Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Trua dyreartar

Trua dyreartar

Handler om dyrevern, trua dyreartar og råd om kva vi kan gjere.

Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
13.02.2003
Tema
Dyr


Naturen og mennesket

 

Vi menneska er den einaste arta på jorda som har lært å kontrollere naturen i stor målestokk. Husdyra vi held, og avlingane vi dyrkar, kjem først og fremst frå ville dyr og plantar. Men vi har fått fram nyttedyr og plantar som er svært forskjellige frå dei plantene dei stammar ifrå.

Samtidig er vi ei svært øydeleggjande art. Når vi ryddar nytt land, drep dyr i store mengde og forandrar miljøet i store område, forårsakar vi utryddelse av mange dyre og planteartar. Og vi fortsetter med å gjere dette. Vi må derfor sjå på oss sjølv som den farligaste arta på jord.

 

 

Artar i fare

 

At plante og dyreartar døyr ut, er ikkje eit nytt fenomen. Heilt sidan livet på jorda oppsto for over 3000 millionar år sidan har plante og dyreartar oppstått og dødd ut. Det er ofte vanskeleg å finne årsak til at ei art døyr ut, men i dei fleste tilfella er nok grunnen den at arta ikkje har greidd å tilpasse seg forandringar i miljø og omgivelsar.


 

Det er ikkje så ofte at artar forsvinn. "Forsvinnings hastigheten" er som regel svært liten. Dette burde særleg gjelde i dag, fordi vi no lev i ein periode med nokså stabile klimatiske forhold og geologiske forhold.

 

Likevel har forsvinningshastigheten for artar økt svært raskt i moderne tid. Årsaka til dette er at vi sjølv etter kvart lagar til hovedgrunnen til at dyreartar dør ut. Dei tre hovedfaktorane som er grunnen til at plantar og dyr døyr ut er overbeskatning og overjakting, innføring av nye artar og øydelegging av voksestad og tilhaldsstad.

 

 

Kva er ei "trua art"?

 

Ei trua art er ei art som står i fare for å dø ut dersom negative faktorar fortsette å virke. ( utrydda tyder at det ikkje finst nokon levande individ av arta igjen)

Ei art kan vere trua i ett land, men behøver ikkje å vere trua i eit anna land. Ulven er for eksempel trua i Norge og Sverige, men ikkje i Russland.

 

Ei sårbar art er ei art som sannsynligvis går over til å bli trua dersom dei negative faktorar fortsette å virke på same måten som no.

 

En sjeldan art tyder at der er små bestandar av den. Artar som er sjeldne treng ikkje nødvendigvis å vere sårbare eller trua, men dei er i ein utsatt posisjon.

 

Artar med usikker status er artar som vi veit lite om. Som regel er desse artane sjeldne, men når det gjeld nokon av dei, veit vi rett og slett ikkje kor vi skal leite for å finne dei. Artar med usikker status kan vere sårbare eller direkte trua av utryddelse, men nokon av dei kan være utanfor fare. I Noreg er fleire artar av flaggermus i denne kategorien.

 

Artar med mislykka etablering er artar som har "forsøkt" å slå seg ned i Noreg, men ikkje har greid det. I Noreg er fuglar som glente, kornspurv og hvitbrystlo i denne kategorien.

 

Artar som er freda er spesielt beskytta ved lov, og det er forbunde med straff å fange eller drepe dei. I Noreg er alle dyr freda utanfor jakttida ( med unntak for situasjonar ved fare for liv og helse). Artar som er trua eller freda er i regelen totalfreda. Det er ca 4800 dyreartar som er freda, mens det er 34000 planteartar som er freda, 12,5 % av alle plantar. I Noreg er tilsaman 3397 dyre/insekt og planteartar freda, noko som utgjer 20,9 % av Norges 14637 artar

 

 

Kvifor blir nokon artar trua?

 

Det er sjeldan berre ein faktor som førar til at artar blir sårbare eller trua. Som regel er det fleire faktorar som virkar i samspel. Her er dei viktigaste:

 

Klimaendringar

Sett i historisk perspektiv er klimaendringar ein av dei faktorane som har flest artar på samvitet. Dei historiske mammutane døde sannsynlegvis ut fordi den landskapstypen dei var avhengig av (grastundra) forsvann. I dag kan klimaendrignar i fjellet vere ein årsak til at snøugle har gått så mykje tilbake i antal at arten no rengnas som trua. Ilder er i dag ein sjeldan og trua art i Noreg, men det skyldas at der er for kaldt her, ikkje at menneska utryddar den. I tidligare periodar då klimaet var varmare budde det også villsvin i sør- Noreg.

 

Øydelegging av habitatet

Mange artar har fått problem med å klare seg fordi menneske har øydelagd levestadane deira. I Noreg gjeld dette spesielt artar som er avhengig av forholdsvis urørt gammal skog ( skogdue, gråspett, kvitryggspett) og artar som får øydelagd spill og hekkeplassar ved oppdemming  ( fjellmyrløpar) og drenering ( trane). Mekanisering av jordbruket har spesielt øydelagd livsvilkåra til åkerrikse som i dag er ei direkte trua art i Noreg, mens bruken av insektgifter i jordbruket har gjort at både vepsevåk og fiskeørn i dag er sårbare. Øydelegging og forgifting av habitatet har gjort at også stor salamander no er eit trua art i Noreg.

 

I delar av Australia og New Zealand har beitande husdyr som kyr og sauer forandra vegetasjonen og øydelagd livsgrunnlaget for mange andre dyreartar. I Australia har fleire punggrevling og en art av punghare blitt utrydda på denne måten mens andre er direkte trua. Nordleg hårsnutewombat er også direkte trua p.g.a. tap av levestad.

 

Dei områda i verden der flest artar er trua er rekngskogsområda. 400 mål med regnskog blir hogd ned kvart minutt. Hogsten av regnskogen fjernar livsgrunnlaget for tusenvis av artar frå alle dyregruppene som lev der, for eksempel apar og flaggermus, fuglar, trelevande froskar og krypdyr, utallige insekt og edderkoppar ++

I desse områda må mange tusen artar ha blitt utrydda dei siste tiåra; dei fleste utan å ha blitt oppdaga av vitskapen. Forskarar regnar med at det er mellom 5 og 30 millionar artar i regnskogane.

 

 

Konkurranse med menneske

 

Store rovdyr konkurrerar med menneske om vilt og husdyr, og menneska har gjennom historia som regel gått aktivt inn for å utrydde sine konkurrentar: I Noreg har dei fire store rovdyrartane fått problem på grunn av dette.

Ulv er no direkte trua, mens bjørn, jerv og gaupe er utsatte.

Ørnene har også blitt jakta på fordi dei blei beskyldt for å angripe husdyr, og regnas no som sårbare. Siden hønsehauk og forskjellige falkar tar byttedyr som duer og ryper har også dei blitt utsatt for så mykje at dei no regnas som sårbare. I andre land er løve, tiger, leopard og forskjellige villhundar utsatt for den same konflikta. Den australske pungulven blei utrydda fordi den blei beskylt for å ta sauer.

På samme måten kan ville planteeterar få problem fordiecdei et jordbruksplantar og dermed kjem i konflikt med jordbruket. I Noreg er ikkje dette så viktig, men i Danmark erklærte ein faktisk for nokon hundre år sidan at hjort var skadedyr, og forsøkte å utrydde arta. I store delar av USA har præriehundar blitt utrydda fordi dei ødla åkrane.

Andre artar kan få problem fordi menneske i tillegg til andre ting rett og slett tar frå dei maten. Den norske alkefuglen lunde, alke, lomvi og polarlomvi er alle no regna som sårbare. Desse artane blei tidlegare jakta på, men mange fleire  fuglar har drukna i fiskegarn og dødd i oljesøl.

Spesielt lunde og lomvi har også problem med å finne mat til ungane sine; vi menneske har overfiska ein del av dei fiskebestandane disse fuglane er avhengige av.

 

 

Påverking av andre dyreartar

 

Ei art kan også bli utrydda av ein annan dyreart. I Noreg er for eksempel svartrotte nesten utrydda av brunrotta som er både meir tilpasningsdyktig og meir aggressiv. Fjellrev er no direkte trua p.g.a. konkurranse frå rødrev gjer at den ikkej kjem seg igjen etter den intensive jakta den tidlegare blei utsatt for.


I Afrika drep løver alle hyenene og leopardar dei kan få tak i. Dei et dei ikkje, dei førar "krig" mot sine konkurrentar.

Andre stadar har det at menneskelege kolonistar med eller utan bilje har innførd rovdyr som katt og brunrotte gått hardt utover det opprinnlege dyrelivet. Dei lokale artene er ikkje tilpassa desse nye fiendane, og kan ikkje bskytte seg. I Australia har for eksempel mange artar av små pungdyr blitt utrydda og mange er i dag trua, og på New Zealand har det samme skjedd med mange artar av fugl. Verdens tyngste papegøye, som ikkje kan fly, kakapoen på New Zealand er i dag ei trua art.

 

 

Jakt til mat

 

Uregulert fangst til kjøt of feitt har utrydda Stellers sjøku ( Nord-Stillehavet) og geirfugl ( Nord-Atlanteren) og var nær ved å utrydde først grønlandskval og nordkaper (freda i 1936) og deretter knølkval, finnkval, og blåkval ( freda i 1965). Dei store kvalane har no vore freda i fleire tiår, men grønlandskval og nordkaper er fortsatt så sjeldne at begge artane regnas som trua.

Jakten på kvalross var også så intens at arta blei direkte trua av utryddelse før den blei freda i 1952. Arten har komme seg ein del sidan den gong, men den er framleis sårbar.

 

Ein trussel mot regnskogdyr i tillegg til øydelegging av habitatet er den meir eller mindre     

organiserte jakta som gjerast for å skaffe kjøtt til tømmerhoggarane. Denne jakta rammar alt jaktbart vilt i området , og det går spesielt hardt utover artar som lev i små spredte grupper, dei blir rett og slett utrydda i områda rundt tømmerhogsten. Forskjellige apekattar, lavlandsgorillaer, og vanlige sjimpansar har vore utsatt for dette i fleire tiår i Vest- Afrika, men dei siste tiåra har også bonoboer ( dvergsjimpansar) og Borneo-orangutangar blitt jakta på. Ingen av desse menneskeapane var vanlege i utgangspunktet, men kor ille situasjonen har blitt er det ingen som har oversikt over.

 

 

Pynt

 

Jakt på grunn av verdifullt pelsverk har gått hardt utover mange dyreartar; Forskjellige store kattedyr, pelsselar og havoter, enkelte fargerike apeartar, chinchilla, oter og bever har i periodar blitt utsat for så sterk jakt at dei har vore nær utryddelse. Ikkje berre pattedyr, men også fuglar som quetzal, papegøyar og paradisfuglar har blitt hardt beskatta på grunn av sine fargerike fjær.

Elefantar og forskjellige typar nashorn er mange stadar trua fordi støyttennene og horn kan brukas til smykker, knivskaft og andre pynteting. Sjølv om jakt på desse er forbudt dei fleste stadar, drivast det utstrakt krypsketteri.

Mange andre artar som gjev smykkemateriale har vore utsatte for så hard overbesktning at fangst har måtta bli forbode eller regulert for å unngå at artene skulle døy ut. Abaloneskjell, kaurieskjell, og mange tropiske havsneglar i tilleg til enkelte korallar.

 

 

Fangst av kjæledyr

 

Mange av dei papegøyene og småfuglane som holdast som burfuglar ho oss blei opprinnleg samla inn i regnskogsområda. I dag drivast det oppdrett av mange av disse fuglane i fangenskap, men nokon plassar hadde det blitt fanga så mange dyr at enkelte artar nesten har blitt utrydda i det fri. Også bestandar av enkelte krypdyr har gått tilbake på grunn av ulovleg kjæledyrfangst.

 

 

Overtru

 

I enkelte tilfelle har folks overtru og fordommar ført til at dyr har blitt unødig forfølgt. Halvapen aye-aye på Madagaskar har spesielt lange og tynne langfingrar som den brukar til å pirke larvar ut av sprekkar i trestamamr. Lokalbefolkninga trudde inntil nyleg at ein kom til å dø dersom ein blei peikt på av en aye-ayes langfinger, og for å beskytte seg drepte dei derfor øyeblikkeleg alle aye-ayer ein kom over, slik at aye-ayen ikkje skulle rekke å peike på dei. I tillegg kjem at fellinga av regnskogen på Madagaskar øydelegg aye-ayenes levestad. Aye-aye er ein av verdens mest trua primater.

 

Haier, og då spesielt kvithai, har gjennom fjernsyn og filmar blitt presentert som blodtørstige drapsmaskiner som sett stor pris på menneskekjøt. Faktum er at kvithai føretrekk å ete sel framfor menneske, og dei relativt sjeldne angrepa på menneske skyldast oftast misforståelsar. Ein person liggjande på eit surfebrett lignar veldig på ein sel underifrå. ( sjå ill. som eg har tegna sjølv. )

                                                                                                                           

                                                                                                                          

<bilde>

På grunn av kvithaiens dårlege rykte, og fordi gyteplassane mange stadar ligg rett ved menneskenes badestrender, har det blitt drept så mange kvithaiar at enkelte land har måtta frede arten for å redde den.

 

Rovdyr som ulv har hatt lignande rykter og dermed fått samme behandling. Det samme gjeld for eksempel klapperslangar som eigentleg er ganske langsomme og går på jakt etter mus om natta. Dei har fått et rykte som har forårsaka nærast rituelle organiserte jaktar for å rense området for dei.

Eit anna uttrykk for overtru er at blod og forskjellige kroppsdelar av farlege og/eller sterke dyr enkelte stadar har blitt tillagt stor medisinsk verdi.

Dei fleste tigrar som drepast i dag blitt brukt i austasiatisk folkemedisin. Tigrar har tidligera vært hardt forfulgt på grunn av andre ting også, og arten er i dag direkte trua av utryddelse.


 

 

Overbeskatning

 

Menneske har alltid gått på jakt for å skaffe seg mat. Men når vi brukar moderne våpen og teknologi, kan vi no jakte meir effektivt og nådelaust enn tidlegare.

Dyr som blir framavla med formål som jakt, for eksempel storfugl, sett ikkje dyrearta i fare.

I virkeligheta kna slik jakt berre være bra, etter som den får grunneigarane til å sette av landområde der dyrelivet kan vokse og utvikle seg.

I nokon tilfelle er jakt faktisk nødvendig for å kontrollerer bestandar som ikkje har naturlege fiendar nok, eller for å kontrollere artar som gjer skade.

Sjølv artar som gir oss mat kan det jaktas på på denne måten for å beholde ein rimelig bestand.

 

Men nokon menneske jaktar no ofte meir for sporten og trofeane enn for å få tak i mat. Og altfor ofte er fet grådighet, uforsiktighet og likegyldighet hos jegeren som er årsak til at artar dør ut.

Det kanskje best kjente eksempelet på ei art som blei jakta på til den blei utrydda er droten på Mauritius. Sjøfolk slakta ned tusenvis av desse fuglane. I dag er det mange artar som står i fare for å bli utrydda på grunn av overjakting. Det gjeld fleire artar av kval, hjort, oter og havskilpadde. Silda gyt ikkje lenger i store mengde på dei gamle gyteplassane sine utanfor Europa. Ikkje eingong beskyttelse i form av viltreservat, nasjonalparkar og fredning ved lov er alltid nok beskyttelse for ei art.

I nokon viltreservat drep krypskyttera elefeantar på grunn av elfenbeinet, nashorn for hornas skyld og kattedyr på grunn av skinnet.   

 

 

Innføring av nye artar

 

Ei ny art som bli innførd i eit område kan ofte påverke området sitt opprinnelege dyreliv på ein gjennomgripande måte. Då kaninene blei innførd til Australia var det ingen naturlege fiendar det til å kontrollere antalet. Resultatet var at dei la graslandet i Australia øde og tok maten frå dei pungdyra som levde der frå før.

Innførte plantar og dyr er særleg eit problem på øyer der dei opprinnlege artene har utvikla seg isolert utan konkurranse og beskattera. Geiter, grisar og hjortar kan for eksempel ha øydeleggjande virkningar på planteartar på øyer. Samtidig blir også dyr som levde av desse plantane skadelidande.

Eksempel: Blomstrane til Hibiscadelphus - planta på Hawaii blei pollinert av den nektarsøkande hawaiiske sukkerfuglen. Beitande dyr og områdeøydelegging har ført til at hibiscadelphus artane er borte. No er også mange av sukkerfuglane vorte eller i stor fare for å bli det.

Innførte rovdyr har ofte vore årsak til at artar kjem i fare. Slike rovdyr kan være katta, hundar, rotter og mink. Enten søkjer disse dyra byttet sitt mellom forsvarslause innfødte artar, eller, dersom det er fuglar, tar egga deira. Fuglar som ikkje kan fly, er svært sårbare og fleire øy - levande riksar er no utrydda.

 

 

Ulovleg dyrehandel

 

Handel med sjeldne og trua dyreartar har dei seinare åra utvikla seg til

Ein omfattande internasjonal smuglingsgesjeft. Berre sidan 1989 er den blitt tredobla, anslår Interpol som har beregna omsetningsverdien på verdensbasis til 60 milliardar NOK årleg og omfattande 5 millionar fuglar, 30000 apar, 15 millionar skinn og huder, 15 millionar reptilar og over 600 millionar fiskar. Denne handelen antas no å vere verdens tredje største svartebørsgeskejft, berre overgått av narkotika og våpenhandel.

 

 

Døme på eit trua dyra, Spissnashornet

 

 Spissnashornet er trua av utrydding på grunn av hornet. I 1984 blei antallet nashorn anslått til 8800. I 1986 var det 4500 dyr, og i 1987 var det 3382. Antallet nashorn synk fortsatt.. Frå 1970 til 1987 gjekk stammen med spissnashorn ned frå 19000 til 400, noko som er ein nedgang på heile 95%

 

 

Fakta om spissnashornet

 

Spissnashornet førekjem spesielt på afrikas savannar. Det lever åleine og held seg helst innafor eit begrensa område.

Det et i skumringa og resten av dagen kvilar den under skyggen av trea. Den er svært aggressiv, og kan angripe plutseleg.

Dei to, eller hos enkelte tre horna veks i rad etter kvarandre. Dei består av hornfibre som

utskillas frå nasa, og som blir bunde saman.

Før var den utbredt i store delar av Afrika, men no er det berre enkelte stammar i midt Afrika.

 

 

Kvifor skytast nashornet?

 

 Det er to kommersielle bruksområde for nashornets horn: tillaging av seremonielle dolkar

(jambia) for menn i Nord Yemen og for medisinsk bruk i det fjerne østen

 

 

Seremonielle dolkar

 

Når ein gut i Yemen blir voksen, i 12-15 års alderen, får han sin jambia. Den vil han bere resten av livet som teikn på sin manndom og hengivenhet til muslimsk tru. Dolka laga av hornet til spissnashornet kan koste opptil 500 000 kr.

 

 

Medisinar

 

Bruken av nashornets horn går tilbake til kinsesisk kulturmedisin. Hornet brukas ikkje berre som potensstimulerande middel, men også mot ei rekke sjukdommar som hemorroidar, lumbago, feber og hudsjukdommar.

Kinesera i Indonesia, Malaysia, Burma og Kina utgjer hovedmarkedet. I japan og Korea har dei også begynt å bruke tradisjonell medisin igjen.

Dei medisinske dosane er svært små, men sinnsjukt dyre! I 1983 var eit kilo horn verd 12650 dollar i Indonesia, mens den samme mengda horn var verd 25810 dollar i Malaysia. Prisane berre stig og stig. Er det rart det finst krypskyttera? Horna kan bli opptil 1,4 meter store, så det er ganske høge verdiar, og det er difor ikkje rart at snikskytterar drep desse dyra.

 

 

Tjuvjakt og handel

 

I dag går frontlinja i kampen for å redde spissnashornet ved Zambezielva. Krypskyttera frå Zambia kryssar elva for å jakte på nashorn i viltreservata i det nordlege Zimbabwe.

Vanlegvis jobbar krypskytterar 3 eller 4 i lag. Dei tar seg over floda om natta. Bevæpna vakter legg seg i bakhold, og skyt etter krypskyttarane. Begge sider skyt for å drepe. Viss krypskytterane klarar å komme forbi vaktene, skyt dei nashorna dei kan finne, unge som gamle.

Horna blir smugla til Zambia, og vidare til Yemen. Dei blir smugla med båtar, fly, og bilar.

 

 

Vernetiltak

 

Nashornets fremste beskyttar er dei væpna vaktene i viltreservata. Dei ofrar livet sitt for å beskytte spissnashornet mot krypskyttera. Dessverre er det alltid nokon som vil prøve lykka som krypskyttera, så det er dessverre ein rase som ikkje kan bli utrydda så lenge det er mykje dpengar i hornet.


 

Eit anna vernetiltak er å påvirke markedet for produkt laga av nashornets horn. Det har blitt ulovleg å selge og kjøpe produkt laga av freda dyr i store delar av verda. I Nord-Yemen har handelen med spissnasehorn horn komt under stadig betre kontroll.

 

Å auke dyrebestanden er neste punkt. Det er mogleg å auke forplantningstakta for store pattedyr ved å endre miljøet i positiv retning, og ved å flytte dyr slik at det blir ideelle gruppestørrelsar for paring.

Eit døme på at dette verkar er at stumpnashornet for eksempel var nesten utrydda på 60-talet, men eit nøye planlagt forplantningsprogram i dei beskytta områda i Sør- Afrika har gjort at bestanden har tatt seg opp kraftig, og er ikkje lenger trua.

Akseptable bestandar av spissnashorn finnast fortsatt enkelte plassar, spesielt i Zululand der dyra har blitt behandla på samme måte som stumpnashornet i Sør-Afrika.

Det er fortsatt tru på at ein kan redde denne dyrerasa.

 

 

Ta vare på naturen

 

Vi lev i ei verd der svolt, feilernæring og sjukdom er altfor vanleg. Å sørge for at folk får mat og medisinar nok er ei av dei viktigaste oppgåvene i verden i dag. Derfor kan det synast som om bevaring av dyr og plantar kjem langt ned på prioteringslista. Eit dilemma her er for eksempel at dei som høgg i regnskogen svært ofte er svært fattige og treng svært sårt nokre kroner ved å jobbe for multinasjonale treselskap..

Men det at ville artar forsvinn burde være like viktig for oss som det som hender med menneska. Naturleg plante og dyreliv er nødvendig og ein samanfletta del av tilværelsen vår på jorda.

 

 

Kvifor må vi ta vare på naturleg plante og dyreliv?

 

Det er det mange grunnar til. Planteliv er heilt nødvendig for at vi skal leve. Berre plantar kan bruke solenergi til å lage organiske næringsstoff. Derfor utgjer plantane det avgjerande første leddet i næringskjeda, kor også vi kjem inn og er avhengig av næring. Oksygen er eit biprodukt ved denne matlagingsprosessen. Uten oksygen er det få av organismane på jorda som kan overleve.

Dyr treng plantar for å overleve, men plantar treng også dyr. Alle plantar og dyr er bundne sammein i samfunn som er fint balanserte. Slike balanserte samfunn kallar vi økosystem.

Fell ei einaste art bort i eit økosystem, kan det føre til at heile økosystemet blir radikalt forandra

Vår egen eksistens kan også komme i fare dersom vi lagar til for mykje forstyrrelse i naturprosessane på planeten vår. Øydeleggelsane av verdas regnskogar er svært alvorleg i denne samanhengen. I nokon område har all fjerning av regnskogen ført til mindre nedbør. Nokon forskarar hevdar at dersom for mykje skog blir rydda bort, kjem ørkenområda til å vekse, og nye område vil bli ørken.

 

En annan viktig grunn til at vi må ta vare på naturen, er at den ved riktig bruk er den ei uuttømmeleg kjelde til viktige ressursar. Vi brukar mange plantar og dyr til å skaffe oss mat, kjemikaliar og materialar. Men det går an å utnytte desse artane så hardt at det ikkje til eit punkt der dei ikkje lenger kan forsyne seg sjølv tilstrekkeleg. Då kan vi ikkje dra nytte av dei lenger.

No forstår vi berre ein brøkdel av naturen, vi kan umogleg vite kva nyttige materiale vi mistar ved disse øydeleggingane, kanskje kuren på aids eller kreft?

 

Plantar og dyr i regnskogen er rike kjelder til nyttige materiale. Nokon meiner at opptil 1400 tropiske plantar kan inneholde stoff som kan tenkast å bli brukt i moglege behandlingsmetodar for kreft. Ei vest afrikansk plante kan innehalde et stoff som er 3000 gongar så søtt som rørsukker. I florida brukast tre slag parasittiske vepsar til å kontrollere skadeinsekt på sitrusfrukter. Lista er svært lang, og det er nesten sikkert magne nyttige artar som vi endå ikkje veit nokon ting om.

Viss vi greier å øydeleggje det meste av verdas plantar og dyr, kjem jorda til å bli eit goldt, trist og utriveleg plass.

 

Men kanskje blir desse egensentrerte argumenta dersom vi ser på den moralske sida, den etiske sida: Har vi rett til å utrydde dei plantane og dyra som vi delar denne planeten med?

Vi har meir kontroll over denne planeten enn nokon anna art. Men som alt liv på jorda er vi resultat av millionar av år med utvikling. Og denne vesle planeten er den einaste vi veit om som har liv på seg. Derfor skyldar vi dei artene som har utvikla seg saman med oss, at vi lev sammen med dei og arbeider aktivt for at dei skal overleve.

Heldigvis har vi nokon naturvernorganisasjonar som jobbar med dette, m.a. International Union for the Concervation of Nature and Natural Resources ( IUCN)

Ein del av International Union for the Concervation of Natural Resources er den meir kjende World Wild Life foundation.

 

 

Er kloning ein god utveg?

 

Teknologien gjer det mogleg å klone dyr. Dette kan mellom anna vere redninga til den norske fjellreven.

Utanfor Sioux City i Iowa grasar no kua Bessie rundt og trur ho har ein kalv i magen. Det ho ikkje veit er at fosteret kjem frå ein heilt anna dyreart. I livmora si bær ho fram eit foster som er skapt av hennar egg, men med arveegenskapane som er identiske med en asiatisk villokseart kalla gaur. Den kan vege opptil 950 kg, og er sterkt trua av utrydding.

Dei samme forskarane har også tenkt å prøve å klone ei allereie utdødd dyreart, den spanske fjellgeita, som døde ut for eit halvt år sidan. Men dei har fortsatt vev frå geitas øyre, og har tenkt å ta mannlege arveanlegg frå ein nært beslekta geiteart til å skape ein bukk,  og på denne måten få arta til å formere seg igjen.

 

Den norske fjellreven er noregs mest utruddyngstrua dyr. I år fann dei ikkje eit einaste hi med ungar av dette sjeldne dyret. Dei forsøkar å avle die opp i fangenskap, men dette har ikkje lykkast.

Spørsmålet blir no om kloning av fjellreven kan redde denne arta frå utryddelse. Men I Noreg kan slik kloning bli problematisk i forhold til lovgivinga. I dag er kloning av dyr tillatt, men etter dei store oppslaga rundt den klona sauen Dolly i 1997 ba eit nesten einstemmig storting regjeringa om å legge fram eit lovforslag som forbyr slik kloning. Å klone er difor ikkje realistisk i Noreg i dag. Men er det etisk forsvarleg å klone eit dyr? Det kan vere ein siste utvei for å redde eit eller to individ frå utryddelse, men det er ikkje ein strategi ein bør legge seg på for å bevare artar på sikt.  

 

 

Kva kan vi gjere?

 

No har eg skreve litt om kor gale det er med dyrebestandane++++ "javel," tenkjer vel du. "Då veit vi det og." Men eg gidd enkelt og greitt ikkje å sitte i timesvis med et prosjekt utan nokon som helst grunn. Men vi kan også hjelpe trua dyr og plantar utan å  vere medlem av WFF.


 

1. Kjøp aldri suvenirar som du ikkje veit kva er laga av når du er på din månedlige tur til Pakistan. Kan hende er nettopp det du kjøpte, den lille uskyldige "steinfiguren" laga av elfenbein eller ein anna trua art. Tenk alltid over dette før du kjøper!

2. Kjøp ikkje møblar som er laga av firma som høgg ned regnskog eller laga av ein type tre som er høgd i regnskog. Det finst meir av dette i Noreg enn dei fleste trur!

3. Når du spring rundtom i skogen med geværet ditt må du tenke på om det er nok dyr i området, så du ikkje utryddar det siste dyret i skauen, og då utryddar ein liten del av dyrebestanden.

4. Kjøp katt, ikkje ape.

 

 

Logg

 

Eg synst dette har vore eit interresant prosjekt. Kan hende har eg misforstått oppgåva litt? eg var ikkje på skulen mens vi fekk vite kva vi skulle gjere++ på grunn av sjukdom, så eg har difor ikkje fått ansvarskart heller. Men ansvaret er ganske enkelt. Eg har gjort alt sjølv. Absolutt alt faktisk. Mamma har fått fri frå dette prosjektet, men ho kjem nok sterkare tilbake seinare.

Men eg har lært svært mykje i dette prosjektet!

 

Fag eg har med: Naturfag, Engelsk (  World Wild Life foundation og av International Union for the Concervation of Natural Resources), samfunnsfag og litt KRL

 

Kjelder

Internett, leksikon, K.S Eltringham, The illustrated Encyclopedia of Elephants, Austmyr, Elephant, direktoratet for naturforvatning, naturvenforbundet, WWF internasjonalt, WWF nasjonalt +++++

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil