Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
År 2000Skriv ut Utskrift
Essay om år 2000
Nynorsk - EssayForfatter:


31.12.99. blir den siste dagen i mitt "normale" liv. Når klokka viser 0.00 går verden slik vi kjenner den i dag med brask og bram inn i eit nytt årtusen. Eg reknar med at du alt har planlagt feiringa, og kanskje fått leigd ein profesjonell til å sende opp pengane dine om du har vore riktig heldig. Men kva det er vi skal feire, forstår eg ikkje. I følgje avisene bryt jo alt saman den 1.1.2000. Og ein lyt jo tru det som står i avisene, for det er sanninga.

 

Eg gruar meg som ein hund til årtusenskiftet, for det fyrste så forsvinn jo all elektrisiteten og konsekvensane av det tør eg ikkje sjå for meg eingong. Og om vi da er så heldige å få straumen tilbake speler det inga rolle, for alle ting som nyttar straum har slutta å fungere for lenge sidan. Ein annan ting er at all matproduksjonen stoppar. Ein treng ikkje være geni for tenkje seg korleis det går med verda da. Så du lyt helst gjere som tanta mi Olga, nemleg allereie no starte med innkjøp av hermetikk og anna tørrfor med datostempling som held langt inn i det nye årtusenet. "Betre føre var enn etter snar" som ho bruker seie. Men det som er det aller verste, er at alle TV og datamaskinar bryt saman. Kva i alle dagar skal ein drive tida si med da? Spør ikkje meg, for eg veit ikkje betre enn nokon annan. Tenk berre på at du aldri meir får sjå Tande P eller Dan Børge Akerø, dei berre forsvinn. Alt du sit igjen med er vage men akk så gode minne. Men det som er verst er om Internettet bryt saman. Korleis i alle dagar skal ein komme i kontakt med folk da? Skal ein gå UT og SNAKKE med dei? Trur ikkje det nei. Eg veit ikkje om de har nokre vener i den verkelege verda, men alle dei vennene eg har bor i cyberspace.

 

På nyttårsaften den 31.12.99, når klokka tikkar mot seg 24.00 skal eg låse meg inn på eit mørkt rom med nokre stearinlys, ein gassbrennar, nokre kasserollar, fyrstikker, hermetikk, tørrmelk pluss om lag tusen liter vatn. Og aldri komme ut meir, for det tør eg ikkje.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish