Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Tydinga til vatnetSkriv ut Utskrift
En tverrfaglig oppgave i samfunn, geografi, norsk og kristendom. Den handler om urettferdighet i fattige land. Og hvor mye vannet betyr for hvert enkelt menneske.
Nynorsk - TemaoppgaveForfatter: Anonym
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Vatn er grunnlaget for alt liv, det vil seie av vatn er grunnen til lukke og glede. Med vatn har vi uendeleg med moglegheiter, men kva brukar vi eigentleg vatnet til?

 

I følgje hefta vi har fått så er Nilen 6800 km lang, som vil seie at det er den lengste elva i verda. Nilen får 80% av vatnet sitt frå Blå-Nilen, som igjen får det meste av vatnet sitt frå Tanasjøen i Etiopia. Men Nilen får òg vatn frå små elver frå Kenya, Tanzania, Rwanda, Burundi og Kongo. Det er ti land som påverkast av det som skjer ved Nilen, og dei landa er; Egypt, Sudan, Kongo, Etiopia, Eritrea, Uganda, Rwanda, Burundi, Kenya og Tanzania. Nilvatnet blir samla opp i ein kunstig sjø ved namn Lake Nasser, kjent som Aswandammen.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

Aswandammen

Nilen er ein stor ressurs i dei påverka landa, både i jordbruk, drikkevatn og elektrisitet. Egypt har brukt vatn frå Nilen til jordbruk i fem tusen år, der tre tusen av dei kor elva har små oppdemde områr som blir regulert av slusar for å kontrollere flaumvatnet til irrigasjon. Irrigasjon er brukt i landbruk til å forflytte vatn frå andre kjelder for å dyrke avlingar.

 

Egypt er no heilt avhengig av Nilen for matproduksjon til den aukande folkesetnaden.
Egypt og Sudan har begge laga store demningar for å regulere vatnet, den mest kjende og tidlegare nemnt er Aswandammen som skaffar elektrisitet. Aswandammen er ei nemning på to dammar over Nilen ved byen Aswan. Den første som vart bygd var 40 meter høy, og den andre 114 meter høy og 3,6 km lang. Nilvatnet blir brukt til drikkevatn, transport, jordbruk, fiske, industri og vatnkraft. Men vatnet er forureine på grunn av jordbruket, husholdningar og ulike typar industriar som treforedling, tekstil, oljeutvinning og gruvedrift av metall.

 

Sidan det er så mange land som blir påverka av det som skjer i Nilen, har det kome avtaler for å kome mest mogleg til semje. Men her tyder det på at det er Sudan og Egypt som tek kontrollen over Nilen. Sidan begge desse landa vart okkupert av England på slutten av 1800-talet, får dei støytte av britane. Grunnen til det er at britane vil sikre seg god tilgjenge til vatn for deira bomulls-interesser i Aust-Afrika. 


 

Avtalar som har kome har gått ut på at dei andre påverka landa må be anten Egypt eller Sudan om løyve til plana dei har med vatnet. Og landa gjev berre løyve viss det ikkje går utover deira eigne planar. 
Medan Egypt og Sudan har store tilførslar med vatn, får ikkje Etiopia, som bidreg med 80% av vatnet i Nilen, nokre som helst rett til vatnet.

 

Kampen om vatnressurser i Aust-Afrika har påverka kulturlandskapet ved at elver, og sjøar blir lagt i rør og i demningar. Sidan ingen av landa langs Nilen klarar å samarbeide og kome ordentleg til ei semje som er rettferdig for alle, utan at det blir konfliktar, endar alle landa opp med å byggje eigne demningar for å prøve å sikre tilgjenget sitt til vatn mest mogleg. For ikkje å gløyme at naturlandskapet, som ein gong var urørd av menneske, blir hogge ned.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Ved Victoriasjøen er det mange fiskeri frå ulike land. Kvart land har kvar sin eigen kultur med språk, lovar, religion og ferdigheiter frå generasjon til generasjon. Dei har kvar sin måte å utføre arbeid på, nokre gjer ting moderne, andre ikkje. 

Før var det fleire hundret tusen menn og kvinner som arbeidde og fekk inntekter av å fiske i Victoriasjøen. Mange av dei fattige fekk i seg naudsynte protein frå fisk, sidan kjøt var for dyrt. Men britane fekk som kolonimakt kontroll over folk og ressursar. Dei innførde ein ny fiskeart, Nil-abbor, som fekk fangsten til nye høgder. 

Med den nye fisken kom òg nye fiskemetodar og meir moderne og effektive båtar og utstyr. Dette førte til at fleire menneske, spesielt kvinner, mista jobbane sin. Og litt etter litt vart dele av kulturlandskapet langs Nilen vaska bort.

 

I følgje Anders Bryn ved Høgskulen i Hedmark så er estetikk læra om det vakre og skjønne i kunsten. Så estetisk verd vil vere verdet i den vakre naturen og kunsten, og kva det kan tyde for enkelt mennesket. 
Det estetiske verdet langs Nilen kan vere bygningar, monument eller ting som fortel ei historie, og gjenstandar som tek oss med på ei ferd til tidlegare århundre. Men det kan òg vere så enkelt som "kvardags landskap." Stader ein ser kvar dag, som er ein del av dagens gjeremål.
Jordbruksområde langs Nilen er eit vakkert syn som fortel om historia og kulturen i landa. På grunn av dette er det mange som ynskjer at kvardags landskapet skal takast omsyn til.

 

Men den estetiske kulturen, med tanke på jordbruk, blir meir og meir øydelagt av globaliseringa. Nyare ting blir teke i bruk som går utover landemerke og naturen og det biologiske mangfaldet.

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Tempel langs Nilen i Sudan – Til dømes for estetisk verdi

 

Økonomiske verd er noko som er verd ein sum pengar. Difor er dei økonomiske verda langs Nilen jordbruk, for det er ein stor intektskjelde for dei som driv med det. Nokre fiskar, andre regulerer vatn og held elektrisiteten i gang. Men økonomiske verd kan òg vere investeringar i til dømes ein bygning, noko som kan seljast og blir tent på. 

Ut i frå informasjon om kulturlandskap og naturlandskap ser vi at det er ein nedgang blant dei økonomiske verda. Jordbruk er vanskeleg for dei får ikkje vatnet dei treng, og slamma som vatnet fører med seg blir lagra i demningane. Som igjen fører til dårlegare avlingar på grunn av mangel på viktige næringssalter. 
Andre økonomiske verd som har både ein framgang og nedgang er fiske. Ja, fiskemetodane blir meir moderne som gjer at det blir meir effektiv fiske. Men det er for effektiv fiske og for mange som fiskar i Victoriasjøen at det er overfiske. Det fører til at det verdet vil minske.

 

I følgje hefta vi har fått så har globaliseringen i Aust-Afrika voldt problem slike som øydelegging av kultur og natur. Sidan det er så store konfliktar om vatnet i Nilen mellom landa, så blir meir og meir av vatnet lagt i rør og i demningar. Dette øydelegg naturlandskapet og gjer skade for det biologiske mangfaldet. For ikkje å gløyme at britane innførte den nye arta "Nil-abbor" som ikkje var vant til den typen miljøforhold. Dette gjekk ut over dei naturlege fiskeartane som allereie var i Nilen og i Victoriasjøen.

 

Problema globaliseringen fører med seg kan løysast, ut ifrå det som står i heftet vi har fått, med samarbeid. Dei ulike landa som er brukt som døme i heftet, har hatt kvar sin metode for vatnpumper og vatndemingar osv. Men ingen av dei har fungert på ein rettferdig måte. Det har oftast enda opp med å vere mest vatn til dei rike og lite eller ikkje noe til dei fattige. Og det som har vist seg å fungere er samarbeid og koordinering mellom private, offentlege og frivillige. Ifølgje heftet har byen Recife i Nord-Brasil fått det veldig godt til med samarbeid. Der har borgarmeisteren avgjort at det ikkje skulle vere privatisering, men vere demokratisk eller "sosial kontroll" for å tilfredsstille levering og drift. Og dei fekk pengar for å utføre planane. 


 

Med stor hjelp av folkesetnaden i byen klarte dei å nå ut med vatn til nestan 80% av husstandane og tilgjengelegheiten med nestan 100% for vatnlevering døgnet rundt. Alle som deltek blir eit medlem og har ei stemme i val av styremedlemmar. Dermed får dei sagt meiningane sine om kor det trengs sanitærtenester og kor det er naudsynt med vatn. Og prisen er låg, slik at alle har råd til å betale for tenesta, etter sitt eige forbruk.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

Etiopia

Det kan vere vanskeleg for landa i Aust-Afrika å bruke andre land som døme. Sidan folkesetnaden i eit land ofte brukar etnosentriske, som vil seie å bruke eigen kultur som målestokk for andre kulturar og tenkjer på eigen kultur som best. Det kan føre til at det vil vere vanskeleg å sjå kva som er gale og ikkje fungerande i sin eigen kultur. I tillegg er det mange land som helst vil vere uavhengige av andre, og difor vel å finne nye metodar sjølv.

 

Det vi andre kan gjere er kulturrelativisme. Det vil seie å prøve og forstå ein annan kultur ut ifrå eigne føresetnader, som er ein verdinøytral metode. Altså at vi prøver å setje oss inn i dei andre kulturane som er, og faktisk prøve å forstå dei. Det kan virke trugande å kome inn i ein ny kultur og prøve å innføre sine eigne metodar. Vi vil få meir forståing og respekt viss vi prøver å hjelpe dei, på ein slik måte som dei forstår, ved å gjere ting på måtane deira og sjå kva som treng ein forbetring. Utan at vi gjer det til vårt eige

 

Vi kjem kanskje frå vestlege land som har nok av det vi treng i tillegg til mykje meir enn det. Men likevel kan ikkje vi kome inn med fordomar om at vi har det så mykje betre enn dei. Dei har kulturen sin, måtane deira å gjere ting på, vi har våre. Dette er ting som skil land frå land, sjølvom det ofte er fleirkulturell i land, som fleire religionar og innvandring til andre land. Det fører til at kulturar blir blanda og eit land får litt herfrå og litt derfrå. Men det som då er viktig er å prøve å halde på det som var der frå før. Det er heilt greitt med teknologisk utvikling, berre det ikkje øydelegg eit land på ein måte slik at arbeidarar mistar jobben sin. Det gjelder å halde på det gamle samstundes som ein tek imot det nye.

 

Berekraftig utvikling er ei utvikling som tilfredsstiller behova til generasjonane i dag utan at det går på rekning av framtidige generasjonar sine høve for å tilfredsstille behova sine. Enkelt sagt; vi brukar det vi må for å tilfredsstille flest moglege, og resten sparar vi slik at dei som kjem etter oss har noko å byrje med. På den måten har ikkje folk for mykje no og for lite seinare. Og berekraftig utvikling har to hovudområder, fattigdomsproblem og miljøproblem.

 

Berekraftig utvikling er til det bestet for menneska og skaparverket sidan det er viktig å ta omsyn til dei som kjem etter. 
I Dei ti bod er det femte bodet "Du skal ikkje slå i hel" (2 Mos 20,13), det vernar om menneskelivet. Det vil seie at vi som menneske, skal ikkje berre tenkja på oss sjølv. Om vi gjer noko no tyder ikkje det naudsynlegvis at det vil skade nokre i dag. Men på langsikt kan det skade og i vondaste falla drepe menneske. Til dømes kan vi tenkja oss dei som fiskar i Victoriasjøen. Dei driv med overfiske og då blir det ikkje mykje fisk igjen til dei andre. Det vil kanskje ikkje føre til noko der og då, men på langsikt kan mange menneske miste livet på grunn av matmangel.

 

Eller viss nokre driv med oljeutvinning, så kan det sleppe ut giftige gassar ut i atmosfæren. Det kan skade dei menneska som bur i nærleiken. Kanskje ikkje i næraste framtida, men seinare, nokre år etter kan mange missa livet på grunn av desse gassane. 
Altså kan bodet om at ein ikkje skal slå i hel ikkje gå på drap der og då, men i seinare tid vil det kanskje skade mange.

 

Dette bodet er relevant til berekraftig utvikling sidan det handlar om å tenkja på framtida og dei menneska som kjem og er då. Det lærer oss at vi ikkje må tenkja berre på oss sjølv og korleis vi vil ha det, men òg på framtida. Så det vil eigentleg seie at viss alle følgde Dei ti bod, ville vi hatt ei berekraftig utvikling. 


 

Ved å forureine vatn vil det vere eit problem både for menneske, som mistar reint drikkevatn og for naturen. Det vil skade det biologiske mangfaldet, og det vil gå ut over Gud sin skaping. Gud skapte jorda og mennesket i sitt biletet. Det vil seie at i auga hans er vi alle like mykje verd. Og Gud skapte jorda og himmelen slik han ville ha det. Men viss vi kjem og øydelegg det, er ikkje dette ei positiv utvikling.
I berekraftig utvikling må det finnast ein balanse, vi skal tenkja på fattigdom og miljø. Viss vi hogg ned masse tre, må vi plante nye for at det skal gjere opp for det tapte.

 

I Bergpreika (Matt 5, 1-12) står det om Jesus som talte til disiplane sine. Der står det om dei ulike prøvelsane eit menneske kan kome ovanfor og korleis dette skal løne dei i trua deira. "Salige er dei som er fattige i ånda si, for himmelriket er deira" (vers 3) lovar at dei som er tru mot Gud skal påskjøne når enden deira kjem. Verset vernar litt om mennesket, og lovar at det vil gå bra til slutt. 
"Salige er dei som hungrar og tørstar etter rettferda, for dei skal mettast." (vers 6) ser fram mot dommedagen der alle skal dømmast. Verda er urettferdig, og dette verset fortel at dei som har vorte urettferdig handsama vil få rettferda si.

 

Ei berekraftig utvikling er det bestet for mennesket og skapinga fordi det vil få oss til å tenkja på framtida og korleis vi vil at han skal vere for dei som kjem etter oss. Det er viktig å spare til andre og ikkje berre tenkja på korleis vi kan ha det best no.
Med ei berekraftig utvikling i tilhøve til kristen etikk vil det si å følgje det femte bodet om å ikkje slå i hel, og tenkja på Gud sin skaping og korleis handlingane våre påverkar naturen. Vi må òg tenkja på at mennesket er skapt i Guds bilete, det vil seie at vi alle tyder like mykje, ingen tyder meir enn andre.

 

Globaliseringen i Aust-Afrika fører til øydelegging av kulturen og naturen på grunn av mangel på samarbeid mellom landa. Eg kan konkludere med at samarbeid mellom landa, private, offentlege og frivillige vil vere det bestet. Då vil dei kanskje kome til ei semje som vil vere rettferdig for alle. 
Ved å gjere dette vil dei ta vare på etniske verd og dessutan økonomiske. Dette vil gjere landa godt med fin og naturleg natur, kultur og friske menneske.

 

Kjelder for tekst:

Natur- og kulturlandskap URL : http://www.feste.no/artikkel/les/33/2_Natur-+og+kulturlandskap/

Estetisk og økonomisk verd URL: http://www.kulturlandskap.net/fagartikler.aspx?id=568572

Berekraftig utvikling URL: http://www.basics.no/index.php?id=40

Tekstane i heftet er hente frå boka; Kvinner, liv og vann. En studie- og debattbok frå Internasjonal kvinneliga for fred og frihet (IKFF). Boka er frå 2009. Karin Aanes og Edel Havin Beukes er redaktørar for boka

Nettbibelen URL: http://www.bibel.no/sitecore/content/Home/Hovedmeny/Nettbibelen.aspx

Nynorsk Ordliste, utgåve 10, skrevet av A. Hellevik, K. Skadberg og A. Søyland i 2005. Utgivelses selskapet: Det Norsk Samlaget

Bibelen 2. opplag 2008. Det Norske bibelselskapet. Det gamle testamente 1978/85 og Det nye testamente 2005.

Wikipedia.com – søk på begreper som irrigasjon, kulturrelativisme, estetisk verdi.

For hjelp med nynorsk. URL: http://www.apertium.org/index.php?id=translatetext

Link til BILDER

http://www.kirkensnodhjelp.no/Arbeidet-vart/Resultater/Resultater/rent-vann-til-11-millioner-etiopiere/ - gutt

http://ndla.no/nb/node/11386 – aswandemningen

http://gamle.levanger.kommune.no/nytt/vennskapskommuner/kenya/2006/061102_tur_til_kenya.htm – fiskarar i Kenya.

http://whc.unesco.org/en/list/1073 – Tempel langs Nilen i Sudan




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish