Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Språkmektig - bra eller ikkje så bra?Skriv ut Utskrift

Et kåseri om språkene i skolen. Vil gjerne høre tilbakemelding og hva som er en verdig karakter. JA, er klar over at nynorsk grammatikk ikke stemmer helt.

Skrevet på tentamen i 10. klasse.

Nynorsk - KåseriForfatter: Anonym



I løpet av ein dag på skulen, skal eg kunne utrykke meg på 3 språk i tillegg til hovudmålet mitt. Anar du kor morosamt det eigentlig er? Det startar med «Ich heisse» i tysk- tima, etterfølgt av «My name is» i engelsken, og seinare på dagen, i den elskverdige nynorsk-tima, skal eg plutseleg slå om til «Eg heitar»! Klart eg blir eit språkgeni, men treng vi verkeleg alle desse språka? Eller er det bare høyst unødvendig?

 

Eg forundrar meg litt, når eg sitt i tysk tima. Reflekterer over korleis «Sie ist nett» kan hjelpe meg vidare i verda, korleis desse udugelege timane kan gjere nytte for seg. Klart det kan være ein fordel når du dreg til Tyskland. Du kan vise fram ditt svært så «mektige» vokabular i språket. Truleg, og basert på eigne erfaringar, vil tyskaren foreslå at samtalen går på engelsk uansett. Så nyttesløst er tysk.

 

Kanskje vi ikkje har så mykje bruk for tysken da, men kva med engelsken? Engelsk er eit språk du berre lærar deg, enten du vil eller ikkje. Songane på radioen, dei spennande seriane på TV- alt er på engelsk. Dette gjer også at dei engelske ordane blir flittig brukt, i alle slags settingar. For å være «in» må du også kunne formulera deg godt, og helst med dei engelske orda. «Korleis går det» er ein dårleg formulering, det er tøffare med «whatzup», right? Det høyres meir «cool» ut. Kjærleikserklæringar no til dags, blir også formulert på engelsk. «I love u» også forkorta «ilu», høyres mykje betre ut enn eg elskar deg, og er dessutan meir likt måta skodespelarane i dei amerikanske filmane dediserer sin kjærleik til kvarandre. Så alt i alt, er vel engelsken ganske nyttig. Vi kan kommunisera med verda utafor, og attpåtil høyres ut som hovudpersonane i dei amerikanske såpeseriane. Det er noko eg vil kalle ein typisk vinn-vinn situasjon.

 

Sjølv om engelsken er viktig for oss, kan den konkurrere ut norsk? Det er tydeleg at språket vårt til stadigheit blir krydra med engelske ord, og det internasjonale språket meir eller mindre okkuperer daglegtala vår. For å være dønn ærleg, snakkar eg ein shabby blanding av norsk-engelsk, og meiner at eg høyres akkurat ut som andre 15-åringar i Noreg. Derfor er det vel meir nødvendig å sette fleire norsktimar opp på planen. Vi nordmenn treng norsk, slik det alltid har vore. Slik vil det alltid være.

 

Så var det nynorsken da. I dag, på sjølve nynorsktentamen har eg sitt i minst ein time berre tenkt på kor lite fornuftig det er å ha nynorsk. Eigentlig burde eg ha utlevert ein rekke kronargumenter imot nynorsken, men det har eg ikkje. Ikkje anna enn at det gjer meg utroleg språkforvirra! Bokmål held i massevis for meg, og det burde det gjere for resta av den norske befolkninga også. Dessverre var det visst ein mann for lenge sida, som bestemte seg for ikkje bry seg om stakkars meg. Ivar Aasen, takk skal du ha. Derfor sitt eg her og skriv. Ventar på at visaren står på 1, da eg slavisk kan gå ut å nyte friheita mi, og ta ein velfortent pause frå både tysk, bokmål engelsk og nynorsk.

 

Noko av språka kunne eg heilt klart vært forutan. Men vi har ulike behov og interesser. Eg veit om mange som likar å lære nye språk, og synast at det er spennande. Men «whatever». Sjølv om det er gøy for nokon mens keisamt for andre, er det verkeleg nødvendig?




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish