Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Typisk norsk!Skriv ut Utskrift

Kåseri skrevet i en dobbelttime. Oppgaven var å skrive et kåseri med tittelen "typisk norsk!".

Karakter: 6 (VG1)

Nynorsk - KåseriForfatter:


For å vere ærleg, har eg ikkje følgt særleg med i debatten om norsk kultur, men eg har fått med meg at somme er redde for at den norske kulturen er i ferd med å dø ut. Kva for ein kultur er det ein er redd for å miste? Då tenkjer ein vel at norsk kultur er det som var typisk norsk for fleire hundre år sidan. Det må jo vere ein grunn til at me vanlegvis ikkje brukar dei same kleda og et den same maten som me gjorde for fleire hundre år sidan. Svaret må vere at i dag kan me velje.

 

For fleire hundre år sidan måtte ein kle seg i lag på lag av stivt lin og stikkande ull, for ein hadde ikkje noko val. Ein måtte ete vassgraut, eller på ein god dag, raspeballar som smakte lim eller hovudet til en sau, for ein hadde ikkje noko val. No er det typisk norsk å ete taco på fredagar, for det likar folk betre. Me vil helst tenkje at ei typisk norsk jente er budeie og har blå auge og blonde fletter. Ho har på seg langt skjørt, kanskje bunad. Ho tilbringar dagane i store enger av timotei og markblomster. Der står ho og lokkar på kyr. Når ho ikkje står og lokkar på kyr i store enger av timotei og markblomster, held ho ein stokk med en hatt som friarane hennar kan sparke på.

 

No er det faktisk slik slik at ei typisk norsk jente heller er skoleelev eller student og godt kan ha brune auge og mørk hestehale. Ho har jakke med pelskant på hetta og jeans, samt uggs om sommaren og converse om vinteren. Når ho ikkje er på skulen eller på Facebook, er ho på fest med vennane eller kjærasten sin. Eg kjente at eg blei litt trist av å skrive, for Noreg var sikkert mykje kulare og særare i gamle dagar… Likevel er det mykje som er bra. Me er ikkje fattige lenger, og nye særeigne norske ting har vakse fram, slik som folkemusikk-rock og norske, svarte komediefilmar. I tillegg lever den norske kulturen i beste velgåande. Me et jo norsk mat og går i bunad ein gong i blant. Og i USA finnes det fleire nordmenn enn i Norge. Amerikanarane som kallar seg nordmenn, går i lusekofte kvar dag og drikk til og med mjød!




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish