Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
Jens BjørneboeSkriv ut Utskrift
Jens Bjørneboe, ein samfunnskritikar.
Nynorsk - SæroppgaveForfatter:

Forord og problemstilling

 

Jens Ingvald Bjørneboe vart fødd i Kristiansand 1920. Faren hans var skipsreiar og Jens levde i ein heim prega av økonomisk tryggleik sjølv om det var dårlege tider ellers i samfunnet. Jens var deprimert som barn. Og som vaksen prøvde han å leite seg tilbake dei tidlegaste åra i sitt liv. Han såg på barndommen som skremmande og alkoholismen byrja allereie då han var liten. Jens kunne, mens foreldra var vekke, fortære store mengder vin, for så neste dag å drikke meir for å ”reparere”. Samtidig som han byrja utforske alkoholen, vaks det fram ein forakt for autoritetane i samfunnet. Denne forakta er sentral i problemstillinga mi, då nettopp denne kjem fram som samfunnsrefsing i litteraturen hans. Han undergravar autoritetane gjennom karikaturar og overdrivingar.

 

Problemstillinga mi omhandlar Bjørneboe som samfunnskritikar. Etter å ha lest bøkene hans, artiklar om han og dikta hans, har eg fått betre forståing for kvifor denne mannen var så sint på samfunnet. Han prøvde verkeleg å skape verdiar i samfunnet, byggje opp nestekjærleiken og opplyse folk flest om kva som verkeleg hender.

Det kan derfor virka sjølvmotseiande når eg no seier at Bjørneboe gjennom litteraturen var desillusjonær. Han hadde ingen tru på det gode menneske, han meinte det var ein illusjon. Dette kjem sterkt fram i triologien ”Bestialitetens Historie” som eg har lese mellombindet av. Samtidig møter me gode menneske som gjer ein innsats for andre i romanen ”Jonas”. Me møter forskjellige haldningar etter kva sinnstemning forfattaren var i. Under arbeidet med ”Bestialitetens Historie” vert det sagt at Bjørneboe var ein utslitt og deprimert mann. Frustrert over kvar samfunnet tok vegen, og av mangelen på ideal dei unge kunne strekke seg etter, vart Bjørneboe meir og meir sliten. Dette kompenserte han med å drikke stadig meir. Til slutt vart det heile nok for Bjørneboe, og han tok sitt eige liv i 1976. Ved grava hans vart det høyrt: ”kven skal seie ifrå no?” Dette er i høgste grad aktuelt då bøkene hans er av dei få i norsk litteraturhistorie som har fått betydning for skule, rettspleie og sensur.

 

 

”JONAS”

 

Romanen handlar om ein gut som heter Jonas Andreassen. Han er sju år gamal og han skal byrja på skulen. Me får raskt kjennskap til ein av Jonas' kvalitetar; fantasien og kreativiteten. Desse kvalitetane fekk Jonas god bruk for den tida han gjekk på den fyrste skulen. Me får og eit kort møte med familien. Både mora og faren er i omkring førti-, femtiårsalderen. Mor til Jonas, Anna er svært eit svært omsorgsfullt menneske som er veldig glad i sitt einaste barn. Men sidan ho aldri sjølv har lært seg å lesa, noko som tydelig har øydelagd litt av sjølvbilete hennar, er ho bekymra for Jonas som skal byrja på skulen. Det ho fryktar er at denne ordblindheita er arveleg. Faren til Jonas er ein tidligare båtsmann og heiter Anton. Han er stor av vekst og har mange spanande historiar frå tida han arbeida til sjøs. Jonas elskar å høyre om faren sine eksotiske reiser til alle verdens krinkelkrokar. Båtsmann Andreassen øydela ryggen sin etter eit fall ned i lasterommet til ein sekstusentonnar. I dag er han vaktmeister der dei bur.

 

Lesaren vert raskt presentert for overlærer Jochumsen. Han er den snille overlæraren som skal holde ein ytre strikt fasade, men som verkeleg er ein av de få på skulen som er riktig glad i barna. Men barna gjennomskodar denne fasaden og heng etter han mens han brøytar seg tilsynelatande rasande gjennom flokken med skuleungar. Han elskar å sjå skuleplassen full av små førsteklassingar ved starten av skuleåret, og vert spesielt glad i den tynne guten med det store hovudet. Overlæraren legg merke til at Jonas er eit spesielt barn og interesserer seg meir og meir i gutens ve og vel. Overlæraren kallar Jochumsens rake motsetning er Strange, mannen som sender Jochumsen anonyme trusselbrev. I trusselbreva skriv Strange slike ting som at Jochumsen køyrer skulen i grøfta. Strange ser på barna som maskinar som skal bli mata med informasjon, lære ting og ikkje skilje seg ut. Han liker ikkje forandringar og vert særs frustrert om han finn ein feil, som for eksempel at ein gut i andre klasse ikkje kan lese. Dette er fordi det er ein stor belastning for klassens lærar å ha ein slik elev med i undervisninga.

 

Jonas trives på skolen og han liker at dagane er like kvarandre, noko som gir guten ein viss tryggleik. Men tidleg merkar han at i den store elva av elever som "flyt" mot skulen skil det ut seg ein liten arm av "deformerte" elever; dei hadde store hovude og auga stod på skakke. Dei går på "Iddioten", hjelpeskulen. Jonas fikk ein redsel for desse elevane, og han ville ikkje ha noe med dei å gjøre. Seinare vert han lurt til å tru at det var dei som ikkje kunne lese som måtte gå der. Jonas var då glad for at han kunne lese. Men Jonas kan ikkje lesa. Jonas puggar leksa slik at han kan ho på rams. Han førestiller seg at dei forskjellige orda er dyr og andre ting, og set dei saman på ein slik måte at han forstår det. Faren til Jonas hjelp han mykje med lesinga. På denne måten hevda han seg i klassen utan å riktig å sjølv vera klar over at han ikkje kan lesa. Og frøken Bø fekk sympati for Jonas, og på grunn av denne sympatien tok det lang tid før ho klarte å avsløra at han ikkje kunne lesa. Jonas heldt det gåande på denne måten i heile første klasse, og trivst godt på skulen.

 

I byrjinga av andre klasse oppdagar frøken Bø til sin store frustrasjon at Jonas ikkje kan lesa. Ho kontaktar Strange i håp om å få Jonas til å lese. Saman finn dei ut at dei må tukta Jonas med å få han til å lesa høgt på skulen kvar dag. Ideen bak denne tanken var at Jonas måtte ta seg saman når presset frå klassen, som truleg ville bli lei av slik kjedelig aktivitet, vart for stort. Situasjonen for frøken Bø var jo uakseptabel med ein elev som ikkje kunne lese i klassen. Strange ville derfor gjera sitt beste for å letta ho frå denne byrden. For dersom planen dei hadde klekt ut ikkje hjalp, ville Strange sende Jonas på spesialskule, ”Iddioten".

 

Høgtlesinga vart ”døden” for Jonas: "Etter en tid var denne leseøvinga til klassens underholdning blitt den akse som hele Jonas' dag dreiet seg rundt." Jonas vart mobba på skulen og byrja å stamme når han snakka og pisse på seg om natta. Det var så vidt foreldra fekk han på skulen. Jonas’ einaste trøst var kameraten Birger. Ein legeson som var oppdratt til å være god mot andre, faren hans hadde prenta dette inn i hovudet hans, og med den store respekt han hadde for faren, fulgde han hans råd og regler. Birger gav Jonas dueringar og var generelt snill med ham. Og når det kom til mobbinga i klassen, greip den røyrslege guten villig inn på Jonas si side og tok han under vinga si.

 

Lærarane på skulen har svært lite tru på at Jonas nokon gong ville lære seg å lese, det vil seie alle utan Jochumsen. Og med Strange i spissen, konkluderar dei med at Jonas skal på ”Iddioten”. Overlærer Jochumsen stopper dette forsøket på å kvitte seg med denne forferdelege eleven. Han seier det ville være det same som å "ta menneskets barndom og male det i ei kjøttkvern". Men bak ryggen til Jochumsen arbeider "salamanderne" vidare. Etterkvart byrja dei større gutane å mobba Jonas. Dei hadde funne ut at Jonas pissa på seg i senga. Dette skjedde ved at mor til Jonas snakka med ei anna kone om problemet i nærvær av denne kona sin son. Ryktet spreidde seg raskt, og Jonas fekk pryl kvar dag på veg til skulen. Dei større gutane haldt han og sjekka om han var tørr. Dersom ikkje, måtte han gå heim og bytte. Det at Jonas forsvarte seg gjorde det verre. Han vart skitten og slimete i ansiktet når han kom på skulen. ”Og dette gjorde ham igjen bare eklere i frøkens øyne.”

I samband med ein eventuell overflytting til ”Iddioten”, vart Jonas IQ-testa av ”salamanderne”. Det vil seie, han vart i halvt svime IQ-testa. Han vart henta ut på gongen midt i ein skuletime, der venta frøken og ei framand dame på han. Etterpå står det beskrive korleis ein liten gut, blinda av total frykt for at dei skulle binde han opp og forstørre hovudet hans, vert IQ testa. ”Han var helt rolig å se på, men halvdød av skrekk. Nu visste han hva som skulle skje. De skulle gjøre noe med ham som fikk hovudet til å vekse, slik at han ble som de andre på ”Iddioten.”

 

Etter denne episoden, vert Jonas heilt i frå seg. Det tek meir enn ei veke for at han skal kome seg på beina att. Når han gjer det, vert han venner med tyskarungen Bobbi. Bobbi gjekk i femte klasse, og det står at Bobbi stod for ”tre fjerdeparter av all djevelskap som hendte i området”. Bobbi, guten som alltid gjekk i ”en fillete genser, de samme korte buksen og et par gamle damestøvletter”, vart altså Jonas’ nye venn. Det hendte når Jonas forsvarte seg mot gutane som mishandla han at han vart venner med Bobbi. Jonas hadde nemlig stole med seg ein kniv heime frå, og trua angriparane med han. Dei flykta, og Jonas heiv frå seg kniven. Bobbi plukka han opp og gav han til Jonas. Slik vart dei venner. Jonas rava gatelangs med Bobbi. Dei stal og banka småungar. Jonas fekk visst ikkje smaken for å banka småungar, men han gjorde det for Bobbi si skuld. Bobbi si mor var norsk, og faren var ein tysk soldat. Faren drog med ein av dei siste troppetransportane til Øst-fronten, og mora såg han aldri igjen. Bobbi vart mobba fordi han ikkje hadde nokon far. Dette gjekk sterkt inn på guten, og han vart eit utskot i samfunnet. Ein einsam ulv. 

 

Det var på denne tida at Jonas gjorde seg sjuk. Han ville straffe seg sjølv for at han ikkje kunne lese, så han gjekk ned i elva, slo hol i isen og gjekk uti. Der stod han med vatn til leggane så lenge han orka. Etter dette låg Jonas sjuk lenge med dobbelsidig lungebetennelse.

Det var Birger som redda Jonas frå at det skulle gå verkeleg gale. Han var opplært av faren at han ikkje skulle sladre, og trudde at det var sladring dersom han fortalte faren kva dei andre gutane gjorde med Jonas. Faren vart derimot svært glad for at sonen overvann den overdrivne frykta for å gjere noko galt. Legen drog fort over til Andreassens og fann Jonas i feberfantasiar og foreldra i gråt. Dei hadde ikkje fått fatt i ein lege og på denne måten redda Birger Jonas’ liv.

 

Mens sjukdomen herjar med Jonas, døyr plutseleg overlærar Jochumsen. Han fekk eit brev der det på grunnlag av IQ-testen vert fremja forslag om å flytta Jonas til hjelpeskulen. Han riv papira i sund, og går til eit klasserom, der hjartet sviktar. Bobbi døyr også ikkje så lenge etter. Han vert jaga frå skulen og ut i byen av nokre gutar frå klassen sin, her spring Bobbi i ein trikk. Opptakten til denne jaginga var ein tale ein lærar på skulen haldt før 17.mai. Den handla om korleis tyskarane hadde herja og øydelagd, korleis dei hadde mishandla den gamle overlæraren som barna hadde vore så glad i. Dette førte til at Bobbi, som hadde tysk far, vart kraftig banka av tre-fire gutar i klassa si. Dagen etter, gjorde Bobbi i frå seg på eit norsk flagg på gutedassen. Han vert utvist frå skulen, men er likevel på skuleplassen den 17.mai. Etter talen om det norske flagg og Wergeland, vert Bobbi jaga av fem-seks elevar. Dei stikk han med flagga medan dei spring etter han fram og tilbake i gatene. Så skjer ulukka.

Jonas står no åleine. Strange vert overlærar, og Jonas skal sendast til hjelpeskulen. Dette går hardt inn på Jonas. Derfor stikk han av heimanfrå og gøymer seg i ein båt.

Han vart raskt funne av jungmannen ombord. Jungmannen har lærarutdanning, men likte ikkje å arbeide i skulen. Jonas ytrar ønske om å få segle ut i verda, men vert satt av i Bergen. Jungmannen hadde lova Jonas at han ville vere med han heim, og dette løftet heldt han.

 

Imens hadde Onkel Olsen, fått Jonas inn på ein svært spesiell skule. Det var ein skule der ein ikkje la vekt på karakterar, men meir på kreativitet og fantasi, denne skulen vart redninga for Jonas. Han hikstgråt av latter dei første dagane på skulen. Det var ingen høgtlesing, ingen skriving, men song og teikning. Dessutan fortalde rektor Back slike underbare eventyr til barna. Back var av same type som Jochumsen, han var svært glad i barn og var i opposisjon til den vanlege skulen.

Jungmannen følgde Jonas til skulen ein dag, og vert svært gode venner med ein lærar der som heiter Marx. Dei to vert sitjande på loftet til Marx der dei utvekslar livserfaringar. Me treff i denne andre delen av boka, den generasjonen som vaks opp under moskvaprosessane, og som levde parallelt med nazi- utskeiingane i Tyskland, den generasjonen som vart øydelagd av mangelen på gode ideal, noko unge menneske verkelig treng. Dei mista trua på alt. "Du skal forakte din far, fordi han har drevet politikk med sitt liv" var eit av boda til ungdomsgjengen jungmannen var med i. Dei vart alle nihilistar. Ingenting var lenger heilag. Marx får av og til anfall som gjer at han ikkje klarar å undervise. Han spør jungmannen om han kan steppe inn for han, og det gjer han. Etter dette gjekk det slik til, at han byrja like skulen att og ville verta lærar nok ein gong.  

Etter ei stund byrjar Birger og på skulen Jonas har fått så kjær. Birger får same oppleving av skulen som Jonas fekk.  

 

På denne nye skulen til Jonas, går det ein frykteleg slem gut som heiter Ulrik. Ulrik er omtalt som ”det slemmeste barnet i verden”. Det einaste som held han frå total ulykke er Back. Når Ulrik er i nærleiken av Back, er han heilt roleg. Så har det seg slik at Ulrik vert utvist frå skulen, noko som fører til hans undergang. Han set fyr på skulen og den brenn ned. På skulen har både Back og Marx sine rom. Marx er på besøk hos jungmannen då brannen intreff, men den alkoholiserte Back er på rommet sitt. Jonas gjer eit tappert forsøk på å redde sin elskede rektor. Back er bevisstlaus og Jonas vert redd når han ikkje får liv i han. Tilslutt har Birger fått fatt i brannmannskapet og jungmannen. Både Jonas og Back overlever brannen.

”Og her slutter historien om en gutt som ikkje kunne lese på tross av at han var over åtte år gammel, men som likevel klarte å sette i gang mange ting ute i verden.”

 

”Jonas” er ei svært gripande bok, og ein opparbeidar etterkvart ein sterk sympati for den vesle guten som tilsynelatande har hamna på heilt feil stad. Når du les boka vert du med Jonas i skuffelsar, glede, frykt, og evig fryd til slutt når han finn ut at han skal på skulen igjen. Bjørneboe var i sterk opposisjon til det dåverande skulesystemet og dette kjem til utrykk i denne romanen. Han arbeidde òg fleire år i Steinerskulen der han fekk sansen for ein skule utan karakterar og skjema.  

Jens Bjørneboe var tilhengar av den engasjerte dikting, han var ein tendensdiktar. Det vart ein gong sagt at Bjørneboe ville gripe etter lynet for så å kasta det mot menneska som ei gåve. Og som et slikt lynnedslag virket Jens Bjørneboes "Jonas" i Norges kulturliv då den vart gitt ut i 1955.

Boka byrjar med ei etterlysing av den 8 år gamle Jonas Andreassen. Me får etter dette, ei lang forhistorie, før me får grunnen til at Jonas er sakna. Dette er omtrent midtvegs i boka. Noko som er heilt spesielt med boka, er at personar ein trur er mindre viktige, får ein større plass i boka. I den andre delen, får to personar som først verkar som dei er bipersonar, større betydning. Jungmannen og Marx, er stort sett det heile andre delen av boka handlar om. Jonas er nesten ikkje med i denne andre delen. Han kjem riktig nok med i slutten av andre delen.

 

Nokon meiner boka handlar like mykje om ein grå sporv som om guten Jonas. Denne symbolbruken kan væra riktig då me finn igjen sporven i eit av Bjørneboes dikt.

Denne sporven dukkar fram fleire gongar gjennom hele romanen "Jonas". I feberfantasiane sine drøymer Jonas at han kan fly og dette kan tolkast dit hen at Jonas sjølv er sporven. Jonas har også eit ønske om å fly, noko han gir uttrykk for. Seinare vert Jonas og Birger vitne til at ein sporv flyg rett i vindauget, og momentant vert drepen av møtet med det harde element. Birger løfter den opp og kjenner varmen fra fuglekroppen. Dei gravlegg han på sjømannsvis slik Jonas har høyrt om det frå far sin. Seinare i boka kjem fuglemotivet endå klårare fram. Birger er på gravplassen i ferd med å byggja eit reir for ein skada sporv, som verken kunne fly eller gå. Men Werner, ein kamerat av Jochumsen, ber Birger heller ta fuglen med heim og han lagar til et provisorisk reir i hatten sin. Werner følgjer Birger heim og treff far hans. Dei diskuterer skulen, og da skjøner Birgers far den skaden skulen, dette dårlige reiret, har hatt for hans son, og han sender Birger over til den andre skulen, der Jonas fikk sin barndom tilbake, sin flygeevne. "Spurven var for lenge siden blitt frisk nu, og hadde fløyet sin vei". Her har me ein av appellane i boka: å byggje reir for dei skadeskutte.

 

I slutten av første del i boka er det Jonas som har rømt. Halvdaud finn jungmannen Jonas, og Jonas er nå sporven som berre er hjerteslag, og jungmannen er guten som ein grå dag tar den beskyttande opp i sine hender. Også jungmannen er ein flyktning, men han har rømt frå skulen som lærer. Det veks fram eit brorskap mellom dei, eit brorskap som kjem til å omfatte fleire. Sporven er altså eit sentralt leiarmotiv i denne romanen, men det fins og fleire.

Namnet Jonas er heller ikkje tilfeldig valt. Det kjem frå myta om Jonas som vert slukt av kvalen, skulen, og lev i hans buk eit par år. Men så vart han spydd ut igjen, og han står i fare for å gå til grunne i absolutt isolasjon, men då møter han jungmann og seinare Back. Birger fant nettopp ein slik sporv ved gravplassen og tok han med heim for og hjelpe han, slik Birger òg hjalp Jonas.

Her er diktet Bjørneboe skreiv om sporven:

 

"Holdt du som en gutt en grå dag

nettop en ullen, sånn'en

gråspurv forsiktig i hånden?

Spurven som bare er hjerteslag!

 

Bare et hjerte med vinger på!

Brune, forblåste hender

varmer om dyret - og kjenner

plutslig hele fuglen  s l å!"

 

 

Det er nok noko sjølvbiografisk i boka då Bjørneboe sjølv var ein fordrukken lærar som ofte kom full til timane på ein nokså spesiell skule.

 

Til slutt vil eg ta med det samfunnskritiske med boka. Nemleg om skulen den gong, var tilpassa til alle. Det var han nok ikkje, etter romanen til Bjørneboe å dømma. Skulen i 1955 var neppe god nok opp mot de ideal boka stiller for oppseiing og nestekjærleik. Bjørneboe legg framfor oss ei heilt svart/kvitt konflikt der dei gode er gode og dei onde er onde. Her finn me ingen mellomting, og lærarane er framstilt på ein måte som gjer at me kan lure på om dei ikkje var menneske i det heile, men i virkeligheita ”salamandrar” som dei vert kalla i boka. Nettopp dette vakte stort oppstyr og førte til bråk hjå lærarstanden då boka vart gitt ut. Bjørneboe sa seinare at om han skulle skrevet boka om att, ville han gjort den langt meir brutal.

”Jonas” er ein tendensroman mot skulen, og var meint som eit debattinnlegg. Bjørneboe vart sjølv ikkje med i debatten som fulgte.

 

 

Det same året som Bjørneboe måtte gje opp jobben på Steinerskolen, 1957, følgde han ”Jonas-suksessen” med ein ny tendensroman. "Under en hårdere himmel" utløyste eit spetakkel i norsk kulturliv som fikk debatten omkring "Jonas" til å likne ein middels familiekrangel.

”Under en hårdere himmel” grip eit stoff som for etterkrigs-generasjonen av nordmenn var særs følsamt: Landssvikoppgjøret. Før han skreiv boka, hadde Bjørneboe fått ein straum av henvendingar frå landssvikarar som følte seg urettferdig behandla. Forteljingane deira greip Bjørneboe sterkt, og han skreiv ein roman med utgangspunkt i ein by svært så lik Bjørneboes heimstad Kristiansand.

 

 

”Under en hårdere himmel.”

 

Me møter ein major og hans to barn. Majoren er son av ein skippar, og begge er av den gamle skule. Majoren er enkemann og åleine om oppsedinga av barna, Cato og Fransiska, ei oppseding som er særs streng og gamaldags. Majoren er av den sorten som trur på plikta, grunnlova og fedrelandet. Han fortel heltehistoriar som ein del av oppsedinga.
Romanen finn stad i mellomkrigstida, og majoren ser raskt at det bryggjer til uro i Europa. Han ser med forarging på den norske forsvarspolitikken og er særs kritisk til forsvarsministeren som er medlem av det brotne gevær. Majoren, som har høg status i byen, meiner at dersom ein vil ha fred, må ein ruste seg til krig.

Cato og Jan er kameratar. Jan er radikalaren av dei to, og prøvar å "omvende" Cato. Jan trur i alle fall fullt og heilt på radikalaranes sak, han trur på revolusjonen. Han har også stor tro på advokat Wastrup, taktikaren som vil infiltrera Arbeidarpartiet for å nå det kommunistiske samfunn. Jan er heilt oppslukt av denne advokaten, og han prøver stadig å likne på mannen.
Men så kjem krigen til Europa. Ein dag melder Cato seg som frivillig til Finnlandskrigen. Denne krigen vart eit bevis for majoren at eit lite land kan føra ein virkningsfull forsvarskrig, forutsett at hæren ikkje hadde sin eigen regjering som hovedfiende. Nesten eit år etter kjem Cato attende, og han helsar ikkje på lenger på sin gamle ven Jan.
Kort tid etter at Cato kom attende, kjem tyskarane til Norge. Cato reiste hurtig av stad for å kjempa mot tyskarane, men han fann ikkje dei norske motstandsstyrkane. Men majoren derimot gjorde motstand lenger nord i landet, og han fikk tyskarane på retrett der, og utan sjølv å vita om det gjorde han seg til folkehelt i sin eigen heimby. Majoren oppdaga no at dei same folka som hadde øydelagt forsvaret, no sat og ropte til soldatane at dei skulle kjempe med verdilause handvåpen mot verdens mest moderne arme.

 

Etter ei kort tid forstod majoren at slaget mot tyskarane var tapt, og bitter sit han atter i sin heimby. Han orkar ikkje lenger å visa seg på gata; landet hadde fødd han hele livet igjennom, til krigen kom. Og så går han hen og taper den.


Tyskarane i byen vert stadig meir hata, og som major hata han dei kanskje meir enn folk flest. Men plutseleg går majoren igjennom ei indre forandring. Han les noko ein norsk nazist har skrevet i ei avis. Og pussig nok finn han seg sjølv einig i kva som står der. Dette kom som eit sjokk på han sjølv. Det han tidligare hadde følt den sterkaste antipati mot, viste seg ved nærare ettersyn å være som tatt ut av hans eigne tankar. Han var einig i "Kinder, Kirche und Küche"-innstillingen. Han var også einig i militær oppseding av gutane. Men framfor alt var han einig i nazistane sitt syn på fedrelandet. Og så gjekk han inn i partiet.
Fransiska, dottera til majoren, som i den siste tida har lest om Florence Nightingale, vart sjukepleiar. Ho vert med det tyske Røde Kors, etter at faren konstaterar at Røde Kors er internasjonalt, og at det ikkje kjenner noko parti eller fiendar, berre menneske. Cato melder seg til teneste for tyskarane i kampen mot Russland. Dette skjer ikkje fordi han er nazist, men fordi han føler eit sterkt hat mot russarane og kommunistane etter Finnlandskrigen.
Men desse hendingane fører til at faren misser sin status i byen. Folk helsar ikkje på han lenger. Majoren isolerar seg heilt, og som menneske vert han gradvis øydelagt. Jan, skulekameraten til Cato, har meldt seg inn i motstandsorganisasjonen mot tyskarane, og deltar aktivt i sabotasjeaksjonar. Seinare i Krigen tystar Cato på Jan, og meldar han til sikkerheitspolitiet.
I løpet av krigen møter søskenparet Cato og Fransiska kvarandre att. Cato har med seg ein kamerat, ein tysk soldat, og Fransiska forelskar seg i ham. Fransiska vert gravid med tyskaren, og Ulf vert fødd. Tyskaren døyr seinare i krigen.

Då krigen er slutt får dette tøffe konsekvensar for majoren og familien hans. Sigersrusen går fort over i eit hat mot alle som samarbeida eller sympatiserte med dei tyske okkupantane. Dette tyda at majorens familie får ganske hard medfart. Fransiska vert tiltalt for seksuelt landsforræderi, samt straffa for tenesta i det tyske røde kors. Cato vert fengsla og utsett for grov mishandling. Dette fører til at Cato tek sitt eige liv, og når faren seinare døyr etter mangelfull behandling, også i fengsel, kan me trekka den slutning at forfattaren skuldar fengselet for indirekte å ta livet av dei både. Som me ser var behandlinga av landssvikarar ikkje mild på nokon måte.

Motstandsmannen og kommunisten Jan har vorte advokat, og er ikkje lenger så sikker på si "barnetru"; han føler seg blant anna utnytta av advokaten Wastrup, infiltratoren. Jan byrjar å forsvara landssvikarane, og innleiar eit forhold med Fransiska på slutten av boka.

 

I denne romanen møter me igjen eit sentralt tema i Bjørneboes forfattarskap, nemleg konfrontasjonen mellom den indre og ytre verden, mellom individ og samfunn. I denne boka vert me vitne til at ein familie som vert skildra med forståing og sympati, går tyskaranes ærend under krigen. Men etter krigen vert dei til dels mishandla av autoritetane, nemlig av rettsvesenet og fengsla.

Romanen er ei slags rammeforteljing. Me møter Jan og eg-forteljaren som tydeligvis er ein gamal kamerat av Jan. Dei byrjar å prate. Så byrjar sjølve forteljinga, så og seie i kronologisk rekkefølgje. Rammeforteljaren, eg-personen, gjer boka ein truverdigheit, me får aninga om at Jan er ein verkelig person, ikkje ein fiktiv person. Såleis vert heile forteljinga og dei andre personane ein del av bokas sanning.

 

Forteljinga vekslar mellom autoral og personal synsvinkel, noko som gir forfattaren god flyt. Me kan oppleva personane sine tankar, og me får då moglegheita til psykologisk innleving og nyansering av verket. Me kan registrera det som er synleg og høyrbart i ein situasjon, samtidig som me kan gå under overflata og avdekka det usynlege, personane sine usagde tankar og kjensler.

Me vert og vitne til forandringa som Jan går igjennom. I sin ungdom talte han radikalaranes sak, og under krigen kjempa han på heimefrontleiarane si side. Men etter krigen vert han forsvarsadvokat for landssvikarane. Han ser at lover med tilbakeverkande kraft er gale, og framhever at mange av svikarane, for eksempel majoren, er utan subjektiv straffeskyld.

Boka ville vore sterkare dersom me hadde hatt fleire indre konfliktar i sjølve personane, og overdrivinga av kontrastane hadde vore litt mindre tydelege. Dei "snille" vert skildra med sterk sympati, mens heimefrontsleiarane vert spesielt usympatisk teikna. Dette er då ein typisk tendensroman med typisk bjørneboisk svart/kvitt-teikning, med det mål for auga å setje eit alvorlig problem under debatt. Og det var akkurat det han klarte med denne romanen.

 

Perioden då "Under en hårdere himmel" vart gitt ut, var veldig hard for Bjørneboe. Han hadde mislukkast på Steinerskolen, alkoholforbruket var igjen ute av kontroll og ekteskapet var i oppløysing. Samtidig var store delar av kritikken mot han forma som reine personangrep, og alt dette gjekk sterkt inn på han. Ei stund etter boka kom ut, reiste Bjørneboe ut av landet. Der oppheld han seg lenge mens han skriv brev og drikk. I breva han skriv, gjer han uttrykk for at han hatar norsk kulturliv. Han kallar det ubegava, uoriginalt og hyklersk. I staden fann han seg godt til rette i det klassiske Europa, der kulturen har ein større plass. I perioden i utlandet hadde han et enormt alkoholforbruk, noko som ryktast raskt i småbyane i Italia, der han opphaldt seg store deler av tida.

 

 

”Den onde hyrde”

 

I ”Den onde hyrde” møter me Tonnie, svikta av ei alkoholisert mor og plassert på skuleheim då han var 11 år. Boka byrjar med ein katt som leikar med ei mus, ein kamp musa er dømt til å tape. Slik kan me og sjå på livet til Tonnie, då han er komen inn i ein vond sirkel som er vanskeleg, eller umogleg å bryta. Den første delen av boka sit Tonni i fengsel, me møter han i som 21-åring. Dei ti siste åra har han vore inn og ut av skuleheim og fengsel. Det er ikkje lenge til Tonnie skal ut i fridomen. Før dette, får han imidlertid ein romkamerat, Alfred. Alfred er dømd for utuktig omgong med ein mindreårig gut. Han påstår at han sit inne for innbrot og skyting mot politiet, men Tonnie gjennomskodar den dårlege løgnaren. Alfred tek sitt eige liv kort etter han kom inn på cella til Tonnie. Han fekk avslag på benådingssøknaden sin. Her kan me trekka opp ein strek til fangen Kjell Hansen som og tok sitt eige liv i fengsel, då Alfred også hadde vorten erklært sonongsudyktig av fleire legar.

 

Dagen Tonnie skal sleppe ut av fengsel kjem snart, altfor snart på Tonnie. Då fengselsbetjent Kristoffersen skal sende han av garde, er Tonnie redd, han er redd han ikkje skal klare seg ute i den verkelege verda. Etterkvart er det tanken på Kari som gjer at han klarer å gå ut. Kari er ei jente Tonnie møtte på skuleheimen, og tanken på å imponere ho med jobb og pengar er det som held Tonnie oppe. Han bestemmer seg for å gå rett opp til arbeidsgjevaren for å få seg arbeid, for deretter å besøka Kari. Etter ”pep-talken” til Kristoffersen føler Tonnie seg som eit nytt menneske. Kristoffersen prenta inn i hovudet til Tonnie at han ikkje måtte røra ein dråpe alkohol. Tonnie aktar å helde dette, og avslår tilbodet fleire gonger etter han er komen ut.

På veg til arbeidsgjevar nummer to, treff Tonnie på sin gamle kamerat Rødtopp. Rødtopp er småkriminell, men har ikkje sona i fengsel. Dei kjem begge frå same skuleheim, og gjorde innbrot saman før Tonnie vart dømd. Rødtopp prøver å snakke Tonnie ifrå å gå til arbeidsgjevaren då han meiner det ikkje går an å hamne på rett kjøl igjen etter den oppveksten Tonnie har hatt. Han vil at Tonnie skal vera med han for å gjera eit brekk. Då Tonnie går sin veg til arbeidsgjevaren, roper Rødtopp til han at han kjem nok attende. Dette får Rødtopp rett i, for arbeidsgjevaren vil ikkje gje arbeid til skuleheimsbarn. Dette knekk Tonnie fullstendig og han tryglar og veltar seg på golvet i håp om at han skal skifte meining. Tonnie forblir arbeidslaus og byrjar reke gatelangs.

Utpå kvelden treff han sin gamle kjære Kari. Men Kari har trulova seg med ein røyrleggjar og seier ho prøver å kome seg på rett kjøl igjen. Tonnie forklarar at når han har fått seg arbeid, så kan han forsørgja henne, men Kari har ikkje tru på at Tonnie kjem til å skikke seg. Dette knusar Tonnie, og han føler seg sviken og bedratt.

 

Tonnie prøver så å oppsøkje mor si, som har like lite tru på han. Ho byrjar skrike og jagar han på dør. Mora lurar på kvifor ho har vorten straffa med ein kriminell son, og oppfører seg heilt hysterisk. Alt Tonnie ber om, er litt mat og om å få sove der ei natt. Mor hans ber seg og skrik at ho får besøk av ein mann og ikkje kan ha sin kriminelle son buande hjå seg. Før Tonnie forlatar huset, skrik han at dei skal få igjen, at alle skal få igjen. Han legg seg for å sove på ein benk og vert jaga av to politimenn som trur han har drukke. Rødtopp finn han seinare og tar han med heim til teltet sitt.

 

Tonnie får vite at Kari har leita etter han, og augnar nytt håp. Han leiter overalt etter ho og oppsøkjer mora ein gong til. Kari hadde vore der. Men mora hadde og fått besøk av politiet som leita etter Tonnie i forbinding medeit innbrot. Mora hadde gjenngitt til politiet Tonnies siste ord før han gjekk frå henne kvelden før. Dette i tillegg til at ho kallar Kari ei hore, seier ho til Tonnie, som behaldar roen. Tanken på Kari, får han til å halde seg på matta.

 

Tonnie går tilbake til Rødtopp, og Kari oppsøkjer han. Ho kom berre for å fortelje at ho ikkje kunne treffe han meir. Dette får Tonnie til å tenne på alle pluggar og han jagar Kari vekk. Han og Rødtopp drikk seg fulle, og bestemmer seg for å ta eit oppgjer med ”Padda”, den sadistiske skuleheimsbestyraren som stengte den spebygde Tonnie i kjellaren i fleire veker. Tonnie, som aldri har vore stor av vekst, vert beskreven av både Kari, Rødtopp og mora som om mogleg endå mindre.

 

Tonnie og Rødtopp stel ein bil, og drar opp til ”Padda”. Der svinebankar dei han og drar heim att. Dagen etter har Kari røpt gøymestaden til Rødtopp til politiet, og Tonnie vert arrestert. Rødtopp flyktar og unnslepp.

 

Siste kapittel byrjar som første:” Det var før byen våknet.” Me er attende ved starten. Boka er sirkelkomponert, og her er sirkelen slutta. Tonnie er fanga av katten. Boka endar med at Tonnie freistar å ta sitt eige liv att. Noko han også freista under forrige soning. No går det så gale for seg at han vert festa med reimar i kjellaren.

 

Tittelen ”Den onde hyrde” er ein allusjon frå historia i Det nye testamentet om den gode hyrde der hyrden ofrar livet sitt for sauene sine. I ”Den onde hyrde”, opplever me at alle som burde brydd seg, snur seg vekk og vaskar hendene sine. Bakgrunnen til at Bjørneboe skreiv boka, var Kjell Hansen, ein fange som vart innsatt på einecelle på tross av at tre leger beviseleg hadde erklært han totalt soningsudyktig. Guten tok sitt eige liv. Ein av artiklane Bjørneboe skreiv i fengsels debatten, var eit ope brev til justisministeren, der han skulda myndigheitene for drapet på Hansen. Det fulgte mange artiklar og desse vart eit høgdepunkt i Bjørneboes samfunnsrefsing. Han hadde dekning for det han skreiv, anklagane vart ståande pinleg utan at nokon sa dei imot. Stoffet var som dynamitt. Her var ingen karikaturar naudsynte, sanninga var nok.

 

I romanen, opplever me ei total forandring av karakteren til hovudpersonen. Tonnie, som var ved godt mot, opplever ingenting anna enn nedturar etter han slepp ut frå fengslet. Boka består av ei rekkje møter Tonnie opplever som nedrivande for den nye livsstilen han freistar byggje opp. Frustrasjonen grip meir og meir fatt i han då ingen har tru på at han kan forandre seg. Han møter skuffelsar stort sett heile tida, og den einaste vennen han har, er dårleg for hans nye livsstil. Han finn ut at det heile er vonlaust. Det er nytteslaust å freiste å kome ut av sirkelen. Han har sona sidan han var elleve år gamal, fordi mora svikta sonen sin.

 

 

”KRUTTÅRNET”

 

”Kruttårnet” er den vanskeligaste av dei fire bøkene eg hadde med i særemnet mitt. Dette er i hovudsak fordi eg truleg burde lest dei to andre bøkene i ”Bestialitetens Historie”. I boka finn ein så masse tid- og stadfesta hendingar at det kan verta svært forvirrande i blant. Boka prøver igjennom tre foredrag å opplyse om kor grusame menneske eigentleg oppfører seg mot kvarandre. Me møter ganske tidleg følgjande problemstilling:” Menneskeheten har fått en idyllisk klode til disposisjon. Jorden ligger til rette for at menneskene kan ete, drikke, være glade og parre seg i vennlighet og glede. I stedet har de valgt å gjøre kloden til et slakterhus der de piner, plager og torturerer hverandre uten stans.”

 

Me befinn oss i eit galehus i Sveits. I vakre omgjevnader nær dei sveitsiske alpane, ligg ”La Poudrière”. Eit krutlager ombygd til ein institusjon for verkande sjeler. Institusjonen er ein stad der ein kan lege dei sår som er vortne påført under møte med det vonde.

 

Behandlingsmetodane er kontroversielle, og ofte ulovlege, som til dømes å stille den seksuelle svolten til den russiske ambassadørfrua som lider av nymfomani. Det vert ikkje praktisert å låse pasientane inne, og dei ansette har eit svært avslappa forhold til kvardagen. Klientellet til galehuset er alt frå nymfomanar og pedofile drapsmenn til valdtektsforbrytarar frå Amerika.

 

Me finn eit heilt register ulike personligheitar i boka, og somme av namna tydar heilt spesielle ting.

Me byrjar med eg-personen i boka, han vert kalla ved ulike namn av dei ulike nasjonalitetane på institusjonen; Jean, Iwan, Giovanni og Jochannan. Som vaktmeister og omsynsmann på anstalten får ha innblikk i det meste som skjer der. Han tilbring ein god del tid med pasientane, finn stor glede i å finna historia bak dei øydelagde menneska som bur ved institusjonen. Jochannan, Lefèvre og al Assadun samlast jamnleg for å drikke, røyke hasj og diskutere skjebna til den meiningslause verda dei bur på. Jochannan held eit av dei tre foredraga i boka, ”Heksenes Revolusjon”.

Overlegen på institusjonen, Lefèvre, er ein grovbygd og høg franskmann. Lefèvre oppfordrar ansatte så vel pasientar til å helde foredrag på institusjonen. Han held sjølv det siste foredraget, ”Kjetterbålenes kultur”, og avsluttar boka med det.

 

Den assisterande overlegen heiter al Assadun. Denne arabarguten vart funnen av Lefèvre i den algeriske slummen. Han betalte sidan for legeutdanninga hans og dei vart elskarar men sidan berre vener. Al Assadun vert tiltala med kjælenamnet ”le sal arabe”, den skitne arabar.

Ungarske Stephen Bàthory hater al Assadun som heller ikkje er så begeistra for den facistiske tidlegare Waffen SS soldaten. I Ungarn vart faren hans drepen av kommunistar, Bàthory slutta seg til Waffen SS og kjempa på austfronten til det tyske nederlaget. Då flykta han til Frankrike og melde seg inn i Den Franske Fremmendlegionen. Han var legionær i åtte år før han braut saman. Bàthory vert drepen og hengt opp som om det var eit sjølvmord. Sluttvis får Jochannan i boka vite av al Assadun at det var han som tok livet av den ungarske soldaten.

Vidare finn me Christine, pleierske ved anstalten og Jochannans elskar. Christine dukkar opp med mat, vin og sengekos i vaktmeisterhytta til Jochannan.

Lacroix er ei sår sjel og pasient på galehuset. Som pensjonert bøddel har han vorte innvendig øydelagd og prøver stadig ta sitt eige liv. Han held foredrag om sitt tidlegare yrke og konsekvensane av det. I starten av boka får me eit møte med Lacroix etter han har prøvd å drepe seg sjølv med ei gartnarsaks.

Den siste av personane eg tar med er Fontaine. Denne homofile barnemordaren frå Belgia, vart sendt til institusjonen etter å ha drepe to gutar han betalte for å ha samleie med. Fontaine hadde ein oppvekst i rikdom og vart ikkje nekta noko utanom det å vere homofil. Dette førte etterkvart til at han konsekvent byrja gå etter yngre gutar, noko som gjorde han sårbar med omsyn til straffeloven.

 

Det første foredraget me får i boka, heldt av Jochannan, tar for seg ”den store angst”. Denne angsten handlar om samfunnets heroiske innsats med å ta av dage eventuelle hekser, trollmenn og andre avvikande menneske. Forfattaren går til angrep på kyrkja, stalinismen, nazismen og andre organisasjonar som har teke livet av betydelige mengder menneske. Gjennom syrleg ironi får me innsikt i dei mest effektive og beste instrumenta og metodane som vart laga for å jage onde ånder ut av menneskesjela og skaffe tilståingar. Bjørneboe tar oss med til inkvisisjonen, pogromane i Aust-Europa, nazismen til Hitler og barnedrap i Vietnam. Alt dette får me svært detaljerte opplysningar om under det første foredraget. Det inneheld ein heil del faktaopplysningar og mange av forfattaren sine eigne tankar og vurderingar. Han refererer til menneska som ”homo lupus”; ulvemennesket. Forfattaren tar kronologisk for seg kvar den store angst fekk rotfeste, korleis paranoien for vonde menneske spreidde seg og korleis ein kvitta seg med dei. Ideen bak dette foredraget er truleg å belyse korleis to tankar som var meint til å betre verda har ført til stor øydelegging og ulukke . Me talar her om dei velkjente og velmeinte begrepa sosialisme og kristendom.

 

Andre foredrag vert heldt av Lacroix. Det omhandlar dødsstraff og bødlane sitt arbeid. Bjørneboe var motstandar av dødsstraff, og det kjem til uttrykk gjennom den tidlegare bøddelen. Dette foredraget består i hovudsak av faktaopplysningar om mislykka eksekusjonar, bødlars ulukke og eksekusjonsmetodar. Her er det forbausande mykje tid og stadfesta hendingar Bjørneboe har greve fram. Også dette foredraget er ironisk og sarkastisk, spesielt der han tar for seg kjenslene til bøddelen og frykta for å gjere slett arbeide. Det vert spekulert i om dei eksekusjonsmetodane me i dag ser på som hurtige, smertefrie og effektive eigentleg er det. Her vert det nærmast ei oppramsing av eksekusjonar som har gått gale. Han tar spesielt for seg desse fire metodane som skal vere blant dei sikraste smertefrie og hurtigaste eksekusjonsmetodane:

 

A) Skyting

B) Henging med fallhøgde

C) Guillotinen

D) Den elektriske stol

 

I fordraget si oppsummering tar han fatt i masseeksekusjonane under den germanske storskapstid. Han tar her eit oppgjer med A.G Farbenindustrie som leverte Zyklongass til dei tyske leirane.

 

Det siste foredraget er eit direkte angrep på kyrkja og kristendomen. Bjørneboe held her kristendomen ansvarleg for 300 millionar menneskeliv gjennom tidene. ”Vi må regne med at Kristi lære om kjærlighet, likhet og broderskap, - om å vende det andre kinn til – inntil dags dato har vært den største ulykke i menneskehetens historie.” Han angrip kristendomen og skuldar dei for å forfalske og skjule sin grusame bakgrunn. Bjørneboe kallar denne forfalskinga underslag samtidig som han kjem med slåande faktaopplysningar. Det vert og tatt eit oppgjer med dei kristne martyrar, som i følgje forfattaren berre bestod av ein handfull personar det går an å bevise, mens kyrkja oppgjer at det har vore hundretusenar av dei.

I dette foredraget møter me og nokon av dei mest kjente kjettarane. Eg vil nemne tre av dei. Desse hadde nemleg eindel felles, dei var alle djupt religiøse og vart alle brent på bålet av truande frå sin eigen religion.

- Den første, Giordano Bruno, vart torturert i sju år fordi han nekta å gje kyrkja rett i læra om solsystemet. Han vart brent på bålet utan å fortrekke ei mine og utan eit ord. ”Da rakkerknektene den 17. februar året 1600 tente bålet, i samme øyeblikk knuste Giordano Bruno Kirken. På dette bål brant Kirken, og ikkje Bruno.” Bruno var prest av yrke.

- Jan Hus vart steikt fordi han minna kyrkja på at deira oppgåve var å vera åndelege vegleiarar for folket. Han vart forrådd av sin konge då han vart lova fritt leide for å tale si sak. Hus song ei salme mens han vart brend på bålet.

- Michael Servet nekta på at 3=1 og vart steikt på matematiske vilkår mens han hylte så heile Genève høyrte det. Calvin skal etter historia ha brukt lang tid på å få Servet til å forstå at 3=1, men Servet nekta stadig på treeinigheita. Michael Servet meinte Trinitetslæra var gudsspottande.

 

Heilt til slutt har eg lyst å ta for meg namna til personane i boka, som med nærare innblikk er svært så interessante. Først har me namnet Lefèvre som tyder ”Skapar”, me kan altså tolke at overlegen på institusjonen er ein ”gude-figur” i romanen. Namnet til den arabiske legen kan me finna att i Islam, der ein av profetane vert kalla al Assadun eller ”løve”. Christine er eit religiøst namn og kan trekkast opp mot ein kristus skikkelse. Lacroix tyder på fransk kross. Og Jean/Iwan/Giovanni/Jochannan blir norsk Johannes-> Johannes Frelsaren.

Namnet Bàthory er namnet på ein familie ungarske prinsar (frå Transylvania), som på 1600 talet var berykta for sin ekstreme omsynsløyse og vondskap.

Fontaine = ”kilde”, Bjørneboe hadde vanskeleg for å uttrykke seg om sin eigen bifile legning. Det spekulerast i om denne unge homofile mordaren som fant det lettare å snakke om dei bestialske drapa enn om den seksuelle legninga er det nærmaste han kom.

 

 

Samanlikning

 

Ein raud tråd i bøkene eg har lese, er latterliggjeringa og uthenginga av autoritetane. Dei vert flåsa og ironisert med, karikaturar og overdrivingar pregar store deler av litteraturen til Bjørneboe. Bjørneboes nedskrivingar er ikkje snille på nokon måte. Og det var vel neppe det han prøvde å oppnå med bøkene sine heller. Han prøvde ikkje å skaffe seg venner gjennom litteraturen sin, han prøvde ikkje å verta populær. Han såg det gale i samfunnet og prøvde å gjera noko med det.

 

I ”Jonas”, ”Den onde hyrde” og ”Under en hårdere himmel”, finn handlinga stad i Noreg. Desse bøkene refsar det norske samfunnet enkeltvis samtidig som dei oppfordrar einkvar til å ta ansvar for medmenneska sine og strekke ut ei hjelpande hand. Det typiske for desse tre bøkene er dei gode personskildringane, og ikkje minst, den fortryllande skildringa av einsamheita. Forfattaren lar meiningane og tankane sine kome ut gjennom fullstendige monologar. Når eg vel å bruke ordet fullstendige, kjem det av at det ikkje er den ting forfattaren utelet. Det å beskrive korleis paranoiaen til eit einsamt menneske kan utspele og utvikle seg til stadig større frykt og vidare til total hjelpeløyse, klarar Bjørneboe til fulle. I ”Jonas” viser forfattaren slåande forståing for korleis eit barnesinn fungerar og korleis barn kan resonnere seg fram til det verste kasus mogleg ut frå berre små detaljar og antydningar.   Desse følsame personskildringane uteblir noko i ”Kruttårnet”, som meir enn noko anna er ei historiebok over menneskets vondskap. Det som kan samanliknast alle fire bøkene igjennom, er forfattarens evne til å skildre det grusame menneske. Korleis me på best mogleg måte kan gjennom bruk av alle moglege midlar får viljen vår. ”Kruttårnet” er eit angrep, av mykje sterkare grad enn dei tre andre bøkene, på formyndarsamfunnet. Eit angrep på menneske som sjølv veit mykje betre kva som er best for andre enn dei veit sjølv. Ein annan likskap eg har lyst å identifisera er korleis forfattaren dreg inn sine eigne erfaringar i bøkene som hendingar personane der opplever. Som til dømes under jungmannen si historie i ”Jonas” der kjærasten til kameraten ligg i senga og jungmannen bytar plass med kameraten. Denne episoden er henta frå eige liv, og jungmannen har fått Bjørneboes rolle.

Dette saman med korleis Bjørneboe på sarkastisk vis ser saka frå dei han kritiserar si side, er det dette som kan samanliknast om du ser på bøkene eg har lest som 3 til 1. Denne sarkastiske skifting av synspunkt gjer bøkene hans kraftigare skyts etter mi meining. Eg har lyst å ta med eit eksempel av dette virkemiddelet, henta frå ”Kruttårnet” om torturering av hekser for å frambringe tilståing og for å sikre angiveri. Dette sitatet kjem rett etter ei oppramsing av diverse kristelige torturnyvinningar: ”Av og til kunne den anklagede være av særdeles hårdnakket og ondsinnet karakter, noe som særlig kunne inntreffe hvor for eksempel heksens datter også var anklaget for samme gruelige synd, og hvor moren, den gamle heks, ikkje ville gi opplysningar om datterens trolldomskunster.”   

 

Sluttvis vil eg påpeike at språket Bjørneboe nyttar i bøkene er svært smidig og ekstremt rikt. I ”Kruttårnet” finn me stadig vekk franske ord og uttrykk innfletta. Dette, i tillegg til innslag av tysk i ”Under en hårdere himmel” og ellers den språklege brillians, er mogleg eit produkt av forfattarens evne til å tale ikkje mindre enn sju språk.

Språket til Bjørneboe slo meg allereie når eg starta på ”Jonas”, den fyrste boka eg las av forfattaren. Det eg la merke til, var det veldig høviske og høflige språket han nytta, og spesielt dei gamle formene av mellom og gjennom, beit eg meg merke til, då forfattaren skreiv mellem og gjennem. Då eg så tok fatt på neste bok vart eg overraska over ikkje å finne dei same formene, men at forfattaren då hadde modernisert språket sitt.

Bjørneboes forråd av vulgære dagligdagse og framandord er også fascinerande. Det er fascinerande fordi forfattaren bruker dette som heilt naudsynte verkemiddel. Dette både berikar språket, gjer faktaopplysningane lettare å få tak i og argumenta meir hardtslåande.

Språket i bøkene gjer at det å skrive på nynorsk etterpå virkar veldig keitete og vanskeleg. Bjørneboe har eit så fint språk at det automatisk oppfordrar til å skriva bokmål.

 

 

Mine tankar om Jens Bjørneboe

 

Etter å ha lese, skreve og arbeida meg gjennom desse fire bøkene, artiklar frå gamle avisar, og biografiske nedskrivingar, har fascinasjonen for Jens Bjørneboe berre vekse. Ein mann som torde å seie ifrå, og som gjorde det på ein slik hardtslåande måte at han skapte storm i det norske kulturlivet. Når Jens Bjørneboe tok sitt eige liv, var det eit enormt tap for samfunnet, og om eg kunne valgfritt bestemt ein person å samtale med, ville eg til dags dato, utan tvil valgt denne mannen. Ein gigant som stod for eigne meiningar, belest som dei få, og den utrulege evna til å setje ord på meiningane sine. Under førebuingane av og arbeidet med ”Bestialitetens historie”, las Bjørneboe fleirfoldige gonger sidetalet på det ferdige produktet. Han leste om all verdens vondskap og problem på alle språk han kunne. Om tortur og pinsler, om kommunisme, sosialisme, kyrkja og nazismen. Bjørneboe såg tidleg kor grusamt menneska oppførte seg mot kvarandre, og forakten for autoritetane oppstod samstundes med at trua på det gode menneske svann. Då han var 15 år leste han ”Myrsoldater” av Wolfgang Langhoff, ein forfattar han seinare tilfeldigvis møtte på ein kafè i Aust-Tyskland . ”Myrsoldatar” skildrar forholda i den tyske fangeleiren Oranienburg, og inneheld sanninga om fangeforholda og fangebehandlinga under den teutonske storleikstid. Seinare sa Bjørneboe at etter å ha lese den boka vart han aldri skikkelig glad att. Dette utsagnet viser at Bjørneboe var ein følsom person som tok ting han var personleg oppteken av inn over seg. Dette syner att i bøkene hans, der han ergrar seg over at menneska er så opptekne av å volde skade og smerte på kvarandre.

 

Etter å ha lese bøkene særemnet mitt omfatta, vart eg særs glad for valet eg hadde teke. Eg har lest bøker som har fått betydning på mitt syn på menneska, bøker som har både opplyst meg og gitt meg gode idear om kva andre bøker eg bør ta ein titt i. Bjørneboe var ein belest person, og allereie som 15-åring fordjupa han seg i Friedrich Nietzches filosofiske tankar. Resten av Bjørneboe sine bøker står i kø over bøker som no vil verta lese, men ikkje berre dei. Dei bøkene eg har lese, inneheld så mykje kunnskap at det i tillegg oppfordrar til vidare lesing av andre forfattarar, og ikkje minst historiske og religiøse bøker.

 

Det at Bjørneboe var anarkist, noko som eg før ikkje visste altfor mykje om, fekk meg til å lese Daniel Guèrins bok ”Anarkismen”. Denne boka vart i Norge utgitt PAX FORLAG A.S som gav ut stordelen av Bjørneboes bøker. På framsia av boka står eit sitat som for meg endelig fekk definert anarkisme: ”Jeg er bare fri når alle menneskene som omgir meg, kvinner og menn, er like fri som meg selv.” (Proudhon)

 

Anarkismen er jo virkelig ein fin tanke, men dessverre ikkje noko meir slik verda ser ut og alltid har sett ut. Anarkismen kan leggjast vekk til seinare tider saman med kommunismen og kristendomen, i håp om at menneska eingong innser at det ikkje er naudsynt å drepa og voldta, men at alle kan leva saman i fridom og fred. Dette er tankar eg først har gjort meg etter å ha lese ”Kruttårnet”. Her belyser Bjørneboe virkelig kor gale desse tankane om likskap broderskap og fridom for alle er gått.

Bjørneboe er etterkvart blitt ein helt for meg. Ein som kjempa med kvasse ord og syrlig ironi mot formyndarsamfunnet. Han hadde slik ein intuisjon at han visste nøyaktig kva knappar å trykke på for å lage storm om det samfunnet prøvde skamlaust å gøyme vekk og få folk til å gløyme. Etter mitt syn treng alle samfunn ein samfunnsrefsar som Bjørneboe. Men dessverre for Norge er det her til lands ingen som seier ifrå om det som er gale på ein slik smidig måte som denne mannen. Dei som seier ifrå i dag er det på flåsete ”stand-up” vis for å få folk til å le, for å bli populær, ikkje for å opplyse folket eller advare. Det nærmaste Bjørneboe eg har funne av samfunnsrefsing er ei bok av Øystein Skjæveland som kritiserer det postmodernistiske samfunnet og bekymrar seg for mangelen på gode ideal for den oppveksande generajon. Boka ”Voksne spår – barna rår VEIEN UT AV (L)EGOLAND” er simpelthen oppramsing av hendingar forfattaren har notert seg ned heilt til kokepunktet var nådd og utgitt med enkle kommentarar i kvart avsnitt. Ingen kandidat til nobelprisen i litteratur, men enorme mengder og forbausande slåande fakta, til tider vel å merke. Til tross for samfunnsrefsinga, når Øystein Skjæveland Bjørneboe knapt til ankelen, og tanken bak boka var truleg ikkje å konkurrere med han heller. Derfor må eg seie at eg savnar ein samfunnsrefsar i dagens samfunn og håpar at det snarleg dukkar opp ein annan som Bjørneboe, som kan ta dei som endå hadde svin på skogen då Bjørneboe bestemte seg for å ende det heile.

 

 

Kjelder

  • ”Jonas”
  • ”Under en hårdere himmel”
  • ”Den onde hyrde”
  • ”Kruttårnet”
  • ”Før hanen galer”
  • Alle av Jens Bjørneboe

 

  • ”Bibelen”
  • ”Anarkismen” - Daniel Guèrin
  • ”Anarkismen en antologi” - Kropotkin, Bakunin, Malatesta m.fl
  • ”Gyldendals store leksikon”
  • Aftenpostens arkiv

Heilt til sist følgjer ”Ti Bud til en ung mann som vil frem i verden”. Desse boda er ein protest mot det hyklerske, ryggslikkande samfunnet me lev i.


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish