Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Knut Hamsun (1859-1952)

Knut Hamsun (1859-1952)

Om Knut Hamsuns liv

Sjanger
Særoppgave
Språkform
Bokmål


FORORD

 

I denne særoppgåva i norsk litteratur har eg velt å ta for meg den norske forfattaren Knut Hamsun (1859-1952). Då eg tidlegare har lese svært lite både norsk og utanlandsk litteratur, var eg i byrjinga uviss på kva emne eg skulle velje. Eg fann det difor best å velje ein av dei store norske forfattarane, slik at eg lett kunne finne bakgrunnsstoff og hjelpe- litteratur.

 

Etter å konfrontert meg med "bokormar" innvidde i norsk litteratur, fell altså valet på Knut Hamsun. At han også er ein av dei norske forfat- tarane som er mest kjend utanfor landegrensene, hadde vel sin innverknad på valet mitt. Då eg først hadde avgjort kva emne eg skulle skrive, var ikkje bokvalet noko større problem. Eg har velt den kjende gjennombrots- romanen "Sult" (1890), eg såg at Pan (1894) var ganske tynn, og tilslutt velte eg "Landstrykere" (1927) som eg meinte måtte vere ei god bok, då det ¢g er laga film av ho. Eg har teke for meg bøkene kvar for seg for der- etter å samanlikne dei, og trekke fram særtrekk ved Hamsun si skriving. Til hjelp har eg nytta
- "Gåten Knut Hamsun" av Robert Ferguson.
- "Knut Hamsuns Landstrykere" av Øystein Rolten.
- Kommentarar i skuleutgåva av "Pan".
- Studiebøkene til Ord i tid 1 og 2.

KNUT HAMSUN


 

Knut Hamsun vart fødd 4. august i 1859 på Garmostræet, ein gard på Lom i Gudbrandsdalen. Familien hans sleit hardt på garden, men til trass for dette hadde dei problem med å få endane til å møtast. Dei flytta der- for i 1862, då Knut var nær tre år gammal, til Hamarøy i Nordland, for å overta garden Hamsund etter Knut sin onkel.

 

Under oppveksten bar Knut alltid med seg blyant og papir. Han skreiv støtt, og den seinare skrivinga hans viser tydeleg at opplevingane i frå Nordland og naturen der, gjorde eit sterkt og uutsletteleg inntrykk på den unge Hamsun. Nordlandsmiljøet er bakgrunn for fleire av bøkene hans, til dømes dei kjende Pan, Rosa og Benoni.

 

Etter konfirmasjonen byrja Knut som handelsbetjent på Tranøy. Jobben varte ikkje lenge, og han reiste ut for å finne arbeid. Det gav starten på eit omflakkande liv, der han stadig prøvde seg i nye yrke: Han gjekk i sko- makarlære, han var kolsjauar og lensmann, og han dreiv rundt som skreppekar - og heile tida skreiv han. I 1877 lukkast han og fekk gje ut boka "Den Gaadefulde". Denne boka ga han ut i sitt eigentlege navn Knud Pedersen, etter faren Per. Boka vart ingen suksess, men han ga seg ikkje, og i 1879 reiste han til København for å prøve lukka hjå forleggarane til dei store forfattarane der. Men Hamsun måtte vende slukøra tilbake til Noreg.

 

Han prøvde seg no som skribent i Kristiania, men lukka var ikkje med han. Han svalt ofte og fekk sjeldan noko på trykk, og måtte nedbroten for- late byen våren 1880. Det omflakkande livet hans fortsette og i 1882 reiste han til USA, for å freiste å slå igjennom som forfattar der. Han fekk ikkje noko gjennomslag, men han fekk prøvd seg både som steinbrytar og sporvogns- konduktør før han i 1884 vendte tilbake til Noreg grunna sjukdom.

 

Namnet sitt hadde han no endra til Knut Hamsund, men etter amerika- turen endra han det igjen til den endelege forma Knut Hamsun, blant anna fordi amerikanarane hadde problem med å uttale namnet hans rett når han brukte d’en. I 1886 sette han igjen kursen for USA. Ikkje denne gongen heller greidde han å slå gjennom som forfattar, men fekk igjen utvide yrkeserfaringane sine, blant anna som journalist og foredragshaldar. Han har seinare uttalt at det var dei varierande jobbane hans som hjelpte han fram som forfattar, då dei ga han eit rikt ordforråd og ei god innsikt i kvardagsmiljøa. Då han igjen vendte tilbake, hadde Hamsun fått mange mot- førestellingar til det amerikanske samfunnet. Han meinte at det var retta for mykje mot det materalistiske, og at dette øydela den åndelege kulturen. Han får etterkvart eit svært negativt syn til samfunnsendringa, industri- kapitalismen og materialismen, noko som også kjem fram i somme av bøkene hans.

 

I 1890 ga Hamsun ut romanen "Sult", og endeleg fekk han sitt velfor- tente gjennombrot som forfattar. Boka vekte stor oppsikt og ho vart ein sensasjon i dei litterære miljøa. Ho var av heilt anna form enn tidlegare romanar, og dette nye synet hadde han før på året gitt uttrykk for i artik- kelen "Fra det ubevisste sjeleliv". Der kritiserte han realismen og hevda at forfattarane måtte trenge djupare inn i individa. Dei skulle vere psykologar og skildre "det ubevisste sjeleliv". Han ville ha ein ny lit- teratur for dei få utvalgte - ein ny stil.

 

I tida etter gjennombrotet skreiv Hamsun tre foredrag, som han i 1891 og ’92 tok med seg på turn‚ langs kysten. I desse foredraga gjekk han til åtak på, og håna den eldre diktargenerasjonen medan han også gjorde nærare greie for sitt eige program. Alle dei store diktarane, kanskje særleg Kielland, Ibsen og Bjørnson vart sterkt kritisert for deira skjematisk oppbygde karakterpsykologi, karakterar som ein i følge Hamsun "treffer hver dag på fisketorvet". Hovudverk i verdslitteraturen stempla han som typediktning og europeisk "modelitteratur" med grunn og einsidig menneske- skildring. I staden ville han altså ha ein ny litteratur der individ med særdrag og eigne impulsive innfall skal skildrast - ikkje einsidige typar.

 

Etter suksessen som forfattar og føregangsmann for den nye, og etter- kvart så gjeldande litteraturretninga gjekk det slag i slag for Hamsun. Det kom støtt nye bøker, noveller, foredrag og også nokre skodespel, og i 1904 ga han ut si einaste diktsamling, "Det vilde kor".

 

I 1911 flytta Knut Hamsun saman med kona Marie, som han gifta seg med i 1909, tilbake til Hamarøy. Der skreiv han blant anna den kjende "Markens Grøde" i 1917. Boka handlar om nybrottsbonden Isak Sællanå, og ho viser eit alternativ til industrialiseringa og kapitalismen i samfunnet, samstundes som ho understrekar Hamsun sitt syn om at ein må tilbake til naturen. I 1920 fekk han Nobels Litteraturpris for denne romanen, og i mellomtida hadde han og familien i 1918 flytta til garden Nørholm i Aust- Agder, der han kom til å bu mest resten av livet.

 

På grunn av sitt samfunnssyn hadde Hamsun ein sterk antipati mot industrinasjonen England og det materialistiske USA. På den andre sida hadde han ei djup og takksam beundring for Tyskland, der han tidleg vart møtt med forståing. I tillegg levde enno storparten av folket der i takt med hans eige natur- og samfunnssyn - dei var bønder. Det fell derfor i 1930-åra naturleg for Hamsun å ta nazistane sitt parti, og han heldt fast ved dette også under okkupasjonen av Noreg.

 

I 1948 vart Hamsun, på grunn av sitt tyskarvenlege syn under krigen, dømt for landssvik og pålagt ei større erstatning. I følge rettspsykiatri- karen si erklæring leid han av "varig svekkede sjelsevner", men før denne låg klar, budde Hamsun lenge på institusjonar utan kontakt med omverdenen. Tankane omkring dommen og tida mellom arrestasjonen i 1945 og denne, kan vi lese om i "Paa gjengrodde stier", siste boka han skreiv før han døydde 19. februar 1952.

SULT

 

Etter 5-6 lite vellukka bøker, slo Knut Hamsun endeleg igjennom i 1890, med romanen "Sult". Kort fortalt handlar boka om ein ung mann, som fortel frå Kristiania, der han mest svelt i hel, når han freistar å livnære seg som skribent. Tilhøva blir verre og verre for han, og på sin jakt etter næring til kropp og sjel, kjem han bort i mange rare episoder, ofte iverksett av hans eigne impulsar og innfall. Desse innfalla - og svolten, plagar han sterkt,og til slutt tek han hyre på ein båt med kurs for England

 

Boka vart ein stor suksess og vekte stor oppsikt i dei litterære miljøa både i Noreg og i København. Boka er skriven i eit enkelt språk, og sjølv om Hamsun i Amerika hadde tatt anarkistane sitt parti, og ellers var svært fiendtleg til den moderne samfunnsendringa, så ber ikkje boka noko politisk preg, og ho finst ikkje tendensiøs.

 

"Sult" er ein psykologisk roman, som tek sikte på å skildre det indre livet til mennesket. Hamsun skildrar ikkje svelten som noko sosialt prob- lem, men prøvar i staden å skildre reaksjonane og handlingane, medvitne eller umedvitne, som svelten fører til. Romanen er eigentleg utan handling: Ho er erstatta med spenninga mellom forteljaren sitt sinn og hans vilje, og dei "ytre kreftene" som verkar på han; svelten, heimløysa og smertene.

 

Boka er delt i fire kapittel som kvart kan reknast som ein hovudbolk, der kvar del skildrar kriser i eg-personen sitt liv. I dei tre første delane får han hjelp økonomisk når nauda nærmar seg krise,men i siste delen er han så nedbroten både fysisk og psykisk at han vel å forlate byen.

 

Forteljaren, eg-personen, i boka er altså denne unge skribenten. Det er han og hans opplevingar i Kristiania historia er bygd rundt. Alle andre personar, ting og hendingar har berre interesse i den grad dei interesserer eg-personen.

 

Gjennom handlingane til eg-personen får vi inntrykk av at han er splitta i to; ein forteljar og ein aktør,og heile tida merkar vi konflikten mellom desse to partane. I tillegg synest aktøren å vere to ulikt hand- lande partar. Den eine parten handlar spontant og levande til alle idear og påfunn som kjem eg-personen til sinns. Den andre meir kontrollerte og "skikkelege" delen derimot, prøvar å stogge sitt andre eg før han går for langt. Den "skikkelege" delen skjemst ofte over sin "partner", og i mange tilfelle påfører han "partnaren" straff som t.d. utskjelling og kvelartak. Dette fortel eg-personen oss ved skjelle ut seg sjølv eller ta kvelartak på seg sjølv i sinne over sine eigne "dumheiter". Det er stort sett på dette planet vi møter dei indre konfliktane og den skiftande naturen til eg-personen.

 

Vi får vite svært lite om den unge skribenten, men vi forstår at han har sett betre dagar reint økonomisk. Vi får heller ikkje vite noko namn, men blir kjend med han gjennom måten han tenker, talar , handlar og reagerer, og måten han oppfører seg på i samkvem med andre. Slik får vi sjølve danne vår eiga meining om forteljaren, og godta og forstå han slik vi ser han. Som før nemnt har han opplevd betre dagar økonomisk. Han er lutfattig, og eig ikkje stort meir enn skrivesakene sine og den fillete dressen han går i. Ofte må han ta i mot medkjensle og almisser sjølv om han avskyr det. Eit døme på konflikt mellom den skikkelige delen av aktøren som er for stolt, og den andre parten som reagerar spontant og utan nærare omtanke.

 

Forteljaren har ein utruleg frodig fantasi og eit aktivt og intenst "indre liv". Dette blir mest synleg når han svelt, då fantasiane av og til nærmar seg vanvit. Den indre aktiviteten og fantasien set i gang tankar, draumar og merkelege handlingar, som ofte kan verke ubevisste og meinings- lause - eller som resultat av til tider ein ukontrollert impulsivitet. Inst inne er dei likevel eit kanskje tåpeleg forsøk på å flykte frå sin eigen fattigdom,og på å skjule det store gapet mellom sitt eige og tilværet sitt faktiske forhold til hans store fiende, omverdenen.

 

Ein stor del av denne flukten dreier seg om rollespel, der han diktar opp personar som han konverserer med,drøymer om eller spelar sjølv. I desse oppdikta rollespela overfor seg sjølv og andre, gir han seg ut for å for å vere mykje betre stilt enn han er. Han får ei hovmodig mine, og svarar skarpt på all tiltale som kan assosierast med fattigdomen og elendet hans. Passar ikkje dette feiar han prat om til dømes pengar og gjeld vekk med ei unnskyldning om at han har ein stor artikkel på veg,som "nok skal innbringe mig minst 10 kroner".

 

Berre ein gong bryt han ut av rollespelet sitt og avslører seg for Ylajali, som han kallar denne vakre og mystiske kvinna han blir forelska i. Etter eit kort forhold tek lykkerusen ein brå slutt, då ho oppdagar kor stoda hans eigentlig er. Sjølv om kjærleiken framleis er der, blir det ikkje noko meir, og eg-personen utviklar nærmast eit hat til Ylajali, i eit forsøk på å heve seg over ho.

 

No når nokon veit kor ille fatt det er med han, blir det vanskelegare for han og lure seg sjølv, og han føler seg enda fattigare enn før. Tidleg- are var han ein ung pen mann, men han blir etterkvart avmagra og sjuk, og byrjar å hate seg sjølv noko inderleg. Skapargleda og talentet sitt beheld han, men artiklane hans blir for urealistiske og høgttravande etter som han blir meir og meir medteken av svolt,og til slutt misser han evna til å skrive. Fantasien og undermedvitet løper løpsk, og den unge skribenten balanserer etterkvart på grensa til galskap - fullstendig nedbroten psykisk fysisk og moralsk.

 

Dette er eit lite oppløftande tema, men i Hamsun sine hender blir ikkje romanen slett så dyster likevel. Sjølv om eg-personen til tider hatar seg sjølv, blir han ikkje gripen resignasjon. Smertene og pinslene har han heile tida, men ut i boka byrjar ein å ane ei glede i det heile: Han gler seg over å trasse dei sosiale problema sine, for seinare å vinne over dei igjen. Det virkar som om han driv dette spelet vidare og vidare for å sjå kor langt ned han kan kome. I siste liten hoppar han av og sit sigrande igjen,i ei ekstatisk glede over å oppdage at han ikkje er gal, at han ikkje er fortapt. Det er som om ein del av han ikkje held ut svolten, heimløysa og fattigdomen, medan ein andre del nærast nyt den håplause situasjonen. Eg vil tru det er denne delen som også er kjelda til dei til tider bisarre og merkelege påfunna som driv han mot galskapen og til freistnadane på å tildekke sanninga, medan den andre delen som mest har gitt opp, gir opphav til draumane om romantikk og velstand - om eit betre liv.

 

Det er nok tilstanden til eit slikt splitta sinn Hamsun kallar "aldeles uforklarlige sansetilstander; en stum årsaksløs henrykkelse, et pust av psykisk smerte, en fornemmelse av å bli talt til fra det fjerne, fra luften, fra havet-".

 

Boka sluttar altså med at hanblir med eit skip til England,og forlet både byen og romanen han har kjempa slik med. Men sjølv om han gir opp kampen, er han likevel den sigrande: Han er framleis heilt og fullt seg sjølv, til trass for dei store tapa og dei mange audmjukande opplevingane.

PAN

 

Under eit opphald i Paris, byrja Knut Hamsun i 1893 på romanen Pan. ret etter vart boka utgjeven, og ho vart ein ubetinga suksess. På grunn av den djupe naturopplevinga og den levandegjorte skildringa, blir boka rekna som ein av Hamsun sine aller beste. Ho er svært godt skriven i eit enkelt, men tett språk. Setningane og kapitla er korte men presise, og dei seier akkurat det dei skal. Hamsun har som i "Sult",lagt vekt på å skildre individa og omgjevnadane deira, så boka finst ikkje tendensiøs.

 

Boka handlar om forholdet mellom naturmannen Thomas Glahn og Edvarda, dotter til den rike Mack på Sirilund. Dei har først ei lukkeleg tid saman, men Edvarda blir etterkvart avvisande overfor Glahn, som helst lever i pakt med naturen, og derfor ikkje passar inn i Sirilund sitt selskapsliv. Glahn finn så trøyst i Eva som seinare døyr i eit steinras utløyst av han sjølv. Han reiser i frå bygda, og i siste delen av boka, er han komen til India, der han blir drept av ein jaktkamerat.

 

Hovudpersonen og forteljaren i boka er Glahn, som sit og skriv ned opplevingane sine frå Sirilund, to år etter han forlet bygda. I den siste delen, "Glahns død", er det jaktkameraten som fortel frå oppholdet deira i India.

 

Som tidlegare nemnt byrja ei rekke unge forfattarar omkring 1890 å gå vekk i frå realismen og samfunnskritikken, som hadde dominert diktinga på 1800-talet. Som føregangsmann for den nye komande litteraturen,gjekk Hamsun hardt ut med foredrag og artiklar. Han la fram eit nytt program for dikt- inga: Diktaren skulle vere psykolog, han skulle undersøke og skildre den delen av sjelelivet som tidlegare hadde vore forsømt i litteraturen, nemleg umedvitet, og som ein fasit til dette skriv han "Sult".

 

Nett som "Sult" er også "Pan" ein psykologisk roman, der vi møter konflikten mellom det medvitne og det umedvitne hos hovudpersonen Glahn. Romanen er ein høgsong til naturen, og først og fremst nordlandsnaturen, samstunmdes som den tek for seg kjærleiksforholdet mellom løytnant Glahn og den unge Edvarda. Ein hektisk kjærleik som var ny og spanande om våren, som glødde i "Nordlandssommerens evige dag",som så møter hausten sitt uunn- gåelege forfall for til slutt å falle i dvale når vinteren kom. Det er altså ein nær samanheng mellom naturens gang og handlinga.

 

Handlinga i "Pan" spring ut frå Glahn sin kjærleik til Edvarda. Sidan Glahn er så sterkt knytt til naturen, er der altså ein samanheng mellom kjærleikshistoria og naturopplevingane, og dei glir ofte over i kvarandre. I forholdet deira er det Edvarda som er initiativtakaren. Ho gjer ofte uventa handlingar utifrå innstillinga hennar om at ho ventar noko særskilt frå mannen som skal ha ho. Han skal vere generøs og gjere litt ekstra for henne. Dette kjem fram i episoden der Glahn hiv skoen til Edvarda i vatnet og rorskaren reddar han. Etterpå gir Edvarda rorskaren ein dalar medan ho seinare i eit selskap på Sirilund fortel gjestane at det er Glahn som har belønna han. Kanskje eit forsøk på å gjere draumen om "prinsen"levande, med ein som ikkje stettar forventningane. Det er og viktig for Edvarda som er sjølvsikker og sjølvstendig at Glahn ikkje er fomlete, usikker og util- strekkelig. Men Glahn som lenge har budd mykje i einsemd, og som trivst best i naturen med skog og fjell rundt seg, har problem med å forholde seg til andre menneske, og greier altså ikkje å innfri Edvarda sine krav. Episoden med skoen og ein annan episode der han spyttar baronen i øyre,for- tel også litt om korleis Glahn reagerer på å bli dregen inn i selskapslivet kontra det rolege livet i pakt med naturen. Han må bryte ut av den trygge livsrytma si, noko som ser ut til å forstyrre hans natur i den grad at undermedvitet spelar han puss som fører til slike ulogiske innfall.

 

Forholdet utviklar seg etterkvart til ein psykisk krig mellom Glahn og Edvarda, der ingen av dei korkje kan eller vil underkaste seg den andre. Begge er for stolte til å gjere noko med fiendskapen,som hos Glahn blir til eit påtatt hat overfor Edvarda, og den varme kjærleiken, som framleis er der, blir skuva til side av kulda og sjalusien som utviklar seg mellom dei. Glahn trur Edvarda har lagt seg etter den halte doktoren og skyt seg med vilje i foten, i eit forsøk på i hennar auge å bli likestilt med han. Edvarda derimot flørtar med baronen, som Mack har teke med seg til bygda,og sjølv om ho ikkje elskar han, forlovar ho seg med han for å trasse Glahn.

 

Glahn finn no trøyst i Eva, smeden si kone. Han prøvar med heile sitt hjarte å dele hennar djupe kjærleik til han, men han greier ikkje å gløyme Edvarda. Slik kan ein seie at forholdet hans til kvinner er av to slag: Han elskar den omsorgsfulle Eva som gir seg heilt over til han, men mest av alt elskar han den reine, uskuldige Edvarda, draumen. Men så snart det kjem avntydningar om noko seksuelt i forholdet deira, mistar det glansen - han greier ikkje å halde grepet om det. I tillegg er det ei tredje kvinne med i biletet. Det er den mystiske Iselin, som kjem til han i draumar. Ho fortel han vakre mystiske kjærleikshistorier som minnar om eventyr. Den litt eventyrlege, dunkle stemninga ho utstrålar får ein til å tenke på huldrer og skogane sin mystikk. Denne skikkelsen er eit vitne på den sterke og djupe kjærleiken Glahn har til naturen.

 

Sentralt i forteljinga står også myten om Pan, som har får høyre frå doktoren. Historien fascinerer Glahn, og han kjenner seg mest som Pan sjølv. Pan er halvt menneske og halvt dyr, og han symboliserer dei sterke naturkreftene i menneska. Hos Glahn gir dette seg utslag i naturlyrikk og i håplause komplikasjonar i forholdet til menneske han er glad i. Pan er eit vesen som vil ha alt, og han vil ha det på den mest intense måten. Men ein kan ikkje få begge delar samstundes. Ein kan anten få alt, Edvarda, draumen, og Eva, den hengivne og omsorgsfulle, eller ein kan få det sterke og intense - Edvarda. Glahn taklar ikkje denne situasjonen, og då Eva døyr i raset som følger salutten hans, blir den heilt uuthaldeleg. Han sit då igjen med eit val, draumen, som han er for stolt til å ta.

 

Glahn reiser så til India, medan Edvarda giftar seg med baronen. Ho fortset likevel å spøke i bakhovudet hans med breva ho sender. I eit forsøk på å gløyme ho, tyr han til alkohol og eventyr med innfødde kvinner. Han sørgar så for sin eigen død,ved å forføre kvinna jaktkameraten hans elskar. Dernest utfordrar og plagar han mannen til han på ein jakttur ikkje greier å stå i mot provokasjonane meir og skyt han. Kjærleiken til Edvarda tek altså til slutt livet av han. Ikkje berre fordi han ikkje greidde å gløyme ho, men ¢g fordi han visste der var ting i han sjølv, krefter som gjorde det umogleg for han å nokon gong få henne.

LANDSTRYKERE

 

Då "Landstrykere" kom ut i 1927 hadde Hamsun ei rekkje bøker bak seg. Av desse kan nemnast hans einaste diktsamling, "Det vilde kor" (1904), og Nobelprisvinnaren "Markens Grøde" (1917). Bøkene hans vart godt mottekne, både innanlands og utanlands, og han hadde oppnådd å bli ein av dei mest kjende norske forfattarane utanfor landegrensene.

 

Romanen handlar kort om Edevart og August sine opplevingar som land- strykarar og om utviklinga i heimbygda deira Polden. På ein lengre båttur mot Bergen treff Edevart Lovise Margrete på garden Doppen. Desse to blir forelska, men ho fer til Amerika når mannen, som har sete i fengsel, slepp ut. Edevart og August fer då ut på nye eventyr, men han greier ikkje å gløyme Lovise Margrete. Etter ei tid kjem ho tilbake, men har forandra seg mykje, og Edevart greier ikkje lenger å forholde seg til ho. Lovise Marg- rete reiser derfor tilbake til Amerika, og boka sluttar med at Edevart rei- ser etter, etter å ha mottatt eit brev frå ho.

 

Medan "Sult" og "Pan" er romanar utan antydning til tendens, kan vi i denne romanen merke ein sterk kritikk av samfunnsutviklinga, samstundes som han heilhjerta stør bonden og naturhushaldet.

 

I "Landstrykere" tek Hamsun opp konfliktane mellom verdinormene frå den gamle tida med naturhushald og sjølvberging og verdinormene som fylgde med det nye pengehushaldet og industrialiseringa. På det ytre plan handlar romanen om konflikten mellom vandraren og dei fastbuande: Landstrykarane sine liv og verdiar vert sett opp mot dei fastbuande sine verdiar til sman- likning og vurdering.

 

Gjennom romanen møter vi fleire typer "landstrykarar", men grensene er uklare, og ofte overlappar typane kvarandre. Dei to typane er emigran- tane,som dreg ut av landet i ein freistnad på å skape seg eit nytt og betre liv, og "den hjemlige vagabond", som er landstrykarar innanfor landegren- sene og dreg frå stad til stad,frå marknad til marknad og frå jobb til jobb

 

Edevart og August, hovudpersonane i "Landstrykere", representerer denne siste gruppa mellom mange andre. I blant desse må ein vel også nemne urjøden Papst, som reiser rundt på marknadane og sel klokker. I den andre gruppa er Lovise Margrete og Håkon Doppen som emigrerer til Amerika sent- rale figurar. Mot slutten av boka kjem Edevart også over i denne gruppa då han reiser etter Lovise Margrete.

 

Hamsun forklarar rast-og rotløysa til vandraren og emigranten gjennom opplevingane og reaksjonane til desse personane. Hendingane er skildra med Hamsun sin humor og omhyggjelege presisjon, og vi tek del i det daglege arbeidet og dagdriveriet, kjærleikssogene og slostkampane og den av og til ærlege og kanskje oftare uærlege handelen. Alt er skildra og fortalt ned til små detaljar.

 

Dermed kjem vi fram til den eigentlege handlinga. Dei fastbuande Poldenværingane representerer dei varige verdinormene og dei er knytte til heimstaden med sterke band. Det er desse normene og banda August og Edvart bryt med og grip regulerande inn i. Den nye tida blir sett opp i mot den gamle, og slik får vi kjennskap til Hamsun sitt samfunnssyn, og haldningane hans til samfunnsendringa.

 

Med romanen som talerør legg altså Hamsun fram sitt syn på det nye samfunnet. Biletet er av ei bestemt historisk og samfunnsmessig utvikling, og dermed av dei konfliktane som oppstår ved overgangen frå jordbruk og fiske til handel og industri, med andre ord frå naturhushald til pengehus- hald.

 

Poldenværingane lever i eit stabilt samfunn og er tilfredse med til- været heilt August og Edevart kjem heim og set opp tempoet på utviklinga. Mellom anna byrjar Edevart å tørke fisk i Polden. Ei verksemd han set i verk etter å fått oppsyn med ein av fiskesluppane til Knoff. Etter desse "puffa" framover på utviklinga, merkar vi kor haldningane endrar seg, både til dei tidlegare livsverdiane og til livsførselen.

 

Ut gjennom romanen gjennomgår Edevart ei psykologisk utvikling. Sjølv om han frå byrjinga er roleg og tilbakehalden, blir han heile tida tiltrekt av August og påfunna hans. For han er kjeltringstrekar og småsvindel natur- lege delar av livet, men Edevart derimot, får ei skuldkjensle av det heile som han ikkje blir kvitt,og han mistar etterkvart lysta på livet. På ein tur heim til Polden tykkjer han staden er så forandra og på ein måte øyde- lagt. Edevart anstrenger seg no for å trenge vekk alt det deprimerande. Han freistar å likne meir på August, å ikkje gjere motstand mot livet, men overvinne sorger med eventyr og løgner. Også kjærleiken til Lovise Margrete prøver han å trengje vekk, men greier det ikkje. Den sjølvsikre August, derimot står der som ein fiks ferdig landstrykar, løgnaktig og eventyr- lysten, allereie frå det første møtet vi får med han. Det Hamsun vil fram til er at landstrykarlivet med rastløysa, rotløysa og utviklinga er eit produkt av den nye tida, dette i tilfellet Edevart. På same tid er og den nye tida eit resultat av rast- og rotlause sjeler som landstrykarane er, dette i tilfellet August. Sett frå ei anna side blir Edevart symbolet på det rotfaste og tradisjonsbundne som blir riven laus av den moderne utvik- linga, som August symboliserer.

 

Som nemnt gjennomgår altså Edevart ei psykologisk utvikling. Denne utviklinga startar allereie når vi møter Edevart som gut i første kapittel. To omstreifande musikantar kjem til bygda, den eine blind. Dei byrjar å slåst og etter å slått ned den blinde stikk den andre gjøglaren av. Bygde- folket synest synd på mannen og gir han mat og pengar. Før han fer avgarde spelar han på ei lirekasse som tilshøyrarane blir svært fascinerte av. Spe- sielt Edevart let seg trollbinde av lirekassa, og i all løyndom følgjer han etter den blinde når han forlet bygda. Det viser seg no at mannen slettes ikkje er blind og at den andre har venta like utanfor Polden. Forvirra og skuffa skjønar Edevart at han og dei andre er blitt lurt. Som den ær- lege sjela Edevart er, reagerar han sterkt på denne hendinga, men samstun- des merkar vi ei dragning mot det ukjende og spanande; mot desse to lands- strykarane.

 

Utviklinga til Edevart får vi best innsyn i gjennom opplevingane hans. Særleg møtet med Lovise Margrete, som han blir svært glad i og knytt til, gjer eit stort inntrykk på han. Ho er enkel og liketil, og han fell for den berrføtte og smålemma kvinna. Mannen hennar er i fengsel, og når han brått slepp ut,tek han med seg familien sin til Amerika for å byrje eit nytt liv. Men i Amerika stikk han av og Lovise Margrete kjem tilbake til Noreg for å bu saman med Edevart. Ho har no forandra seg drastisk, og er ikkje lenger enkle kvinna ho var. I Amerika har ho "lært seg misnøye", og har berre forakt til overs for den gamle livstilen sin.

 

Edevart greier ikkje lenger å leve opp til Lovise Margrete sine yns- kjer. Personen Edevart og karakteren hans kjem i konflikt med den moderne tida og det ho fører med seg. Han elskar Lovise Margrete, men greier ikkje å takle det nye livet hennar. I den andre boka i trilogien, "August", får vi også høyre om kor han langsamt går til grunne. August, derimot, gir aldri opp og har evna til å snu nederlag til vinning. -

 

Hamsun stiller seg svært kritisk til denne samfunnsendringa. I boka finn vi eit sterkt forsvar for jordbruket og verdiane som ligg i primærnær- ingane. Hamsun er oppteken av naturen og dei verdiane han gjev menneska, og stør tanken om at vi må kome nærare naturen igjen.

SÆRTREKK OG SAMANLIKNINGAR

 

Sjølv om dei tre romanane eg har tatt for meg i denne særoppgåva om Knut Hamsun er svært sprikande i innhald,og i tillegg skrivne på svært for- skjellige tidspunkt av Hamsun sitt forfattarskap, kan ein finne mange lik- skapar og trekk som går igjen. Det eg først merka meg er psykologen Hamsun. Kanskje ikkje i så står grad i "Landstrykere" som i "Sult" og "Pan", som ein kan seie stettar hans eige programerklæring om ein ny litteratur til punkt og prikke. I alle tre romanane finn vi mannlege hovudpersonar, skri- benten, Glahn og Edevart, som alle gjennomgår ei psykologisk utvikling før vi forlet dei. Alle tre vel å gi opp for eller å røme i frå problema sine, som til dels skuldast deira felles vanske med å forholde seg til kvinnene dei elskar. Også desse kvinnene har fellestrekk: Ylajali og Edvarda er av den uregjerlege typen,som ventar seg noko spesielt av ein mann - ei for- ventning som skribenten og Glahn ikkje greier å leve opp til, og derfor tek til å hate kvinnene, samstundes som dei elskar dei og drøymer om dei. På den andre sida har dei kjærlege og hengivne kvinnene, Eva og Lovise Marg- rete. Men begge desse to "forsvinn" etterkvart: Eva døyr i raset, og etter amerika-opphaldet har den rolege Lovise Margrete glidd over i dei to andre sin kategori. Dermed opplever Edevard det same problemet som sine mak- karar frå "Sult" og "Pan" - etter ei lukkeleg tid saman, greier han ikkje lenger å takle forholdet til kvinna han elskar.

 

Dette kvinnesynet er typisk for nyromantikken. Ho er gåtefull,erotisk og uoppnåeleg - ein draum, eller nærmare ein besettelse. Mennene let seg tiltrekke, men blir samstundes skremt av kvinna si utstråling, og det for- fattarane meinte er hennar sterke livskraft. Difor opplever vi at dei tre hovudpersonane både forbannar og tilber kvinnene på same tid. På den eine sida blir ho draumen om den reine og urørte, på den andre sida misser men- nene grepet på forholdet samstundes som forholdet misser glansen når det kjem antydningar om noko seksuelt.

 

Sjølv om spesielt "Sult" og "Pan" er utprega psykologiske romanar, og heilt utan tendens, kan ein likevel merke eit visst samfunnssyn i dei. Sam- funna er hierarkiske og personar plasserast i rang ovanfor kvarandre. Hovud personane blir fanga inn i dette mønsteret, og dei må plassere andre i for- hold til seg sjølve før dei torer å nærme seg. I "Landstrykere" kjem Hamsun sitt samfunnssyn enda betre fram, og også i frå ei anna side. I denne boka kritiserer Hamsun samfunnendringa som følgde med den "nye" tida. Han er i mot all form for industrialisering,men støttar derimot jordbruket og fisket av heile sitt hjerte: Han meiner at mennesket må kome nærare og tilbake til naturen. At naturen er viktig for Hamsun, er også tydeleg i "Pan", der naturen og naturskildringar nærmast spelar ei av hovudrollene i romanen.

 

Samanliknar ein berre "Sult" og "Pan", som kom ut tett etter kvarandre, finn ein mange trekk som er bort i mot identiske med kvarandre. I begge romanane er eg-personen også forteljar. Med ein slik subjektiv synsvinkel, kjem lesaren tett inn på hovudpersonen , noko som skapar ei kjensle hos lesaren av å vere med på forteljaren sine opplevingar. I begge romanane er det også berre nokre månanadar av hovudpersonen sitt liv som blir skil- dra av forfattaren. Vi får lite om fortida deira og vi følgjer dei fram til problema deira blir så store og vanskelege å takle at dei vel å gjere retrett. I "Pan" får vi i tillegg, i fragmentet "Glahns død", følgje Glahn ein kort periode seinare i livet. Dette stykket omhandlar tida etter han forlet Sirilund og til han døyr.

 

Både "Sult" og "Pan" er som sagt utprega psykologiske romanar, og i begge er det den mannlege hovudpersonen som blir lagt under lupa - noko som og er tilfelle i "Landstrykere". Deira felles skjebne i forholdet mann - kvinne har eg alt skildra, men Hamsun legg og stor vekt på å skildre dei undermedvitne reaksjonane på problema dei opplever. Vi tar del i mange merkelege handlingar, som ofte synast ulogiske - og umedvitne. Det er som om dei er fanga av impulsar dei ikkje kan kontrollere. Situasjonane deira gjer at dei på kvart sitt grunnlag ikkje greier å forholde seg til andre. Den usikkerheita dei opplever då, gjer seg utslag i dei undermedvitne hand- lingane og reaksjonane. Ein annan ting dei har til felles er at dei på ein måte splitta i to; ein kontrollert og ein spontant handlande del. Denne skrivesituasjonen der forfattaren skal vere psykolog er som sagt hovudes- sensen i den nye litteraturen Hamsun etterlyste.

 

Har ein lest litt om livet til Knut Hamsun finn ein at innhaldet og handlinga i dei tre romanane til dels er henta frå hans eigne opplevingar. Han har sagt at innhaldet til "Sult" mykje er sjølvopplevde hendingar frå vinteren 1879-80, då han sjølv prøvde å livnære seg som skribent i Kristi- ania. Sameleis som hovudpersonen i boka levde Hamsun då under svært kum- merlege forhold, og han svalt ofte. Det er og svært truleg at mange av hendingane i "Landstrykere" er inspirerte av hans eigne erfaringar frå tida som skreppekar saman med ein ungdomskamerat. I "Pan" er det og tydeleg at det er minna hans frå Nordland som har gjeve han inspirasjon til å skrive romanen. Dette gjeld og personane i boka, då det er store likskapar mellom Mack på Sirilund og handelsmannen Walsøe frå Hamarøy, som Hamsun jobba hjå som 15-åring. Det blir og sagt at Edvarda skal ha lånt mange trekk frå Walsøe si yngste dotter, Laura, som Hamsun skal ha vore svært forelska i.

SLUTTORD

Ei personleg vurdering

 

Desse tre bøkene som eg har lese og skrive om i dette nærstudiet av Knut Hamsun som forfattar, trur eg gjev eit godty bilete av poeten og psy- kologen Hamsun og hans samfunnssyn og sterke naturkjensle.

 

Til å byrje med grudde eg meg til å lese bøkene då eg aldri har likt noko særleg å lese, men etterkvart som eg kom i gang vart eg positivt over- raska. Dei bøkene som fengsla meg mest var "Sult" og "Pan" med sine rike personskildringar. Særleg hovudpersonen i "Sult" vart eg fascinert av, og eg følte det som eg vart kjend med den fantasifulle og underfundege unge skribenten. I "Pan" møter vi mest av alt naturskildraren Hamsun, som med humor, poesi og vakre stemningar skildrar samanhengen mellom naturen og menneska: Vi er alle ein del av naturen og naturkreftene.

 

I motsetnad til desse to bøkene som var lettleste både i språk og form, fall "Landstrykere" meg tyngre å lese, og boka var til tider nesten keisam. Det var mykje det same om og om igjen, andre delen var nær ein reprise på første. I denne boka gir Hamsun oss eit inntrykk av samfunns- synet sitt. Han vil attende til den gamle tida, til då menneska var nærare knytte til naturen og til det trygge stabile samfunnet der kvart menneske hadde sin faste plass. Kritikken hans var retta mot jakta etter rikdom og velstand og industrialiseringa som løyser opp det naturlege bandet til na- turen. Hamsun sitt samfunnssyn er kort sagt: Tilbake til naturen.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil