Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Hamburgarens reiseSkriv ut Utskrift

I denne 6'er oppgaven, skrev jeg detaljert om hvordan og hvor kroppen tar opp næringsstoff.

Merk: Nynorsk

Nynorsk - TemaoppgaveForfatter: Anonym



I denne oppgåva skal eg skrive om kva som skjer i kroppen når ein et ein hamburgar med fult tilbehør.

 

Næringsinnhald
Hamburgar enkel m/ dressing og brød: 12.1 gram protein, 8.2 gram feitt, 27.6 gram karbohydrat
Isbergssalat: 0.8 gram protein, 0.1 gram feitt, 1.5 gram karbohydrat

Munnen
I munnen tyggjar vi hamburgaren til mindre bitar og tunga gjer jobben sin ved å gjere maten enklare å svelgje. I munnen blir det produsert spytt som drep bakteriar og gjer maten blaut.  Spyttet er basisk so det syrlege som er i hamburgaren og salaten blir nøytralisert. Også spaltinga av karbohydrat begynn her.

Karbohydrat er eit næringsstoff som kroppen treng i mange kjemiske reaksjonar i kroppen, altså den skaffar kroppen energi. Karbohydrat er også det einaste næringsstoffet som hjernen tek i bruk.

 Salaten inneheld stivelse, som er eit polysakkarid og enzymet amylase spaltar polysakkarid til disakkarid. Sidan det berre er to seksringar i eit disakkarid samanlikna med polysakkarid, der det er langt fleire, er det lettare å fordøye karbohydratet etter det har vore i munnen. Etter at vi svelger maten går den via matrøyret ned til magesekken.

 

Magesekken
Hamburgaren inneheld mykje kjøtt, og kjøtt inneheld mykje protein. I magesekken byrjar spaltinga av protein. I magesekken blir enzymet pepsin aktivert av saltsyra. Pepsin spaltar proteinet ned til aminosyrer, som er den minste eininga til protein.

Protein er det andre av dei næringsstoffa som gir kroppen energi. Protein blir ikkje lagra i kroppen, men om kroppen verken har feitt eller karbohydrat nyttar han protein som energikjelde. Protein er viktig for kroppens utvikling, den byggjer opp celler og vev. Protein inneheld grunnstoffa karbon, hydrogen og oksygen + nitrogen. Protein kan også innehalde svovel og fosfor.

 

Blandinga av saltsyre, protein og vatn kallar vi magesaft. Vi produserer omtrent to liter magesaft kvar dag. Safta har ein pH-verdi på 1-2, og det er svært surt. Det gjer at det meste av bakteriar blir drepne og at enzymet som blir produsert i munnen sluttar å verke. Om det ikkje hadde vore slimhinner som produserer eit slim så hadde saltsyra etsa hol i magesekken.  Magesekken har også tre muskelag som jobbar med å dele opp maten endå meir.

 

Tolvfingertarmen (den øvre delen til tynntarmen)
Tolvfingertarmen er mellomleddet frå magesekken til tynntarmen. Som namnet seier er tarmen tolv fingra lang. Maten som blir sendt frå magesekken er veldig sur, bukspyttet frå bukspyttkjertelen er basisk og vil nøytralisere blandinga.

 

Det er mykje meir som skjer i tolvfingertarmen. De blir sendt signal til gallablæra, galleblæra tilsett då galle til tarmen. Gallen vil skilje feittet frå resten av maten.

Feitt er det næringsstoffet med høgast energiinnhald. Feitt sin funksjon i kroppen er å lagre energi, varmeisolasjon og støytdemping. Feitt inneheld grunnstoffa karbon, hydrogen og oksygen. Feitt blir danna av glyserol (ein alkohol) og feittsyrer. Vi skil mellom metta og umetta feitt.

Hamburgaren og salaten inneheld både metta og umetta feitt, det betyr at vi får i oss både det sunne og det usunne feittet. Det er mest metta feitt i hamburgar og difor bør vi ikkje ete får mykje av den, då er det fare får hjarte- og karsjukdommar. Når gallen skil feittet kjem enzymet lettare til. Enzymet lipase kjem frå bukspyttet og spaltar feittet til glyserol og forskjellige feittsyrer. Dette er dei minste einingane til feitt og blir då lettare får oss å ta opp i kroppen. Eit annan enzym som kjem i bukspyttet er amylase. Amylase gjer det same som den gjor i munnen- spaltar karbohydrat. Hamburgaren inneheld mykje karbohydrat (26 gram, 4.5 gram av dette var mono- eller disakkarid når ein åt det) no vil det aller meste av disakkarida og polysakkarida bli spalta ned til monosakkarid, som er den minste eininga til karbohydrat. Også proteinet i hamburgaren blir spalta i tolvfingertarmen, enzymet trypsin som også kjem ifrå bukspyttkjertelen spaltar proteinet ned til så kalla «enkle protein» desse enkle proteina består får det meste av aminosyrer og peptider. Bukspytta blir altså nytta til å nøytralisere den sure magesafta og spalte næringsstoffa. Gallen frå galleblæra blir nytta til å skilje feittet frå resten slik at enzymet får tilgang.

 

Tynntarmen
Sjølv om der skjer mykje spalting i tolvfingertarmen, er det fyrst i tynntarmen at spaltinga blir fullførd. Der er mykje enzym i tarmen som spaltar disakkarida til monosakkarid og at dei såkalla «enkle proteina» blir spalta ned til aminosyrer. Feittet vart ferdig spalta i tolvfingertarmen.

 

Men det er ikkje spaltinga som er hovudoppgåva til tynntarmen. Tarmen kan være over fem meter lang, og millionar av små tarmtottar. Det ekstremt store arealet (omtrent like stort som en tennisbane) gjer at det er stor plass til å ta opp næringsstoffa. Aminosyrer og monosakkarid blir tatt direkte opp i blodet mens feittet må gå via lymfeårer (oppgåva til lymfeårer er å transportere feitt rundt om i kroppen). Sidan det er mykje feitt i denne hamburgaren (meir en kva eg treng til å fungere) vil noko av det lagre seg i underhuda, men sidan eg er aktiv slepp eg dette problemet. Kjøttet i hamburgar inneheld alle dei åtte essensielle aminosyrene, så det slepp eg også å bekymre meg får. Forholdet mellom mengda feitt og protein i hamburgar gjer at kroppen slepp å nytta protein som energikjelde.

 

Andre ting som tynntarmen tek opp er Vitamin A (mellom anna viktig får nattsyn og vekst), E(viktig får hjarte og blodomløpet) og D(viktig for tenner og beinbygnad) + Vitamin C(hjelp opptaket av jern og viktig for sår skal gro) frå salaten. Minerala jern og kalsium frå hamburgar og salaten blir også tatt opp her.

 

Mesteparten til jobben til jern er bunde til hemoglobin ved å transportere oksygen rundt om i kroppen, og får omdanninga av karbohydrat, feitt og protein om til energi. Kalsium er viktig for å ha sterke tenner og skjelett.

Når maten kjem inn i tynntarmen er den en slags tynn graut, tynntarmen tek opp noko av vatnet slik at den får en fastare konsistens. Tynntarmen tek opp salt.

 

Sporstoffa sink og selen blir også tatt opp her, sink er viktig får å få sår til og gro og det er med på å styrke immunforsvaret, selen finst i enzym og er med i forsvarsmekanismen i kroppen.

 

Tjukktarmen
Tjukktarmen har fleire oppgåver, den eine av dei er å produsere K-vitaminet, dette vitaminet sin funksjon er å danne skorper på sår. Tjukktarmen skal også sørgje får å halde nokre bakteriar unna. Begge desse oppgåvene står kolibakterien får.

 

Dei to andre oppgåvene er å suge opp meir vatn ifrå hamburgaren og salaten, slik at avføringa blir endå fastare, og den skal suge opp salta natrium og kalium som vi begge finn i måltidet. Desse salta si oppgåve i kroppen er å regulere vassmengda i kroppen.

 

Tjukktarmen deles inn i 3. Eine delen er blindtarmen, som ikkje har nokon funksjon i fordøyinga (men det blir forska på denne kanskje kan være med på be kjempe sjukdommar meir effektivt). Også endetarmen er den del av tjukktarmen. Når hamburgaren kjem ned hit blir endå meir vatn og salt soge opp og den blir lagra her til den går analutgangen.

Kjelder
http://no.wikipedia.org/wiki/Tolvfingertarm
http://www.daria.no/skole/?tekst=5324  
http://ndla.no/nb/node/3323
https://sites.google.com/site/naturfag1stb/gruppe-2/ernaering-og-helse/foerdoeyelse
http://snl.no/.sml_artikkel/tynntarm
http://no.wikipedia.org/wiki/Tynntarm
http://no.wikipedia.org/wiki/Lymfesystem
http://no.wikipedia.org/wiki/Tykktarm
http://snl.no/.sml_artikkel/tykktarm
http://www.abcnyheter.no/nyheter/helse/090825/blindtarmen-nyttig-likevel
http://ndla.no/nb/node/2834
http://www.daria.no/skole/?tekst=8833
http://www.apotek1.no/kost-og-ernaering/vitaminer-mineraler/jern
http://www.apotek1.no/kost-og-ernaering/vitaminer-mineraler/sink




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish