Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Verdsbilete i 2010Skriv ut Utskrift
Prosjektoppgåve i 10ande. Handlar om framtida innan teknologien i 2010, kva som skjer osv.
Nynorsk - TemaoppgaveForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Problemformuleringa mi er: Kva vil skje innan teknologien innan/fram til/ i år 2010??

 

Eg har valt å ta om teknologien fordi eg syns det er veldig artig og interessant.  Det er først og fremst veldig viktig for framtida, men det kan ver minus med det òg, visst det blir for mykje av det gode. Kva med alle tradisjonane våra? Kva om dei forsvinn? Kva skjer då?

Men det er morosamt å tenke på framtida men også litt skummelt, tenk om robotane blir galne og prøvar og ta over jorda, kva då?!

Det er mykje som kan skje på 8 år, men ikkje all verden.

Men lev å du skal få sjå!

 

Eg har tatt for meg ting som folk har spådd for framtida i mellom 2002 og 2010.

Blant anna om bilar, verdsrommet, lærarar med kunstig intelligens,datamaskiner osv.

 

 

Spådommar for framtid mellom 2002-2010

 

Eg må berre nemne først at i fylgje Reuter har 85% av spådommane til BT Exact Technologies frå åra mellom 1991 og fram til i dag gått i oppfylling!!

 

2002:

- Bruk av ein ”hjelm” med kamera og mikrofon i videokonferansar.

- Panoramakamera med innebygd fartsmålar for overvaking av vegar.

- Klede som regulerer temperaturen på den staden på kroppen det er for varmt/kaldt.

2003:

- Mat-testar på kjøkkenet som sporar opp skadelege bakteriar i maten.

- Kosmetisk kirurgi basert på avatar-teknologi  (bilde i 360 grade)

- Overføring av optiske signal utan ekstra straumforsyning. Teknologien vert dreven av signala sjølve.

- Mus og tastatur utan underlag og utan kablar. Alt føregår i lause lufta.

- Intranett i privat hus meir vanleg.

- Virtuelle brilleglas med ”dataskjerm” innebygd.

- Dei første 10 GHz – prossessorane vil kome, men ikkje til sals før i 2006. 

2004:

- Leiketøy med nettverkskommunikasjon.

- Lærarar med kunstig intelligens.   

- Elektrisk utstyr for diagnose ved sjukdom.

- Mobilteknologi i trafikkreguleringssystem.

- Vi vil ha cyberspace – garderober for dei elektriske versjonane av oss sjølv.

2005:

- Utbreidd bruk av virtuell røynsle i utdanning og forskning.

- Klede som samlar energi med solcelleteknologi.

- Første designer-babyen vert fødd.

2006:

- Første livsforma med kunstig intelligens skapast.

- Kunstig elektronisk liv.

- Leiketøy og robotar styrt av kjensler.

2007:

- Berbart oversetjingsutstyr for enkel bruk i samtalar.

- Første krigen mellom Internett-miljø vil oppstå.

2008:

- Kunne kjøre bilar som styrer seg sjølv.

2010:

- Få orgasme via e-post.

- Verdens mest betalte kjendis vere syntetisk. I løpet av same året, vil 25% av alle TV-stjerne også vere syntetiske.

- Kunstig intelligens i robotar som fullfører eksamenar.

- Anti–støy–teknologi bygd inn i privathus.

- Robotar på storleik med insekt vert tatt i bruk i krigføring.

 

 

Framtidas bilar blir ein draum

I 2008 eller seinast i 2010 kan du sette deg inn i ein ny null-utslepps-bil. Det spår toppledarane i både Ford og Opel. Den nye bilen vil også være tryggare å kjøre, betre lys, meir utstyr for å unngå kollisjonar og andre uhell – og bruke mindre drivstoff.  Og drivstoffet er heller ikkje skadeleg i det heile tatt, frå eksosanlegget kjem det berre vassdamp!

Brenselcelle-bilen blir også billeg nok for folk flest, pålitelig og haldbar. Vi nærmar oss slutten for billeg olje, og om 30 år kan olje og bensin være luksus. Brenselcelle-bilane gir heilt reint utslepp når dei kjørast på flytande hydrogen.

 

Her er framtida:

<bilde>

Logg inn for å se bildet

SATSER: Både Opel og Ford satser kraftig på at brenselcelle-biler skal bruke hydrogen som drivstoff, for å få null utslipp. Her sjekker Opel-teknikere en Zafira med hydrogen-drift. Fot Thor Fr. Sundene

 

Men det er ein klar grunn for at det er såpass lenge til 2008-2010 før vi kan produsere brenselcelle-bilar for alvor: Vi har ingen distribusjon eller tilstrekkelig produksjon av hydrogen som drivstoff. I alle land må ein bygge ut tankstasjonar, transportsystem og eit produksjonssystem for hydrogen, som er det mest miljøvennlege drivstoffet for brensellceller.

 

 

Kina vil bygge base på månen        

Kina vil faktisk bygge ein base på månen i 2010. Dei er allereie i gong med å trene astronautar til Kinas første bemannede romferd, som skal skje i 2005. Etter planen deira skal dei på romferda bygge ein kinesisk romstasjon og etablere forbindelsar til internasjonale romstasjonar.

 

 

Ta heisen til månen!

Om ca. 8-12 år vil ein kanskje ta heis 100 000 km ut i rommet – visst nokon vil finansiere den. Prisen er på ca. 50-100 milliardar kroner.

Og ”heisavgifta” kan bli under 100 000 kr.

Reistetida frå bakken og ut til den geostasjonære bane (der TV-satellittane er), er ei veke.

 

Heisen kan samanliknast med ein heis opp i ein skyskrapar.

Men spørsmålet er sjølvfølgjeleg: Korleis i all verden kan ein bygge ein heis ut i rommet?!

Ein må bruke vanvittig lange kablar, og dei må tåle vekta av seg sjølv og ein heis. Forskarane har utvikla kablar av mikroskopiske karbonrøyr. Dei er 100 gongar sterkare enn stål og dermed sterke nok til at det er mogleg å byggje romheisar.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Metoda er klar :

 

Det skal strekkast ein kabel frå ein plattform ved ekvator og forbi geostasjonær høgde (36 000 km). I den høgda brukar satellittane 24 timar på å sirkle rundt jorda og derfor står stille i forhold til bakken. Kabelen forsett utover. Nedanfor 36 000 km blir kabelen trykket nedover av jordas tyngdekraft, men utanfor denne høgda har sentrifugalkreftene overtaket.

Dei forsøker å trekkje kabelen utover. Men viss kabelen blir satt opp rett, balanserar desse kreftene kvarandre.

 

Det er dyrt, men revolusjonerande – og det vil også bety at dei valdsame rakettane kan bli avleggs. Og transportkostnadane til og frå verdsrommet blir dramatisk redusert.

 

Moglegheita med romheisar handlar ikkje om romturistar. Det handlar om at store mengder materiell kan bli frakta ut i rommet kvar dag. Dette mogleggjer bygging av store romstasjonar. Reiser til astroider og planetar blir kraftig forenkla.

 

ROMHEISEN: For at romheisen skal virke, må kabelens ende forankres til jordens overflate, og den andre enden må strekke seg utenfor geostasjonær banehøyde, det vil si 36 000 kilometer. Karbonfibrene i kablene er 100 ganger sterkere enn stål. Fot EUREKA SCIENTIFIC

 

 

Er det liv der ute?

I dag finst det ikkje noko bevis på liv. Men innan ti år er det godt mogeleg at ein serie ekspedisjonar til Mars og nye astronomiske observasjonar kan gi oss sikre bevis for at det eksisterar liv fleire plassar enn på Jorda.

 

Ny kunnskap har demonstrert at liv kan eksistere sjølv i omgivingar som er veldig ugjestmilde. Et eksempel på det er dei former for liv som kan dokumenterast på verdshava’s største djup – mikrobar, krabber og fisk.

 

Det er antatt at det kan finnast vatn under overflata på Mars, eit teikn på det er også at det finst liv.

 

Det kan være ein billion verdenar i vår eiga galakse. I nær framtid kan vi være i stand til å studere dei direkte når vi får teleskop utstyrt med meir avansert teknologi enn vi har no.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

BILLIONER: Galaksen NG 4414 ble fotografert av Hubble-teleskopet i 1995, og ligger omtrent 60 millioner lysår unna Jorden. Det kan finnes billioner av verdener i vår egen galakse, og universet består av uendelig mange andre galakser. Fot NASA

 

 

Vil arrangere turistreiser til verdsrommet

Japans regjering har planar om å arrangere turisteiser til verdsrommet frå 2008, og ein enkeltbillett kjem til å koste 48 millionar kroner, tur retur.

 

Dennis Tito (61) var den første romturisten, Mark Shuttleworth (28) den andre og snart vil bli ein vanleg turistattraksjon (om du har råd). Romskipet skal ha plass til fem personar, og passasjerane treng ikkje opplæring. Romturistane vil bli skutt 500 km ut i rommet, og dei vil befinne seg i bane rundt jorda i eitt døgn.

 

 

Intervju om framtidas teknologi.

 

Spørsmål:

  • Kva trur du vil skje innan teknologi til/innan/ i år 2010?
  • Kva du vil ska skje?



  • annonse
    Kontakt oss  

    © 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
    Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
    Publiseringsløsning: SRM Publish