Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
SjølvopptattheitSkriv ut Utskrift

Skrevet på nynorsk som andrespråk.

Karakter: 5

Nynorsk - EssayForfatter: Anonym



Da eg skulle skrive eit essay om sjølvopptattheit, kom eg til å tenkja på eit par personlige ting som har skjedd i livet mitt. Sjølvopptattheit. Kva er eigentleg sjølvopptattheit?

 

Eg meiner at dei fleste kan sei seg einige i at man kan beskrive sjølvopptattheit som alle tenkjer på seg, det er bare eg som tenkjar på meg. Eg har hatt fleire opplevelsar om akkurat dette temaet, blant anne på fotballbanen. Alle som likar å sjå på fotball kan seie at fotball er ein lagsport, men dei er heilt på jordet. Hadde dei bare visst. Du springar opp mot målet og er heilt ledig for ei passing du bare kan nikke inn i mål. Men får du ballen? Nei, sjølvsagt ikkje. Han der sjølvutpekte kantspelaren tenkjar at han vil heller drible heile laget og skåre sjølv. Dette førar jo til at han mistar ballen og du står der å begynnar å skjelle han ut.

 

Sjølv om eg har litt problema med å innrømme det, kan vel eg seie meg skyldig i å være litt sjølvopptatt eg og. Viss ein klassekamerat har gløymd matpakka si og spør meg om han kan låne litt pengar til kantina, har eg veldig lett for bare å sei nei og gå kjøpa meg meir mat enn eg eigentlig treng. Inga er perfekte vel?

 

Noko som irriterer meg, er folk som ikkje gidd å låne meg heimeleksa si for at eg kan få skriva av. Dei er så opphengt i at dei har skrivi verdas beste heimelekse, og nektar å tenkje på at andre kan ha nytte av å kunne få skriva den av. Alt du høyrar er bare ”Å, men kva viss læraren finn ut at me har nesten lik lekse? Då ser ikkje læraren at det er eg som er best?” Kvalmt syntest eg.

 

Ein ting eg ikkje har nemnd enda, er folk som er så opptekne av sitt eige utsende at dei ikkje lenger tenkjar på noko anna. Normale folk hadde heilt sikkert komplimentert den nye jakka di, eller at du har farga håret, mens sjølvopptatte folk berre begynnar å le og seie at det ser stygt ut. Likevell, når dei går heim, tenkjar dei at dei berre må skaffa seg den jakka. Det er litt synd i dei, men måten dei oppføra seg på gjer at eg ikkje kunne brydd meg mindre om dei.

 

Eg trur at sannheita bak sjølvopptattheit er at folk er usikre på seg sjølv. Personlegheiten sin, eller korleis dei ser ut. I dagens samfunn er det for mange ungdommar viktig å passe inn og at dei ser bra ut, ikkje berre for det motsette kjønn, men også for sine eigne vennar. Sjølv om mange vaksne meiner at dette er heilt idiotisk, er det slik det fungera. Ingen vil skilje seg ut. Alle vil sjå bra ut. Dette er den harde verkelegheita. Når ungdommane blir eldre, skjønnar dei at dei treng meir oppmerksamheit og dei begynn å skilje seg meir og meir ut for å oppnå dette.

 

Når eg blir stor, kan eg kanskje prøve å utrydde all sjølvopptattheit. Eg kan bli forskar, og forske på ein slags medisin som får folk te å opna auga sine og begynna å sjå på andre som sine like. Sjølv om dette er ein urealistisk tanke, er det jo fint å kunne drømme.

 

Eg har gått litt fram og tilbake, men nå som eg har fått sagt alt eg hadde på hjerte om sjølvopptattheit, føler eg at oppgåva er ferdig og eg kan ta meg den friheiten til å hive beina på bordet og sei oppgåve fullført.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish