Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
KjønnsjukdommarSkriv ut Utskrift
Innehelde litt fakta om kjønnsjukdommar generelt, litt om klamydia, kjønnsvorter, kjønnsherpes & HIV/Aids.
Nynorsk - TemaoppgaveForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.

Kjønnsjukdommar:

-er ei gruppe sjukdommar som overførast ved

seksuell kontakt og viser seg som sjukdom på

eller i nærheten av kjønnsorgana.

Nokre SOS smittar berre ved samleie med kontakt mellom skjede og penis eller mellom endetarm og penis. Andresmittar også ved munnsex.

SOS blir forårsaker av små "organismar" som bakteriar, virus, amøber, lus m.m.

Når desse mikroorganismane blir mange og sterke nok, kan dei gi betennelse eller ei annan sjukdom på den plassen dei slår seg ned.

 

Korleis merkar du ein kjønnsjukdom?

Det er heilt normalt at jenter har utflod, men hos gutar er utflod eit teikn på at noko er galt. Dersom du oppdagar at utfloda forandrar farge, form og lukt, kan det være eit teikn på sjukdom.

 

Andre grunnar til at du kan ha ein kjønnsjukdom er:

Kløe, svie, utslett eller sår: På eller i nærheten av kjønnsorganet.

Plager som liknar på blærekatarr: Mykje og sviande tiss.

Magesmerter: Kombinert med feber og slapphet.

Støtsmerter ved samleie hos kvinner.

Smerter i pungen eller i endetarmen: Kombinert med raud, øm og hoven pung.

OBS! HIV-infeksjon og hepatitt B gir IKKJE sjukdomsteikn frå kjønnsorgana.

 

Kva slags kjønnsjukdommar er det som finst?

Dei vanlegaste overførbare sjukdommane i Norge idag er klamydia, kjønnsvorter og kjønnsherpes. Dei som det berre er små tilfelle av i Norge er trichomonas-infeksjon, flatlus, skabb, HIV-infeksjon, hepatitt B, gonorè, syfilis.

 

Korleis kan eg unngå smitte?

Det finst tre måtar å beskytte seg mot kjønnsjukdommar :

1 : Du kan la være å ha samleie.

2 : Du kan bruke kondom eller anna prevensjonsmiddel.

3 : Du kan halda deg til ein partner.

Velg det som er riktig for deg.

 

Chlamydia (Klamydia)

Klamydia er ein mikrobe som finst i slimhinnene i kjønnsorgana og kan smitte ved seksuell kontakt. Bakterien kan også slå seg ned i augenes slimhinner og gi infeksjon der. Du har størst risiko for å bli smitta hvis du skiftar partnar ofte, eller har ubeskytta sex med ukjente.

 

Korleis merkar du klamydia?

Mange er smitta av klamydia utan å ha plager.

I dei tilfella klamydia gir plager, vil dei kunne merkast:

Kvinner :

- Svie når dei tissar.

- Forandra utflod eller blødningar mellom menstruasjonane.

- Smerter nederst i magen. Får du feber, bør du gå til legen.

 

Menn :

- Væsking eller utflod frå urinrøyret.

- Svie når dei tissar.

- Smertefull, raud og hoven pung.

- Utslett eller sårhet på penishovudet.

 

Kan klamydia føre til andre plager eller skader?

Klamydiainfeksjonen er farleg fordi den kan øydeleggje eggledarane dine og gjere det vanskeleg å bli gravid. Mange meinar at hos menn fører det til dårlegare sædkvalitet og derfor nedsatt evne til å gjere kvinnene gravide.

Klamydia kan også gi leddplager hos kvinner og menn.

Man reiknar med at mellom 400 og 600 kvinner blir sterile årleg i Norge av klamydia!

 

Korleis behandlast klamydia?

Klamydia kan kurerast med antibiotika. Det er viktig at både du og partneren din blir behandla, ellers vil dykk smitte kvarandre på nytt. I behandlingstida må dykk bruke kondom under samleie. Du blir heilt frisk av behandliga, men begynner du med den for seint, kan infeksjonen allereide ha gjort skader som ikkje kan helbredast.

Kvart år registrerast ca. 13.000 nye tilfeller av klamydia i Norge!!

 

Kjønnsvorter (kondylomer)

Kjønnsvorter er utvekstar på slimhinner og hud, spesielt rundt ytre kjønnsorgan og endetarmsåpning.

Vortene er forårsaka av virus. Tida frå ein blir smitta til ein får vorter kan være forskjellig. Gjennomsnitteleg går det ca. 3 månadar, men det ka ta opptil eit år eller enda lenger tid.

 

Korleis merkar ein kjønnsvorter?

Som oftast kan du kjenne nuppar eller utvekstar på kjønnsorgana eller i/rundt endetarmen. Det kan klø ein del når vortene kjem.

Vortene kan sitte inni urinrøyret hos menn og forårsake blødning, spesielt i forbindelse med samleie. Friskt blod i sæden kan være eit teikn på vorter i urinrøyret.

Hos kvinner sitter vortene som regel rundt skjedeinngangen og kan gi smerter og blødning ved samleie.

Man kan også finne vorter i skjedeveggen og på livmortappen, men disse er det ikkje lett å oppdage sjølv.

 

Korleis behandlast kjønnsvorter?

Ein måte å fjerne vorter på er å pensle dei med eit stoff som gjer at dei smuldrar opp. Vortene kan også fjernast kirurgisk ved brenning, frysning, skjæring eller skraping. Man kan bruke laser og, særlig på dei innvendige vortene.

 

Korleis unngå kjønnsvorter?

Den einaste måten å beskytte ser på er å bruke kondom. Når ein først har fått vorter, må man bruke kondom under heile behandlingstida og i tre månadar etter at vortene er vekk. Ein kan også vere smittsom i den første tida etter at vortene er vekk, viruset kan kanskje være der enda.

 

Kva slags følgjer har kjønnsvorter?

Nokre typar av vorteviruset kan faktisk være kreftframkallande. Det er først og fremst snakk om livmorhalskreft, men også endetarmskreft og kreft på penis kan ha forbindelse med vortevirus.

Kvinner som har eller har hatt vorter bør ta kreftprøve frå livmorhalsen ein gong i året. Då kan man oppdage tidlige forandrigar, og behandle det før det utviklar seg til kreft.

 

Kjønnsherpes (herpes genitalis)

Herpes genitalis (genitalia = kjønnsorgan) er små blemmer og sår på kjønnsorgana forårsaka av virus. Vi delar viruset inn i to grupper, type 1 og type 2. Begge virusa kan finnast på kjønnsorgana og på munnen. Herpesviruset er eit virus som lever i dvale i ein nervecelle mellom kvar gong vi har utbrudd. Når det ligg i dvale, merkar du det ikkje og du er heller ikkje smittsam.

 

Korleis merkar du herpes?

Symptoma ved herpes er avhengig av kva slags type utbrudd du har. Ved første utbrudd får du kløe, svie, smerter, og mange sår i underlivet. Samtidig hovnar lymfeknutane i lysken opp og blir til smertefulle kular. Feber, hovudverk, ledd- og muskelsmerter og stiv nakke får du kanskje også.

 

Gir herpes skader?

Hvis ein har utbrudd ved fødselen kan babyen smittast. Dette kan være ganske farleg, fordi babyar har lite forsvar mot virusinfekjsonar og kan bli veldig sjuke. Hvis du har herpes, og er gravid, må du fortelje legen det.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

 

Hiv/Aids

HIV står for "humant immunsvikt virus", og gir HIV-infeksjon med den som får viruset i blodomlaupet.

 

Du får vanlegvis ikkje sjukdomsteikn eller følelsen av å vere sjuk først. Dei fleste som er smitta føler seg friske og utan plager i mange år.

Men dei som får, kan få symptom som:

- forstørra lymfeknutar

- svette og frysningar om natta

- feber i lang tid, frå periode til perioder

- diarè i lang tid

- belegg og sår i munnen og svelget i lang tid

- tung pust

- vekttap, over 5 kilo

- hoste som ikkje skyldast røyking eller forkjøling i lang tid

 

Aids står for den engelse beteiknelsen "Acquired Immune Deficiency Syndrome" som betyr "sveka immunsviktsyndrom".

 

HIV-viruset rammar og kan øydelleggje, ein spesiell type kvite blodlegemar i menneskets immunforsvar.

Immunforsvaret er eit beskyttelsesapparat som vernar oss mot infeksjonssjukdommar. Når kroppens forsvar sviktar, kan infeksjonar som vanlegvis ikkje er farlige ende med døden. Heldigvis har ikkje HIV-epidemien her med oss, blitt så stor som ein frykta. Per 30. juni 2000 er det ialt meldt 2095 HIV-positive, 1528 menn og 567 kvinner i Norge. 672 av desse har utvikla AIDS ( og av desse er ca. 519 døde) HIV-viruset er mest utbredt i Afrika, delar av Asia, sør- og nord-Amerika.

 

Korleis smittar HIV?

HIV smittar først og fremst ved samleie, og alle kan bli smitta. Viruset kan overførast frå mann til mann, frå mann til kvinne og frå kvinne til mann. Hittil har menn som har sex med menn våre mest utsatt, men det blir vanlegare med heteroseksuell overføring av hiv.

Smitte ved blodoverføring skjer ikkje i Norge idag, fordi alt blod etter 1985 blir testa.

HIV finst også i spytt, urin, tårevæske og avføring. Men det er så lite virus i det at det ikkje er nok til å smitte.

 

Korleis unngår du å bli smitta?

Kondom er det einaste som beskyttar deg mot HIV under samleie, og må brukast under samleie både i skjeden og i endetarmen.

 

HIV-testen

Hiv-testen er ein måte å teste for dei antistoffa som utviklast i kroppen når hiv-viruset er komen inn i blodet.

Visst prøva er positiv er du smitta. Det tar ca. 3 månadar frå ein person blir smitta til kroppen produserer antistoffa. Hiv-testen er frivillig, og du kan gå trygt til doktoren og få rådgjeving og ta testen anonymt. Det tar ca. ei veke før resultata kjem, + at hiv-testen er gratis!

 

Korleis behandlast HIV?

Vi har medisinar idag som kan halde hiv-infeksjonen roleg ei stund. Det mest kjende medikamentet heiter AZT, dei som får den må gå til kontroll regelmessig hos legen.

DET FINST ENDA INGA VAKSINE MOT AIDS!

 

Det er mange som har våre HIV-positive lenge, dvs. i ca 15 år, og som er heilt friske! Det er heilt sikkert at fysisk og psykisk velvære er av stor betydning for korleis all sjukdom opplevast og taklast.

 

Ubeskytta sex utgjer nesten 80% av smittemåtane i verda.

 

Kor kan du få hjelp?

I store byar finst det interesseorganisasjonar og sjølvhjelpsgrupper av og for hiv-positive:

PLUSS/Landsforeninga mot Aids (intr. org.): 22001620

AKSEPT, Kyrkjas bymisjon i Osl 22715522

Du kan også få opplysningar og hjelp gjennom:

- Helseutvalet for homofile: 22337015

- Aids-infoheten, Folkehelse: 22042200

- Olafiaklinikken, Osl 22082950

 

 

Kjelder

Internett

http://www3.nrk.no/magasin/upunkt/fri/531573.html

http://www.lommelegen.no/SexOgSamliv/

http://www.helsetilsynet.no/

http://www.olafia.org/

 

Brosjyrer

"Hva vet du om seksuelt overførbare sykdommer?" &

"Hva alle bør vite om AIDS"


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish