Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Tatt på fersk gjerningSkriv ut Utskrift
Alt ser ut til å gå som planlagt, men så skjærer det seg for én, deretter for en annen...
Nynorsk - NovelleForfatter:



Klokka var 20.00 og St. Sunniva var på veg til å leggje til hamna i Oslo på Hjortneskaia. Fredric McGordon, ein engelsk lastebilsjåfør som var på veg frå London til Trondheim med sine varar til ein stor blomsterbutikk, stod på dekk og beundra utsikten. Bare åtte timer til nå, så var arbeidet for uka unnagjort.

Den store lastebilen brummet ut av ferja, men kom seg ikkje lengre enn til ti meter før tollen, da hjulet eksploderte og McGordon måtte stoppe bilen. –Oh Shit!, tenkte han og ringte etter hjelp, men det viste seg at han ikkje kunne få noko støtte før i morgon. Fredric hadde heldigvis nok pengar til kost og losji for natta og sjekka med ein gong inn på eit billig motel i nærheita av der bilen hans stod. Han bestemte seg for å dra tidlig neste dag etter reperasjonen for å bli fortast muleg ferdig med jobben.

 

Sola stod opp og lyste over Oslo, men dei einaste som var vakne for augeblikket var George og Hr. Sande. Dei stod der terrenget hella nedover mot havet, ca ein kilometer frå motellet til McGordon. Dei to mennene, der den eine var kledd i dress og den andre i politiuniform, stod med ein kikkert kvar og spana etter båten som skulle komme frå Danmark klokka 09.00 med ein bil lasta med Gylands finaste vodka. –Det skal bli deiglig å få kloa i den forbanna vodkaen, sa Sande og la frå seg kikkerten for eit augeblikk. Planane var klare og nå var det bare lastebilen som skulle kapras.

 

Da klokka begynte å nærma seg ni, satt George i bilen sin og venta på at lastebilen, full av sprit, skulle køyre ut på vegen. Ein stor blå lastebil, akkurat som den hadde vore beskrive til George, køyrte ut av tollen og ut på motorvegen. George sate etter lastebilen, da mobilen hans ringte. –Spinn her, svarte stemmen på den andre linja. –Har De varane klare? –Ja, svarte George og føydde til at dei ville stå klare på Landerud Gård før klokka 13.00. Han køyrte vidare, passerte den blå lastebilen og etter 20 minuttar med råkøyring, tok han av inn til ein bensinstasjon. George bestilte eit vaskerom for sjølvbetjening. Da han hadde trilla bilen inn i rommet og forsikra seg om at det ikkje var nokon som så ham, tok han fram noen klistremerkar og to store lyktar med blålys frå bagasjerommet og monterte og klistret på bilen i 10 minuttar. Det neste som køyrte ut av bensinstasjonen var ein trimma, kvit politibil i full utrykking. Telefonen til George ringte ennå ein gong og nå var det Sande som ringte.

 

-Korleis går det med vodkaen?, spurte ein tydeleg stressa Sande. –Eg skal få jævelen til å følgje eiter meg inn mot Kløfta og der kan vi ta ham, svarte George som nå køyrte igjennom Vålerenga-tunnelen i minst 150 km/t med blålysa skrudd på. –Eg skal møte Spinn på Landerud Gård, la han til. Etter å ha tenkt seg om litt, forklarte Sande, -Eg håper du er klar over kor viktig dette er og kva som vil skje med meg viss ikkje dette går i boks. Spinn er ein farleg mann, skal du vite, og han spis slike som oss til frukost kvar dag. Det kan du faen meg banne på! –Jada, nølte George. –Eg er der rundt halv eitt. Vær der, så får eg litt støtte. –Ja eg kjem, men det er viktigast at du møtar opp, elders vil Spinn gjøre pulver av meg, avslutta Sande og la på røret. George, som snart hadde passert Fet kommune, fekk auge på den stappefulle lastebilen, køyrte opp på sia av den og vinka den til side. Lastebilsjåføren kunne ikkje anna enn engelsk, så George bad han, på engelsk, om å følgje eiter ham inn til Kløfta. Da de var kommi fram til ein liten, tom campingplass på Kløfta og parkert kvar sin bil, hoppet det to maskerte menn ut frå skogen, rev ut sjåføren og band ham godt fast så han ikkje kunne røre på seg. Dei hoppa inn i lastebilen og tok med seg han de hadde bunde. George viste teikn til at dei skulle følgje etter ham i retning Gjessheim. Dei brukte ca 30 minuttar herfrå til Landerud Gård, der det allereie stod ein bil parkert. George og dei to andre parkerte lastebilen i låven. –Har De spriten?, spurte ein stor mann, som tydelegvis var den, så mye omtalte Spinn. –Ja, men bare viss Dykk har pengane, slo George fast. Spinn nikka brått og gjekk til bilen sin og henta ein stor koffert fylt med pengar. Han tok fram pistolen sin og skaut ein av Georges medhjelparar i beinet.

-Kun ein forsmak på kva som vil skje Dem viss De lurar oss, sa Spinn sleipt. –Man køddar ikkje med Spinn, la han til. Den skutte mannen gapte fortvila av smerte, imens han rulla seg rundt på bakken. –Hold kjeft!, skreik Spinn, noe som faktisk funka, for no vart det musestille i låven.

 

Hr. Sande trådde blid og gla inn på låven, men fekk med ein gong gjort noko med gliset da han såg sin blødande kollega. Spinn begynte å bli utolmodig og blunka kjapt til ein av mennene sine i bilen. Ut kom ein mann som fort gjekk inn bak i lastebilen og skar hull på ein av posane som låg der. Det forundra dei at det var poser der, og ikkje kassar, men noe som forundra dei ennå meir, var at det tøt jord ut av posane. Spinn blei sint og løp bort til der lastebilsjåføren låg bunde og drog av ham teipen foran munnen. –What do you want?, var det første den vettskremde sjåføren klarte å få fram. –Vi vil ha spriten Dokkers, kor er den?, spurte ein irritert Spinn. –I don’t know what you are talking about. Do you speak English, spurte engelskmannen forsiktig. –Where is your Vodka, prøvde Spinn seg. –I’m driving soil for a flower-company in Tronheim, responderte sjåføren. –Faen, skreik Spinn og fant førarkort, båtbillett og legitimasjon frå dashbordet i lastebilen. Der fant han ut at de hadde fakka ein engelsk lastebilsjåfør ved namn Fredric McGordon, som hadde kommi med St. Sunniva dagen føre. Lettare sagt, de hadde kapra feil lastebil, ein last fylt med jord.

 

I mellomtida hadde Sande satt seg ned og begynt forsiktig på sin ”Jegermeister”, som han hadde med til feiring for fangsten. Han begynte akkurat å føle seg litt ustødig, da Spinn kom rasande ut til dei andre og ropte til kollegaene sine, -Det er bare jord der! Sande vart redd, løp bort til lastebilen, lukka bagasjeromet, hoppet inn i bilen og kjørte av alt han makta, ut av Landrud Gård. Han hørte skådd etter bilen og etter de andre, men måtte bare glømme kameratane sine nå. Han brydde seg ikkje om lasten, men bar om å komme seg bort derfrå. Han sutta fortsatt på sin ”Jegermeister” og merka at han ble meir og meir svimmel. Plutselig køyrte han ut i motsatt køyrefelt. Mot ham kom ei diger traktor lasta med høy som ikkje så ut til å reagere i det heile tatt. De to køyretøya braka saman i eit digert krasj og fløy ut i grøftekanten der all lasta vart strødd utover.

 

Da Sande vakna etter å ha beisvime merka han at han satt fast og ikkje kunne røre på seg. Han la merke til at det ikkje berre var høy og jord som låg utover marka, men også eit slags kvitt stoff som kunne minne om melis. Han smakte på noe av det som låg på skuldaren hans og merka ein sur smak som kunne minne om oppvaskpulver. Påverka av alkohol var han, men så mye visste han, etter ti år i smuglarbransjen, at dette måtte vere kokain. Han høyrte politisirener og så snart at det stod tre politibiler parkert ti meter frå ham. Nå sitt eg skikkeleg i det, tenkte Sande og lukka øyane.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish