Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
SlenderSkriv ut Utskrift

En marerittfortelling på sidemål.

Skrevet i 10. klasse.

Nynorsk - FortellingForfatter:



Kulde. Det er kaldt. Eg dekker kinna mine med dei blodraude henda. Dei er varme, men eg frys. Frys til døde. Det er innvendig, som om all glede, alle tankar og alle kjensler er teke frå meg, og som om alt som finst er skuggelagt og tåkete. Uklart.

 

Skog. Over alt kor eg ser er det uendelege avstandane med djup, svart skog. Eg står stille, med den eine foten på ein tjukk fururot, og ser meg omkring. Stikkande kratt og faretrugande lyder i alle retningar. Det er ingen veg ut. Finst ingen måte å kome seg unna på. Vekk. Vekk frå den uovervinnelege vondskapen som lever i mørket. Lever på livsgleden til sine offer. Vondskapen som tærer seg gjennom alt du er, til alt som er igjen er like trist og meiningslaust som måneskin over ein kyrkjegard.

Rytme. Kva er det eigenleg? Regelmessige hendingar, lydar og rørsler. Vinden som glir stille forbi alt han møter. Blåsar forbi, og etterlèt høge sukk ved det han rører. Vinden er der alltid. Er det ein rytme? Eg lyttar. Hjartet slår så skarpt at det nestan gjer vondt innvendig. Man skal høyre hjarterytmen når ein har laupt for livet. Frå noko, til inkje. Beina følast tunge, som bøtter under vatn. Eg står stille, pustar tungt, prøver å tenkja klårt, ser meg omkring.

 

Vondskapen. Eg er heilt sikker: han følgjer etter meg. Kjensla av ubehag har forfølgt meg sidan eg møtte han for første gong. Det føles som ein æve sidan. Eg trur berre det er eit par dagar, men eg har ikkje fått sove eit augneblunk sidan møtet. Eg sto og stirte inn i skogen. På veg heim frå skulen; det var midt på dagen, og sola lyste men skogen var svart som natta. Det kom eit vindkast, og eg følte ein trong til å sjå mot skogen. Inn mellom trea. Ein skapnad kom til syne og øyrane vart fylla med dei verste skrik. Skapnaden var høg og smal, nestan som eit lite tre, og han var mørk. Eg stirte ned på beina. To langdregne bein strekte seg ned frå kroppen. Armane var vondare å telje: kanskje seks, kanskje seksten. Strekte seg fleire meter ut til sidan, og bukta seg i lufta som slimete tentaklar. Eg sperra opp auga då eg klarte å identifisere kledningen. Han hadde på seg ein lang sort dressjakke, og eit raudt slips. Eg kjende frysningar nedover ryggen, som ein elektrisk puls frå auga, heilt ned i tåspissane inni dei nye borrelås-skoa. Så flytta eg blikket mitt sakte oppover. Ordet ansikt kan ikkje brukast på nokon måte i skildringa av det eg så. Det var eit kvitt lekam på toppen av det mest fryktelege eg nokon gong hadde sett. Spreidde eit dystert ljos nedover trestammene han gøymde seg bak. Så, ved eit glimt av skarpt ljos vart han borte.

 

Skurr. Ordet som skildrar korleis eg har følt meg i det siste. Som når TV-en mottek dårleg signal. Uklarheit inni hovudet. Alt blir meir og meir tåkete, og det skurrar. Smerta er ikkje til å halde ut lengjer. Eg freistar å skrike, men alt eg får fram er ein tørr, hås kviskre-lyd som ber om hjelp. Eg gjev opp, no kan han ta meg. Eg har visst det. Visst at det ikkje finst håp, og at det ikkje er nokon utveg. Kanskje det berre er ein vond draum. Eit mareritt. Eg veit at eg var nøydd til å gå tilbake til skogen. Smerte, søvnløyse netter og hallusinasjonar. Det vil aldri stoppe. Vondskapen som prøver å røve livet mitt rundt kvart hjørne, det vil aldri ta slutt. Det er sånn det er med vondskap.

Stille. Eg held meg i ro, pustar, står med den eine foten på ein tjukk fururot. Strekkjer ut armane og spreier fingrane. Håret blir løfta med eit vindkast. Eg lukkar auga, og det blir følt som om alt rundt med blir borte. Eg har ingen auge å opne, ingen armar å strekkje, ingen ting i verda. Ingen lyder. Eg svevar i ei mørk sky som forlèt medvitet. Så høyrer eg eit skrik. Det grufulle skriket til eit barn som blir drepe nådelaust. Det er eg som skrik. Eg kjenner kvister vekse seg rundt livet mitt. Eg kjenner tentaklar åle seg rundt meg og halde fast i skjela mi. Så blir eg kvelt. Det er over no. No er det slutt.


                                                     *


Myten om Slender stammar frå århundre tilbake i tid. Viss du ynskjer å sjå litt nærmare på kva Slender går ut på, kan du få eit godt inblikk her:

http://creepypasta.wikia.com/wiki/The_Slender_Man




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish