Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
Ungdomens eige tekstutval; ein reiskap i lyrikkundervisninga?Skriv ut Utskrift

Sammenligning og analyse av "Bjølsen Hospital" og "Du dør så langsomt at du tror du lever".

Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter: Anonym

På den eine sida står Bertrand Besigye (1972-), ein framragande dikter med si debutsamling ”Og du dør så langsomt at du tror du lever” frå 1993 som han fikk tildelt Tarjei Vesaas debutantpris for. På den andre sida finn vi rappgruppa ”Klovner i Kamp” med det andre albumet sitt ”Bjølsen Hospital” frå februar i år. Begge har fått strålande kritikkar, men frå klart forskjellige typar miljø innan norsk kunst.

 

I det fylgjande vil eg fyrst gi ei analyse og ei tolking av tekstane med vekt på likskapar og skilnader. Dernest vil eg sjå på bruk av lyrikk på ungdomssteget og vurdere bruk av lyriske tekstar frå samtidas ungdomskultur i denne samanhengen. Eg vil sjå på begge tekstane som dikt, fordi dei har klare lyriske trekk og det vil på den måten bli lettare å sjå samanhengar dei imellom, og da særleg når det gjeld språklege og lyriske verkemidlar. I tillegg vil eg understreke at analyse av dikt kan bli veldig omfattande dersom ein skal gå inn på alle verkemidla og deira effekt. Eg har derfor valt å gå inn på dei verkemidla eg finn vesentleg for ei større oppleving og ei djupare forståing av innhaldet i dikta. (Torvik 1994:24)

 

Sjølv om desse tekstane representerar heilt forskjellig delar av norsk dikting, er det enkelt å få auge på likskapar. Besigye Bertrand har skive eit dikt om ei einsam sjel som sit og ventar på at noko skal skje. Han er redd, paranoid og apatisk på same tid. Spenninga bygg seg opp kvar gong ei digitalklokke skiftar tal, for på slaget seks kjem hovudpersonen til å snitte pulsåra over (strofe III., vers 35). ”Klovner i kamp” har skrive eit dikt om ei anna einsam sjel som bur på eit hospital. Han lever i si eiga hallusinerande verd og slit òg i likskap med Bertrand sin person med sjølvmordstankar.

 

Ein slåande likskap hos forfattarane er stemninga i dikta deira. Ho ligg som eit mørkt og dystert teppe rundt orda, samtidig som ei spenning byggar seg opp mellom dei. Denne stemninga understrekar det felles temaet; depresjon. Eg finn mange likskapar mellom personane som blir skildra i ”Og du dør så langsomt at du tror du lever”(herifrå forkorta ”Og du dør”) og i ”Bjølsen Hospital” (herifrå forkorta ”BH”) som pekar mot at dei begge er svært fortvilte. Til dømes står det i strofe III., vers 23, 24 og 25 i ”Og du dør” :”det forsiktige orgasmestønnet måler klangdybden i din fortvilelse”, mens det står at eg-personen i ”BH” (i strofe III., vers 3 og 4) ”(…)sitter i en snare, mellom virkelighet og mare(…)”. Både ordet fortvilelse og ordet mare er svært negativt lada ord som viser at hovudpersonane slit i liva sine.

 

Går vi bort frå det tematiske og nærmar oss den ytre forma til dikta, ser vi at ”Og du dør” er delt inn i tre tydeleg framtredande strofer. Strofe to og tre er og markert med romartal. Strofene har ikkje fast verse- eller rytmemønster og det er ikkje systematisk bruk av rim. Dette seier oss at det er eit dikt i ubunden form. (Torvik 1994:77). ”BH” er delt inn i fire klare strofer. Ved fyrste augekast ser det ut som vi kan ha med ei fireversing å gjere, men ved ein nærmare kikk ser vi at den fyrste strofa bryt med mønsteret fordi ho har fem vers. Det er heller ikkje her systematisk bruk av rim og rytme og vi må konkludere med at dette også er eit dikt i ubunden form.

 

Om rim ikkje blir systematisk brukt, betyr det ikkje at det aldri førekjem. ”Klovner i kamp” bruker enkle, men effektfulle rim gjennom heile diktet. Med enkle meiner eg at dei har teke i bruk ord som er vanlege å bruke i rim og reglar, som til dømes i strofe I. kor orda lukket og slukket dannar eit av mange stavingsrim (vers 3).Dette blir kalla tostavingsrim eller kvinneleg rim. Vi finn òg dømer på einstavingsrim (mannleg rim): gal - sovesal - hospital (strofe IV., vers 3 og 4), og trestavingsrim (løpande rim): korridorer – metaforer (strofe II., vers3 og 4),(ibid.:39). Rima er og slik at ein nesten er nøydd til å høyre teksten bli rappa i bakgrunn når ein les han. Døme: ”Det er en lang dags ferd mot natt jeg kjenner at dagen setter meg på prøve så jeg føler meg matt. Jeg føler meg slapp, men brisen gjennom mørket gjer meg levende.” (strofe I., i vers 1, 2 og 3). For å få denne spesielle effekten, gjør ”Klovner i kamp” om på vanlege ord og vendingar. Til dømes i strofe II forkortar dei ordet noe ned til no (midten av vers 2), og dei setter inn ordet i i starten av vers 3. Det er ein nemneverdig forskjellen i rytmen mellom å lese setninga ”hele rommet i rundt meg eksploderer” slik han står, og setninga ”hele rommet rundt meg eksploderer”, slik han kunne stått.

 

Besigye Bertrand har derimot ikkje teke i bruk stavingsim i diktet sitt, men vi finn mange dømer på alliterasjon (bokstavrim). Det finnes to slags alliterasjon; konsonantrim og vokalrim. Ein viktig skilnad ved dei to er at rimorda i konsonantrim nyttar same konsonant, mens rimorda i vokalrim kan nytte ulike vokalar og diftongar (ibid.:37). Vi finn begge slag representert i ”Og du dør”. Døme på konsonantrim finn vi mellom anna i strofe I., Vers 7: ”I sine krumme klør” , i same strofe, vers 10: ”men fortere framover” ,i strofe II., vers 30: ”flua stikker sin snabel gjennom en tåresekk” og i strofe III., vers 31: ”livskraft spruter i syltynne stråler”. Døme på vokalrim finn vi mellom anna i strofe II., vers 16 og 17: ”(…) opplagra ro dunkes i stolarmens stoff” [mine understrekingar]. Alliterasjon har, som ein kan sjå, ein understrekande funksjon og effekt.

 

Bertrand Besigye lèt strofene bli lenger og lenger utover i diktet sitt. Om det er gjort med overlegg, veit eg ikkje, men eg meiner at ein effekt likevel er til stades. Dess lenger ein som lesar kjem ut i diktet, dess meir intenst blir det. Venningar som ”livskraft pumpes” (strofe II., vers 11), ”hårveksten kravler ut av neseborene” (strofe III., vers 14) og ”livskraft spruter i syltynne stråler ut til vingenes vibrering” (strofe III., vers 31 og 32), er med på å auke tempoet. Mens fyrste strofe er ordknapp, blir vi i dei to neste overvelda med ord i større og større grad og vi blir drege med nærmare og nærmare inn i hovudpersonens verd. I ”Klovner i kamp” sitt dikt blir også spenninga bygd opp etter kvart, og ho når eit klimaks i strofe III: ”(…)jeg plager meg og piner meg og stikker meg til blods jeg må komme meg i sikkerhet, jeg stikker av til fots(…)” (vers 2 og 3).

 

Ein anna utprega likskap mellom dei to dikta er bruken av gjentaking som verkemiddel. I ”BH” blir dei tre fyrste strofene innleidde med setninga ”Det er en lang dags ferd mot natt”. Eg trur at når forfattaren her velgjer å bryte dette mønsteret i siste strofe, er det for å vekke lesaren ved å plutseleg teke han med rett inn i handlinga. Det kan også tyde at no er ferda mot natt over, altså at natta er her no. Bertrand bruker i sitt dikt overskrifta ”Og du dør så langsomt at du tror du lever” som eit slags musikalsk tema med variasjonar. Kvar strofe startar og sluttar med dette temaet, og i strofe II. kommer variasjonane: ”du våkner så langsomt at du tror du sover” (vers 21 og 22) og ”du våkner så langsomt at du tror du lever Og du dør så langsomt at du tror du sover” (vers 31,32,33 og 34). Også i ”Klovner i kamp” sitt dikt blir komposisjonen avrunda med overskrifta; ”Bjølsen Hospital”.

 

Setninga ”Og du dør så langsomt at du tror du lever” er det nok moglegheit for å tolke mange veger, avhengig av personlege assosiasjonar og kulturavhengige konnotasjonar, eller bitydingar av ord. (Halvorsen m.fl. 1994:20) Sjølv tolkar eg innhaldet som ein ironisk og trist måte å sjå livet på. På same måte som det i ”BH” står at det er ei lang dags ferd mot natt, seier Bertrand med si setning at det er ei lang og langsam livsreise mot døden. Dagen er berre ein måte å kome til natta på, og livet er berre ein måte å kome til døden på. Av setninga kan det nesten verke som om vi har blitt lurt heile tida til å tru at vi lever, men det heile kan ein kalle eit paradoks, fordi ein leve for å kunne dø. ”Klovner i kamp” har også tatt seg friheita til å bruke denne setninga på sin eigen måte: ”(…), jeg kreperer, men så sakte at eg fortsatt har tro på at eg lever.” (strofe II., vers 4). Eg vil tro at dei har funne rota til dette uttrykket hos Bertrand av to grunnar. For det fyrste er den opplagte moglegheita til stades etter som ”BH” blei utgjeve åtte år etter ”Og du dør”. For det andre er utrykket til Bertrand så slåande at det blir brukt i fleire samanhengar og har blitt eit uttrykk i det norske språket på lik linje med mange ordtak.

 

Fortsettar vi med likskapar er det naturleg å sjå på bruken av metaforar og symbol. Begge dikta er symbolske dikt, det vil seie at forfattaren nyttar ei rekkje bilde som symbol og metaforar slik at teksten får eit eller fleire symbolske plan. (Torvik 1994:72) Eit symbolsk dikt kan òg vere eit allegorisk dikt. ”(…)alle allegoriske tekstar er symbolske. Men allegoriske kallar vi bare dei tekstane som er så rike på symbol og metaforar at så godt som kvar setning i teksten er biletleg.” (ibid.:73). Eg meiner utifrå denne definisjonen at ”Og du dør” og er eit allegorisk dikt. No vil eg prøve å forklare og tolke nokre døme på det biletlege språket hos Bertrand og ”Klovner i kamp”, men først vi slutte meg til Arne Torvik som seier: ”Det vil vere naturleg at tolkinga av slike tekstar blir forskjellige fordi mottakarane er ulike, sjølvstendige individ.” (ibid.:73).

 

Å skilje mellom metaforar og symbol i dikt kan vere ei utfordring, men ein huskeregel kan vere at metaforen er eit ord eller eit uttrykk som blir brukt i biletleg tyding, mens symbolet blir brukt når ein konkret ting står for eit abstrakt. (ibid.:27-28) I diktet til Bertrand finn vi eit symbol på ei vond kjensle i fuglen ravn. ”utenfor flyr en ranv ennå med den forlatte greinens tykkelse I sine krumme klør” (strofe I., vers 5, 6 og 7) står det først. Ravner blir ofte brukt i samanheng med hekseri, liding eller død og dei bringar for mange mørkets bodskap. Derfor vil eg assosiere han med ei vond kjensle, til dømes fortviling. ”du har lenge kjent hvordan ravnen hvesser sitt nebb mot kulden” (strofe I., vers 14 og 15), står det så. Eg ser på dette som at fortvilinga, utkledd som ravn, blir sterkare for kvart kuldegufs med negative forsterkningar som skyldar inn over hovudpersonen; ho kvesser sitt nebb.

 

Eit anna verkemiddel hos Bertrand er bruk av kontrastar og motsetningar, såkalla antitesar. I strofe I., vers 9,10,11 og 12, ligg det ein kontrast i ”for du beveger deg i sirkel men fortere framover slik to sykkelpedaler langsomt dreier framover” [mi utheving]. Dette gir ein effekt som gjer ein oppmerksam på motsetningane som drar kvar sin veg i sinnet til personen ein les om. I strofe III., vers 9, finn vi ein annan kontrast med ein effekt på det meir ytre plan: ”stolen kjølner og panna koker”. Her får ein vere med på å kjenne dei ytre påverknadene hos personen. Han både frys og sveittar, kanskje føler han det som om han har feber? Men Bertrand stansar ikkje med denne måten å bruke ord på. Han nyttar òg lydetterliknande ord som gjer at ein nesten kan ”lese med øra”. Slike orda er med på å framkalle bestemte stemningar hos lesaren og dei kallas onomatopoetiske ord (ibid.:36). Døme: ”det knaser, den summer, det blir stille” (strofe III., vers 17). Ein kan nesten høyre orda knaser og summer setje stillheta i rommet i rørsle, før alt igjen blir stille.

 

For å avslutte tolkinga av verkemiddel i ”Og du dør” vil eg ta for meg dei verkemidla eg fant flest døme på; besjeling (noe fysisk blir tillagt menneskelege delar eller eigenskapar) og personifikasjon (noe livlaust, upersonleg eller abstrakt får menneskelege drag) (ibid.:31). Eg kan ikkje tillate meg å gå inn på alle, men har valt ut eit knippe eg personleg likar. I strofe II. fann eg ein representant for kvar av dei to, som heng saman innhaldsmessig: ”(…)hvordan søvnen frykter lukkede øyne hvordan panna minnes grublerynker” (vers 26,27 og 28) Her er søvnen som har evna til å frykte eit døme på personifikasjon, og panna som har evna til å minnast eit døme på besjeling. Tolkinga av dei to kan bli djup fordi det er som om menneskelege og abstrakte ting har fått moglegheita til å gå inn i seg sjølv og forstå kven dei er. Det er som Jostein Gaarder seier i si filosofiske bok ”I et speil i en gåte”: ”Det blir omtrent som om en brønn var i stand til å dukke ned i sitt eget forundelige dyp.”(Gaarder 1993:40). Eit anna døme på personifikasjon finn vi i strofe III., vers 19: ”pulsen haler redselen etter seg”. Dette tyder at same kor fort pulsen går, henger redselen like i hælane på han. Ein blir ikkje kvitt redselen same kva.

 

Samanliknar vi typen verkemidlar i ”Og du dør” med ”BH” ser vi at det og i sistnemnde er mykje besjeling og personifikasjon. Døme på besjeling finn vi i fyrste strofe, vers 2 og 3: ”(…)brisen gjennom mørket gjer meg levende. Vi danser i vinden,(…)” Her dansar eg-personen med brisen, noko som kan tyde at brisen er ein velsigna ven og at eg-personen blir yr når han kjem. Lengre ut i diktet, andre strofe, vers 3, finn vi eit døme på personifikasjon som har mykje å seie for handlinga: ”(…),jeg ser sannheten ta bolig i de sykeste ideer(…). Eg tolkar dette som at eg-personen blir overvelda av hallusinasjonar. Men ”Klovner i kamp” har og teke i bruk eit noko meir ordinært døme på personifikasjon: ”(…)setter sinnet mitt i kok,(…)” (strofe III, vers 1). Med ordinært meiner eg ikkje dårleg, men berre hyppig brukt, og da serleg i litteraturen. Slike dømer finn vi ikkje hos Bertrand, men med det er det ikkje sagt at han er ein betre forfattar av den grunn. Tvert i mot må ein sjå på konteksten. ”Klovner i kamp” er ei rappgruppe, noko språket i ”BH” ber preg av. Mens Bertrand med diktet ”Og du dør” kanskje tar sikte på å underhalde eit vakse lesarpublikum med eit symbolsk og utfordrande språk, har ”Klovner i kamp” skrive sine teksten med omsyn på musikalsk flyt og rytme, og med sikte på å nå ungdom.

 

Språket i ”BH” er heller ikkje tomt for andre lyriske verkemidlar. Ein kan til dømes finne bruk av hyperbel. ”Hyperbel (…) kallar vi det når ein bruker eit bestemt ord eller uttrykk som inneheld ei (strek) overdriving, og såleis er usant i bokstaveleg meining.” (Torvik 1994:33). Døme: ”(…)får meg til å sprenge som en bombe, hele rommet i rundt meg eksploderer,(…)” (strofe II, vers 2 og 3). Effekten her blir at lesaren gjennom denne overdrivinga får eit sterkare bilde av korleis personen i diktet opplevar situasjonen. I siste strofe, rett før avslutninga, kjem forfattaren med eit retorisk spørsmål: ”Men synker man til bunns når vannet stiger?” (vers 3). Eit retorisk spørsmål er eit spørsmål avsendaren ikkje ventar svar på, og som han heller ikkje sjølv prøver å svare på. Verkemidlet blir brukt når avsendaren skal framheve ein tanke eller ei utsegn (ibid.:35). Eg trur forfattaren her vil få ein til å tenkje over om ein verkeleg er nøydd for å synke til botn dersom vatnet stig.

 

For å runde av tolkinga av verkemiddel i ”BH” vil eg ta for meg den siste setninga: ”Gal kan man si- men nok en gang går jeg forbi et åpent vindu i en sovesal på Bjølsen Hospital.” (strofe IV., vers 3 og 4). Denne setninga heng etter mi meining saman med siste setning i strofa over: ”(…)nok en natt på hospitalet er mer enn jeg kan klare.” (vers 4). Eg-personen slit med eit val, kanskje eit val mellom liv og død. Eg tolkar det slik at eg-personen ikkje trur han vil klare ei natt til der han er, men i avslutninga går han nok ein gong forbi det opne vindauget som kunne ha vore vegen til døden.

 

Den opne slutta i ”BH” har klare likskapar med den i ”Og du dør”. Vi kan ikkje vite om eg-personen i fyrstnemnde vel å ta livet sitt i morgon eller ikkje. Vi veit berre at i dag valde han livet. I sistnemnde nærmar klokka seg seks, og tida for å kutte pulsåra over, med stormskritt, men vi kan ikkje vere tygge på utgangen av det heile likevel. Denne usikkerheita for morgondagen går hand i hand med både stemninga i dikta og det felles temaet depresjon.

 

Som vi no har sett er analyse og tolking viktige reiskapar når det gjeld måtar å nærma seg lyrikk på. Som Arne Torvik seier det i kapitelet ”Poesien”:

 

For den «uinnvigde» kan kanskje den kunstnariske forma stundom verke som ein mur eller eit skal som stengjer for tileigninga av innhaldet. Men er mottakaren villig til å bruke tid på å trengje inn gjennom denne muren, vil den poetiske kunsten ha store rikdommar i seg som ein kan ause av gjennom heile livet. (Torvik 1994:24).

 

Skal vi tro Torvik er alt vi treng tolmod og analytiske reiskapar for å kunne opne ein kvar poetisk tekst og ta del i rikdomane deira. Men korleis få ungdomar i sin mest kritiske alder til å forstå denne tankegongen? Det er her den didaktiske utfordringa ligg.

 

Sjølv minnest eg dei forskjellige tekstane eg var nøydd for å lese oppgjennom skuleåra som håplaust langtekkelege. Dette har nok samanheng med den erfaringa mange lærarar gjør seg, om at det er meir attraktivt å lese det som ikkje er pensum og visa versa. (Skarđhamar 1993:84). Under mål for ungdomssteget i L-97 står det blant anna at elevane skal utvikle evna til å lytte, oppleve og vurdere. Det står vidare at elevane skal lære å lese kritisk og sjølvstendig, vidareutvikle evna til å oppleve dei estetiske sidene ved litteratur og erfare korleis litteratur kan kaste lys over deira eige liv. (L-97:124) Med blant anna disse måla i bakhovudet har man eit godt utgangspunkt for å gjere arbeid med lyrikk på ungdomssteget meir spanande.

 

Fyrst og fremst må dikta i lyrikkundervisninga høve til alderstrinnet. Dernest er det viktig å nytte testar elevane kan kjenne seg igjen i, slik at dei, som det står i L-97, får erfare korleis litteratur kan kaste lys over deira eige liv. Under måla for 9. klasse står det spesifisert at elevane skal arbeide med eit utval lyrikk av nyare forfattarar (L-97:127), og dette gir høve til å la elevane sjølv vere med på å velje ut tekstdøme til undervisninga. ”Klovner i kamp” si tekst ”Bjølsen hospital” er eit typisk døme på ein tekst elevar på ungdomssteget da kan kome med, og som vi allereie har sett, er han langt frå ein tom tekst poesimessig.

Grunngjevinga for å velje ny litteratur og helst samtidslitteratur er nettopp at elevane skal kjenne seg igjen i det dei les. Elevane skal finne sitt eige miljø og sine eigne problemstillingar igjen i det dei les om (Skarđhamar 1993:84), og kven er vel betre rusta til å finne slike tekstar enn elevane sjølv? Dei omgjer seg med lyriske tekstar dei finn vesentleg for deira liv kvar dag, i form av blant anna musikk. Noko av denne musikken kan ha mindre positiv innverknad enn andre, og i den samanheng er det naturleg å tenke på til dømes den omdiskutera rapperen Eminem som er i vinden akkurat no. Likevel vil eg argumentera for å i skulen nytte tekstar valt av ungdom, da eg trur at motivasjonen hos elevane vi auke. Formålet er da at elevane skal leggje eit personleg engasjement i lærestoffet og med det vil den indre motivasjonen auke (Imsen 1999:226-227 og 261).

 

”Begunnelsen for å gi eldre litteratur stor plass gjelder elevens kulturelle og historiske identitet. De skal ikkje snytes for den kulturarven som tilkommer dem.” (Skarđhamar 1993:85). Dette er òg eit viktig synspunkt ein ikkje må gløyme, og det er ikkje sagt at eldre forfattarar frå litteraturhistoria ikkje har noko vettaugt å seie til ungdomar av i dag. Tvert i mot går poesiens språk og tema på tvers av både tidsmessige og samfunnsmessige grenser. Men same kva for syn ein lærar lyt ha, skal elevane få røynsle med eit rikt munnleg og skriftleg repertoar. [mi utheving],(L-97:115)

 

Som nemnd kan det bli vanskeleg å arbeide med lyrikk utan å nytte analyse. Det er likevel splitta syn på om analysen har noko i grunnskulen å gjere, og i så fall i kor stor grad han bør bli trekt inn. Ein tidlegare øvingslærar ved Oslo Lærerøgskole, Torill Hansen, hevder at det er best dersom elevane får oppleve tekstar på si eigen måte utan å måtte svare på kontrollspørsmål i etterkant (Skarđhamar 1993:15). Om dette synet kan seiast å vere gjeldane for arbeide med lyrikk så vel som med skjønnlitterære bøker, kan ein diskutera fordi språket i lyrikken blir sett på som noko spesielt, ”(…)et språk annerledes enn vanlig språkbruk.” (ibid.:50). Det betyr at ein også kan trenge andre reiskapar i tillegg til lesedugleik for å oppleve poesiens verd. Igjen vil eg sitera Torvik:

 

Hovudintensjonen med poesien bør vel vere å gi lesaren ei større oppleving og ei djupare forståing av innhaldet i ei tekst enn han ville ha fått om avsendaren hadde uttrykt seg gjennom eit ikkje kunstnarisk språk. (Torvik 1994:24)

 

Men det fins òg gode argument for Torill Hansen sitt syn, deriblant at elevane bør få ha opplevinga si i fred utan at dei skal bli styrt mot ei fasitoppleving. Likevel er kanskje synet på analyse som eit godt reiskap, også i grunnskulen, det mest utbreidde synet i dag. Ein er ikkje tent med, slik eg ser det, å la elevar på ungdomssteget prøve å bryte gjennom poesiens mur utan å gi dei rettleiing om murens svake punkt fyrst. Litteraturpedagog Ulla Lundquist har gitt ei samanlikning mellom bruk av analyse i norskfaget og bruk av liknande hjelpemidlar i matematikk som går ut på at ein matematikklarar ikkje overlatar elevane til ”fritt samvær med tall og formler, men lærer elevene metode og gir dem redskaper å arbeide med.” (Skarđhamar 1993:17). Elevar treng faste knaggar å henge kunnskapen på, men det er viktig å ikkje drukne dei i teori (Torvik 1994:96). Gjer du det, risikerar du samtidig å drukne lesegleda.

 

Å arbeide med lyrikk på ungdomssteget kan vere ei utfordring. Det viktigaste, slik eg ser det, må vere engasjere elevane slik at dei blir glade i å lese og oppleve lyrikk. Ein må som lærar alltid sjå klassa i lys av deira behov og spesielle kvalitetar, før ein gjer valet av undervisningsmetodar. Bruk av elevresursar når det kjem til tekstutval i ei klasse, er til sjuande og sist lærarens val og han må vurdere for- og bakdelar. Ein bør ha som mål å få elevane til å sjå at ein tekst alltid er farga av konteksten, og på den måten oppmuntre elevane til å bruke kritisk sans. Da vil dei etter kvart sjølv finne fram til kva kvalitetar som gjer eit dikt til eit meisterleg dikt.


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish