Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Tida går, menneska løper etterSkriv ut Utskrift
Kåseri om tid.
Nynorsk - KåseriForfatter:



Tid kan man liksom ikkje få nok av i disse dagar. Når man trur man endeleg har alt under kontroll så løpar tida frå deg igjen. Og da er det bare å ta beina på nakken og løpe hes blesende etter, for man vet aldri kva som kan skje hvis tida kommer ute a kontroll.

 

Helt frå man er små får man høre “Nå må du forte deg, vi har dårleg tid, du må ikkje somle så fælt”. Vi voksar opp med tidsfristar på både det eine og det andre, og det blir ikkje mindre tidspress etterkvart som man blir eldre, snarare tvert i mot. Det er vel mest tidspress når man er ungdom. Ta skolearbeid for eksempel. Her får man i oppgave å skrive ein tekst, som skal leveras innan to veker .Jo da tenker vi elevar, vi har da all verdens tid på oss, ikkje noe å stresse med. Men så plutseleg står vi der da, med ein dag på oss til å levere oppgåvene. Hadde ikkje vi to veker da tenker vi og klør oss ettertenksamt i hovet. Men når vi ser på kalenderen ser vi at to veker har gått, tida har berre flydd forbi oss som ein flokk med trekkfuglar på ein kald haust morgon.  Hadde vi da kunne skrudd tida tilbake og begynt forfra så hadde det hele vært så enkelt så. Men sånt går jo bare an på filmar, der man ikkje bare kan skru tida tilbake eit par timar, men reise til ein helt annen tidssone også! Om livet bare hadde vært som på film.

 

Men det er det ikkje, og det må vi bare finne oss i. Her må vi ta til takke med verklighet og nøye oss med det. Dårleg tid er noe vi alltid vil ha, så det er like greit å godta det først som sist. Hele livet føyer vi oss etter tida, alt skal skje til eit bestemt tidspunkt, og ingenting må gå utanfor tidsskjemaet, for da bryt jo hele samfunnet sammen. Det er ikkje bare de voksene menneska som flyr etter klokka og stressar nei, det gjør vi ungdommar også.

 

Konstant er det noe vi skal rekke, frå vi står opp om morgonen og til vi legg oss om kvelden. Den første tanken som slår oss nå vi åpner øya er “jeg kan ligge litt til, har så god tid ” Men så, før vi vet ordet av det så har tida flydd frå oss igjen, og kor det blei av den det vet vi ikkje. Så da er det bare å hive seg ut av senga, slenge eit bein inn i dusjen, kle på seg og eta frukost på rekordfart, for så å løpe etter skolebussen. Etter dette følgjer både  det eine og det andre av tidspress, først må vi  rekke norsktimen, og når den er ferdig så er det å løpe rundt halve skolen for å rekke historietimen som finne stad i den andre enden av skolen. Sånn flyr vi da, frå klasserom til klasserom og stressar. Når skoledagen endeleg er over må vi løpe til nok ein skolebuss, for så å løpe heim og lage middag, dekke på bordet og gjøre lekser. Alt dette skal gjørs før favoritt programmet  begynnar på tven klokka ni.  Når vi endeleg trur vi kan slappe av så kommer vi alltid på noe vi har glømt, og da stressar vi litt til før vi endeleg kan legge oss og se frem til nok ein dag fylt med stress.

 

Ingenting er så herleg som å løpe beina av seg kver dag, er bare god gamaldags trim det. Og at det kan føre til hjarteattakk er jo bare tull, stress er slettes ikkje skadeleg for helsa. Da min bestefar fikk beskjed om å stresse ned fordi blodtrykket hans var skyhøgt, bare lo han av legene, og sa at det hadde ikkje han tid til. Selv  når de sa at fortsette du slik så havnar du på kirkegården innan eit år, trudde han ikkje på dei.
Han fortsatte som før han, og løp etter tida og tretten månader etter legevisitten havna han på kjerkegården der kan du sjå kor feil legene kan ta.

 

Etter at han bestefar havna på kirkegården har ho bestemor fått eit nytt syn på tida. Nå går hun og seier til meg “Ta den tida du treng du vennen min”.

 

Hun forstår verkeleg ingenting, men sånn er det med gamle damer. De lever i ein annen tidsperiode de. Hadde vi kunne ta all den tida vi treng, så hadde vi ikkje trengt å løpe rundt for å spare så mykje tid som muleg. Det er jo nettopp det vi gjør.... løpar rundt som gale for å spare tid. Men rik det blir man ikkje av det, samme kor mykje man sparar.

 

Det å halde tritt med tida kan være ein utfordring i seg sjølv Særleg vis den har betre kondis enn deg og berre farar avgårde. Så når man går på krykker, eller sitter i rullestol så er det nesten umuleg å helde tritt med tida med mindre man har sånn supermoderne rullestol med motor på.

 

Tida berre suser av gåre, og forleden dag fant eg meg sjølv sitjande i ein tidsklemme. Har aldri vært i ein tidsklemme før, så eg viste ikkje helt kva eg skulle gjøre. I begynninga var det hele litt koseleg og eg følte meg ein smule stolt der eg gikk rundt i tidsklemma mi. Men som alle andre ting så ble den litt slitsamt i lengden men det var bare det at den ikkje ville gi slipp på meg. Den sat liksom fast. Så eg prøvde å synge litt for den “ta den tid og la den vandre, frå den eine til den andre” men det hjalp ikkje, den sat der fremmeleg. Så eg hadde den hengande over meg som ein skygge eit par dagar, før den forsvann like fort som den kom.

 

Og tidsklemmer kommer fort, det kan eg love deg. Har du ikkje hatt det før, så er det nok ikkje lenge til den dukkar opp hos deg også. Men ta det med ro, det er heilt smertefritt. Den gjør deg kanskje ein smule stressa, for hans oppdrag her i verda er jo å minne oss menneske på alt vi må gjøre og utrette i løpet av dagen eller livet.  Det er vel i ungdomstida man er mest utsatt for å få denne tidsklemma, man står jo overfor viktige val om kva man skal bli, og kva man  skal gjøre med livet. Men det er jo noe alle må gjennom, så det er jo like greitt å få det overstått først som sist. Men hvem vet, kanskje de ein dag finn ein kur mot tidsklemmer også, man veit jo aldri kva tida kan bringe.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish