Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Raude Khmer

Raude Khmer

Kambodsja under Raude Khmer.

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
06.06.2013


I 1863 inviterte kong Norodom av Kambodsja Frankrike til Kambodsja for å inngå ein avtale. Kong Nordom var redd for at Vietnam og Thailand skulle angripe og ta over Kambodsja, etter som spenninga mellom dei tre landa hadde auka kraftig. Difor ynskte han ein avtale der Kambodsja kunne få militærbeskyttelse frå Frankrike. Avtalen blei signert, og dermed blei Kambodsja ein fransk protektorat og eit av landa i Fransk Indokina.

 

At Kambodsja blei ein fransk protektorat vil seie at Frankrike tok hand om utanrikssaker, mens Kambodsja behaldt i stor grad sjølvstendigheita i indre saker. Frankrike gav militær beskyttelse til Kambodsja i bytte mot suverenitet, som betyr at Frankrike hadde ei rett til å utdøyve eigenrådig makt i Kambodsja. Kambodsja blei styrt som ein del av kolonien Fransk Indokina. Dette er eit fransk kolonivelde som består av fleire delvis sjølvstendige statar, koloniar og protektorat i Søraust-Asia.

 

Etter kong Norodoms død bestemte Frankrike at det var broren hans Sisowath, som skulle bli konge. Dertter skulle eigentleg sonen hans Monivong bli konge, men Frankrike var redd at han ville ynskje uavhengigheit, og i staden blei barnebarnet til Sisowath konge. Han var berre 18år, og Frankrike tenkte han ville bli lett å kontrollere. Frankrike tok grundig feil, og 9. november 1953 fekk Kambodsja full uavhengigheit.


 

Nokre år tidlegare då Kambodsja framleis var under det franske kolonistyret, oppstod det ei gerilja gruppe. Gruppa vart kalla Raude Khmer, og saman med vietnamesiske kommunistar (Vietnam var også under fransk Indokina) kjempa gruppa imot fransk kolonistyre. I 1963 blei den kommunistiske politikaren Pol Pot leiar i gruppa.

 

Då USA trakk styrkane sine ut frå Nord-Vietnam, og Sør-Vietnams regjering fell, klarte Raude Khmer å ta over makta i Kambodsja. Raude Khmer hadde ein ide om korleis samfunnet burde styrast. Alt som stod i vegen for det nye samfunnet som Raude Khmer ynskte, måtte bli fjerna. Blant dette var alt frå bøker og tradisjonar til munkar og religiøse ledarar. Utlendingar blei sett på som fiendar og landet vart isolert frå omverden. Landsbylivet blei sett på som idealet for korleis ein burde leve, og byfolk var late og umoralske.

 

Ikkje lenge etter Raude Khmer hadde fått makta i landet, blei satt i verk noko som blei kalla kollektiviseringsprossesen. Den gjekk ut på at store delar (95%) av befolkninga blei sendt ut på landsbygda, for å jobbe i jordbrukskollektiver. Byane var evaluert, og det blei arrangert lange tunge marsjar ut på landsbygda der mange døyde på vegen. Grunnen til at gardsbruk blei slege saman til store fellesgardar var at Raude Khmer trudde dette ville auke ris produksjonen kraftig, men dei tok grundig feil. Ris produksjonen minka. Leveforholda på gardsbruka var dårlege og det herja stor matmangel. På gardsbruka blei det ofte brukt tvang og grov maktbruk og arbeidsdagane var ofte på 12-15 timar med hard arbeid.

 

Alle midlar blei brukt for å laga eit radikalt nytt samfunn. Alt til høyrde fellesskapen, til og med barna. Barn og foreldre blei skilde frå kvarande, og familie blei sett på som noko uviktig. Det blei skapt eit samfunn utan forskjellige klassar, alle hadde like lite. Dei som var i borgarskapen blei sett på som fiendar. Folk med utdanning, folk som jobba for det tidelegare regimet og religiøse leiarar også. På eit tidspunkt blei det sagt at å gå med briller i Kambodsja var like farleg som å gå med jødestjerne under andre verdskrig. Å kritisere styre var livsfarlig.

 

Leiarane i Raude Khmer hadde ein frykt og eir behov for å bli kvitt alle som blei sett på som forrædarar. Fleire hundretusen vietnamesarar og kinesarar som budde i Kambodsja blei stempla som fiendar av folket. I 1979 blei det forbode for vietnamesarar og forlate landet, fordi Raude Khmer ville drepe dei i staden for å sende dei vekk. Forfølgingane av vietnamesarane minna mykje om jødeforfølgingane i Tyskland. Grunnen var at Raude Khmer var redd for vietnamesisk okkupasjon. Alle chammuslimar, thailendarar og folk frå Laos blei også hardt ramma.

 

I 1978 brøyt det ut eit opprør blant partigrupper i austlege delar av Kambodsja. Dette førte til ein kortvarig borgarkrig, men blei fort slått ned av soldatar frå Raude Khmer, og det blei igjen oppretta kontroll. Alle innbyggjarane i det området blei dømd til døden som straff. I Raude Khmer herska det no full paranoia. Kven som helt kunne bli sett på som ein forrædar eller motstandar og bli sendt i fengsel eller drepen. På grunn av alt dette var det ingen tillit i partiet, og mange medlemmer flykta til Vietnam.

 

22. desember 1987 gjekk vietnamesiske soldatar og kambodsjanske opprørarar inn i Kambodsja. Etter berre 2-3 veker blei Raude Khmer kasta ut av hovudstaden Phnom Penh. Befolkninga var utmatta og gjorde ingen motstand mot den vietnamesiske invasjonen. Raude Khmer flykta vest i landet og forsette kampen mot landets myndigheiter derifrå. Landet blei styrt av Raude Khmer i kun 44 månadar, men dei hadde likevel klarte å rase samfunnet totalt. Vietnam fekk makta i heile landet 7. januar 1988, og landet i 10år med støtte frå Sovjetunionen. I 1989 trakk Vietnam seg ut frå Kambodsja, og regjeringa i Phnom Penh laga saman med FN ein fredsplan med Raude Khmer. På slutten av 1990-talet blei Raude Khmer gradvis meir oppløyst, heilt til gruppa var heilt vekke.

 

Ein vikting ting regjeringa i Phnom Penh gjorde, var å tilby soldatar og kommandantar i Røde Khmer posisjonar i militæret og regjeringa mot å overgje seg sjølv. Røde Khmer blei også tilboden ein provins på grensa til Thailand. Planen var vellykka, og fleire sentrale leiarar overgav seg til regjeringa i Phnom Penh. Røde Khmer smuldra meir og meir opp, mykje på grunn av indre stridigheiter. Pol Pot sette i gang nye drap i gruppa, noko som førte til at han sjølv vart satt i husarrest. Dei siste leiarane som ikkje hadde overgitt seg blei tatt til fange tideleg i 1999.

 

Leiaren Pol Pot blei dømd til døden for eit folkemord i Absentia i 1979 av ein domstol som Vietnam oppretta. Domstolen blei sett på som useriøs og straffa blei aldri gjennomført, men i 1997 blei Pol Pot dømd av sine eigne på grunn av nye drap i partiet. Dommen var husarrest, og der var han heilt til han døyde i 1998. Pol Pot stod aldri til ansvar for drapa som skjedde i Kambodsja under Raude Khmers styre. 30år seinare, i 2003, gjekk FN og Kambodsja saman og oppretta ein domstol som kunne dømme dei igjen levande leiarane i Raude Khmer. 5 leiarar blei tiltalt, men ingen er til no tiltalt for folkemord.

 

I dag er Kambodsja eit av Asias fattigaste land. Dette er grunna perioden då Raude Khmer styrte. Nesten alle med utdannelse blei drepne og samfunnet rasert. Sida 1970 er nesten 60 000 blir drepne av landminer, og dette er framleis eit stor problem på landsbygda. Landet har svært svak økonomi, og det er stor mangel på utdanna arbeidskraft, f.eks. lærarar og juristar. Over 2 millionar av ein befolkning på 8 millionar blei drepne under tida då Raude Khmer styrte. Dei fleste døyde av overarbeid, svolt, sjukdom eller henrettelse. Men heldigvis ser det no ut til at det er på veg til å bli blir betre forhold i landet, etter 30 år med krig, terror og folkemord.

 

Kjelder;

http://www.folkemord.no/Kambodsja/4478

http://no.wikipedia.org/wiki/R%C3%B8de_Khmer

http://snl.no/R%C3%B8de_Khmer

http://no.wikipedia.org/wiki/Kambodsja

http://no.wikipedia.org/wiki/Pol_Pot

 

Eigenvurdering 

Elev: Hege

Dato: 03.10.12

Fag, tema/oppgåve: Samfunnsfag, Kambodsja og Raude Khmer

                          

1.  Kva har du lært av dette arbeidet?

 

Eg har lært masse og Kambodsja, og korleis forholda var i Kambodsja under styret til Raude Khmer.

2.  Var det noko du syntest var vanskeleg?

Det var litt vanskeleg og finne stoff om Kambodsja og få alt stoffet inn i ein tekst utan at den vart for lang og å sortere ut dei viktigaste fakta.

3.  Er det noko du treng å øva meir på?

 

Trur ikkje det.

4.  Korleis opplever du i etterkant arbeidsprosessen din?

Eg husker framleis masse av det som står i tekseten, og har lært mykje.

5.  Er det noko du kan gjera annleis?

Eg kunne jobba endå meir med korleis eg formulerte meg og med rettskriving.

 

 

6.  Er det noko skulen/læraren kan gjera annleis?

Nei.

Tilbakemelding

 

 

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil