Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Vi er berre sånn vi erSkriv ut Utskrift

Handler om to forelskede gutter i Latin-Amerika, og en flykt fra foreldrene.

Karakter: 5+

Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym



Den stikkande kjenninga i magen, kjenninga av å svikte. Kvifor er eg sånn. Svikte min familie, svikte Gud. Det er vel sånn eg er. Eg prøver ikkje å tenkje på det, men tanken slår meg. Hadde eg berre ikkje sagt det. Då hadde alt vert annleis. Om eg hadde latt som ingenting hadde skjedd. Då hadde ikkje eg brakt skam over hele min familie. Eg stirrar på augo hans. Dei er lukka, men eg ser i sinnet, dei karamellbrune, varme blikka, som at ingenting er galt med det vi har gjort. Vi er berre sånn vi er, sa han.

 

Då eg var liten var han ofte hjå oss. Eg sett ofte og så på dei når dei leikte. Han og bror min. Eg var for liten til å leika sa dei, så eg sette meg berre og så på dei med blakke auge. Det var berre han eg så på, ikkje dei andre, berre han. For han var min, og bare min. For han var eg berre veslebroren til venene hans. Kvar natt heldt eg rosenkransen inntil meg og ba, om å møtte han. Eg ture ikkje seie det høgt, men eg sa det nokre år seinare. Noko eg har angra på resten av livet.

 

Han stirra på meg igjen. Det er noko med blikka, noko varmt og godt. Eg hadde aldri tenkt på han som noko meir enn venen min sin veslebror, men no er alt annleis. Den vesle guten er alt eg tenka på. Dei blåe, vakre augo var det eg hadde draume om. Han er min. Blikket mitt går til taket. Tanken om han ikkje ville, tanken om han seier nei. Eg vride meg ved tanken.

 

Eg skulle si det den dagen. Det hadde eg bestemt. Uansett korleis Papi reagerer skulle eg si det. Eg glede meg til det, no lurer eg på kva eg tenkte. Ikkje ville eg la den krypande, stikkande kjensla ta meg. Under festen skulle eg si det. Eg såg han ute, nærme seg døra vår, og før han fekk banke opna eg ho. «Er det bror mi du skal se?» spurde eg med frykt i stemmen. «Nei» svara han med klang i stemmen «Det er deg» forsetter han, men så døde klangen ut. Og så sa han det, høgt så naboane høyrde det. Papi sprang ned trappen, og drog meg vekk frå døra før han drog til ham så hardt han kan. Han skriker at han skal komme seg vekk. Papi var kledd i ein helsetrøye og ei dongeribukse. Han lukta alkohol. Han stirra lenge på meg, medan eg gøymde meg under gradinen. Aldri skulle eg snakke med ham igjen, og aldri skulle komme nærme han ropte han, før han falt i bakken så lang han var, med lommeboka stikkande ut av baklomma. Det var ingen heime bortsett frå meg og han, skulle eg gjere det.

 

No hadde eg sagt. No var det over. Eg sank saman ved muren rundt oppkjørselen. Eg høyrde faren skrike, noko som fekk meg til å krympe enda meir saman. Eg veit ikkje kva som gjorde mest vondt slaget eller det faktum eg skulle få aldri snakka med ham meir, skulle aldri røra ved han meir. Akkurat da eg har tenkt den tanken høyrde eg den vakraste stemmen i verda rope på meg. Eg møte blikket hans. Då spurde han meg. Eg takka ja, men eg hadde ikkje noko pengar sa eg. Då såg eg bak ham. Ein feit, fyllesvin ligger i gangen. Eg stirra guten i senk. «Er noken andre heime?» spurde eg. «nei» svara han redd. Skulle eg gjere det. Blikket mitt landa på han, han måtte ha tenkt den tanken og. Eg bestemte meg raskt.

 

Vi bestemte oss raskt. Eg reiv klede til både meg og han frå bror min sitt skap, medan han leita etter noko av verdi. Tankane kjempa om å ta plass. Skulle eg gjere dette. Eg er katolikk. Eg kunne ikkje gjere dette. Like før vi låste døra, tok han ut Papi sin lommebok, eg grøssa då eg så det. Vi sprang til bilen og han tok nøkkelen til Papi sat den inn og kjørte ned oppkjørselen.

 

Eg grep panisk etter telefonen. Eg slo inn nummeret til nokre vener av meg. Ingen ville hjelpe, unntatt ein, men det til ein vis grad. Eg såg i augekroken at han heldt rundt rosenkransen, og bad. Eg høyrde på stemmen at han angra, men det var ingenting å gjere med. «Tilgi meg, for sånn eg er, eg vil vere normal» messa han fram. Eg grep rundt handa hans og klemte.

 

Hendene mine hadde blitt såre etter å ha helt så lenge i kransen. Han stod i ein bar og forhandla med venen sin. Eg overhøyrde samtalen. Vi skal krype ned i kloakken til håpet, til USA. Eg pressa hendene mine rundt kransen. Han kom mot meg «Det er motbydelig, Roberto»sa eg stille medan tårene rant som elver nedover auga mine. «kva da?» Han tørka tårene mine med handa. «Det vi har gjort,» svara eg stille, medan eg tenkte på neste replikk «det vi er.» Da rant tårene for alvor. «Det vi har gjort er gale, det er sant, men det vi er, kva er gale med det?» Da strever han med å halde tritt med tårene. Han innsåg at han ikkje vil greie det med hendene, så plutselig fekk eg ein stinkande trøye i fjeset. Han kyssa meg på kinnet medan han sa «Peppeito, vi er to homofile guter, vi er berre sånn.»




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish