Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Mennesket, hundens beste venn?Skriv ut Utskrift

Handler om en gatehund som treffer på en uteligger. Stilen er på nynorsk, og siden jeg til vanlig skriver bokmål kan det forekomme feil.

Karakter: 6

Nynorsk - FortellingForfatter:



Det heile begynner i bakgate 7 på Westward Street. Eg vaknar til fuglesong, men det er ikkje den same som eg pleier å vakne til. Det er ein song som fortel at ei regntung natt er over, og at ein ny, solrik dag har begynt.

 

Eg reiser meg og opp og ristar den blaute pelsen min. Pappeska mi var gjennomtrekt av vatn og labbane mine var skitne etter trykket på ei søkkvåt avis.

Eg drikk litt av ein dam og strekkjer meg før eg går bort til ei vindeltrapp i hjørnet av bakgata.

- Rocco!, sei eg, - Er du vaken?

 

Frå ei velta tønne under vindeltrappa hinkar det fram ein halt, velaldra (gamal) rottweiler.

- Nå, Brage? Oppe allereie? Sa han og forsøka å strekkje seg litt.

- Eg skal av sted og få tak i noko mat! Vent her, så skal eg ta med litt til deg også!

Rocco nikka og eg traska av garde.

 

På gata var det nesten folketomt. Eigentleg ikkje så veldig rart sidan det var så tidleg på morgonen. Det var berre eit par skoleungar som var ute no..

- Så hunden, mamma!, var det ein som ropte før meg, - Kan eg få klappe den? Vær så snill?

Men mora fnyste og trakk ham unna meg.

- Nei! Æsj, den er full av loppar og lus! Hald deg unna den, Peter!

 

Eg haldt meg godt inntil husveggane, for man kunne ikkje stole på menneska hadde Rocco sagt. Rocco var som ein far for meg. Han lærte meg alt som var verd å vite om livet som laushund. Hadde det ikkje vore for Rocco hadde eg vel vore bura inne og brukt til forsøk der dei stikk fullt av nåler inn i meg. Rocco kom nesten aldri ut av bakgata lengre. Ikkje sidan han øydela foten sin.

Det var da han klarte å rømme frå hundefangaren. Hundefangaren var rett i hælane på ham, men så kasta han seg under ein bil og så kjørte bilen over foten hans. Likevel klarte han å komme seg unna. Men heilt sidan det, har han gått og halta.

 

Så no var det eg som pleidde å hente mat til han. Og eg hadde min faste plass å hente maten på, nemleg Rogers Pølsebu!  Han pleidde alltid å stå på hjørnet av Westward Street og skrike ut;

- Pølser! Pølser! Kjøp varme kvalitets pølser!

Og det var nettopp dit eg var på veg no.

Men da eg kom fram til Rogers faste plass, fekk eg litt av overrasking..

Roger sto ikkje der! Rogers Pølsebu var borte! Heilt vekk. Eg såg meg forundra omkring i tilfelle eg hadde gått feil, men eg var på rett plass. Det var bare Roger som mangla.. Eg såg rundt om hjørnet, og der sto han! Han hadde bare flytta til eit anna kvartal! Og no sto han der, og skreik;

- Pølser! Pølser! Kjøp varme pølser!

 

Sakte men sikkert, nærma eg meg pølsebua. Og da eg var omtrent ein meter frå der Roger sto, byksa eg fram og greip tak i ei remse med pølser. Roger blei heilt hysterisk, som vanleg, og skreik etter meg med ei røyst som kunne fått fridomsstatuen til å miste maska;

- DU IGJEN! Fordømte fillebikkje! Berre vent til eg får tak i deg! Eg skal få deg flådd!

Som om han skulle nokon gong fått tak i meg! Det hadde vel vorre hundefangaren tenkjer eg, men ikkje i verda om han skal få tak i meg heller!

 

Eg spring over vegen, forbi nokon kvartal og inn i parken. Eg stoppar ved eit stort eiketre for å kvile meg. Akkurat da hører eg at det er nokon som snik seg innpå meg. Eg snur meg, og sterrar rett inn i føtene til hundefangaren. Han held ei stong med ei løkke i enden i handa, og smilar eit sleskt smil så han blottar dei gule tennene i munnen sin.

- No har eg deg, din kjøter!, gliser han og prøver å få løkka om halsen min.

 

Eg klarer akkurat å kaste meg unna og setter av sted med pølseremsa i munnen.

Han løpar og hentar bilen sin og kjører etter meg. Eg spring det fortaste eg klarar, men det er visst ikkje fort nok. Idet eg spring inn i ei bakgate, hoppar han ut av bilen og spring etter. Det visar seg at eg har sprunge inn i ei blindgate og einaste utveg no er å ta sats og prøve å hoppe over gjerdet.

- No er det ingen veg tilbake!, flirar hundefangaren og nærmar seg meg med løkkestonga i handa.

Men da eg finn ut at han er nær nok, hoppar eg opp på han og brukar han som eit springbrett for så å kaste meg over gjerdet. Eg landa på den andre sida på ryggen og mistar pusten eit sekund. Eg klynkar og reisar meg forsiktig opp. Eg grip tak i pølseremsa igjen og spring vidare. Bak meg, på den andre sida av gjerdet kan eg høre hundefangaren banne høgt for seg sjølv. Men eg bare spring vidare.

 

Da eg kom fram til bakgate 7 på Westward Street, slutta eg å springe. Eg går sakte inn og slepper pølseremsa ned på bakken. Da er det eg merkar det. Noko er annleis.. Det er ei anna lukt her enn den eg er van med.. Det luktar menneske! Eg snur meg og får auge på ein mann som sitt samankrølla i hjørnet til Rocco. Han hadde på seg loslitne og møkkete tøy som vitna om at han budde på gata. Eg tek eitt skritt tilbake og glefsar mot denne framande. Noko måtte berre være gale. Rocco ville aldri latt ham komme hit.

 

Mannen rykker ikkje i da eg bjeffar, men ser berre sakte opp på meg. Han smilar forsiktig.

- Heisann!, sa han, - Og kven er du for ein da?

Eg likte ikkje førsteinntrykket av denne mannen og knurrar mot han igjen.

- Eg er Otto.., seier han berre og gløttar bort på tønna til Rocco, - Leitar du etter venen din? Spør han og ser på meg igjen.

Eg sluttar og knurre og ser forundra bort på han.

- Han er ikkje her! Sa han, - Dei tok han med seg.

No kunne eg ikkje styre meg. Kven dei?? Eg bjeffa på denne Otto, og det forunderlege var at han forstod meg. Han kunne hundespråket!

- Hundefangarane, sa han.

Eg bjeffa igjen.

- Dei for i den retninga!, sa han og peika.

 

Med eit overraska blikk satte eg på sprang i den retninga Otto hadde peika. Kunne eg stole på han?

Ganske snart kom eg fram til eit lite bakeri der bilen til hundefangaren stod. Eg kunne sjå Rocco liggje inne i bilen, heilt urørleg. Eg lista meg forsiktig bort til bilen, mens eg såg meg rundt i tilfelle det kom nokon.

- Rocco? kviskra eg, - Rocco? Kan du høre meg?

- Brage?, hørte eg at han svara, - Er det deg?

- Eg skal få deg ut, Rocco! Ta det roleg!

 

Eg venta til hundefangaren kom ut frå bakeriet. Da begynte eg å klynke og ule, og late som om eg hadde knekt foten. Han såg meg med ein gong og festa løkka om halsen min.

- Ha, ha! No har eg deg! Og no kommer du deg ikkje laus!, lo han.

- Å vær ikkje så altfor sikker på det, du! Tenkte eg for meg sjølv.

Akkurat i det han lausna løkka om halsen min for å ha meg inn i bilen flaug eg på han og bjeffa.

- Spring, Rocco! Spring!

 

Forsiktig halta han seg bortover gata og bortover mot bakgate 7. Da begynte eg å springe den andre vegen for å få hundefangaren vekk frå Westward Street. Eg fekk tilslutt rista hundefangaren av meg og sprang tilbake til bakgate 7.

 

Da eg kom fram sto Rocco og knurra mot Otto. Otto satt og prøvde å hysje ham ned.

- Rocco, stopp!, sa eg, men Rocco ensa meg ikkje, - Rocco! Han er ein venn!

- Venn?!, glefsa Rocco mot meg, - Man kan ikkje stole på noko menneske!

- Han kan prate med oss! Han fortalte meg kvar du var! Han hjelpte meg!

- Eg stoler ikkje på han! Alt menneskjer gjer er å plage og mishandle oss hundar!

- Det er ikkje sant!, knurra eg og stilte meg mellom Rocco og Otto.

Rocco sterra på meg med hat i blikket. Han viste tenner og knurra til meg.

- Brage, kom deg unna!

- Du får ikkje gjere han noko! Han har ikkje gjort noko gale!

- Du er bare ein blandingshund! Du forstår ikkje!

Da var det eg gjorde noko eg aldri hadde trudd at eg kom til å gjere. Eg flaug på Rocco og beit han. Vi begynte og sloss og eg beit han i den vonde foten. Han klynka høgt og trakk seg unna. Han såg på meg med eit blikk som fekk meg til å kjenne ei stor skyldføling vrenge seg i magen.

- Rocco, eg.. Orsak..  Det var ikkje meiningen å kaste meg over deg.. Eg berre..

- Berre ein blandingshund.. hveste Rocco, - Berre ein tåpe!

Han snudde seg og gjekk ut av bakgata. Eg såg etter han der han hinka seg ut av syne og snudde meg til Otto. Han hadde eit bekymra blikk i auga der han satt og sterra etter Rocco. Så snudde han seg til meg.

- Du bør kanskje gå etter han.., sa han forsiktig.

 

Eg la øyrene mine bakover, og gjekk etter Rocco.

Men akkurat idet eg gjekk ut av bakgata, kjende eg noko som stramma seg rundt halsen min.

- Denne gongen slepper du aldri unna! No ber det rett i cella med deg!

Kva eg enn gjorde så satt eg fast. Eg klarte ikkje å komme meg laus. Han kasta meg inn i bilen og der fekk eg auge på Rocco.

 

Han ensa meg ikkje eit blikk ein gong. Han bare låg der. På den eine foten hans kunne eg sjå bitemerka etter meg. Hundefangaren starta bilen og eg skjønte kor vi skulle fraktas. Han tok oss med til det berykta hundefengselet, der de fleste hundar aldri kom ut igjen. Innerst inne var eg redd. Men eg ville ikkje vise kjenslene mine for Rocco.

 

Da vi var komne fram til hundefengselet vart vi slengde inn i ei celle. Det var ein murvegg bak og det var gitter rundt oss på alle kantar. Oppe på murveggen var det ei opning som var stengd att med stenglar. Det var stort nok til at både eg og Rocco kunne komme oss ut hadde det ikkje vore for stenglane. Ikkje var det så alt for høgt oppe på veggen heller, så vi hadde sikkert klart å hoppe opp dit. Men eg visste at det ikkje nytta å tenkje på det eingong.

- Denne cella kjem til å bli min død, tenkte eg.

 

Det ble natt, vi hadde allereie vore i cella i fleire timar.

Rocco låg på den same plassen han hadde ligge på da vi kom hit. Han hadde ikkje drukke noko av vatnet som var satt fram. Eg såg bort på vakta som satt ved døra. Han hadde sovna. Han var visst van med all bjeffinga og gneldringa frå alle hundane som var stengd inne i desse cellene.

 

Eg høyrde ein lyd bak meg og snudde meg mot opninga på veggen. Eitt etter eitt forsvann stenglane for opninga og eitt velkjend ansikt kom til syne. Det var Otto.

- Kom da, gut! Sa han og stakk hendene inn gjennom opninga.

 

Eg såg bort på Rocco, som no låg og sterra opp på Otto mens han knurra. Eg nølte eit sekund, såg på vakta, på Otto og ned på Rocco igjen. Men så tok eg sats og hoppa. Otto tok tak i meg og drog meg ut. Deretter stakk han hendene inn gjennom opninga igjen. 

- Kom igjen!, sa han, - Du også! Du må stole på meg!

Eg kunne høre at Rocco glefsa etter handa til Otto. Men Otto ensa han ikkje eingong.

- Er du klok no, Rocco, så hoppar du!, bjeffa eg til Rocco.

- Eg stolar ikkje på menneskjer!, gneldra Rocco, - Ser du ikkje kva dei har gjort med oss no da?

- Å bit i deg!, knurra eg, - Ser du ikkje at han prøver å få oss ut! Han vil bare hjelpe.

Rocco blei stille. Otto så på ham med et bedande blikk.

- Eg skal berre hjelpe deg!

 

Vakta snøfta, han haldt på å vakne.

- Fort deg! Før han vaknar heilt!

Rocco hoppa og Otto drog ham ut. Og det var ikkje eit sekund for tidleg.. Vakta vakna og la akkurat merke til at Rocco ble dratt ut. Da vi sprang av sted mot byen kunne vi høre vakta skrike etter oss.

- Hei! Stopp der!

Men aldri om vi stoppa!

 

Alt såg ut til å gå bra, det gjekk ikkje så fort det kunne ha gått på grunn av foten til Rocco, men vi kom oss ganske snart til byen. Da vi skulle springe over gata, blei Rocco hengande litt etter. Og akkurat da eg snudde meg for å sjå etter han såg eg til min store forskrekking at Rocco blei påkjørt av ein bil. Mannen som kjørte bilen stoppa og kom springande mot Rocco. Otto sprang bort til Rocco og rista i han.

- Han kom gåande rett inn i bilen min!, forklarte mannen med ei skrekkslagen stemme, - Eg hadde ikkje sjans til å styre unna!

Otto løfta på hovudet til Rocco.

- Er alt bra med han?, spurde mannen.

- Han lever!, sa Otto og løfta han opp.

 

Mannen såg rart etter oss når vi sprang vidare mot Westward Street.

Da vi kom fram til bakgate 7 la Otto Rocco ned på ein haug med strisekker.

- Rocco?, klynka eg, - Er du i orden? Rocco? Snakk til meg!

Den store rottweileren opna forsiktig auga sine og såg på meg med eit sløvt blikk.

- Du hadde rett Bragegut.. Han var eit godt menneske.. Orsak for at eg ikkje ville høre på deg!

- Det er helt greitt, Rocco, orsak for at eg flaug på deg!

- Eg hadde fortent det..

- Nei! Det hadde du ikkje..

Rocco lukka auga sine.

- Rocco..?, klynka eg igjen.

Han opna auga sine igjen og så opp på Otto. Otto la handa si under hovudet til Rocco og løfta det litt opp.

- Du får passe godt på Brage..  klynka han.

- Det skal eg gjere, Rocco!, svarte Otto, og Rocco forsøka å få frem eit lite smil.

- Da har eg lært, Brage.., sa han, - Mennesket kan faktisk vere hundens beste venn! Ta vare på han her!

 

Sakte lukka han auga og var borte..




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish