte hos ho. Eg svara at eg ikkje hadde sett på klokka, men at det kunne ikkje ha vært så veldig tidlig på dagen. Rektor råda meg til å gå til politiet å seia dette. Det gjorde eg.

 

Borte på politihuset kunne eg sjå foreldra til Sandra inne på eit av kontora, mora satt og grein mens faren var roleg og beherska og snakka til politimannen. Då eg kom inn på politihuset, gjekk eg til resepsjonen og sa eg ville snakka med ein betjent angåande tjuveriet på kiosken dagen før. Dama i resepsjonen henta ein betjent til meg, og vi gjekk inn på eit lite kontor. Han satt seg ved pc’en, og eg fortalde alt det eg hadde sagt til rektor om alibiet. Politimannen sa at han ikkje kunne ta dette alibiet heilt alvorleg sidan eg ikkje var sikker på tidspunktet. Men eg gav ikkje opp, eg fann til slutt ut at det måtte vera i ti tida, eg laug. Eg sa at eg måtte gå heim å sjå ein dokumentar på tv`en som eg visste hadde gått i ti tida. Og då kom eg på det, eg hadde ingen alibi å gje til Sandra, eg hadde sett tv-dokumentaren, og programmet før det, og programmet før starta klokka ni. Ho hadde ikkje alibi, men eg kunne ikkje svikte kjærasten min sånn utan vidare. Då hadde eg aldri tilgitt meg sjølv.

 

No, fem år etter så ser eg at eg gjorde ein gal ting. Eg skulle aldri ha loge på ho eit alibi, Ho vart frikjent, mens Ragnhild vart dømt. Sandra hadde alibi, samtidig som at dei ikkje kunne bevise at det var ho som hadde kjørt mopeden. Mens Ragnhild hadde blitt fanga opp i kameraet i kiosken.

 

Sandra slo opp med meg med ei gong. Ho var frikjent, då var eg ferdig utnytta og Sandra flytta heimanfrå og inn på hybel i byen. No er ho ein av Frelsesarmeen, og jobbar ennå med vanskelegstilte, men ho lærte heldigvis noko frå tjuveriet. Ho lærte at ho aldri måtte begå eit tjuveri meir, det kunne få tragiske følger.

 

Og eg, eg har aldri tilgitt ho for det ho gjorde, det var usselt gjort mot meg. Ho stengte meg ute og opptrådte slik at eg trudde me var kjærastar, for godt. Men vi var ikkje det. Vi var kjærastar heilt til det gjekk hol på skorpa -og det var lenge nok.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish