Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
KvardagsløgnerSkriv ut Utskrift

Gjennom ein dag bruker du heilt sikkert ein god neve med det som så fint heter «kvardagsløgner». Det er ufarlege løgner som kan gjere kvardagen litt betre for mange av oss.

Skrevet i 10. klasse.

Nynorsk - ArtikkelForfatter:



Gjennom ein dag bruker du heilt sikkert ein god neve med det som så fint heter «kvardagsløgner». Det er ufarlege løgner som kan gjere kvardagen litt betre for mange av oss. Kvardagsløgnene hjelper oss i situasjonar der det å seie sanninga kan skape dårleg stemning eller unødvendig irritasjon frå andre menneske.

 

Eg er der straks!

Sjå for deg at du fremdeles rotar rundt omkring i huset etter eit stilig antrekk å ha på når du skal på besøk hos vennane dine. Du bruker all verdens tid på å finne det perfekte antrekket og plutseleg er det nokon som etterlyser deg. «Kor er du?» spør dei kanskje. Viss du da vel å svare tilbake noko sånt som «Akkurat no rotar eg rundt i huset etter noe stilig å ha på meg!» vil dei heilt sikkert berre bli småsure og oppgitt over deg. Men viss du derimot vel å svare «Eg er der straks, er på vei!» vil dei derimot ikkje bli noka som helst oppgitte eller sure og nøye seg med svaret ditt.

 

Eg har det bra. Alt er fint!

Tenk deg at nokon kjem bort til deg og spør deg om alt er bra. Mest sannsynlig vil du svare kjapt tilbake at «Ja, eg har det bra. Alt er fint!». Men heilt innerst inne har du det ikkje bra i det heile tatt. Bestemora di ligg på sjukhuset, gullfisken din er daud, og du skal snart ha ein mattetentamen på skulen som du ikkje har øvd på i hele tatt. Men å si sanninga tenker skjeldan nokon av oss på. Hadde du sagt akkurat slik du hadde det kvar gong hadde du sikkert blitt sett på som temmelig fjollete og sjølvopptatt. 

 

Å, den er ikkje ny – eg har hatt den i evigheter

Dette er ein av dei kvardagsløgnene som kanskje er mest dum og meiningsløys av dei alle. Sjå for deg at du har kjøpt ein kjempe flott jeansbukse for og sjå mest mulig bra ut. Første dagen du bruker den kjem det nokon bort til deg og seier noe sånt som «Å, det var ein fin bukse. Er den ny?». Ja, den er ny og den er kjempe fin. Men fremdeles seier du sikkert «Nei, den har eg hatt i evigheter, har berre ikkje brukt den så ofte.» og slenger på eit uskyldig glis.

 

Hyggelig å møte deg igjen!

Kor mange gonger meiner du eigentleg det når du seier det? «Hyggelig å møte deg!» seier du kanskje til tantene dine når du møter dei på kjøpesenteret og dokker ikkje har sett kvarandre på eit halvt år. Akkurat i det tilfelle er det jo helt fint å bruke det. Fordi det er lenge sidan dokker har sett kvarandre og dokker er i slekt. Men sjå for deg at du møter den største klysa frå barneskulen som alle inkludert deg sjølv mislikte mest av alle. Da vil du heilt sikkert starte samtalen med «Er det deg? Lenge sidan sist, kjempe hyggelig å møte deg igjen!». Men ærlig talt, det kan du da umulig meine? Sjølvsagt ikkje, men å si noka anna ville vært heilt uakseptabelt. Så og si kan vi eigentleg si at kvardagsløgner er ein del av normal folkeskikk. Du kan jo tross alt ikkje seie «Å, deg husker eg. Du var den store klysa som alle hata!» og le vidare.

 

Eg er ikkje forelska

«Er det ikkje du som er forelska i hu som set bak deg på skulen?» er spørsmålet du får slengt i trynet når du minst venter det. Innerst inne så er du kjempe forelska og veit det så innmari godt. Viss du seier «Ja, det er riktig. Eg er kjempe forelska i hu.» vil reaksjonen sikkert være noe slikt som «Å, herregud. Ho ser jo ut som eit misfostra troll og i tillegg leker ho fremdeles med babyborn!». Det er jo ikkje akkurat det du har lyst til å høre om den du er forelska i. Så derfor er det nok lurt å holde det for seg sjølv og berre svare «Nei» når temaet kjem opp.

 

Nei, du ser ikkje tjukk ut i den

Kjøpesenteret er proppa fullt av menneskjer over alt og du har vore der i timesvis. Mest av alt vil du heim til deg sjølv å slenge deg på sofaen og sjå ein bra film. Men det går jo ikkje. Du har vært på kjøpesenteret i over to timer og nå tar kjærasten, kona eller søstera deg inn i nok ein klesbutikk der ho nok ein gong skal prøve ti millionar plagg. Ho ber deg bedømme korleis ho ser ut i plagga ho prøver sjølv om det er hennar meining som teller til slutt uansett. «Korleis ser eg ut i denne? Eg ser vel ikkje tjukk ut?» spør ho deg og ser på deg med eit bekymra blikk. «Nei, langt i frå!» svarer du nesten garantert med ein gong. Innerst inne samanliknar du ho med ein flodhest eller noka anna gigantisk, ein dinosaur eller noko – men det kan du absolutt ikkje seie!

 

Konklusjonen av kvardagsløgnar

Hadde det ikkje vært for kvardagsløgnar hadde nok mange av oss vore mykje aleine og lite saman med andre menneskjer. Kvardagsløgnar hjelper oss gjennom kvardagen og gjer ting litt lettare for oss. Når mora di står over deg og seier at du må slutte å ha beina på bordet svarer du garantert før ho er ferdig med foredraget sitt «Slapp no av, eg skal ikkje gjere det igjen!». Da godtar ho sikkert det og går, og du kan få være i fred og ro. Men med deg sjølv veit du at du heilt sikkert kjem til og gjere det igjen. Vi bruker mange kvardagsløgner gjennom dagen og det gjer at folk som ville blitt irritert om du er seint ute til noko, irriterte mammaer, og store klyser frå barneskulen får ein mykje betre kvardag, og det gjer også du. Så kvardagsløgnar er ikkje berre til fordel for deg sjølv, i mange samanhengar kan det også være til stor fordel for andre også.

 

TOPP 10 KVARDAGSLØGNER

1. Eg har det bra. Alt er fint

2. Nei, du ser ikkje tjukk ut i den

3. Eg er straks der!

4. Å, den er ikkje ny – eg har hatt den i evigheter

5. Eg hørte ikkje at du ringte

6. Eg kan ikkje være med likevel, eg har vondt i hovudet

7. Eg har ikkje kontantar på meg

8. Eg er ikkje forelska

9. Hyggelig å møte deg igjen!

10. Eg skal aldri gjere det igjen

 

Kjelde:

Topp 10 hverdagsløgner, Aften, 14.02.2012

(Funnet i tekstheftet for Norskeksamen- våren 2012: https://pgsf.udir.no)




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish