Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Jeppe på BjergetSkriv ut Utskrift

Tolkning av filmen om Jeppe på Bjerget.

Karakter: 6  (9. klasse)

Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter: Anonym



1a) Eg har no berre sett ein time og 25 minutt av filmen, men vil freiste å løyse oppgåva så godt som mogleg. Jeppe på Bjerget var eigentleg eit teaterstykke, skriven av Ludvig Holberg ein gong like etter år 1720. Handlinga i stykket finn stad i Danmark på 1700-talet. Stykket har vorte filmatisert, og det er filmen eg no skal skrive om.

 

Filmen har ein hovudperson, Jeppe. Han er ein fattig bonde som har det med å drikke litt for mykje. Ein annan viktig person er kona til Jeppe, Nille, som ikkje behandlar Jeppe så altfor godt, og piskar han med ei lærreim. Baronen i herredet, skomakaren Jacob, fleire personar i hoffet til baronen og arbeidskameratar av Jeppe er og med i handlinga i filmen.

 

Filmen startar med at alle fattige bønder i herredet unnateke Jeppe er ute på markene for å arbeide. Dette legg sjølvsagt ridefogden merke til, og rid heim til Jeppe. Jeppe har tydeleg drukke for mykje, og må betale ekstra skatt, i tillegg til at han vert piska eit par gongar ekstra av Nille.

 

Deretter må Jeppe reise til byen for å kjøpe såpe, men han stoppar hjå Jacob Skomakar for å drikke. Inne hjå skomakaren drikk han opp alle pengane Nille har sendt med han, før han til slutt vert kasta ut. Jeppe svimar av, og medan han ligg på bakken kjem baronen og følgjet hans forbi. Baronen diskuterer med tenarane sine, og dei vert einige om å lure Jeppe.

 

Baronen vil at hoffet skal få Jeppe til å tru at han er baron. Jeppe vert lagt i baronen si seng, med dei finaste klede i heile herredet. Etter kvart vaknar Jeppe, og etter å ha tenkt ei god stund konkluderer han med at han er i himmelriket. I det han er ferdig med filosoferinga, kjem personar frå hoffet inn.

 

Jeppe vert først livredd, men så skjønar han at dei trur han er baronen. Hoffet tilkallar to «leger», som konkluderer med at Jeppe trur han er ein fattig bonde. Til slutt går Jeppe med på at han er baron, og viser seg som ein skikkeleg tyrann. Han krev attende gåver baronen har gjeve ut, og han ynskjer å henge halve hoffet. Etter kvart vert Jeppe så full at han svimar av att, og vert lagd utanfor kroa att. I det kan kjem heim vert han piska av Nille, før baronen gjer ordre om at han skal stillest for retten for innbrot. Meir rakk eg ikkje sjå.

 

1b) Det viktigaste Ludvig Holberg vil ha fram i teaterstykket, er dei store skilnadane mellom rik og fattig. I filmen ser eg at alle ser opp til baronen, og har akseptert at han er eit meir viktig menneske enn alle andre, medan dei fleste ser ned på Jeppe og dei andre bøndene. Då baronen fann Jeppe i gjørma, var det ingen som ville hente Jeppe frå gjørma, og dermed endte det med at det mennesket som var minst verdt, kokken, måtte hente Jeppe. Kokken var lågast på rangstigen i hoffet, og fekk difor oppgåvene ingen andre ville ha.

 

Sjølv om kokken er lågast på hoffet si rangordning, ser han og ned på Jeppe. Døme på at Jeppe vert sett ned på, er mellom anna den gongen han åt. Jeppe åt som bøndene gjorde, med hendene, og det fekk hoffet til å le. Men kven skulle ha lært Jeppe å ete som hoffet? Eit anna døme er at han ikkje forsto latin, og det var og grunn til å verte sett ned på, meinte hoffet.

 

Manglande menneskeverd var og utbreidd i stykket. I dagens menneskerettar, heitar det mellom anna: Alle menneske har fridom til fritt å velje arbeid. Det fekk ikkje bøndene i filmen. Dei var tvungne til å arbeidde på markene til baronen1, og måtte skatte særs mykje. At hoffet lurte Jeppe på den måten dei gjorde, viser at på den tida kunne dei rike gjere som dei ville med dei fattige.

 

2) Jeppe er ein fattig bonde som drikk litt for mykje, og eg trur han er rundt 35 år gamal. Grunna langvarig alkoholmisbruk ser Jeppe eldre ut enn han eigentleg er, noko eg har kome fram til mellom anna fordi barna hans er så unge som dei er. Jeppe er livredd for baronen, kona si og pisken Meister Erich. Til å vere så livredd som han er heime, er han særs munter blant andre bønder. Jeppe virkar å vere eit slags sosialt midtpunkt blant bøndene. Dei yngre bøndene lyttar imponert til historier frå krigar, og dei gongane Jeppe snakkar tysk.

 

Alle i herredet seier at Jeppe drikk, men ingen seier kvifor Jeppe drikk. Slik starta Jeppe då han filosoferte over tilværa si. Han konkluderte med at han drikk fordi ein full mann slipp å vere redd for piskar, skattlegging, og økonomien sin.

 

Då Jeppe trudde han var baron, sa han: Viss ein mann får meir enn han kan ete opp, vert han stormannsgal. Det utsegnet tykkjer eg passar godt på Jeppe sjølv, for som baron er han ein tyrann. Han vil avrette halve hoffet, og vil kutte ned på lønna til ridefogdar og andre. Men medan Jeppe var baron, virka det som Baron Nilus skjøna at Jeppe hadde rett, skattlegginga var for høg.

 

3) Til slutt skal eg skrive nokre avsnitt om mannen som skreiv Jeppe på Bjerget, Ludvig Holberg. Holberg vart fødd 3.desember 1684 i Bergen, eller Bjørgvin som det heitte i 1684. Holberg tok teologisk embetseksamen i København i 1704, og nytta dei neste åra til å reise rundt i Europa. Han reiste mellom anna til England, Italia, Tyskland, Nederland, Belgia og Frankrike.

 

Då Holberg kom attende til København, hadde han oversikt over situasjonen i Europa, noko han seinare nytta i litteraturen sin. I 1717 vart han universitetsprofessor i metafysikk, ein jobb han hadde i berre tre år. For etter tre år med metafysikk, vart han i staden professor i latin, før han i 1730 igjen skifta fag, denne gongen til historie.

 

Holberg sitt første verk, versforteljinga Peder Paars, kom ut i 1719. I 1721 opna eit teater i København, og i løpet av fem år skreiv Holberg, utan vederlag, 26 teaterstykke. Det mest kjende var Jeppe på Bjerget. Seinare skreiv han sin einaste roman, Niels Klims underjordiske rejse.

 

I romanen om Niels Klims skildra Holberg 27 ulike samfunn. Dei samfunna Holberg kalla dårlege, var dei som minna mest på det dansk-norske. I det eine dårlege samfunnet, vart Niels Klim kasta ut då han ville forby kvinner å delta i samfunnsdebatten. I Holberg sitt dansk-norske samfunn var det eit slikt forbod. I teaterstykket Erasmus Montanus tek Holberg eit oppgjer med overklassen, som trur at dei som kan latin er betre enn alle andre.

 

Mine kjelder har vore:

Læreboka, norsk Wikipedia, Store Norske Leksikon, Skoleforum.com og daria.no.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish