Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Kva er lykke for deg?

Kva er lykke for deg?

En enkel debattartikkel om lykkebegrepet.

Tentamensoppgave i sidemål i 10. klasse (høsten 2011)

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
04.01.2012
Tema
Verdier


Millionærar beskriv ofte lykke når de får store inntekter. Er det slik vi skal oppfatte lykke? Enkelte av oss trur at lykke kan bli kjøpt for pengar, og at all verdas lykke ligg i hendene til dei rikaste menneska. Dei som trur dette tar feil. Lykke kan ikkje kjøpast for pengar, i alle fall ikkje i 2011.

 

Den riktige tankegangen?

Vi menneske er naive. Kvifor trur vi at vi får lykke servert på eit sølvfat om vi har nok pengar i lommebøkene våre? Vi gløymer for at pengar eigentleg berre er noko usle papirlappar. Nokre gonger går det for langt. Plutseleg har vi ikkje meir igjen. Er vi ferdige, ubrukelege det sekundet vi blir tomme for pengar? Er vi verkelig ikkje verdt noko utan dei fordømte papirlappane?

 

Nokre få av oss veit det. Nokre få av oss bryr oss ikkje om pengar. Vi bryr oss om den ekte lykka. Kva er eigentleg lykke? Du trudde kanskje lykke var å liggje i eit ferieparadis utanfor spanskekysten, vite at du ikkje treng å jobbe noko særleg meir resten av livet ditt? Andre av oss ville seie at lykke, det var når du endelig har fått deg ein familie, ektefelle, barn og kanskje til og med ein hund. Ein kan ikkje berre seie at lykke er eit bestemt fenomen. Vi kan ikkje seie at det som er lykke for deg er lykke for meg. For nokre få av oss er kjærleik lykka. Du kan da ikkje kjøpe ekte kjærleik?


 

Vi menneske er unike, vi er ulike, alle saman. Det er det som gjør oss til oss.

 

Noreg er eit av verdas rikaste land ifølge statistikken. Vi er ikkje eigentleg i krig meg noko land, og vi har jo olje. Vi er eit rikt land. Sjølvsagt er vi eit rikt land! Men kva er det vi eigentleg er rike på? Vi er rike på den verste fienden til naturen. Ikkje nok med det, men vi kjem ein dag til å gå tom for denne ressursen. Kva skal vi finne på da? Vi kjem nok mest sannsynleg til å falle på rikheitsskalaen. Dale ned til botnen av tabellen. I følje Utdanningsdirektoratet har Noreg alt, bortsett frå lykke.

 

Kva skuldast dette? Ein kan ikkje leggje skulda på at vi er fattige, for det er vi ikkje. Professor Thomas Hylland Eriksen seier at vi har alt, og at det i grunnen er alt vi har. Meininga med livet er å gjøre vanskelege ting. Vi er på 14.plass på lykketoppen i verda. Kvifor er det slik? Vi er da det rikaste landet i verda? Det er nok meir vanskeleg å gjøre ei nordmann tilfreds enn det er å gjøre ein grekar tilfreds. Kva skal ein gi den som har alt?

 

Kvifor ser vi oss ikkje rundt. Kvifor kan vi ikkje sjå at det er menneske som har det godt, utan alle desse pengane? Kanskje, berre kanskje, når vi ein dag går tom for olje, får vi sjå kva rein lykkje eigentleg følast. Kanskje vi ein gong får sjå korleis det verkeleg er å leve.

 

Vi i Noreg har eit heilt skrudd syn på pengar. Når vi snakkar om klede, så har dei fleste av oss eit lass med klede av dårlig kvalitet, og lav kvantitet. Vi kjøper, kjøper og kjøper. Vi får aldri nok. ’’Meir, meir, meir!’’ skrik ungane våre. Vi gir og vi gir. Kvar einaste dag vert lommebøkene våre fylt opp, for deretter å bli tømt like etterpå. Forbruket til oss som bur i Noreg er skyhøgt. Blir vi glade? Berre det nyaste innan teknologi er best for oss nordmenn. Er det lykke å eige ein spillet ny HTC eller Iphone?

 

Er det ikkje urettferdig at vi, vi i Noreg, ikkje er lykkelege når vi har alt? Tenk på dei som ikkje har noko som helst, ikkje ei krone ein gong. Dei kan smile og le, dei kan være lykkelege. Kvifor kan ikkje vi, vi som har alt gjøre det same? Kvifor er vi ikkje takknemlege for det vi har? Dei fattigaste landa ser nok på Noreg om eit eigenrådig land. Her har dei alt, men dei tørstar etter meir. Urettferdig er det i alle fall.

 

Kva er lykke, i botn og grunn? Det er så vanskeleg å definere lykke, men ein ting er sikkert, du kan ikkje kjøpe ho.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil