Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Livsfarleg forelskingSkriv ut Utskrift

Handler om ei ung jentes liv preget av selvskading etter mammaens selvmord.

Skrevet i 9. klasse.

Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym



Mor mi fødde meg. Ho passa på meg mens eg var inne i ho, og etter at eg kom ut. Det er vel ikkje rart at eg elskar mamma?



Mamma og eg var bestevenninner. Når eg var lei meg krøyp eg inn i armane hennar, og ho haldt hardt kring meg og sa at alt kom til å ordne seg.

 

Mamma lærte meg å gå. Mamma lærte meg å snakke. Mamma lærte meg forskjellen på rett og galt. Mamma hjelpte meg med lekser. Det var ingenting mamma ikkje kunne gjera. Alle dei gongane ho spurte om eg hadde det bra. Kvifor spurte eg ho ikkje tilbake? Kanskje eg kunne ha haldt kring mamma og sagt det ville ordne seg. Men det var for seint no. Mamma var allereie øydelagt. Den kvelden på vei heim frå festen i mørket, hadde øydelagt ho for alltid.

 

Eg har ingen pappa. Det har eg aldri hatt. Eg veit ikkje kven som er faren min. Det veit ikkje mamma heller.

 

Alle sa at mamma så sliten ut. At det måtte ha vært slitsamt å få barn aleine som 15 åring. Alle ville hjelpe mamma. Eg høyrde at mamma og bestemor krangla. Mamma gråt. Hun sa at hun ikkje ville ta imot hjelp. Mamma klarte seg bra. Mamma var jo bare mor mi. Det var bare oss to.

 

Eg hugsar ein gong da mamma skulle lære meg å sykle. Eg datt av sykkelen og fekk skrubbsår på kneet. Mamma løfta meg opp, skylda såret mitt og satt på eit rosa plaster.

 

Da eg var 11 år, kom eg i puberteten og begynte å titte på gutar. Eg husker at eg spurde mamma kvifor ikkje ho hadde ein kjærast. Mamma stoppet opp litt, strauk meg på kinnet og sa at ho trengte ingen, ho hadde jo meg. Kvifor så eg ikkje faresignala i augo hennar?

 

Da eg var 13, og mamma hadde hjelpte meg gjennom alle problem, kom det plutselig eit problem som ikkje kunne fiksast. Mamma døde. Eg trudde ho sov. Ho låg så stille på badegolvet. Eg prøvde å vekke ho. Men det nytta ikkje. Eg ringde bestemor. Så kom ambulansen. Mamma var død.

 

Eg måtte flytte til bestemor. Bestemor var snill mot meg. Når eg grein om kveldane fordi eg sakna mamma, lét ho meg liggja i senga hennar saman med ho og bestefar. Men det var ikkje det sama. Mamma var ikkje der.

 

Ein dag ville eg vite kvifor. Kvifor var mamma død? Eg var 14, bestemor meinte eg skulle få vite det. Mamma tok sjølvmord. Ho ville dø. Ho orka ikkje leve meir. Ho vart voldteken. På vei heim frå ein fest som 15 åring, vart ho voldteken. Eg vart resultatet av det. Eg ville plutselig ikkje leve lenger, eg hellar.

 

Eg hadde alltid elska mor mi. Men så begynte eg å elska noko anna. Noko farleg. Noko som man ikkje kunne sette et plaster over, så var alt greitt igjen.

 

Eg kutta meg kvar enste dag. Eg ville dø, men eg klarte ikkje ein gong å drepe meg sjølv. Eg klarte ingenting. Kutta var djupe. Dei blødde, ville ikkje stoppe å blø. Det blei blod i senga mi. Armane mine blei blå. Dei verka. Men det var ein god smerte. Eg følte at eg fekk som fortent. Mamma var borte, og det var mi skyld. Uansett var eg eit resultat av noko forferdelig. Det vart best om eg bare forsvann, eg også. Eg brukte langarma genserar, og tok avstand frå skulen og vennar. Ingen kunne sjå kva eg gjorde med meg sjølv. Det var som om eg var ufrivillig forelska i å kutte meg. Bestmor brydde seg ikkje noko særleg om meg lenger. Ho hadde visst gitt opp, ho også.

 

Ein gong skulle vi symje på skulen. Eg satt og så på. Eg sa at eg hadde gløymt bikini. Læraren sa at eg måtte vere med. Eg hadde aldri vori med, og nå skulle eg låne ein bikini av Grete. Eg gikk inn i garderoben og skifta. Alt man kunne sjå var djupe kutt. Armane, beina og magen var fulle av verkande kutt. Kutt som aldri ville forsvinne. Da eg kom ut, fekk eg blikk frå alle kantar. Eg dreit i det. Eg lét dei berre sjå det. Læraren min tok meg til side. Han blei ikkje sur. Vi prata saman. Han tok hardt kring meg, og sa at alt kom til å ordne seg. Da begynte eg å gråte. Han hjelpte meg. Hjelpte meg å få hjelp. Han sa at eg skulle sjå på bilete av mammaa min. Så skulle eg skrive eit brev til ho. Eit brev der eg fortalte kor mye eg alltid vil elska ho, og korleis eg har det no.

 

Når eg ser ned på arra mine, føler eg ikkje lenger at eg er mislykka. Eg følar meg stolt. Kvar gong eg saknar mamma, skriver eg eit brev til ho. Eg leggar dei under senga mi. Eg fortel mamma at eg aldri skal elske noko eller nokon så mye som eg elskar henne.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish