Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Panserhjertet av Jo NesbøSkriv ut Utskrift
Anmeldelse/bokomtale av Panserhjerte av Jo Nesbø. Muntleg framføring.
Nynorsk - Anmeldelse (bok, film...)Forfatter:



Eg har lest boka Panserhjerte av Jo Nesbø. Det er den 8. boka om politietterforskaren Harry Hole. Boka handlar om ein serie mord som Hole atter ein gang må løyse. “Panserhjerte” startar med ei beskriving av to drap av to forskjellige kvinner. Det uforståelege med drapa er stikksåra i ansiktet som er påført frå innsida av munnen. Etterforskaren Kaja Solness, blir sendt til Hong Kong for å oppspore Harry Hole, deira einaste spesialist på seriedrap i Norge. Harry har flykta til Hong Kong for å gløyme at Snømannen prøvde å drepe Rakel og Oleg, eks-kona og sønnen hans. Der gøymer han seg for kreditorane som vil ha tilbake pengane han har lånt og spelt bort. Men omsider fekk Kaja overtalt han med ei lita løgn. Ho sa at faren hans låg for døden og den einaste måten han kunne kome seg heim på var med hjelp av ho, fordi ho kunne slette gjelda han hadde til kreditorane.

 

Handlinga i boka går for det meste føre seg i Norge. Harry Hole vert henta i Hong Kong i starten, og slutten skjer i Kongo. Fleire vert mistenkte for drapa, men har alibi for dødspunkta. Etter kvart finn dei ut at alle dei drepte har tilknyting til ei turisthytte, alle overnatta der same natt. Men lista over kven som var der er borte, det gjer det vanskelig å finne ut kven som er dei neste ofra og drapsmannen.

 

Tony Leike er ein rik investor som viser seg å bli sakas hovedmistenkte, og som også viser seg å være skyldig. Men det at han er skyldig går ikkje opp for Harry før både Tony og forloveden, Lene Galtung er vekk. Kaja og Harry drar til Kongo for å finne Tony og Lene. Der splitta dei seg opp. Kaja skal følgje etter Lene når ho kjem av flyet, og Harry skal til ein lokal våpenhandlar og forhøyre seg om korleis ting står til. Harry skjønar fort at han har gått i ei felle når han kjenner eit stikk og ser ei sprøyte i strupen. Han vaknar seinare opp i ein kjeller utan noko anna en eit skap, ei seng omgitt av sementveggar og med Leopolds Eple i munnen.

 

Leopolds Eple er eit torturinstrument ifrå middelalderen, som er på størrelsen med ein golfball, med ein trå hengande ut ifrå seg. Trekk du i tråden ein gang kjem det ut piggar på ca. 3-4 cm, som er vondt nok i seg sjølv etter eit par timar med eplet i munnen. Problemet med dette eplet er at det er umulig å få ut igjen. He du først fått eplet inn i munnen, og tråden er dratt i ein gong må tråden trekkjast i to gongar til. Når tråden blir dratt i gang nummer to blir piggane mellom 7-12 centimeter og spiddar aue, hals, kinn, tunge og gane, og offeret druknar til slutt i sitt eige blod. Først etter at tråden er trekt i slik at offeret blir spidda, kan du trekkje i tråden på nytt og piggane går tilbake i eplet.

 

Etter fleire timar fekk Harry eplet ut av munnen og stakk av utan å trekkje i tråden, men med å knekke sin eigen kjeve. Nøyaktig korleis dette skjedde må du lese boka for å få vite.

 

Her er eit avsnitt frå boka som eg likar spesielt godt: “Hun lyttet til sin egen skrekkslagne pust mens hun blunket mot mørket. Hun måtte foreta seg noe. Hun satte håndflatene mot stolsetet som var klamt av hennes egen svette og reiste seg. Ingen stoppet henne. Hun gikk med små skritt til hun møtte en vegg. Famlet seg langs den bort til en glatt, kald flate. Metalldøra. Hun dro i metallslåen. Den rikket seg ikke. Låst. Selvfølgelig var den låst, hva hadde hun egentlig trodd? Var det latter hun hørte, eller kom lyden inne fra hennes eget hode? Hvor var han? Hvorfor lekte han med henne på denne måten?” Grunnen til at eg likar akkurat dette avsnittet er fordi det beskriv korleis jenta har det inni seg akkurat der. Ho har akkurat kome over det første sjokket og prøvar å kome seg vekk. Eg likar at det berre er “dystre” setningar for då blir det ei dårleg stemning som passar godt til handlinga der og da.

 

Boka var spennande og godt skreve, men boka er strukke til det maksimale og blir derfor litt i det lengste laget. Men i alt er det ei god bok med masse skildringar så du ikkje har problem med å sjå for deg personane, stadane og alt det andre. Vi får også høre om bakrunnen til mange av personane som gjer at du forstår boka godt. Alt i alt er det ei fantastisk bok som er verdt å lese.

 

Se også:
http://www.daria.no/skole/?tekst=13166




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish