Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
MjølkedråpaSkriv ut Utskrift
Dikt om hvordan melk blir til. Kar 5+
Nynorsk - DiktForfatter:


Mjølkedråpa

 

Det heile starta i eit lite strå,

Med blomars kjerteikn og ei elv så blå,

Under varmen frå sumar sol.

Det slutta brått då hanen gol.

 

Då bonden sleppte sine kyr der ut,

Min første tanke var: ”no er det slutt”

Eg høyrde raut og jorda skalv,

Mitt siste syn det var ein kalv.

 

Kua åt meg! Men det var ikkje vondt.

I den nye verda eg såg meg rundt.

Eg landa mjukt i kuas vom,

Tru meg, her var det mange rom!

 

Så starta ferda som eg måtte gå,

Eg var ikkje lenger eit lite strå.

Det var ein lang og strevsam tur,

Eg var blitt mjølk i kuas jur.

 

Men der er inkje som varar evig,

Og reisa var ikkje heilt ufarleg,

For ferda mi var ikkje slutt,

Gjennom spenen eg strømde ut!

 

Etter fallet eg ned i spannet låg.

To armar og jura var alt eg såg.

Eg var att i ei ukjend verd,

Eg skulle ut på nok ei ferd.

 

Men no bars ferda frå spann til mugge,

Eg såg at osten sto i min skugge.

Så vart eg kald, men frisk og god.

Vi minnast enga begge to.

 

Vi starta ferda som små grøne strå,

Men eg trur det gjekk som det måtte gå.

Utruleg er det som hender,

Mon tro kvar ferda mi ender.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish