Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Kva er det som betyr noko?Skriv ut Utskrift
Skulle skrive om en hendelse hvor en person bryr seg mer om det ytre og om populæritet.
Nynorsk - FortellingForfatter: Anonym



Ho er populær og ho veit det så utruleg godt. Ho er også lukkeleg og det veit ho endå betre. Linea sit i den fløyels myke senga si imedan ho opplever dei harde og ivrige fingrane til Martin gong på gong. Hendinga frå i går er støypt fast som lukke i sjela hennar og kyssane er blitt som tatoveringar. Utanfor hadde vinden blåst surt og høglydt idet den prøvde å snike seg igjennom det gamle trehuset. På trass av det hadde livet innafor vore uverkelig morosamt og stemninga kunne ha fylt heile havet. Opp mot tjue ungdomar fylgde med på dei og idet sidesynet til Martin oppdaga det, hadde han latt handa si glide oppunder Linea si skjorte. Linea veit at dei er høgdepunktet på skulen, men for ho har dei ekte kjenslene ansvaret. Kjærleiken er alle ingrediensane i hennar lukke.

 

Kroppen hennar viser leiken heit i bevegelsane på den dystre og kjedelege vegen til Martin. Det er ei overrasking at ho kjem. I dei siste vekene har forholdet deira vekst i takt med gradane frå vinteren til sumaren. I offentlegheita har dei fullt ei bok med minna. – Kva gjer du her? Seie Martin nølande. – Eg tenkjer at me skal fortsetje der me slapp, svarar Linea med ei sukkersøt stemme. Etter to timar utan oppmerksam får Linea endeleg eit lite kyss. I resultat av det byrjar ho å prøve seg, men Martin gjengjelder ikkje nokke. – Vi er aleine no, så slapp av da jenta mi. Midt i setninga til Linea blir ho avbryt med dei avgjerande orda – Ingen ser oss, eg gidd ikkje angstrengje meg no. Linea sitt hjarta blir til like mange bitar som havet har dråper idet ho sleng døra igjen.

 

Himmelen som ein gong var så ufatteleg blå og klar, forvandlar seg til eit lerret fullt av skyer med ei trist gråsone. Graset som ein gong var så friskt og fint bøyer seg og dukkar under for hennar uthaldene og skjerande kjensler som ho har innanfor den lyse huda. Naturen som før var som ein open dør fylt med håp, blir lukka og nykelen blir plassert utanfor rekkjevidda hennar. Vonbrotet flaumar gjennom årane hennar og alt ho kan tenkje på er kvifor ho har vore så dum. Tårene kjem drypande og tek ein del av dammen på vegen som ho fire timar tidlegare hadde lukkelig småsprunge på utan ein einaste aning.

 

På skulen dagen etter sit dei på forskjellige plassar. Martin sit og bannar med kompisane imedan sveitten renn i strie striper. – Eg har ikkje nokon å skryte over lengre, seie han med ein sjanglande stemme. Akkurat femten meter unna klamrar Linea seg til vennene. Ho er knust og han er meir eller mindre likesæl. Plutseleg oppstår eit bilete på den gedigne skjermen i kantinen. Augna hennar blir låst fast imedan verden rundt rasar saman. – Du er i alle fall digg da, seier nokon eldre gutar. Skjermen viser eit bilete av Linea kor ho er halvnaken. Ho lenar seg over Martin. Linea tek et augekast på Martin og alt ho ser er eit sjølvsikkert flir. Sjølvkjensla hennar går hurtig mot null, samtidig som Martin si ærekjensle akselerer mot uendeleg like fort som strålane til sola. Kvar einaste celle i kroppen hennar blir fylt med audmjuking og kvar einaste organ vil gi opp. Latteren frå tilskodarane fyk som ein meteor over hovudet hennar og eksploderer som ei fornærming. – Linea? Ein av jentene sender eit medfølande blikk, men med eit fjes som tel at ho er latterleggjort.

 

Er ho populær? Det er utruleg vanskeleg og avgjere. Ho er ikkje lykkelig, det veit ho godt. Linea sit i den stål harde senga si imedan ho opplever det fornøgde og ivrige fjeset til Martin gong på gong. Hendinga frå tidligare i dag er støypt fast som eit mareritt i sjela hennar og latteren til dei andre er blitt som tatoveringar. Utanfor strålar sola varmt og trenger seg inn i det nye og elegante huset. På trass av det er livet hennar innanfor heilt øydelagt og ho gir lovnad til seg sjølv om at ho aldri skal gå ut igjen. Sidan hennar lykke er tom for ingrediensane.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish