Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Er matpakka nødvendig?Skriv ut Utskrift

Stilen handlar om matpakka faktisk er så viktig som dei fleste hevdar.

Innlevering i VG1 norsk sidemål.

Nynorsk - ArtikkelForfatter:



Majoriteten av den norske befolkninga assosierer naturleg matpakka med eit par brødskiver ein smørar heime og tek med seg til skulen, jobben eller kor enn det måtte vere. Matpakka pakkast anten i ein matboks, aluminiumsfolie eller gråpapir, og mellom skivene leggjast som regel mellomleggspapir. I tillegg lagar ein gjerne litt plass til eit par agurk- eller paprikabitar som er pakka inn i plastfolie. Diverre er det ikkje lenger alle som held denne gamle matpakketradisjonen «ved like», og spesielt i den yngre generasjonen er det fleire ungdomar i den norske vidaregåande skulen som ikkje lenger tek med seg matpakke heimanfrå til skulen. I denne artikkelen skal eg ta for meg om matpakka er viktig eller ikkje.

 

Dei fleste norske vidaregåande skulane har anten eit kantinetilbod elevane kan nytte seg av, eller så ligg skulane som oftast i nærleiken av ein matbutikk eller ein kiosk. I kantinene på skulane er som oftast pizza, kveitebollar og fine bagettar med ost og skinke dei mest populære matvarane, medan kioskane gjerne freistar med frityrsteikt mat og sukkerhaldige drikkar. Spørsmåla ein dermed burde stille seg er om det er ei negativ utvikling at fleire og fleire vel å få i seg maten på denne måten i løpet av dagen, enn på den tradisjonelle måten?

 

I følgje ein artikkel som er skrive på nettstaden lommelegen.no i januar i år, er omtrent ti prosent av alle 15-åringane i Oslo overvektige. Dette kan ha ein samanheng med at fleire av ungdomane ikkje orkar å ta seg tid til eller er klar over den økonomiske gevinsten med å ta med seg mat heimanfrå til skulen, og at dei heller vel å bruke pengane sine på usunn mat i kantina eller andre plassar i nærleiken av skulen. Kunne dette ha vore annleis om fokuset på den tradisjonelle, sunne matpakka hadde vore større? Ville fleire av ungdomane ha vore i betre fysisk form om dei hadde hatt meir kunnskap om næringsrik, og ikkje minst billegare mat, som berre tek bitte litt lenger tid å lage?

 

Ofte høyrer vi media fortel om dei dårlege resultata til dei norske skuleelevane, samanlikna med resten av verda. Kan det ha ein samanheng med at kosthaldet blant dei unge er blitt dårlegare i løpet av dei siste åra? Har tilgangen på usunn og næringsfattig mat vore for stor, slik at dette har fått elevane mindre konsentrerte og mindre effektive på skulen? Vil ordentlege og næringsrike matpakker som inneheld mykje frukt og grønt ha mykje å seie for korleis elevane skal kunne klare å meistre dagane sine på skulen?

 

I motsetning til dei elevane som verken et frukost eller har med seg ordentleg matpakke på skulen, er det dei som et begge delane som gjer det best på skulen. Dette er i følgje nettstaden forskning.no prova, der 7500 norske tiendeklassingar har delteke i ei undersøking om akkurat dette. Dei som åt frukost og hadde med seg matpakker på skulen, var dei som fekk dei beste karakterane på skulen.

 

I følgje dinside.no er kunnskap om privatøkonomi blant dei norske ungdomane veldig svak i dag. Dei fleste ser ikkje for seg at det å kjøpe mat ute kvar dag, vil medføre at dei bruker opp pengane sine raskare enn om dei hadde laga maten heime. Hadde ungdomane vore meir opplyst om fordelane med heimelaga mat, hadde truleg dei fleste spart enormt med pengar, noko som ville ha kome både dei og folkehelsa til gode. Likevel er det framleis meir lettvint og tidsparande å kjøpe mat ute, og den maten meiner enkelte ungdomar smakar betre enn «kjedeleg» heimelaga mat.

 

Når det ikkje lenger er slik at majoriteten av befolkninga ikkje assosierer ei tradisjonell matpakke med det ho er, vil det fort gå ut over folkehelsa. Økt overvekt og feitleik vil vere eit stort problem blant ungdomane, og særleg dei som nesten aldri et heimelaga mat. Hadde myndigheitene fokusert meir på å gi dei yngre informasjon om sunnare mat, ville fleire truleg ha vore i betre fysisk form, sjølv om den fysiske aktiviteten også er viktig. Når forskarar har funne ut at det å ete frukost og ei god matpakke er vegen mot gode resultat på skulen, er det openbart at dette er viktig. Den yngre og den eldre generasjonen må berre vere ordentleg opplyste om kor viktig den gode, sunne og heimelaga matpakka er!

 

Kjelder:

http://www.lommelegen.no/artikkel/ung-og-tung

http://www.forskning.no/artikler/2006/november/1163411565.21

http://www.dinside.no/509890/ungdommer-svake-i-privatokonomi




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish