Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Mordet på hundedommarenSkriv ut Utskrift
Novelle om ein skuleelev som må etterforske drapet på favorittlæraren.
Nynorsk - NovelleForfatter:



Det var klokka fem om morgonen eg vakna av at mobilen min ringde. Eg låg nokså godt i sengja og ville ikkje ta telefonen, men noko i underbevisstheita overtalte meg til å ta han. – Ja hallo, sa eg med ein trøytt stemme. –Hei, det er meg, fyrstebetjent Bailey, kan du kome bort til Tuftevegen 22? –Ja, det kan eg sikkert, kva har skjedd?, spurte eg interessert. Eg visste at samfunnsfagslæraren min, Bjørnar, budde der. –Bjørnar Kalberg, hundedommaren og læraren har blitt drepen, og vi lurte på om du ville hjelpe oss med å etterforske dette mordet, sa Bailey og gjespa. –Greitt det, eg er der om eit kvarter, sa eg og haldt på å dunke hovudet i ein av takbjelkane. Eg sov oppe på loftet, der takbjelkane ikkje hadde skumgummi på seg, så eg var glad eg ikkje dunka hovudet mitt.

 

Eg tok på meg raskt klærne og kasta meg over sykkelen min og sykla bånn pinne opp der som Bjørnar budde. Når eg kom opp var det mange politibilar og politifolk som vimsa rundt. Nokre av naboane hadde og vakna og lurte på kva som hadde skjedd. Så såg eg fyrstebetjent Bailey. –Hei Bailey, kva har skjedd?, spurte eg nysgjerrig. –Bjørnar har blitt myrda, vi ventar på patologen no, sa Bailey engsteleg. –Kva veit dykk foreløpig?, spurte eg småtrøytt. –Vi veit berre at han har blitt hakket i hel foreløpig, men vi held på med å avhøyre kona hans, for ho såg kva som skjedde, sa han litt trist. –Hakket i hel?, spurte eg sjokkert. –Ja, svara Bailey i same tone som førre gong. –Høyrest grusomt ut, sa eg, no får vel gruppa mi ein grufull lærar i samfunnsfag har eg rett. Eg følte meg ikkje heilt god no av ein eller annan merkelig grunn.

 

Det var ein kald vårdag og vinden blåste i håret på meg. Sola kunne ein skimte lang borti horisonten. Det var mars og overskyet for det meste. Utover på Jæren som eg bur kan det bli nokså fint om våren når sola bryt gjennom skyene send nokre solstrålar ned på jorda som er frossen av frost.

 

Så kom ein annan fyrstebetjent som heitte Sloan bort til oss. Vi hadde møtt på kvarandre før, under etterforskinga på mordet på Kjetil Ødegård, norsklæraren min som og var journalist. –Sloan, er eit samantreff at begge lærarane som har blitt myrda på under eit år hadde eit til yrke i tillegg til å vere lærar, spurte eg. Eg starta å vakna no. –Ja, du har rett i det, Frøyland Jørgensen, det er eit samantreff i det, og vi har enno ikkje funnet mordaren til Ødegård, sa Sloan overraska, du er smart frøken. – Eg veit at eg er smart Sloan, viss vi finn ut hvilke personar som kjende begge som hadde motiv og høve til å drepe begge har vi i alle fall ein begynning, sa eg anspent. –Du forbløffar meg, unge dame, du burde få deg jobb i politiet når du blir voksen, sa Sloan forbløffa. –Nikki, har du nokon forslag til kvar vi kan begynne?, spurte Bailey meg. –Ja, avhøyre alle åttendeklassingene, i alle fall alle i C-klassen og gruppe 2, sa eg og såg Sloan i augo. –Ok, då startar vi med det i dag, sa Bailey.

 

Bailey var ein lubben, kortvokst mann frå Belgia. Han minnar faktisk veldig mykje om Poirot i utsjånad, og eg har intelligensen, så når Bailey og eg jobbar saman blir vi ofte kalla for ”Poirot-dobbelgjengarane”. Sloan er ein høg, tynn, blond raring frå USA. Begge har budd i Noreg i snart 20 år, så begge snakkar flytande norsk. Men vi kan høyre den franske aksenten ifrå Bailey og den engelske aksenten ifrå Sloan. Eg derimot er ei jente på tretten år med kort, kastanjebrunt hår og er cirka 160 centimeter høg, så eg er høgare enn Bailey. Så eg kan spørje ham om korleis det går der nede.

 

Så kom patologen. Han var også ein kjenning av meg, det var Dr. Graf frå Austerrike. -Hei Willy, ropte eg etter ham. –Hei Nikki, ropte han tilbake. –Korleis går det med deg, då?, spurte eg av rein høflegleik. –Det går bra med meg, korleis går det med deg, då?, spurte ham meg i ein høfleg tone. –Det går berre bra med meg og, forresten så er Sloan og Bailey og her, sa eg med glede i stemmen. –Er dei, det var nå då godt, for eg har ikkje sett dykk på ei stund, sa han med eit smil, og det skal bli godt å samarbeide med dykk igjen.

 

Dr. Willy Graf var ein mann i midten av 50-åra og har begynt å få gråskjær i håret. Han er ein av dei meir koselegare mennene eg har møtt på. Han har den kule tyske aksenten i språket, så vi kan høyra at han kjem ifrå eit tysktalande land. Eg har stor respekt for ham.

 

Når eg tenkte meg om, den dagen Kjetil Ødegård blei drepen husker eg at Ommund hadde skylda på at han hadde gløymt norskboka heime. Eg såg og litt grundigare på han den dagen, han hadde små blodflekkar på kleda. Kunne han ha drepen Kjetil Ødegård? For det var hans bok vi fann ved sidan av Kjetil Ødegård. Ødegård hadde blitt slått i hel av ei bok. Ommund si norskbok. Ein av kriminalteknikkarane kom bort til Bailey og viste ham noko. Eg såg at det var ei grå sløyfe, ei slik som dei gir hundar på hundeutstillingar som hundedommarane meinte at ikkje var eit godt eksemplar av hunderasen, for eksempel viss dei beit dommaren. Eg husker for to veker sidan fortale Ommund meg at han var forbanna på Bjørnar fordi at han hadde gitt hans hund ei grå sløyfe fordi at hunden hans beit Bjørnar. Ommund sa og hatt han hadde lyst å drepe Bjørnar. Eg fortalte dette Sloan. Han fikk store auge når eg fortalte dette.

 

-Trur du at ein i klassa di har drepen Herr Kalberg?, spurte han interessert. –ja, det meinar eg, tru meg, Ommund hadde lyst til å drepe dei begge, finn beviser på at han ikkje har alle skulebøkene og hundeutstillingssløyfene, så forsterkar det min teori, sa eg med ein tone som fortalte Sloan at han var nøgd for å få fatt i tak i Ommund. –Kvar får eg tak i denne Ommund Naustdal?, spurte han meg. –Du får fatt i tak i ham på skulen, fyrste time startar om ein time, sa eg og smilte. –Godt Nikki, veit du kvar han bur?, spurte han med medan han tente ein sigarett. –Du finn ham i Skogsveien 8 og ikkje røyk viss du då ikkje vil ta sjølvmord, du mistar  åtte til elleve minutt av livet ditt for kvar røyk du tar, sa eg irretert og starta og hoste, og dessutan veit du at eg er allergisk mot nikotin. –Unnskyld, Nikita, sa han høfleg og stumpa sigaretten i asfalten.

 

Ein politikonstabel kom bort til oss. –Vi har no avhøyrd fru Kalberg, ho trur at det er Ommund Naustdal som har gjort ugjerninga, sa politikonstabelen. –Takk Tveit, då er det fleire enn ein som meinar at det er ham som gjorde dette, ver så vennleg å hils på Nikita Frøyland Jørgensen, ein av våre snille hjelparar frå dette strøket, sa han og henviste politikonstabel Tveit til meg. –Så det er du som er den kjente ”Frøken Detektiv” herifrå?, spurte Tveit meg. –Ja, det stemmer, sa eg med eit smil. –Eg har alltid hatt lyst til å møte deg, alle seier jo at du er så fantastisk av båe utsjånad og intelligens, seier han og ser ned i bakken. –Eg veit at eg er fantastisk på meir enn ein måte, men du treng ikkje å hverken beundre meg eller rødme når du ser meg, er jo berre er normal jente på tretten år, sa eg og lo. Så takket Tveit for seg og pilte vekk som ein hund som hadde fått eit godt gnagebein som han ikkje ville dele med nokon andre. Eg smilte når eg såg nedover Tufteveien, kor mange av politibilane stod.

 

-Så er vi kvitt ham, og fleire enn eg har sagt at det var Ommund som har drepen Bjørnar, sa eg og såg bort på Sloan. –Ja, det er det, sa han. –Eg har eit forslag, vi tar og avhøyrer ha fyrst og stiller ham spørsmål som han truleg kjem til å forsnakke seg på, er det greitt?, spurte eg Bailey som hadde stått rett ved sidan av oss heile tida. –Ja, det er greitt, sa Bailey og smilte, det kan sjå ut som at det er folk som beundrar deg. –Ja, det kan sjå slik ut ja, sa eg og flirte. –Skal vi gå bort til Willy for å sjå kva han har funne ut om døden til Bjørnar Kalberg, spurte Sloan. –Greitt, sa Bailey og eg i kor. Fyrstebetjent Sloan, fyrstebetjent Bailey, Doktor Graf og eg er sjelevener. Vi visste kva dei andre tenkte.

 

-Skulle ynskje at eg var slik som deg, sa Willy når vi kom bort til ham. –Kven av oss, spurte eg ertande. –Sjølvsagt meinte eg deg, Nikki, sa han og såg bort på meg, du har jo den kroppen og den intelligensen, kvifor har du ingen kjæraste når alle av det mannlege kjønn siklar etter deg? –Eg har ein kjæraste, Willy, men ikkje av det mannlege kjønn, har du gløymt at eg er lesbisk?, spurte eg ham og såg bort på ham med eit ”Bambi-blikk”. –Unnskyld Nikki, eg hadde gløymt det, sa han og flirte.

 

Ei stund etter stakk Bailey og eg ned på Frøyland Ungdomsskule for å få fatt i Ommund. Det var ikkje så veldig vanskelig. Han satt der jo som vanleg i klasserommet med eit hundeblad. Han såg litt sjokkert ut når eg kom spankulerande med fyrstebetjent Bailey. –Ommund, eg trur du må bli på politistasjonen for avhøyr hos politiet, sa eg alvorlig til ham. – Kvifor det?, spurte ham redd. -Fordi at Bjørnar blei myrda i natt, og du har motiv og ikkje alibi, sa eg og la hovudet på skrå. –Kom, sa Bailey og tok Ommund i overarmen og drog ham med seg. Eg følgde etter. –Nikki, korleis fann du ut at det var eg som myrda Bjørnar og Kjetil?, spurte Ommund meg når vi var komma til bilen. –Bare brukte sunn fornuft og observasjonar av deg, sa eg og smilte, så du tilstår altså dei to morda? –Ja, det gjer eg, sa ham og såg ned i bakken, eg visste at løpet måtte bli kjørt ein gong. –Eg skal ringje til dei andre og sei at dei kan avslutte etterforskinga, sa eg og fann frå mobilen min. Den hadde noko merker etter tennene på hunden min no etter kvart.

 

Så reiste vi til politistasjonen og satte Ommund i ei celle kor han kunne sitte ei stund. Eg var glad for at denne etterforskinga gjekk så fort.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish