Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Livet er den største gaveSkriv ut Utskrift

Sann historie med noen få endringer.

Skrevet i 10. klasse.

Nynorsk - ArtikkelForfatter:



Livet er den største gave. Bare synd at så mange aldri rekker å pakke den ordentlig ut” - Poul Bundgaard

 

Ringeklokka ringte klokka 7, som vanlig. Det er ein måndags morgon og eg skal på skulen. Eg har ikkje noke lyst til å stå opp. Eg hatar skulen. Det er så keisamt. Vi har nesten ingen flinke eller kule lærarar på skolen og eg synes at alle faga utanom gym er kjempe teite. Vi har gym i dag. Det hjelper litt. Eg bestemmer meg for å stå opp og ta ein dusj. Etter eg har dusja, kledd på meg og spist frukost, fortset eg vidare på dagen min i det vanlege A4 livet mitt.

 

Då eg kom på skolen helste eg på alle venane mine og snakka med dei før den strenge læraren kom inn og avbraut oss midt i den koselege samtalen vår. Han kunne prøvd å sei det på en hyggeleg måte, men han berre ropte ut at vi skulle setje oss ned. Eg blir så sur på han.

 

I første time hadde vi matte. Eg hatar matte. Det er det verste faget nokon sinne. Eg skjønar ikkje at vi skal få bruk for ligningar, Pytagoras og arealet av ein parallellkvadratisk tulletrekant når vi blir vaksne. Eg trur at dei berre har gått tom for ting å lære oss når vi har kome så langt i skulegangen som det vi har no. Så vi blir holdt fast på ungdomsskolen til vi blir gamle nok til å byrja på vidaregåande medan vi lærer greier vi aldri kjem til å få bruk for.

 

Eg greier å slite meg gjennom ein mattetime og ein samfunnsfagprøve før det endeleg er gym. Vi spelar kanonball heile gym timen. Læraren har ikkje orka å lage eit opplegg så vi tok berre ei kjapp avstemming. Etter gymmen har vi naturfag, også bærer det heim. Det er godt nok ein lang keisam dag på skulen er over. Etter skolen dreg eg på besøk til ein kamerat. Vi bytter på å sitte på pc’en hans og spele Xbox. Eg blir hos han til eg skal heim. Klokka er 10 på kvelden når eg går heim. Eg legg meg med ein gong eg kjem heim.

 

Brått vaknar eg. Det brenn i magen min, ei intens smerte. Eg blir redd, ropar på mamma. Det er det lenge sidan eg har gjort, eg kjenner tårene trille. Mamma kjem springande og ser heilt forskrekka ut, det er tross alt nokre år sidan eg har vekt ho midt på natta. Eg hikstar, eg har så vondt, det følast som om eg held på å døy. Mamma kjenner på panna mi og spør kvar eg har vondt. Pappa kjem også, de står over meg og verkar litt forvirra, kva skal dei gjere. Omsider bestemmer dei seg for å sjå det an til neste dag. Mamma legg seg på sovesofaen, vi blir liggande å prate. Eg har aldri tatt smertestillande før og nektar no også. Eg er redd for å døy.

 

Det blei lite søvn denne natta. Eg ligg og høyrer på pusten til mamma, ho søv. Skal eg vekke henne og sei at eg ikkje er betre. Ikkje lenge etter høyrer eg mamma kviskre til meg, korleis går det. Ikkje bra, stotrar eg. Mamma går for å snakke med pappa, og kjem raskt inn att, spør om eg orker mat. For eit spørsmål tenkte eg, men sa bare, nei takk. Det er laurdag i dag så vi må reise rett på legevakta sa mamma. Eg hadde aldri vore på legevakta før og er livredd.

 

Legevakta ligg på sjukehuset, lukta som møter oss er kvalmande. Inntrengande lukt av oppkast og sjukdom. Eg vil ikkje være her. Eg vil heim. Men magen min protesterar og får meg til å tilbringe heile laurdagen på legevaktsofaen. Når klokka nærmar seg midnatt, står ein lege i kvit frakk i døra og ropar namnet mitt. Endeleg. Eg blir undersøkt, og dei fyller eit lite glas med blodet mitt. Dei finn ingen feil. Eg blir sendt heim med beskjed om å ikkje ta smertestillande.

 

Søndagen går og blir ikkje betre.

 

Eg blir etter kvart godt kjent med dei kvite veggane på sjukehuset. Etter mykje ny venting, prøver, ut og inn, fram og tilbake blei vi på nytt sendt heimatt. Dei finn ikkje ut kva det er, mulig blindtarmen, men eg er ikkje sjuk nok til at dei vil operere. Eg har ikkje feber. Eg er sliten, sovnar i bilen heim, og fortset å sove heime. Denne gongen tok eg smertestillande, så det er ikkje så vondt lenger, eg er bare veldig trøtt. Resten av veka ligg eg på sofaen, orkar ikkje være på pc’en ein gong, og da er eg vist veldig sjuk i fylgje mamma. Mamma tar seg fri frå jobben heile veka.

 

I starten synes eg det er litt kjekt å ligge på sofaen å sleppe og stå opp å gå på skulen. Smertene hindrar meg i å ha særleg stor glede av det, og utover veka kjenner eg at eg er lei. Lei av smerter, lei av å ikkje orke noko. Eg ser på Facebook at venane mine skal på kino, eg går glipp av treningar, avslutning på seglinga. Eg går glipp av livet. Eg kjennar at eg faktisk byrjar å sakne skulen.

 

Etter nesten tre veker utan at dei finn ut noko meir, tek fastlegen min grep. Ho synes det er underlig at eg ikkje er betre og sender oss opp att på sjukehuset. Nye timar med venting. Eg ligg inne i to døgn, einaste som skjer er at dei sender meg rundt på ulike avdelingar: ultralyd og scanning, dei greier ikkje finne ut av det.

 

Til slutt tar overlegen ei avgjersle, vi opererer for blindtarmen. Eg er for sliten til å være glad, for sliten til å være redd. Vil berre ha det overstått, vil berre bli frisk, treffe venane mine, gå på skulen, ha matte, samfunnsfag og engelsk. Eg saknar det, alt i hop. Berre eg blir frisk.

 

Operasjonen går bra seier dei. Du treng ligge her til overvaking i to døgn, er alt normal då kan du få reise heim. Eg kjenner det allereie tre timar etter operasjonen, smertene har slept taket. Eg kan gå vidare. Disse to dagane ligg eg berre å drøymer om alt eg skal gjere, eg planlegg jula, eg planlegg til og med kor mykje lekser eg skal gjere. Eg skal stå opp med glede no som eg er frisk og kan kome attende til mitt A4 liv.

 

I dag skal eg endeleg blir skreven ut av sjukehuset. Det er så utruleg godt å kome meg ut i fri luft. Det følast som om eg kan fly. Det var den beste følelsen eg nokon sinne har hatt. Hadde det ikkje vore for såret eg har frå operasjonen, hadde eg sprunge heim. Eg føler meg fri. Eg legg meg ned i graset og rullar rundt. Eg bestemmer meg der og då, mens eg ligg i graset. Eg skal aldri droppe skulen, eg skal aldri skal sitje ein heil dag og spela. Eg skal nyte livet til det maksimale og gjøre alt det morosame livet har å tilby meg.

 

Livet er den største gåve og alle burde opne den heilt opp. Eg er i ferd med å ta av papiret.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish