Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Media, kjelda til våre tankar?Skriv ut Utskrift

Av alle kjelder er det media vi stolar mest på, kvifor? Handlar om makta media idag har i samfunnet.

Tentamen, hovudmål (10. klasse).

Nynorsk - ArtikkelForfatter:



Kvar dag bruker fleire god tid på media, dei kan lese ei avis, lytte på radioen, eller kanskje sjå på tv for å få informasjon om kva som hender i verda. Av alle kjelder er det media vi stolar mest på, kvifor? Ofte kjem sanninga fram, og media har fleire gongar presentert eit emne feil. Vi skal no sjå vidare på kva makt media eigentleg har, kva kjelder dei nyttar, og korleis journalistane kan vere kritiske til kjeldene dei vel å bruke.

 

Nettet
Omlag alle journalistar hentar informasjon frå nettet. Internett er ein samlingsstad for alle typar kjelder og er lett tilgjengeleg. Når vi søkjer på Google etter informasjon er det utruleg kor mange treff som kan komme opp. Det er då det gjeld og vere kritisk til dei ulike kjeldene.

 

Vanlege folk kan lett legge ut det dei vil på nettet, og det er difor viktig å vite kven som står bak teksten før du kan bruke den som ei påliteleg kjelde. Ein tekst skal ikkje vere farga av eit syn, men den skal vere objektiv. Det er også lurt å lese fleire tekstar om ei sak, då kan ein sjekke om dei ulike tekstane samsvarar med stoffet du vel å framstille. Noko som er viktig å vite er at ei sak utviklar seg heile tida, ein burde derfor vere oppmerksam på datoen teksten er skriven på.

 

Tips
I lokalavisene ser du kanskje at det står ein annonse der avisa søkjer etter tips som dei kan byggje ei sak med, slike tips burde ein vere kritiske til ettersom tipset kan vere prega av ei feiltolking, og mangel på andre viktige sider av saka. For og få ei slik sak rett er alltid det beste å ta kontakt med alle personane saka omhandlar.

 

Kjendissladder
Dei fleste løgnene media spreier omhandlar kjendisane, kor ofte har vi ikkje høyrt eit rykte om ein kjendis, som ikkje lenge etter har blitt tilbakevist. Påstandar om død, ekteskap, forhold, utroskap og andre skandalar pregar kjendisane. Når du søkjer på internett etter eit rykte kjem det ofte opp tusenvis av treff, og tusenvis av ulike teoriar om kva som har skjedd. Spesielt når det gjeld kjendisane er sanninga du finn på nett ofte teoriar. Somme gonger er det kjendisane sjølve som driv samarbeid for å skape falske rykte, ofte til deira fordel, eller på grunn av karriere. Det er fleire døme der falske rykte om graviditet, forhold og giftemål har blitt skrivne om i media som har blitt starta av kjendisane sjølve. Slike rykter er dei vanskelegaste å oppdage.

 

Bilete
Det blir sagt «Eit bilete lyg aldri» Men om vi tenkjer oss om, så veit vi at denne påstanden ikkje er heilt sann. I magasin og på nett finn vi ein haug bilete av «perfekte» damer, med perfekt hud og perfekt kropp, men er alle desse bileta verkelege? Nei, mange av dei er redigerte frå topp til tå, og dette er noko som kan vere er eit problem for unge jenter, kroppspress er ein kjend situasjon i dag, men det er ikkje alltid berre utsjånaden som vert redigerte, bileta og. Viktige personar vert redigert inn og ut av bilete. Stalin er eit døme på dette, han likte å redigere fiendane sine ut av bilete, også dei han seinare vart uvenn med. Kjendisar som «passar saman» vert redigerte inn i same bilete. Med det er det ikkje berre redigerte bilete som lyg, bilete kan rett og slett berre sjå feil ut, slike bilete er «gull» for journalistane.

 

Avslutting
Ein grunn til at dei fleste vel å stole på media er nok fordi ein har lyst og høyre kva som skjer i verda. Vanlege menneske har ikkje tid eller moglegheit til å finne ut alt som skjer sjølve, og derfor stolar dei på at media skal fortelje dei det. Media er eit fellesskap der ein på ulike måtar kan få med seg ulike ting. Ikkje alle kjeldene er like pålitelege, og kontrastane mellom kva som inneheld sanningar og omvendt speglar seg i kva du vel å bruke. Fagbøker er til dømes mykje tryggare enn eit sladderblad når ein vil fram til sanninga. Noko ein burde ha i bakhovudet er at ei sak alltid har fleire sider.

 

Kjelder
Kathinka Blichfeldt, Tor Gunnar Heggem og Ellen Larsen: Kontekst Basisbok: kjelder s 56-59
Førebuingsstoff til norsk tentamen: Stalin: redigering av bilete: udir.no




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish