Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Vinteren som aldri blir gløymt..Skriv ut Utskrift

Fortelling om noen ungdommer som reiser på hyttetur.

Skrevet i 9. klasse. Hvilken karakter ville du gitt?

Nynorsk - FortellingForfatter: Anonym



Det var vinteren 2011, sola skein og steikte i snøen. Det var då vennegjengen Petter, Ole og Simen bestemte seg for å dra av garde på fjelltur til Hovden.

 

Dei hadde vore venner sidan barnehagen og no gjekk dei i 10 klasse og hadde lyst til å dra på fjelltur. Foreldra til Simen hadde ei hytta på Hovden som dei skulle bu i. Hytta var ganske ny, så dei måtte passe godt på den.

 

Dei starta med å pakka det dei skulle ha med seg , dei måtte pakke godt med ullklede for det var veldig kaldt der oppe! Etter at dei var ferdige med pakkinga skulle dei ta ein buss som gjekk frå Haugesund til Hovden.

 

Foreldra til Simen køyrde alle tre ned til bussterminalen. “Kos dykk og ver forsiktige, Sa mor til simen “ “Simen svara: ja med er 16 år, så slapp av!”

 

Bussen kom til terminalen og dei kasta bagasjen i bagasjerommet.“ Kor skal dykk? Spurde bussjåføren.” Petter sa: Hovden” “ Då blir det 306 kroner takk svara bussjåføren”. Når dei var ferdig med betalinga gjekk dei og satt seg ned i bussen. Bussføraren snakka i mikrofon og bedde alle om å ta på sikkerheitsbelte, det er påbydt.

 

Endelig køyrde bussen, når dei var kommen til Etne snøa det tett i tett og vegen var heilt kvit. Alle tre falt djupt i søvn på bussen, Men lenge sov det ikkje før det sa PANG!! Bussen hadde sklid ut av den glatte vegen, rett i grøfta. Alle tre vakna og trudde ikkje sine egne auger. Bussen låg på halvlotta i grøfta. Politi, Brannvesen, Ambulanse, og falken var straks på staden og fekk ordna opp i ulykka. Falken måtte dra bussen opp frå grøfta. Alle passasjerane i bussen var heilt uskadd.

 

Alle blei henta av ny buss og var på vegen igjen før dei visste ordet av det. Dei var ein liten time i frå hovden, så no var det god stemning på bussen.

 

No var dei endeleg komme fram til Hovden. Det var begynt og halvmørkna og det var 10- grader ute. Dei fleste så har hytte med hovden har ein snøscooter som dei brukar når dei skal på hytta. Det var som oftast bale og komme seg opp til hytta når det var fleire meter med snø.

 

Det var ein fellesgarasje for alle som hadde hytta i område, der dei kunne parkere biler eller snøscootera. Dei gjekk bort for å låse opp garasjen og hente snøscooteren. Dei starta å pakka tinga i ein tilhengar, deretter starta Simen snøscooteren, Ole og Petter satt seg på. “Er alle klare? Spurde simen. “JAAA !! Svara dei”.

 

Simen køyrte så snøen spruta. Då dei var framme ved hyttefeltet måtte dei starta med å måka vekk all snøen så dei kunne komme seg inn i hytta. Det var tungt å måke etter ein lang reise.

 

Då dei kom inn i hytta var det kaldt som is. Foreldra til Simen hadde gløymt å sette på omnane etter sist gong dei reiste der i frå. Det fyrste dei gjorde var å sette på alle elektriske omnar og fyrste i peisen. Etter ei stund gløda peisen og varma godt opp i hytta.

 

No var dei svoltne som ulvar og satt pizza i omnen. Dei venta ei stund før dei tok pizzaen ut av omnen. No var den endelig ferdig og dei spiste som om dei aldri har fått mat før.

 

Då dei var ferdig å eta gjekk dei å la seg, dei falt djupt i søvn og sine egne draumar!

 

Ole låg vaken og tenkte på at han hadde merka at dei gløymte og skru av omnen. “Han tenkte seg om kva han skulle gjer. Han bestemte seg for å ikkje gjere noko med det ,for det var ikkje hans feil at Simen gløymte å skru av omnen tenkte han”.

 

Han trekte dyna godt over seg, han la seg gått ned på puta og lukka augene sakte igjen, han sovna til slutt.

 

Plutselig halvvakna han av at det var ei vond lukt og tungt å puste. Han vakna brått etter stund, Det var brannalarmen som ulte som eit spøkelse.

 

“Kva skal eg gjere? Tenkte han” Dei to andre låg på loftet og han låg i fyrste etasje. Han sprang opp for å vekkja dei! “DYKK MÅ STÅ OPP ,BRANNALARMEN GÅR!!! ROPTE HAN “

 

Dei vakna også brått og hoppa raskt i kleda og sprang ned for å sjå kva som gjekk føre seg! Simen tok med brannsløkkingsapparatet bort til kjøkenet. Der såg han det, det var omnen , den stod i full fyr, han spylte på med væske frå brannsløkkingsapparatet. Heldigvis så slunkkna flammen, men kva i alle dagar ville foreldra seia?...

 

 

Simen ringte dei og fortalde kva som hadde hendt. Foreldra heiv seg i bilen utan eit nøl. Dei køyrde fortare enn lynet. Dei var framme etter to og ein halv time etter å ha råkøyrd opp gjennom til Hovden.

 

Dei kan vera glade at ikkje blei stoppa av politiet. Dei sprang inn og spurte om det gjekk bra med alle? “Dei svara ja” “er dykk sinte? spurde Simen” Vi er ikkje akkurat sinte, vi er bare utrulig skuffa over at du gløymte å skru av omen, svara foreldra “

 

No kan vi kose oss saman på hytta så i morgon kan dykk gå å stå på slalåmski i morgon. Alle gjekk å la seg igjen, det var jo trossalt mitt på den svartaste natta og klokken var 03:00.

 

Etter litt søvn, vakna dei av at sola skein gjennom gardina ned på ansiktet deira. Dei stod opp og kledde på seg, mens dei kjende lukta av nysteika rundstykke og egg. Far og mor til Simen hadde stått opp tidligare enn fuglane og laga til god frukost til gutane. Ho hadde til og med lagt til sekkane deira med varm kakao på termos som dei skulle ha med seg i skitrekket.

 

Gutane var klare til å ete og få i seg litt mat før dei skulle fere opp til skitrekket. “Skal vi gå no? Spurde Ole. “JAA det gjer me, svara dei andre”. Faren til Simen køyrde dei opp til skitrekk. Gutane klarte nesten ikkje å venta til dei framme, dei gleda seg så mykje! Då dei var framme, sprang dei opp til kiosken å kjøpte heiskort.

 

Alle tre satt i stolheisen på vei opp til den brattaste bakken før dei visste ordet av det. Då dei var på toppen nøyt dei livet og utsikten, det var eit fantastisk syn å sjå utover dei andre fjelltoppane.

 

Dei kjørte ned bakken fleire gonger og opp igjen med stolheisen. Sola skein ned i snøen, så snøen glinsa. I 17:00 tida var dei trøtte og slitne og mørket begynte og snika seg sakte fram over himmelen. Dei ringte far til Simen. Han henta dei og køyrde dei tilbake til hytta.

 

Mor til Simen hadde laga taco, med eitt dei gjekk inn døra i hytta storma lukta av taco mot dei. Mor til Simen hadde dekka fint på bordet, no kunne alle forsyna seg, alle samen var svoltne som bjørnar.

 

Etter dei hadde ete, såg dei ein kjekk film saman. Dei koste seg også med chips, brus og sjokolade. Heile gjengen sovna strekt ut i sofaen attmed TVEN.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish