Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
Lotto millionærar er ikkje som andre millionærarSkriv ut Utskrift
Nynorsk - KåseriForfatter: Anonym

Dei fleste har vel ein eller annan gong drøymt om å vinne den store hovudgevinsten i eit pengespel. Og det spelet som ein vinn desidert mest pengar i er jo Lotto.

Ein begynner å tippe i forskjellige aldrar. Eg meinar at eg har sett ein 3-åring med klare symptom på spelegalskap og gamle kjærringar som står og stel fuglefrø fordi dei har spilt bort den siste pensjonen, og ikkje har råd til å sette mat på bordet. Men eg er ganske sikker på at dei fleste ein eller annan gong har prøvd å "vinne" pengar på Lotto. Og noen held fram i det uendelege mens andre ikkje har kjent denne trongen til å betale inn pengar til ein pott som det er ein sjanse på ca. 1:17 000 000 000 for at akkurat du skulle vinne.

Eg for min del starta å tippe Lotto da eg var ganske ung. I ein alder av 5 år så var eg ein ivrig tippar. Eg kryssa av 7 tall i kvar rute i Lotto-kupongen, så blei han vidarelevert til pappa, "sjeftipparen", eller som ein også kan seie, "ein sikker betalar". Den gong var det nok kanskje ikkje for pengane sin del, men det var jo litt stas når eg vann ein 5-ar eller når eg vann toppgevinsten på 10 kroner.

Den gong var det ganske enkelt, ein berre kryssa ut talla og vidareleverte kupongen. I dag, om du vil spele Lotto er det mykje meir komplisert. Du må krysse av 7 tall i kvar rute, det kostar 30 kr om du vil ha kupongen i ei veke, og om du vil ha den same kupongen i 5 veker kostar det 150 kr. Når du speler Lotto kan du også spele joker samtidig. Joker trekkast på spelarkortet, (underforstått at du speler registrert) og ikkje på dine evner til å krysse av dei talla som mest sannsynleg ikkje kjem på Lotto-trekninga. Noen meiner at sjansen for å vinne er for liten så dei speler fleire pengespel samtidig. I tillegg til Lotto og Joker kan du også spele på hestar, Exstra, Viking-Lotto og mange andre spel. Men for dei som er litt meir primitiv og ikkje liker den moderniserte verda og dei nye forma for å vinne pengar på, er det også andre alternativ. Ein kan kjøpe flaxlodd som ein skraper der og da, eller ein kan menge seg med pensjonistane som samlast på samfunnshuset for å spele bingo, der høgaste gevinst er ein kaffipose frå Friele, og om du er riktig heldig så får du også ein pakke med Marie-kjeks.

Men som sagt, om ein er sugen på større gevinstar så må ein spele på Lotto.
Lotto er jo spelet over alle spel, ein kan jo vinne fleire millionar kronar, og kven drøymer ikkje om det? Dei fleste gjer det no for tida, for dei fleste er jo så pengegriske og grådige no i den nye verda, det er ikkje som i gamle dagar no nei, da var ein fornøgd med det ein hadde.
Det høre jo med til verda i dag, har du mykje pengar, ja da er du lykkeleg og kan leve ut draumane dine om å førtidspensjonere deg og kjøpe eit palass i eit eller anna sydhavsparadis der du berre kan ligge på stranda og sole deg, mens du blir oppvarta av eit titals tenestegutar, som gjer alt for at dine behov skal tilfredsstillast. Kva hadde ikkje vore betre enn det? Ein hadde ikkje trengt å slite seg opp til "toppen" som vanlege folk. Og det er ingen som ser på deg som ein sleip luring når du kjøper deg svære privatfly og yatchar, som du må kjøpe deg tilating for å få lov til kjøre.

Nei, om du vinn i Lotto da får du ikkje så mykje oppmerksomheit, utanom den eine gongen (om du er heldig) når du fortel til NRK, Lotto-dama og resten av Noregs befolkning at du skal bruke pengane til å betale ned lånet, rette opp noen mindre småfeil i huset ditt, og om det er noen pengar igjen så kanskje det blir ein liten bilferie med familien til sommaren. Det er ikkje som kjendislivet nei. Der surrar paparazzi-fotografane rundt deg som illsinte veps og tar bilete av deg og filmar deg når du drar på hemmelege feriar til eksotiske land, med elskaren din og har ville festar, med mykje drikke, dop og heftige strippeshow.


Men det er jo ikkje så mange som vinn hovudgevinsten og får oppleve å komme på TV. Og om du er så heldig at du endeleg vinn hovudgevinsten så er det slett ikkje sjølvsagt at du kjem på TV, for sjansen for at du må dele gevinsten med noen andre rundt om i landet er nok større enn sjølve sjansen for å vinne hovudgevinsten. Litt ergeleg, ja, men sånn er berre livet.

Tenk deg den her situasjonen, du les av talla på Lotto-trekninga, forsyne deg med ein neve popkorn som du sluker, du finn så 7 rette i Lotto-kupongen din, du reiser deg opp, dansar rundt på golvet mens du hyler høgt. No kjem det skjebnesvangre tidspunktet der du sett popkornet i halsen, du prøver fortvilt å svelger det, men det går ikkje, du prøver så å hoste det opp igjen, plutseleg kjem det opp, det sprutar popkornkuler utover golvet. Skjelven i knea og med tårar i øya stablar du deg mot sofaen, så plutseleg trør du på popkornkulene og dett bakover, og skallar hovudet kraftig i bordet under fallet. Når du vaknar treff du omkring 200 andre som du eigentleg skulle ha delt hovudgevinsten med…..Dei overlevde heller ikkje gledesdansen og jubelen.

Det er kanskje berre bra at sjansen for å vinne hovudgevinsten er så liten, og at det er dei færraste som får oppleve noe slikt, det er jo ikkje alle som taklar det. Tenk så mange dødsfall vi ville hatt om gamle damer hadde vunne. Dei sitt og ser på Lotto-trekninga, aner fred og ingen fare, så plutseleg, dei ser 7 rette og så sett dei tørre småkakene frå Europris seg i halsen. Da er det ikkje mykje håp for dei.

Så ein kan vel seie at Lotto-millionærar ikkje er som andre millionærar. Dei treng ikkje å slite for pengane, dei treng ikkje å vere særleg fotogen og dei kan bruke pengane sine på kva dei vil utan å bli lagt stort merke til.
Om dei overlever da…….

Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish