Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"Panserhjertet" av Jo NesbøSkriv ut Utskrift
Anmeldelse/bokomtale av "Panserhjertet" av Jo Nesbø. Skriftleg innlevering.
Nynorsk - Anmeldelse (bok, film...)Forfatter:



Dette er den 8. boka om politietterforskaren Harry Hole. Boka handlar om ein serie mord som Hole atter ein gong må løyse. “Panserhjerte” startar med ei beskriving av to drap av to forskjellige kvinner. Det uforståelege med drapa er stikksåra i ansiktet som er påført frå innsida av munnen.

 

Etterforskaren Kaja Solness, blir sendt til Hong Kong for å oppspore Harry Hole, deira einaste spesialist på seriedrap i Noreg. Der gøymer han seg for kreditorane som vil ha tilbake pengane han har lånt og spelt bort, og prøver å gløyme forige mordsak. Harry er ikkje interessert i å hjelpe til med saka, men Kaja overtalar han med ei lita løgn.

 

Fleire vert mistenkte for drapa, men har alibi for dødspunkta. Etter kvart finn dei ut at alle dei drepte har tilknyting til ei turisthytte, alle overnatta der same natt. Men lista over kven som var der er borte, det gjer det vanskeleg å finne ut kven som er dei neste ofra og drapsmannen.

 

Tony Leike er ein rik investor som vert sakas hovudmistenkte. At Tony er skyldig går ikkje opp for Harry før både Tony og forloveden, Lene Galtung er vekk.

 

Kaja og Harry drar til Kongo for å finne Tony og Lene. Der splitta dei seg. Kaja skal følgje etter Lene når ho kjem av flyet, og Harry skal til ein lokal våpenhandlar og forhøyre seg om korleis ting står til. Harry skjønar fort at han har gått i ei felle når han kjenner eit stikk og ser ei sprøyte i strupen. Han vaknar seinare opp i ein kjeller utan noko anna enn eit skap og ei seng omgitt av sementveggar og med Leopolds Eple i munnen. Etter fleire timar fekk Harry eplet ut av munnen og stakk av utan å trekkje i tråden, men med å knekke sin eigen kjeve.

 

Harry oppspora Tony og oppklarte saka.

 

Hovudpersonen

Harry Hole er ein fiktiv person, ein “anti-helt”. Ein 40 år gammal, sliten politimann som til tider er dyster til sinns og har alkoholproblem. Han har hatt sine nedturar her i livet, og forige sak han hadde, snømannen, gjekk hardt innpå han og familien. Eks-kona og stesonen flytta etter den saka. Harry arbeider for drapsavsnittet i Oslo, men er ein einsom ulv. Når han løyser sakene går han sine egne veier og lyd ikkje alltid ordre. Harry Hole er den einaste dei har på drapsavsnittet som er spesialist i serie-mord. Han løyser sakene med logisk resonnement og er ein god menneskekjennar. Når han har ei sak gir han ikkje opp, og arbeider iherdig med den døgnet rundt og brukar dei metodane han må.

 

Miljøet

Handlinga i boka foregår fleire stadar. I tillegg til handlinga som gjeld å løyse morda handlar også boka om ei rivalisering mellom Voldsavsnittet på Oslo politikammer og Kripos. Denne vert vikla inn i saka, og vanskeleggjer etterforskinga da begge vil ha æra for å løyse seriemorda og finne mordaren. Morda vert begått i Oslo og området rundt, ikkje i noko spesielt miljø. Det går ei stund før dei finn ut at morda har noko til felles, alle overnatta på ei turisthytte på Ustaoset same natta. Ein del av handlinga er lagt til området rundt Ustaoset, og til personar med tilknyting til staden. Siste del av boka foregår i Kongo. Vi får og høyre ein del historier om dei ulike karakterane i boka frå barndomen og oppveksten deira. Nesbø skildrar grusomheitar som vert begått svært detaljert.

 

Forfattaren

Jo Nesbø er født 29. mars 1960 i Oslo men vaks opp i Molde. Han er utdanna siviløkonom og finansanalytikar. Han har arbeida som både journalist og aksjemeklar, og er vokalist i popbandet Di Derre.

 

Jo Nesbø har skreve ti kriminalromanar, ni om den alkoholiserte drapsetterforskaren Harry Hole, og ei,  Hodejegerne, med hovudpersonen Roger Brown. Han har også skreve to barnebøker om Doktor Proctor, ein dokumentar, ei novellesamling og ein kortroman.

 

Jo Nesbø har vunne fleire prisar, og berre i serien om Harry Hole har han vunne Rivertonprisen i 1997, Glassnøkkelen i 1998, Bokhandlerprisen i 2000, Tidas Beste Norske Krimroman i 2004, Bokhandlerprisen i 2007 og Den Norske Lesarprisen i 2007.

 

Bøkene om Harry Hole vert selt i 37 land og er oversett til over 40 språk!

 

Eigenvurdering

Boka var spennande og godt skreve, men er strukke til det maksimale og blir derfor litt i det lengste laget. Men i alt er det ei god bok med masse skildringar og detaljar så du ikkje har problem med å sjå for deg personane, stadane og alt det andre. Vi får også høre om bakgrunnen til mange av personane som gjer at du forstår boka godt. Alt i alt er det ei fantastisk bok som er verdt å lese.

 

Se også:
http://www.daria.no/skole/?tekst=13167




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish