Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
Knut HamsunSkriv ut Utskrift
Et særemne om Knut Hamsuns liv og forfatterskap + analyse av boka Markens Grøde
Nynorsk - SæremneForfatter:

Oppveksten

Knut Hamsun vart fødd 4.august 1859 i Lom. Faren hans var skreddar, og familien levde fattig. Då han var tre år flytta han og familien til Hamarøy i Nordland, der dei slo seg ned på ein gard. Då han var ni år måtte han reise og bu med onkelen sin , p.g.a at familien hans hadde ei gjeld til onkelen. Onkelen dreiv Knut så hardt i arbeid og anna, at Knut hogg seg i foten ned øks for å komme heim igjen.

Når Knut var 14 år flytta han heime frå og begynte eit heilt nytt liv. Han prøvde seg i mange yrker; krambusvein, skreppekar, skomakerlæring, lensmannsbetent og skulelærar. Det var på denne tida han begynte å lese litteratur frå heile verda.

Når han var 17-18 år gammal skreiv han si første bok, Den Gaadefulde som vart utgjeven i Tromsø i 1877. Etter dette skreiv Hamsun mange bøker.

Livet vidare..

Når Knut begynte som forfattar, ville han forandre navnet sitt. Han heite Knud Pedersen Hamsund, men han forandra det til Knut Hamsun. Bokstaven -d i Hamsun vart vekk ved ein skrivefeil når han forandra navnet, så etter det så heite han Hamsun likevel.

I 1882 var Knut 23 år og då reiste han til Amerika. Der var han i to år å jobba bonde i Red River Valley, og som sporvognskonduktør i Chicago. Her held han mange foredrag om nordiske og franske forfattarar.

Når Hamsun kom tilbake til Norge, gav han ut boka Fra Det Moderne Amerikas Aandesliv, her beskriv han det amerikanske forbrukersamfunnet. Hamsun var heile sitt liv kritisk til den hurtige utviklinga av samfunnet og den store forbruken av naturen.

Ekteskap

I 1898 gifta Hamsun seg for fyrste gang med Bergljot Goepfert, og dei fekk dattra Victoria i 1902. Dette var eit dårleg ekteskap, og dei skilde seg difor i 1908. I 1909 møtteHamsun Marie Andersen, og dei gifta seg same året. På den tida var Marie ein ung og lovande skuespelar, men ho slutta som det og vart kona til Knut. Dette var eit ekteskap som var betre enn det første, men etterkvart vart det små konfliktar mellom Knut og Marie. Eit eksempel på det var at Knut reiste vekk frå Marie og barna for å skrive bøker, dette gjorde han fleire ganger og desse opphalda vekke frå familien kunne vare frå eit par dagar til eit år.Då måtte Marie ta ansvar for alt som skjedde heime

Først så busette dei seg på Hamarøy i 1911. Her skreiv Hamsun tre bøker; Børn av tiden, Den Siste Glæde, Segelfoss by.
I desse bøkene skrive han om den altfor rask veskande industrien.
Seinare, når Hamsun fekk meir pengar og vart meir berømt, flytta dei til Nørholm.

Hamsuns skriving

I 1890 gav Hamsun ut boka Sult.
"Det var i den tid jeg gik omkring og sultet i Kristiania, denne forunderlige by som ingen forlater før han har fåt mærker av den..."
Dette var eit utdrag frå boka Sult. Denne boka handla om korleis forfattarar kjempa for å overleve ein storby. Han skildra også korleis han hadde det når han var i Kristiania. Det var denne boka som gjorde at Hamsun vart kjend.

Nyromantikarane skildra naturen som om den var noko heilagt. Dei skildra naturen som eit paradis for oss mennesker. Og beskrivelsar av naturen i dei forskjellige nyromantiske romanane er veldig mange. Slik skreiv også Hamsun.

1891-92 reiste Hamsun rundt med foredragsturne, der han kritiserte Bjørnson, Kielland og Lie for diktinga/skrivinga deira. Han meinte at dei ikkje måtte beskrive det naturalistiske, men det "romantiske" i samfunnet. Dette viste han i romanane Sult og Mysterier.

Nobels Litteratur Pris

Hamsun var ukjend heilt til han skreiv Børn Av Tiden og Seglefoss by, dei vart selgd nesten over heile landet. Og mange fekk sansen for kva Hamsun skreiv om. Hamsun skreiv om at han var kritisk til den raske industriveksten, fordi han heller ville ha eit samfunn der folk dyrka jorda og utnytta naturen skikkeleg. Dette klarte Hamsun å få veldig klart i romanen Markens Grøde. Dette vart ein stor salgssuksess, og i 1920 fekk Hamsun Nobels Litteratur Pris for denne boka.

Hamsun og nazismen

Hamsun hadde tidlig gjort det klart at han ikkje likte engelskmenn og kva dei stod for. Eg trur at han gjorde det fordi England var dei som hadde mest industri, og det landet som hadde mest arbeidarar. Dette engelsk hatet til Hamsun gjorde at Tyskland fekk sansen for bøkene hans, og Hamsun vart veldig populær etterkvart i Tyskland.Etter at nazistane tok makta i Tyskland i 1930, så støtta Hamsun nazistane.

Når nazistane innvaderte Norge, skreiv Hamsun mange artikklar og lesarinnlegg der han oppfordra nordmennene til å kaste våpena, og hjelpe nazistane å overvinne engelskmennene. Hamsun gjorde også dette fordi Hitler hadde sagt at Norge vere ein viktig del av "det tredje riket".

Etterkvart ut i krigen begynte Hamsun å synst synd på jødane og dei andre norske krigsfangane, og han fekk mange brev frå foreldrer som bad han om å spørje nazistane om å frigi norske fangar. Hamsun kontakta Josef Terboven og ville ha han til å sleppe laus krigsfangar, men han fekk alltid avslag.I 1943 reiste Hamsun til Tyskland for å besøke Hitler. I dette møte ville Hamsun forklare at nordmennene leid under Terboven. Hitler avviste alt, og møte vart ein fiasko.

Landssvik

Etter krigen vart han satt i husarrest og under psykiatrisk observasjon, og han fekk diagnosa "varige svekkede sjelsevner".
Dette meinte mange var grunnen til at Hamsun hadde vore einige med nazistane, men Hamsun ville bevise at det var feil, og fekk difor ei rettsak. Der vart han dømd for landssvik og fekk ei bot som var så stor at Hamsun gjekk "konkurs". I etterkrigstida skreiv Hamsun dagbokromanen Paa gjengrodde stier (1949). Denne boka er ein slags forsvarstale og dagbok for Hamsun, han skriv om ; arrestasjonen, påtale for landssvik og oppholdet på Gaustad.Resten av livet bur Hamsun på Nørholm. Hamsun døyr stille in i 1952.

Utgivelsar:

Dette har Knut Hamsun skreve:
- Den Gaadefulde (1877)
- Et Gjensyn (1879)
- Bjørger (1879)
- Lars Oftedal (artikklar, 1889)
- Fra Det Moderne Amerikas Aandesliv (1889)
- Sult (1890)
- Mysterier (1892)
- Redaktør Lynge (1893)
- Ny jord (1893
- Pan (1894)
- Ved Rigets Port (1895)
- Livets Spil (1896)
- Siesta (noveller, 1897)
- Aftenrøde (1898)
- Victoria (1898)
- Munken Vendt (1902)
- I Æventyrland (1903)
- Kratskog (noveller, 1903)
- Dronning Tamara (1903)
- Det Vilde Kor (diktsamling, 1904)
- Sværmere (1904)
- Stridende Liv (1905)
- Under Høstjærnene (1906)
- Benoni (1908)
- Rosa (1908)
- En Vandrer Spiller Med Sording (1909)
- Livet Ivold (1910)
- Den Siste Glæde (1912)
- Børn Av Tiden (1913)
- Seglefoss By (1915)
- Markens Grøde (1917)
- Sproget I Fare (artikklar, 1918)
- Konerne Ved Vandposten (1920)
- Siste Kapitel (1923)
- Landstrykere (1927)
- August (1930)
- Men Livet Lever (1933)
- Ringen Sluttet (1936)
- Artikler I Utvalg (1939)
- Paa Gjengrodde Stier (1949)
- Paa Turne (1960)
- Fra Det Ubevisste Sjæleliv (1994)
- Lurtonen (1995)

Analyse av Markens Grøde.


Innholdsreferat:

Denne boka komm ut i 1917, og handlinga er nok henta frå denne tida og tidligare. Heile boka er bygd opp rundt hovudpersonen Isak Sellanrå, som er ein stor, sterk og arbeidsom mann.

Heile historia startar når Isak er ute i øydemarka å leitar etter ein plass å bu. Han startar å rydde mark langt oppi skogen milevis frå folk. Isak søker etterkvart kvinne hjelp, og etter ei stund kjem Inger. Ho har hareskår og er ikkje så veldig vakker. Inger er ikkje vakker, men ho er veldig hjelpsom og arbeidssom.

Isak bygg og bygg. Han bryt meir og meir jord. Han får seg sauer, kyr og ein hest. Etterkvart kjem det fram fleire og fleire byggningar, og Isak har no bygd både stue, fjøs og mange andre byggningar.

Det første barnet som Inger får har hareskår, og difor drep Inger det, fordi ho ikkje vil at barnet må gå gjennom det same som det ho gjorde. Dette får ikkje Isak vite før seinare. Men det som Inger trur er grunnen til hareskåret er at ho såg ein hare under svangerskapet, og det meinte Inger betydde ulykke.

Etter ei tid får lendsmannen vite om drapet og han arresterer Inger, og ho vert dømd til 8 år i fengsel, før ho kom i fengsel rakk ho å få to barn, Eleseus og Sivert. I fengsel får ho Inger eit barn, ho Leopoldine.

Medan Inger er i fengsel, bygg Isak mykje meir og dei har fått naboar, han Aksel Strøm som bur på Måneland, og litt lenger nede der nur han Brede og kona. Eit av barna deira, ho Barbro startar å jobbe med han Aksel Strøm. Etter ei stund får ho Barbro og han Aksel eit barn, det drep ho Barbro, men grunnen til det var at Barbro hadde vore i byen, og der likte ho seg, og ho tenkte difor at visst ho fekk eit barn så kunne ho aldri komme tilbake til byen å ha det gøy.Barbro får eit år straff i fengsel. Dette visar kor stor forskjell det er på drapa som Inger og Barbro gjer. Barbro drep det fordi ho berre bryr seg om seg sjølv, mens Inger gjer det for det er det beste for barnet (slik dei oppfattar det sjølv).

Geissler har vore til stor hjelp for Isak og Inger. Han hjalp Inger med saka, og klarte å forkorte dommen, og han hjalp Isak med å kjøpe jord for ein billig penge av staten. Dei fjellla som Isak kjøpte sel han vidare til mange, og det tenar han mykje pengar på.
No hadde Inger og Leopoldine komme heim igjen, Inger hadde forandra seg, ho hadde fått sydd saman hareskåret og ho var mykje finare no! Barna til Isak og Inger hadde no fått begynt på skule.

No begynner den lille byda å bli større, fleire folk vil prøve lykka oppe i øydemarka. Oppe i fjella blir det stor aktivitet ei stund, for han Geissler har fått med seg nokre svenskar som lagar gruve oppe i fjella, her tente han Isak og han Geissler mykje pengar.

I denne tida vart det også bygd mykje stor gardar, mellom anna
”storborg”, denne garden kjøpte han Isak, fordi han ville overtale Eleseus til å bli bonde på denne garden, men han takka nei, og flytta til Amerika for å søke lykken!

Han Sivert er meir gardsgutt enn han Eleseus og han hjelpar han Isak, som har vorte sliten opp gjennom åra. Han Sivert vart vidare forelska i ho Jensine, som var tenestepika til Inger og Isak.

Tilslutt i boka går alt sin gang (akkurat som i eit eventyr).
Han Isak har klart det umoglege, frå å ha ingenting så har han no femten kyr, førtifem sauer og mange andre rikdommar.

Avsluttninga på boka;
”Så kommer kvælden”.

Personanalyse:

Isak:

Sitat s.149: ”…Isak med jærnskjegget og den altfor rotvoksede kroppen, han var som en gruelig kværnkall, ja han var som set gjennem en hvirvel i ruten. Og hvem andre gik med et slik opsyn i ansigtet..”

Her blir Isak framstilt som ein stor mann med mykje skjegg. Og ein som arbeidar mykje.

Isak beskriver seg sjølv;

Sitat s.147: ”..Hvem vilde tjene hos en mand i vild marken, mile til folk, ja en dagsreise til næste menneskebolig! Og manden selv han var ikke det spor søt eller nydelig, men tværtimot, og når han talte var han jo ingen tenor med øinene mot himmelen, men litt dyrisk og grov i røsten..”

Isak er hovudpersonen i boka. Vi får ikkje vite så mykje om Isak med ein gang, men seinare i boka får vi vite meir om han.Vi følg han frå han vandrar i øydemarka til han får ein stor familie, gard og mykje pengar. Det som eg fekk følelsen av i begynelsen av boka var at Isak var ein mystisk mann som kom vandrande gjennom den øyde marka, men etterkvart får vi vite meir om Isak.

Isak er ein roleg og veldig gjennomtenkt mann. Han aksepterer heller korleis ”ting” er enn å lage eit stort oppstyr av det. Eksempel på det kan vi lese om når Isak Os-Anders ein av sauene sine, han Isak blir ikkje sint, men han berre bit det i seg!

Isaks kjærleik til Inger:

Isak har ikkje så stor sans for kjærlighet, han er meir opptatt av korleis Inger er som arbeidskvinne;
sitat s.148: ”..men så kom hun- en stor, brunøiet pike, hun var så frodig og grov, med tunge gode hænder, med komager på føtterne skjønt hun ikke var lap og med en kalveskinds sæk på ryggen..”

Her beskreiver Isak korleis Inger er som arbeidskvinne, og ikkje som ei kone.Han beskriv henne som ei kone som er "stor nok" til å hjelpe han på garden.I begynnelsen av boka får eg inntrykk av at Isak berre ser på Inger som ei arbeidskvinne, men seinare i boka kjem Isak sine eigentlege følelsar fram. Eg har i løpet av boka prøvd å forstå Isaks kjærleik til Inger, og det har eg klart! Isak bygg meir og meir for å glede Inger, det er hans måte å vise Inger kjærleik! Men seinare i boka får Isak eit "varmare" forhold til Inger, det kan vi sjå ved at Isak kjøper Inger ein dyr gullring for å vise sin kjærleik til henne.

Isak blir tilslutt kalla "Markgreven", p.g.a alt han eig!

Mine meiningar om Isak:

Slik vil eg beskrive Isak: Ein stor og sterk mann, som arbeider heiletida. Isak er også veldig snill og hensynsfull, som alltid tenker fornuftig.

Slik eg tolkar Isak, så er han ideal mennesket! Hamsun likte ikkje den raske industrialiseringa som kom til Norge og resten av verda.I denne boka har han fått fram meiningane sine, handlinga går føre seg i Hamsuns drømmesamfunn der Isak er frontfiguren, akkurat slik Hamsun meinar at eit samfunn skal vere.

Inger:

Inger er ei kvinne som kom frå andre sida av fjellet. Ho kjem for å jobbe med han Isak, ettersom han søkte etter kvinnfolk hjelp. Inger har hareskår, som ho skammar seg over. Det er nok også grunnen til at ho søker jobb med Isak, på grunn av at ho vart ”utpressa av bygda”.

Inger er også overtruisk, det kan vi lese om når Inger får eit barn som har hareskår. Ho trur at grunnen til at barnet har eit hareskår, er fordi Inger såg ein hare under svangeskapet. Inger drep barnet, og det gjer ho fordi ho ikkje vil at barnet skal ”lide” like mykje som Inger har gjort p.g.a hareskåret.

Beskrivelse av Inger:

Slik beskriver Isak korleis Inger ser ut første gang han ser henne:

Sitat s.148: ”..En dag kom hjælpen. Hun krysset længe frem og tilbake opi lien før hun våget sig frem, det blev kvæld før hun kom sig til det, men så kom hun- en stor, brunøiet pike, hun var så frodig og grov, med tunge gode hænder, med komager på føtterne skjønt hun ikke var lap og med en kalveskinds sæk på ryggen. Hun kunde være ut i årene, høflig talt op til tredive..”

Beskrivelse av Inger etter at ho kom heim igjen frå Tronheim:

Sitat s.210: ”..Derimot så han et kvindemenneske med en liten pike som alt stod oppe ved naustdøren, men kvindemenneske var penere enn Inger, skjønt Inger ikke var stygg. Hvad- men det var jo Inger.”

Sitat s.211: ”..Der var Inger kommet, fremmed i klær og utseende, fin, uten hareskår, bare med en rød strpe over overmunden. Hun hvislet ikke mer, hun talte rent. Et gråt og rødt uldtørklæde med frynser var pragtfuldt på hendes mørke hår..”

Sitat s.216: ”..Også hendes tale var blit annerledes, litt bedre, utsøkt. Aldrig så ropte hun på ham mer med de gamle ord: Kom ind og få dig mat! Nu sa hun: Vær så god, kom og spis! De hele hadde blit anderlendes..”

Sitat s.219: ”..Var Inger inderst inde blit så konstig under sit lange byliv? Saken var at Inger hadde forandret sig meget og tænkte ikke længer så stadig på deres fælles bedste som på sig selv. Hun hadde tat karder og rok og vævstol i bruk, men hun veivet lagt heller på symaskinen, og da smeden hadde smidd et pressejærn til hende var hun fuldt rustet til å optræde faglært i søm.Det var hende profession..”

Mine meiningar om Inger:

Inger er ei kvinne som er veldig omtenksom. Ho vil alltid det beste for Isak og borna. Ho er også ei arbeidskvinne som først og fremst jobbar i heimen, men ho hjelp også Isak.

Inger hadde sjølv hareskår, og ho fekk gjennomgå fordi ho hadde det, difor drep ho barnet sitt som blir fødd med hareskår.Dette gjer ho for å spare barnet for lidingane, eg meinar at det var feil å drepe barnet, men det bevis at Inger er veldig omtenksom.

Eleseus:

Sitat s.217: ”..Det var ikke netop det at Eleseus var stærkere, men han hadde længere armer og kunde veive bedre ut under uenigheter..”

Sitat s.282: ”..Han hadde jo tidt hat brillerne på og studert bruksanvisningen på hjemveien i dag, men intet forståt, her hadde Eleseus måtte træde til. Å ja herregud, kyndighet var vel godt å ha! Og for å ydmyke sig selv vil Isak oppgi å gjøre Eleseus til jordbruker i marken, men han skulde ikke nævne det mer..”

Eleseus blir heilt i frå begynelsen beskreve av Isak som ; ein høg, tynn og bleik mann, ein som ikkje egnar seg som arbeidar. Vi blir raskt oppmerksom på at Eleseus ikkje er ein arbeidsmann, han likar best å lese bøker, og det visar seg at han er veldig flik til å skrive og teikne. Ingeniørane som sett opp telegrafledninga, blir raskt klar over dette, og dei tek difor med seg Eleseus til byen som sekretæren deira.

Etterkvart visar det seg at Eleseus får stor sans for byen, for han blir der i lange perioder. Eleseus vil også begynne å vere ein by-mann, og difor sender han brev til Isak og Inger å ber om pengar til slike ting.

Når Eleseus kjem tilbake etter ei stund, prøvar han seg som handelsmann i nyryddinga på Sellanrå, dette funkerar dårleg.
Isak prøver også å få Eleseus til å slå seg ned i marka ved å kjøpe garden Storborg til han, men Eleseus ville ikkje ha den.Eleseus blir etterkvart veldig bedrøva, og dette førte til at han tok mange handelsreiser. Det heile endar med at Eleseus prøvar lykka i Amerika.

Sivert (Jakob):

Sitat s.217: ”..Men den Sivert! Nu og da fandt han et rypereir i skogen, engang talte han om et musebol og gjorde sig interessant, en anden gang om en menneskestor ørret i elven; men det var det klare påfund av ham, han var ikke fri for å gjøre sort til hvitt, Sivert, men ellers var han en bra kar..”

Sivert er vidunderbarnet på garden igjennom Isak sine auge. Sivert blir akkurat slik som Isak er. Han satsar på bondekulturen, og søkar ikkje inn til byen slik som Eleseus gjorde. I staden for å søke kunnskap i bøkene, så gjer heller Sivert praktiske ting. Sivert jobbar mykje og han er alltid glad og spøkar heile tida.
Sivert hjelp Isak gjennom heile livet.
Tilslutt i boka så blir han Sivert forelska i tjenste pika til Isak og Inger, ho Jensine.

Barbro:

Sitat s.244: ”..Barbro var jo pen og rikelig for sig, hun hadde kanskje bedre tak her hjemme enn å komme frem..”

Sitat s.245: ”..Barbro var rak og tynd, hun talte litt hæst, viste modenhet og erfaring i mangt og meget..”

Barbro er eit av barna til han Brede. Ho begynte å jobbe med Aksel Strøm, som tenestepike, men dei får eit barn saman, men ho drep det. Ho jobba mykje for Aksel, men starta å lengte tilbake til byen etter ei stund, ho og Eleseus var begge by kjente, så Eleseus var mange gongar på besøk med Barbro.

Brede:

Han er også ein bonde, men når telegraflinjen komm opp, tok han ansvaret for den. Dette meinte Isak var berre bortkasta tid, han meinte at Brede brukte for mykje tid på det i forhold til kva han gjorde på garden sin. Isak meinte også at Brede var blitt ”innhenta” av stor samfunnet, og det øydelagde for han.

Aksel Strøm:

Sitat s.245: ”..Han hadde gård og gamme, det var en mand som spinket og sparet og små isenn samlet sig dyr og anden middel, men ingen kone og ingen kvindfolkhjælp hadde..”

Aksel Strøm er også ein bonde, han får eit barn med Barbro, men ho drep det.

Oline:

Ho er den som erstattar Inger når ho er i fengsel, ho blir som ei reserce mor for barna. Ho hadde eit godt forhold til lapparen Os-Anders, ho gav han mat, ein sau og andre ting som høyrte Isak til. Ho Oline er i slekt med ho Inger.

Geissler:

Geissler er overalt. Han hjelp folket på Sellanrå i tjukkt og tynnt, men han er også ein beskyttar for dei. Når det er fare på fære, dukkar Geissler alltid opp. Fleire gongar i boka gjenntar Isak; ”..og takk Gud for han Geissler..” , ”..Geissler er litt av en velsignelse..”..

Gissler hjelp med mykje, han hjelper for eksempel Isak med å kjøpe jorda i marka for ein billig penge av staten. Han forsvarar Inger sin sak etter barnedrapet.

Geissler følar at han er for påverka av det moderne samfunnet, og difor ser han veldig opp til Isak, noko som han fortel til Sivert.

Eg får iallefall inntrykk av at Hamsun vil at oss skal få inntrykk av at Geissler skal vere ”ein reddande engel” og ”eit idealmennske”.

Litterære virkemiddel:

I denne boka var det ikkje beskjeling, metaforar eller andre spesielle litterære virkemiddel. Grunnen til det er at Hamsun ikkje brukar slike virkemiddel, for han beskriver i staden..

Men eg fann ein bibelallusjon:

Sitat s.258: ”..Nei man skulde høre på de gamle som selv har hat børn, for Guds veier de er uransakelige, sa Oline.

Hamsun brukte bibelen, som han fletta inn i boka.
Her er eit eksempel på det:

Sitat s.153:
”..Han svarte av nåde….Stakars Inger, hun var ikke så ugudelig klok som han, som Isak, skapningens herre..”

Sitat s.161:
”..Isak gik barhodet og i Jesu navn og sådde..”

Sitat s.163:
”..Det må nu vel med Guds hjælp bli regn i nat..”

Sitat s.163:
”..lat bare lauvet stå der i Guds navn..”

Hamsun brukte ein del bibelen som han fletta inn i boka. Eg la til merke bruken av namn på personane. Dei nærmaste i Isakfamilien har bibelske namn:

Isak er faren i huset.
Han får ein son som han kallar Eleseus, som eg har funne ut kom frå namnet Esau.
Han får ein son til som han først kallar Jakob, men av hensyn til familien til Inger, blir han kalla Sivert.
Han får også ei dotter som han kallar Rebekka.

I historia i bibelen om Isak, så er slektstreet akkurat det same som i denne boka!

Språk:

Eg kan med ein gong sjå at dette ikkje er ei bok som er beregna på ungdom. Den har mange tunge og gamle ord (dansk/norske ord). Det er ikkje ei spesielt spanande bok heller, som tyder på at det ikkje er ei ungdomsbok. Det som gjer at denne boka blir veldig tung og vanskeleg å lese er nok noko med koreis Hamsun skriv. Det har vorte bevist at visst du les mange forskjellige bøker, så klarer du å lese flest forskjellige ord på 1.min i Hamsun sine bøker enn andre sine!

Min konklusjon er at denne boka her er beregna for vaksne!

Miljø:

Sitat s.145: "..Slik blev stien til gjennem den store almenning som ingen eiet, det herreløse land.."

Sitat s.147: "..en mand i vild marken, mile til folk, ja en dagsreise til næste menneskebolig.."

Slik beskriv Isak øydemarka som han vandrar gjennom i begynnelsen av boka. Miljøet i øydemarka er veldig dårleg med ein gong, det er milevis til neste menneske.

Etterkvart veks det fram eit lite miljø/samfunn:

Sitat s.283: "..Sellanrå er ikkje længer et øde sted, her er syv mennesker med stort og smått (koner og barn).."

Sitat s.315: ”..Det var godt altsammen, ødemarken var blit liv, det blomstret med penger..”

Miljøet vert endra spesielt etter at industialiseringa når øydemarka, med det meinar eg når telegraf stolpane kom og gruvedrifta. Det vart aldri eit skikkeleg industrialisert samfunn i øydemarka, men blir til slutt eit lite samfunn som ikkje er innvirka av industrialiseringa.

Tema og bodskap:

I denne boka kan eg seie at Hamsun tek opp mange tema. Som for eksempel å overleve ute i "ingen mans land", hareskår, fattigdom, men hovedtemaet er nok industrisamfunnet, noko som Hamsun var veldig imot!

Bodskapen til Hamsun var veldig klar, han ville holde fast på det gamle bonde samfunnet og vike i frå det nye industri samfunnet!!

Hamsun ville at ”Markens Grøde” skulle vere ein hyllyst til bondekulturen/samfunnet. I boka så blir det skreve om mange personar som lever i harmoni, men så blir dei påvirka av industri samfunnet og livet deira vart øydelagt.

Hendingar:

*Barnedrap
*Industrisamfunnet kjem til ”marka”

-Barnedrapa til Inger og Barbro kan vi sjå er heilt forskjellige motiv. Inger drep fordi ho ikkje vil at barnet skal gå gjennom det same som ho har gjort p.g.a hareskåret, mens Barbro drep det fordi ho trur at barnet vil gjere slik at ho aldri kan komme tilbake til byen i ha det gøy. Dette er ein av hendingane i boka.

-Industrisamfunnet kjem til ”marka”:
Industrisamfunnet kjem etterkvart i til ”marka”, dette ser vi gjennom at telegraf linje kjem opp, at det blir starta gruvedrift oppe i fjellet og at Isak og dei andre bøndene skaffar seg slåmaskin og andre nye hjelpemiddel.

Vi kan også sjå at industrisamfunnet kjem til ”marka” ved at mange blir påvirka av dette samfunnet, mens andre flyttar til byen, og når dei kjem heim igjen, så er livet heilt på bunn (det var slik Hamsun ville at vi skulle oppfatte industrisamfunnet).

Eigavurdering:

Slik arbeidde eg:

1. Skreiv eg forfattarportrett (om forfattaren, utgivelsar, prisar++)
2.Skreiv eg innholdsreferat (slik at det skulle vere lettare å begynne å analysere boka).
3.Skreiv eg analysa av boka
4.Skreiv eg resten av alt småttriet som var igjen (framside, bakside++).

Grunnen til at eg valgte å skrive om Knut Hamsun vart at han høyrdest interessant ut å skrive om og lese bøkene av, etter at klassa vår hadde sett filmen ”Gåten Knut Hamsun”.

Det som også var interessant var at han hadde fått nobelslitteraturpris for boka ”Markens Grøde”. Og då var det veldig naturleg for meg å velge å lese og analysere boka ”Markens Grøde”.

Kjelder:

http://www5.nrk.no/hamsun/index.html
http://www.aftenposten.no/alex/litterat/forfatte/hamsunkn.htm
http://www.hum.uit.no/alm/littvit/forfatter/Hamsun+Knut
http://www.hamsun.no/gjernes.html
http://www.aftenposten.no/bakgr/960609/kronikk.htm

+Eg brukte også søkemotorane Google (google.com) og Kvasir (kvasir.no), og søkte på : ”knut hamsun”









Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish