Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Kvinner i middelalderenSkriv ut Utskrift
Litt om korleis samfunnet behandla kvinnene i middelalderen.
Nynorsk - TemaoppgaveForfatter:



Korleis var kvinna si kvardag i middelalderen?
Korleis var stillinga hennar innanfor ekteskapet, og korleis såg samfunnet på kvinna?


Samfunnsbiletet forandra seg drastisk fleire gonger i løpet av middelalderen. Frå store mengder gamalt tankegods til økonomiske nydanningar har påverka kvinna. Stengde vegar har vorte opna, og umoglege løysingar har vorte løyste opp gjennom tida. Men ein må rekne med at lovar og praksis sprikte ganske mykje i denne tidsepoken.

Situasjonen for kvinnene i Europa endra seg i takt med industrialiseringa, som fyrst tok til då middelalderen hadde vore erklært død og makteslaus i mange år.

Kvinners historie frå eldre tid har vorte forska lenge på – både om kår og roller. Sidan det er så få faktatekstar om kviner frå denne tidsepoken, kan me ikkje seie heilt sikkert at mønsteret og heilheten stemmer med slik det var. Men det som forskarar hittil har kome fram til, er nok knapt byrjinga på ei lang historie om kvinnas kamp om likestilling. Både mot samfunnet, kyrkja og den mannsdominerte verda.

Kvinnas kvardag på tidlege middelalderen var hovudsakleg innanfor heimens fire veggar. Rettare sagt; innanfor gardens grenser og slektas verd. Her laga dei mat og klede, hadde ansvar for born og husdyr, var med på å så, hauste og treskje korn.


På 1000-talet var kvinna mykje med på gardsarbeidet, men det var alltid mannen som hadde hovudansvaret der. Det var ikkje uvanleg at kvinnene var jormødre, ammar, eller tok spinne – og vevarbeid som ekstrainntekt.

I gardsdrifta hadde kvinna sine faste arbeidsoppgåver, like viktige som mennenes. Det er dette som er sentralt gjennom heile middelalderen: Kvinna hadde sitt eiget ansvarsområde i produksjonen, og ho tok òg del i administrasjonen.

Kvinner i Europa - i middelalderen - fram til 1200-talet levde kortare enn menn. Dette var grunna av alt det tunge arbeidet i jordbruket som kvinna måtte gjera, ved sidan av dei mange barnefødslane.

Det var skarpe kontrastar mellom dei ulike stendersamfunna. Bønder, adelsmenn og borgarar hadde kvar sine funksjonar, som òg gjaldt kvinnene blant dei.

Som i mange andre parallelle kulturar, var ekteskapet den viktigaste målestokken me har for å plassere mann og kvinne i forhold til kvarandre. Det er frå ekteskapet som institusjon me får kjennskap om kvinnas rolle i samfunnet. Dette er eit av dei viktigaste kjeldene våre.

Kvinna vart innordna i eit samfunn som bygde på ættene, og ættene vart definert ut frå mannslinja.
I følgje den eldste rettstradisjonen inngjekk ekteskapet som eit regulært kjøp, der kjøpesummen gjekk til familien som ein kompensasjon. Kvinnene hadde få, eller ingen, rettighetar når det gjaldt å disponere gods eller forsvare eigen sak for ein domstol. I eldre tid kunne dessutan hennar eiga ætt sjølv ta på seg å straffe ho om ho var utro mot sin mann. Om ætta ikkje ville dette, kunne husbonden hennar drepe henne.


Etter som det germanske samfunnet kom i kontakt med kristendommen, endra bildet seg gradvis. Gjensidigheten i ekteskapet kom betre fram. Ekteskapet inngjekk som ein kontrakt mellom to parter, og kvinna fekk tilkjent seg arverett. Kjøpesummen for brura vart ei gåve til brura sjølv. Ho oppnådde etterkvart rett til tilsyn med sitt eige gods, sjølv om ho ikkje kunne bruke det utan mannens samtykke. Ho fekk òg rett til å framstå på tinget i eigen sak, utan formyndar. Kvinna var ikkje lengre bare eit passivt pant ved ekteskapshandelen, men også aktiv brubyggjar mellom ættene.

Når det gjaldt skilsmisse, var det ingen sak for mannen og oppnå det, om det var det han ynskte. Men då måtte det vera på grunnlag av barnlaushet eller at kvinna hadde forgått seg på eit vis. Kvinner hadde derimot sjeldan høve til å ta initiativet til det.

I ei gamal lovbok frå middelalderen stod det skriven; Ei kvinne som forlét sin mann, skal kvelast i søyle.
Gjengifte etter skilsmisse var umogleg så lenge den fråskilde partnaren var i live.

Den romerske historieskrivaren Tacitus hevda at kvinnene vart vel anset, og at deira råd vart høyrd. Men kvinnene stod verken fram på tinget, eller spela ledarar på andre vis. Men det var nok enkelte som hadde ein respektert stilling som sannsigerske, med evna til å gje råd i vanskelege situasjonar.
Kvinnene stod likevel under ein manns vern og tilsyn.

Seksuelle overgrep mot kvinner vart strengt straffa. Men det var kvinnas verdi som ”vare” som betinga straffa, og ikkje på grunn av kvinna sjølv. Bøtetakstane ved drap på kvinner var stort sett like høge for både kvinner og menn. Desse takstane varierte med alderen.
I dei nordlegaste stammelovane kosta drapet mest om det var ei jomfru som vart drepen.
(I eit frankisk rett gjeld det kvinner i den fruktbare alderen.)

Det same gjaldt i den romerske tradisjonen, der husherren hadde full rett over sin husstand. Det er ikkje til å nekte for at kristendommen har tilført det antikke kvinnesynet ein ny dimensjon. Kristendommen konsentrerte sin interesse om sjelas frelse. Her var mann og kvinna like, og det var ikkje noko forskjell mellom kjønna.

Ettersom samfunnsordninga vart godtatt, godtok ein også slaveri og standsskilje. I denne samanhengen vart òg kvinna underordna mannen, i pakt med den tradisjonelle samfunnsorden.

I det nye fedalsystemet fekk jentene med seg ein medgift – ”eit heimfølgje” – men elles skulle godset
(jorda og rettighetane som fylgde med) gå mest mogleg samla til ein enkelt arving. Her verkar det som om kvinnas rett vert redusert – på ny. Det vart lagt større vekt på kontroll av bornas ekteskap. Mange yngre søner fekk ikkje gifte seg, og døtrane vart viktigare enn nokon sinne. Dette var nok helst tilfeller i dei meir rike kåra.

PÅ 1100-talet vart det gjort revolusjon på mange område. Den gregorianske stiftelsen omdefinerte engasjementet om ekteskapet. Dei meinte at det var partane sjølve, brud og brudgom, som fritt skulle sei ja eller nei til det livslange partnarskapet. Deira samtykke aleine avgjorde om ekteskapet var gyldig eller ei.

Så lenge ekteskapet var den naturlege avslutninga på barneåra, beheldt foreldra ein dominerande rolle når det gjaldt valet av partnar for borna sine. I alle fall i dei samfunnslaga der eigedom og arv var av nokon tyding.

I seinmiddelalderen var dei ”hemmelege ekteskapa” ganske talrike. Det var et gjensidig ja-ord utveksla i vitnars nærvær, men utan lysing og seremoni. Dei var ulovlege, men gyldige. Kyrkja godkjente dei motvillig, om ikkje andre hindringar – så som nære slektskap – førelåg. Trubadurane var mange i middelalderen. Dei bytta skriveemne frå heltedikting til ein ny, florett poesi med kvinna i sentrum. Her var kvinna diktarens herskerinne, der ho vert forguda.
Var denne diktinga med på å auke kvinnenes sjølvføling i vidare krinsar?

Kvinnene hadde ein lang tradisjon som lesarar. Gjennom heile middelalderen var klostera eit nærliggjande alternativ i staden for ekteskap. I klostera hadde overklassas kvinner god høve til å realisere andre sider ved seg sjølv enn hustrurolla. Ei nonne skulle lese, nokre skreiv bøker, og andre produserte eigne verk som bl.a. Roswitha av Gandersheim.

I enkelte adelskrinsar var kvinnene gjerne lesekyndige i langt høgare grad enn menn.
Når testamentet vart satt opp var det ofte døtrane som fekk husets bokbestand, medan sonen arva resten av garden.

Det var framfor alt bylivet som baud kvinnene nye kår. Bylivet lausgjorde familien frå ætta og fristilde kvinna. Dette skapa nye utfordringar.

Kvinnas kår i byens yrkesliv vart varierande. Eit stort antall var sjølvsagt tjenestekvinner. Men det fantes friare forhold og etterspørselen større. Mange av kvinnene engasjerte seg i handverk. I enkelte bevarte skattelister frå nokre kontinent, har det verte funne spor etter kvinnelege skattytarar.

I 1335 vart det vist at kvinnene som skatta av fast eigendom utgjorde 10 % av samtlege skattytarar. Mange av desse har neppe vore yrkeskvinner, men heller jordegodsbesiddarar.
I enkelte yrke var kvinner i sterk overvekt. Desse vart rekna som typiske kvinneyrke. Det var fyrst og fremst framstilling av tekstilar, sal og produksjon av mat og drikke, og baking. Brygging og skjenking av øl var heller ikkje uvanleg. Spinning vart òg rekna som eit typisk kvinneyrke. Mennene derimot var i overvekt når der gjaldt veving.

I alt hadde kvinnene sitt engasjement innanfor eit stort anntal handverk som; smedar og skomakarar, snekkarar, murarar, glasmeistrar og krukkemakarar. Antaglegvis var òg mange av dei overnemne ”hustruer” og ”enker”.

Handverkarhustruene var aktive med i mannens bedrift, og dei var i stand til å drive den vidare etter mannens død. Jenter kunne opptas som lærlingar, men det var under hustruas oppsyn. Laugene i Paris hadde heller ikkje noko imot å ha kvinnelege medlemmar, og kvinna kunne bli meister. Innan silkeproduksjon var samtlege kvinner.

Men i dei seinare århundra, vart det vanskeleg for kvinna å vinne innpass. Sjølv ei enke som skulle fortsette mannens butikk kunne få problem. Ho kunne gifte seg med svennen, slik at han kunne overta drifta.

Eit yrke me ikkje finn i skattelistene er dei prostituerte. Desse var i stort antall. Dei betalte skatt, men dette vart ikkje bokført. Dei prostituerte kunne òg ha sine eigne samanslutningar – under Maria Magdalenas banner.

Mesteparten av nonneklostera som vart grunnlagde før 1300, kom i hendene på den lågare adelen.
Nonnene var som regel av velstandsfolk, svært ofte adelege.

Mange av prestane i middelalderen hadde eit moderat forhold til det motsette kjønn. Her er eit sitat etter presten R. W. Southern som seier noko om hans syn på kvinnene; ”Å vere i lag med ei kvinne støtt og ikkje ha kroppsleg omgjenge med henne er vanskelegare enn å vekkje opp dei daude. Du klarar ikkje den lettaste av desse to oppgåvene, og så meiner du eg skal tru at du greier den vanskelegaste?”
I den tidlege middelalderen var kvinneklostera få. Men mest betydde dei i det angelsaksiske England, der me finn mange lærde nonner, mektige abbedisser og dyktige misjonærar. Mange av desse var nok kvinner av høgare rang. Den store tilstrauminga av kvinner til klostera tek fyrst til på 1100-talet. Dei vart då så mange at det vart eit problem å skaffe eit livsgrunnlag for alle saman. Dessverre var løysinga å finne saman til eigne regelrette kollektiv – utanom klostera – der dei var meir frie. Desse vart kalla beginene, og desse måtte sjølv skaffe seg til livets opphald. Til forskjell frå klosteras nonner, livde beginene i nær kontakt med samfunnets brede lag. Dei livnærde seg ved handverk, eller dei tagg på gata. Nokre underviste born eller pleia sjuke.

Jomfruidealet, der kvinnene skulle vera uavhengig av mannen, sette spor etter seg i ein vidare omkrins.

Ei type dikting, fabliau`ene var ein grovkorna novelle som dreiv ap med alt og alle. Her fekk òg kvinnene gjennomgå. Ironiske skildringar som ”Ekteskapets fem gleder” levnar ikkje kvinna mykje ære – dei vart skildra som ”tomhjerna, trettekjære, intrigante vesen, som ikkje hadde noko andre tankar i hovudet enn å gjera sin mann til hanrei og sløse bort hans surt ervervede midlar.”

Andre ville heller forsvare kvinna mot slike baktalelsar.

”Me, og heile samfunnet vårt av kannikar, erkjenner at kvinnas vondskap er større enn all ana vondskap i verda, og at der fins ingen harme lik kvinneharmen, og at ormegift og drakegift er mindre farleg for menn enn omgang med kvinner, og difor har me erklært samrøystes, av omsyn til sjelefrelsa vår ikkje mindre enn til den kroppslege helsa og til eigedomane våre, at me ikkje på nokon måte vil ta imot fleire systrer som kan føre oss lengre ut i fortapinga, men vil sky dei liksom giftige dyr.” (Abbed Konrad av Marchtal.)

Mens tidleg i middelalderen hadde underskot på kvinner, var det mange kvinner i middelalderens byar. I tidleg middelalderen var det friaren som måtte ut med kjøpesum, medan i seinmiddelalderen forventa han seg ein medgift.

Bytilværelsen var svært gunstig for kvinnene, så dei livde lengre og vart fleire enn før.
På mange måtar får òg tidas mest religiøse ideal kvinnelege trekk. Dei mest populære helgenar var kvinnelege martyrar frå oldtida. Då må me heller ikkje gløyme den mest populære av alle. Tusen legender om jomfru Maria fortalde om korleis ho gjekk inn i alle livets problem. I denne folkelege versjonen – ein kvinne – og morsskikkelse som vart guddommens fremste representant blant menneska.
Kanskje ho snarare har verka positivt enn negativt inn på kvinnenes sjølvføling?

Europas middelalder var ingen statisk periode. Etter 1450 byrja hekseprosessens tidsalder. Ironisk nok fekk denne namnet ”renessanse” og ”reformasjonstid”.

Kjelder:

- Kvinners kulturhistorie Bind 1, Universitetsforlaget 1985

Internett
- http://thinkquest.org/
- www.womeninworldhistory.com
- Kvasir og AltaVista: Kvinner i middelalderen, The middel ages
- Yahoo: Kvinner internasjonalt



annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish